<<<

Treningsdagbok. september.

29.09.04
Tur i skogen i dag.. Trefte traktor, man med grapse som drev reparasjon av grusvegen, etter regn. Helt ok å få trene på sånt... ikkje noko reaksjon anna enn naturleg nysgjerrig. Trente kontakt i dag, litt dekk, fri ved fot, apportering, sitt og bli.
 
28.09.04
I går måndag, var det klikk trening på dagtid, vi trener litt i gangen og i stova. Target; snute på kvit felt er ho blitt flink til, men eg veit ikkje helt kva eg skal bruke det til,( kanskje kryp) stokk kan eg også bruke  til fram sending til kjegle. Snute på finger er ok, tramp på matte er ok. Matta kan eg bruke i ruta, og sikker til mange nyttig, unyttig adferder. Vi trener kontakt, sittandes på plass, eit steg fram å holt med kontakt ved vegg. Apportering/ avlevering.. Kjeding av avlevering. Dekk klikkar eg for, skal ha ord på sitt, dekk, apport, bli og på plass. Skal klikke får stå også.

Det var også kurs i går.. Før kurset hadde vi trening med klikkar, vi trena blant anna litt helsing på figurant, det er greitt å trene på.

På kurset fekk ho helse litt på kvalpane som går på kurs, ho fekk også litt avslapningstrening, då vi snakket litt om stell, og ho var mitt demo objekt. Ho fekk ligge på fanget mitt, og eg klippet eit par klør for å vise korleis vi skal klippe klør. Ho var så fornøgd som berre det, dette har eg gjort før..... Ho slappa helt av, tross både to og firbeinte såg på oss. Så fekk ho ei stund i bilen, og til slutt fekk ho demonstrere korleis vi kan aktivisere med apportering. Og korleis vi skal lære inn avlevering får å få fine og gode avlevringar.

I kveld har vi vore i veg og trena litt i lag med, dei som trenar Jakt i Nrk avd. Sunnmøre. Det er passivitets trening, eg skal prioritere når vi trenar i lag med andre som trenar jakt. Ho fekk prøve 1 markering og vi brukte 6 mm start pistol, på god avstand, det gjekk kjempe bra, ho sprang rett til skyttar får å avlevere/ helse på han, og det synast eg var helt ok. Tempo tilbake etter ho har apportert og helsa på skyttar var helt topp.

 
26.09.04
Skogstur i dag også, men i dag hadde vi fylje av mamma.... Ho hadde med kamera og tok bilete av meg og Arwen.
 

I dag var det veldig mange som var ute gjekk tur, Søndag i dag. Arwen brukar hoppe ein meter rett opp når ho ser folk, i dag blei det så mange, at ho rett å slett slutta med det, og gjekk på plass for å få klikk og godbit i staden for å hoppe J

Det går ein god del godbitar på ein slik tur, eg hadde eigentlig får lite godbitar med meg i dag. Treff vi folk som vi snakkar med, brukar eg klikk og godbit når ho setter seg, det gjer ho etter ei lita stund, etter meters hoppa som ho har når vi treff folk. Når du går i lag med nokon er det meir krevjande å få følgt med, så det kan bli til det at ho både drar i bandet, spis lort... Det er på heim turane ho vil dra i bandet, fort heim....

 

Grunnferdighetar til kl elite; skal sette opp ei liste over dei ferdighetane, og trene målretta. Målsettinga blir då, at når April kjem skal vi vere klare til å starte i kl 1.

Om eg legge dette ut på heimesida mi, har eg ikkje bestemt meg for.  Dette med 100% klikkar trenet hund til Lp er eit forsøk som eg skal bevise for meg sjølv, så eg skal tenke på det, det blir då ei eiga side, kanskje lp sida skal nyttast til det.

 
25.09.04
20 veker i går... På tide med ei oppsummering på kva Arwen har erfart, på desse 12 veker som eg har hatt ho i eie... Ho har fått oppleve litt av kvart, ho har fått være med over alt, har prioritert det med oppleving av div.. miljø. Håper no at ho skal kunne vere i dei fleste miljø, utan å bli stressa eller redd.

