<<<

November

30.11.04

Siste dag i denne månen, og det er tid får oppsummering. I denne månen har Arwen ikkje hatt så store framgong når det gjelder trening.  Snøen kom tidleg, og det blei slutt på sportreninga, og planar som eg hadde om felt innlæring på Arwen måtte skrinleggast..

Eg har testa ho på skudd, og ho er skuddfast, det er greitt å kjenne til.

Vi har derimot trenet litt lp øvingar, håper vi skal bli start klar til April (Eid og Førde), men det er langt fram.

Det har dukka opp nokre ting som vi slit med, det er sein dekk, eg vil ha( skal ha) ein klaskedekk, og det har ikkje Arwen.... Kor eg skal få fram det veit eg rett å slett ikkje, eg skal ikkje dette i fella, og hjelpe fram til “klaske dekk” så eg har bestemt meg får å starte på nytt..

(Arwen skal vere klikkar trenet, og eg er bestemt til å kjøre løpet heilt ut)

Arwen har og vokset denne månen, og er no blitt 55cm høg, og 20 kg tung, ho blir 7 måna 7 Desember så eg trur ho veks litt til, men trur ikkje ho blir noko kjempe nei, men akkurat passeleg tispe. Tenna hennar ser bra ut, korrekt bitt synast eg. Ho har eit supert kroppsspråk, og det er kjempe bra eigenskap....

Var ein liten tur, og la inn litt jakttrening i dag. Jakt loggen oppdatert

 

29.11.04

I dag var vi på hundetrening, og Arwen fekk helse på dei faste som møter opp. Vi trena litt lp øving.. Ho er litt daff når vi skal tren ikkje så mykje fart i ho( bortsett av å apportere då) då har ho full gass både ut og inn. Lp -Logg, og jakt- logg oppdatert.

 

28.11.04

I helga har vi hatt besøk å Arwen har stressa litt, Cairn terrieren til Mamma og Pappa var på besøk .... Hadde ho fått lov så hadde ho sprunge rundt og rundt i heile helga, så då har buret på kjøkkenet vore tilhaldstad til ho slo av motoren litt. . Dakita fann den nye mat kongen til Arwen, så kjekk at ho ville ikkje la den ligge... leika i veg heiletida, . og ho er ein hund som kunn ligg å søv, når ho ikkje blir aktivisert. Arwen blei jaga bort berre ho nærma seg.  Arwen skjøna henne godt,  ho har eit godt kroppsspråk så bank trur eg ikkje ho får av ein normal hund...

 
 

27.11.04

I dag har Arwen hatt sin første tur i fleksilineJ  Eg har ikkje helt sansen for fleksi, derimot er eg ikkje motstandar av det, det har klart sine fordelar, og eg kjem helt sikkert til å nytte det av og til.

Arwen har blitt flink til å gå i band, når ho gjekk i slik line gjekk ho bra..tross vi hadde ein cairn terrier med oss som også gjekk i fleksi.

 

25.11.04

Det regnar enno, det er bra eg vil ha bort snøen vil trene jaktmoment... Det er det som er moro.. tykkjer eg.

Vi trenar på lp øvingar, vi trenar korte økte, fleir gongar om dagen. Lp- Loggen oppdatert.

Ventar på trenings økt eg...

 

24.11.04

I dag er det regn, og snøen sekk i hop ... Håper det regner til snøen er borte. Arwen var tidleg våken i dag, ho bjeffa kl 6.45 , men ville ikkje ut så det var ikkje det at ho måtte på do. Ho har sova på kjøkkenet ei periode no, og ho har vore still til vi har stått opp, så kva det var i dag veit eg ikkje...

Naseprøve momentet brukar eg å lære inn med skjult pinne i gras, no er det snø, og i dag stakk eg pinnen i snøen. Arwen søkte, ho søkte til ho fann den, og eg var tilfreds med arbeide henna.