Så langt ser det bra ut, i heimen likar ho ikkje noko særlig støvsugaren, vi har (sentralstøvsugar) det er det einaste som ho er litt skeptisk til. Ho er ikkje direkte redd den heller, men mislikar den såpass at ho går på loftet å legg seg når eg skal støvsuge, dette har faktisk blitt betre, ho er begynt å undersøke litt meir om den eigentlig er så farlig som den set ut til.. Eg har alltid berre oversett henna redsel får støvsugaren, ikkje tatt noko form får omsyn, det held eg på som svert viktig. Den andre hunden min er ikkje redd sentralstøvsugaren, men var redd det andre ordinære støvsugaren.

Miljøtrening og sosialisering er det aller viktigaste, dei første månane. Opplæring kan vi holde på med lenge, eit hundeliv skal vare 10-14 år så vi har rikelig tid til å lære det som vi skal.

Eg har prioritert ein del spor opplæring, eg har hatt i tankane å få til  ein hund, som kan være spornøyen og ha eit behagili tempo i sporet. Spor arbeid er ein type adferd som kan startast tidleg, og utan å trene fram stress, som diverse andre aktiviteten kan påføre kvalpane.

Eg føler at eg har lukkast med det, har fått ein hund som synast det er tropp å gå spor, er også spornøya, sporar også godt på grus. Skal trene vidare utover hausten og til vinteren når været tilalter det. Planane er til våren skal vi trene med litt blod i sporet, såkalla blodspor, og kanskje starte på nokre viltspor/ blodspor prøver.

Apporteringstrening har vi ikkje holt på med, men no skal vi trena litt meir på det. Etter kvart skal vi trene litt søk, eg har venta med det på grunn av sportreninga, men no skal eg starte litt i det små, ho skal få lov å søke litt på overver.

Skogstur har det vore i dag, vi går på tur har med masse godbitar og klikkar. Har ikkje noko planlagt aktivitet føre oss, berre for å gå tur, ho likar springe i grøfter med vatn i, og det er topp... berre koselig å sjå på. Ho får eit klikk no og då, når eg synast det noko å klikke for. I dag gjekk ho veldig mykje på plass, og eg klikka for det. Heim turane brukar ho ha det travelt vil fort heim, så då må eg klikke for kontakt, og at ho roer ned og ikkje spring ut i stramline heile tida.

 
22.09.04
I dag har vi vore å gått tur i skogen, der trefte vi barnehage born i flokkar. Det har vi treft før også så det var ikkje så skummelt. På avstand kan det virke litt skremmandes med 20 ungar med regnklede med masse lyd... Så her er det viktig å vere ops kva hunden skal erfare. Vi stoppar å pratar, men Arwen blir ganske vill og må nokk nøye seg med berre å sjå på ungane. Og vi trenar på å vere rolig når vi snakkar med borna. Vi trefte også eit par hundar, det eine var ein Vorster kvalp på 10 veker den fekk ho leike seg litt med.. Ein litt eldre Cavaler fekk ho snuse litt på. Vi skal trene på at vi ikkje skal helse på alle hundar også, og det gjer vi det er ikkje alle eg kjenner, og hundar som vi ikkje kjenner helsar vi ikkje på.

Treninga av å gå forbi ku/sauelort utan å røre fungerer bra, tykkjer eg. Ho ser snusar på lorten tar kontakt med meg, og eg klikkar og ho får godbiten sin ( berre frolic) så konkurransen med sauelorten er slått av frolic. Eg har sikkert vore heldig med timinga av klikk.

Arwen har fått henta ein dymmi i dag, og den leverte ho i handa ikkje på loftet J

Klikk trena vi inne, avlevering av metall apport går svert fint, ho plukkar berre opp bukken når den ligg på golvet, kjem og setter seg på plass, eg brukar ikkje noko signal enno, står ved veggen. Det er det som får henne til å utføre denne adferda, eg trenar bakparts kontroll, går fram og bak og tar holt. Inn i  mellom ligg der ein og anna ting på golvet, som metall apporter, eller ein dymmi.

 
21.09.04
To dagar minst sida vi har notert noko, Søndag var vi i veg og gjekk grusspor det går som det susar... Mykje skryt ja, men det fortenar ho.

Vi har gått litt tur i skogen, treft nokre kvalpar/ hundar som ho ikkje har helsa på før. Ho har vore til stede på kvalpekurs, før kurset trena vi litt klikkar, bakpartskontroll ved ein ny vegg.. Hum.. det er som å starte på nytt, nesten... Ho fekk også være med på reine kvalpesleppet før kurs start i går, kjempemoro tykkjer ho.

Og ho fekk demonstrer korleis vi leikar med kvalpen vår, ho måtte vise fram sine kunsta, eller kva som eg har lært ho når det gjeld leik. Sleppe ved passivt og slepp ved takk og byte med godbit. Leik må lærast, det er ikkje alle hundar som treng det, men dei aller fleste tar ikkje skade av det heller. Det kan være godt å ha ein ekstra forsterkar. Vist nokon skulle bli hekta på trening av hund, utover det å ha familiehund.

Etter kurset trena vi og litt klikk,  i går trena vi gå fint i band, vi gjekk rundt dei andre, små og store i slakt koppel. Det er ofte på sånne plassar, det er vansekli å være konsekvent, og hunden lærarar her er det lov å drage i bandet...

I dag trenar vi berre på å ete og sove J Det er litt lurt å ikkje trene alltid, ein å anna dag helt utan at vi aktiviserer har dei fleste hundar berre godt av, vertifall Arwen skal få sånne dagar.

 
19.09.04
Bakpartskontroll trena vi i går, pluss at apporteringa er flytta innomhus ? Ja det kom litt unota svert plutselig, ho skulle sitte og så skulle ho rett ut.... etter ein dymmi, det var greitt, det forstod ho godt, men so var det også slutt, ho plukka opp dymmien og sprang rett forbi meg, inn og to trappe opp, sette seg under data boret til sønna min Hans Emil, med dymmien i munnen. Når eg kom på loftet etter henne sat ho under bordet med dymmien. Kvifor det veit eg ikkje helt, med trur det ho hadde tenk å ha den for seg sjølv.. Det er dette ho gjer når ho stel, skitne kle frå vaskerommet, legg skinna til borna er ein topp ting å stele, huer, sko, og ting som ho vil ha for seg sjølv ei stund. Ho lagrar det i buret som ho har på kjøkkenet. Vi tar det alltid i frå ho når vi ser det, men det hender ho stel utan at vi oppdagar det.

Vi må tilbake i treninga, trene fine avleveringar no ei stund, det er fint å sjå ein hund som avleverar fint, kontra spyttar ut dymmien 1-2 m framfor førar, det kan vi få vist ikkje vi løyser dette på riktig måte.

Vi trena klikk inne i går, og vi konsentreras om veggarbeid enno.... Bakkovergåing og framovergåing langsveggen. I tilegg har eg også starta forme holt ved veggen, og at ho skal komme inn å sette seg riktig på plass. Eg lærte på kurset dette å kaste godbiten bortover eller bakover, det blir i grunnen to svert forskjellige utgangar eller inngangar, til å komme å sette seg på plass, altso meir haude bry.. For at dette ikkje skal bli for einsformig har eg kjeda litt, inn i mellom ho får trampe litt på matta, og komme å sette seg på plass, vi har også trenet avlevering av metallappoten ved veggen, berre lar bukken ligge i stova, ho plukkar opp setter seg i utgangstilling avleverar, eg tar den i handa og når eg har den i handa klikkar eg, og kastar godbitar i fleng på golvet.

 
18.09.04
Arwen har kong med snøre i og ball med snøre i, liggande rundt om i huset som ho tar og berer på, leiker seg med når ho får det føre seg. Grunnen for at slike ting ligger å flyter er at, vi praktisere bytte når ho startar gnage på, tar kle, sko, osv som vi ikkje tykkjer ho skal få lage bitemerkar i. No er eg i ei fase der eg planleggjar ta bort ball og kong, så eg kan bruke det når eg vil belønne ho i trening. Det ho har tilgjengl i det daglige betyr ikkje noko spesielt som bellønning. Eg har ikkje villa skru ho opp så mykje, veit av erfaring at flatter er lette å skrue opp. Så det har ikkje vore noko prioritert frå mi side, men sida eg veit at riktig bellønning og leik er ein god ting å ha når ein trenar hund. Blir det nokk innlæring av riktig leik på Arwen også. Ho har til denne tid vore så fokusert på mat, at det har vore god nokk forsterkar til oss. Vi har lært inn versugod på kong og ball også, med takk og slepp ved passivitet. Eg byter med godbit og eg har klikk trenet slepp ved passivitet. Skal ikkje ha ein hund som et av hendene mine i reint stress får å få fatt i ball/kong, skal vi bruke leike i trening skal det også lærast rett.
 