Susann kom , og vi trena klikk i garasjen... ut med bilar inn med hund J Lp- logg oppdatert

 

23.11.04

Kjempefint vinter vær ute i dag. Arwen fekk vere med når eg måka snø, ho vil gjerne opp i måka, det vil ho også når eg brukar spade...  Vi trena litt lineføring på vegen etter på, eg må trene litt overalt slik at det blir lært i alle forhold.

 

22.11.04

I helga har vi vore ut på Sandsøya, og vi var inn til Fiskå på søndag. Masse snø, og surt vær, men vi var no ute på Laurdag.  Vi går tur, i fjøra var vi, opplevelse tur ikkje noko trening..  Vi trene på gå fint i band, det trena vi over alt, ut på ferjekaier, og på små lufte turar.

I kveld var det hundetrening, og vi tok ein liten snartur... Arwen fekk lov til å springe å leike med Leo (Bokser), det var stas, og full rulle. Etter på trena vi litt.... Lp loggen har fått litt føring i dag..

Arwen på Sandsøya. Foro; Ann-Olaug

 

 

18.11.04

Masse snø i dag!! Arwen renn på akebrett i lag med Anne Lene... Vi trenar litt lp moment. Oppdatert lp -logg.

 

17.11.04

Tur i snø i dag, ikkje noko trening... jauda vi trena litt fot gåing med retrieverkoppel, og utan, dette er kjekt og behersk. Og skal vi få dette til må det lærast. Veldig praktisk å kunne. Vi treng det på jaktprøver, men i det daglige når du treff nokon i skogen, er det og viktig at eg kan få kontroll, over den svarte turbo hunden min J som er aldeles galen i helsing på folk.

 

16.11.04

Trent  litt lp. Vi har ikkje gjort så mykje siste dagane, vi har tatt livet med ro. Det kom så brått vinter, og det likte eg ikkje, skulle trene masse på barmark eg enno.... Får håpe vinteren ikkje er komet får å vare ,.... kan no vente til jul i det minste..

 

15.11.04

Kort tur får å trene, jaktloggen er oppdatert.

 

11.11.04

Tur i går, vi var på tur i lag med Mini og Catrine.. Mini er ein dyktig pom kvalp, han går spor, apporter, og har ein superinnkalling.. Dei fekk vere litt laus i lag, og det gjekk fint.. Spor og jaktloggen er oppdatert.

 

Mini og Arwen ..To kvalpar som er like gamle, men ikkje like store.. Begge to er svert dyktige til å gå spor..

 

09.11.04

I går var vi på hundetrening, og det besto i kunn å vere der.. Eg klikk bellønar kontakt når vi er i nærheita av folk, og hundar, håper på at det skal kunne overførast til lp treninga om ei tid. Arwen skal kunne trene i nærheita av andre, men likavæl tilby meg oppmerksemd frivillig. Det er det eg vil prøve å oppnå. Vi trena litt på at nokon skulle sjå på tenna( sjå på tenna er ikkje noko problem) men være rolig når det skal gjerast klara ho ikkje...

Elles måtte ho sjå på når ein anna flatt skal trene på apportering, og eg hjelpe med nokre trenings råd. Anne Lene var med, og holdet ho i band.. trur det gjekk bra, ikkje så mykje lyd då.

Hadde planlagt at eg skulle gå spor i dag, men det bles for mykje tykte eg, så eg har trena litt lp øvinga.. Det må til det og. Lp- loggen er oppdatert.

 

08.11.04

Tur til heiande i dag, kjempefint vær, og eg hadde med kammera mitt, skulle ta nokre bilete, men det er ikkje lett hadde eg hatt ein hjelpar skulle det blitt noko bra... flott lys for fotografering..

Vi trena litt fot gåing på turen, men det var ikkje så mykje.. Vi skulle fotografering i dag !

 

07.11.04

Arwen sov på kjøkkenet i natt også, men starta bråke (les bjeffe) kl 7.00.. Fin tur, og treningsøkt i dag... Vi trena jaktmoment på turen i dag. Oppdatert jakt logg.

 

Foto; Ann-Olaug

Bilete har fått  tittel; sjå meg.

Arwen er kjempeflink til å apportere, og ho har også blitt godt lønna får å plukke opp, og sette seg slik som det visast på bilete. Her skal eg dele med dykk kvifor ho sitter slik no, det ho har i munnen er vel ein kjent ting, og ho har fleire slike i buret sitt ho samlar flaske J Grunnen får at ho har inntatt ein posisjon som kan gi lønn i form av godbit ! Jau, Anne Lene står og et ostepopp, og det er noko av det beste godbit ho kan få fatt i..

 

06.11.04

I dag varte det ikkje tur, men vi har trena lydighet, og det trengst skal vi kome nokon veg. Arwen har no sovet to netter på kjøkkenet !! Ho har ligga på soverommet vårt til no, men det buret begynte å bli lite og eg tykjar det er betre for henne, og ligge i eit stort bur som vi har på kjøkkenet. Ho har starta bjeffe eit par gonga kvar natt, eg har berre rolig gått og fortalt henne at no måtte det vere stilt.

 

05.11.04

I dag har vi vore på ein fin skogstur i regn, vi fekk også snø/sludd på heiane. Eg nytta tjukke gode regnklede, og då er det berre fint å få seg ein tur. Arwen likte vertifall veldig godt været, og sprang tulling. Trenar litt fløyte innkalling, og det er ikkje noko problem brå snur med ein gong, ho er faktisk så glad i fløte signal at ho går å observer om eg har tenkt å ta i fløyta. Det er verkleg fornøyeleg når eg veit, at for Arwen er det så kjekt å bli innkalla. Då kan vi trykt sei at treningsmetoden fungerar. Litt klikk blei det i dag, og Lp- logg oppdatert.

 

04.11.04

I dag har eg tatt i bruk mitt nye tastatur, ikkje trådlaust no... Håper eg får med fleir bokstaver, har hatt ei periode det har mangla bokstaver i teksten min, og det viser seg at det kan ha vore dårlig batteri i tastaturet. Blir det betre, blir det ikkje betre er det mine dårlig rettskriving som gjer det.

I dag har Arwen trenet klikk inne, vi har gått spor, og vi har trenet apportering. Loggen er oppdatert på alle tre aktivitetane.

 

03.11.04

I dag har det vore tur til Moa, og dermed trening på å ligge lenge i bil... Det går bra, er vi i slike ærend søv ho heile tida. Ho fekk lufte seg litt før ferga kom, det gjer eg berre før å “miljøtrene” henne, ikkje før at ho må ut. Ikkje noko trening i dag, men dette med hører inn under forming det er slike ting Arwen også må oppleve ..

 

02.11.04

I dag hadde eg planlagt at vi skulle legge oss eit spor, men det blei det ikkje. Vi har treent grunnmoment i lydighet. Blei litt inspirert til å trene lydighet etter eg var ein tur til Olsvika i går, og overvar appelcuppen.

Vi trena klikk, og eg vil no få stimulus kontroll på ein del adferder, slik vi kjøm eit steg vidare. Har planar om treningsbok i lp også på sida mi, og det kjem.

Det ho kan når vi tenker Lp, ho kan heile øvinga apportering, tre og metall, ho kan søke opp nasepinne, ho kan sitte, dekk har vi ikkje stimuluskontroll), men vi må nokk få lært det også. Lineføring eller på plass er ein øving som tar tid, trenar litt det kvar dag.

I tilegg i dag har vi vore på tur, og vi har hatt med ein dymmi i lomma, og det kan du lese om i jakt loggen.

 

01.10.04

Lang dag for Arwen, 1 November er bandtvangen i Sykkylven oppheva får i år !!

Vi har vore på tur utan langline, innkallinga sitter som støypt.. Trent jaktmoment, i riktig omgivingar. I kveld har vi på Shk sin bane i Olsvika, miljøtrening må til får oss også.

Arwen var heit av slått, det var helt greitt å vere der. Vi var tilskodar til Appelkuppen, og ho fekk helse på fleire hundar som ho aldri før hadde sett. Store og små. Ho klarer godt å ligge, sitte eller stå i ro når ting skjer rundt henne, det var ikkje bjeff heller i dag J