17.09.04
I går og i dag har det vore litt trening på å la sauelorten ligge i fred, vi går tur der som er sauelort. Dette må eg gjere på grunn av eg vil trene spor der som er sau også. Håper no at eg kan legge spor der som er sauder utan at ho skal stanse i sporet for inntak av eit nylagt måltid med sauelort. Vi trener på å la lorten ligge... Kor gjer eg det då, eg tar den ut/ frå henne vist ho tar den i munnen, og trener på kontakt klikk vist ho går forbi utan å prøvesmake. Det er ikkje enkelt, men ho har blitt rimeleg flik til å gå spor, så håper ho blir er så sporsugen at det problemet løyser seg av seg sjølv. Har ikkje trenet på å gå fint i band når vi har gått tur, vi har brukt det lange bandet. Bortsett frå ei lita økt i går morgon, eg måtte tidleg ut for å handle heile 5 minuter før butikken opna var vi der. Då tok eg på det korte bandet å vi trena litt på parkeringsplassen.

Klikk trena vi i gangen, eg har ein rettevegg utan hindring som vi trenar bakparts kontroll ved. No har ho slutta hoppe, ho går bakover så vi klarte det også.

Har i dag klippet klør, det gjer vi ofte og ho er helt rolig når vi klipper klør. Klippet fram klørne i dag når ho stod på bordet, bak turte eg ikkje klippe når ho sto på bordet ho forsøka nemlig å hoppe ned. Det er ho alt for lita til å gjære, ho kan skade seg . Bakklørna tok eg slik som eg har gjorte det før, ho ligger på rygg i fanget mitt. Ho fekk også ein omgang med børste, der gjær godt både for pels og hud, klippet hale tippen også, den hadde vist vokset ( det einaste lange håre ho hadde). Ørene hennar er reine og fine, berre lite grann voks å fjerne.

 
15.09.04
I dag har det vore litt framgong i bakpartskontroll treninga vår, førebels er det litt mykje store hopp rett opp bakover... Det å berre gå bakover var vist ikkje lett, men vi gir ikkje opp. Ho hoppe som ein kenguru bakover, eg har klikket for desse hoppa, og då trur ho sikkert at det er riktig, så her må det timast skikkeligJ .Ho likar vertifall mat så klikk trening er topp for henne. Har testa baklengskjeding på henne, og det går flott, ho tok ei enkel kjede ganske raskt. Skal til å lage meg ei egen liste med grunnferdigøvingar som eg har bruk for, og så skal dei trenast inn.

Vi har også i dag trenet meir på å gå fint i band, i dag gjekk vi tur utan å ta med det lange bandet det angra eg litt på. Ho vart ganske sliten eller utolmodig av å berre gå i slakt band. Såg det på henne, eg gjekk i hagen etter turen så ho fekk sleppe laus før ho kom inn igjen, huskar sist når ho fekk søsa...... Det stemte ho hadde bygd opp den og fekk søse frå seg i hagen til ho roa seg. Langt band må eg ha med det har eg lært no. Det var første gangen vi gjekk tur utan å ha med det 5 m bandet vårt. Ho er lett å forme til å gå fint i band, men eg må vere våken å konsekvent. Den øvinga skal eg ha inn, kosta så mange godbitar som det berre vil, det er triveleg med ein hund som også kan gå fint i band. Lineføring og fri v/ fot er berre blåbær å lære inn i forhold til gå fint i band.

 
14.09.04
I går var det dagen etter kurset og vi tok det rolig... prøva litt bakpartskontroll, men det å gå bakover er ikkje så lett å få til... vi må bruke tid. På kvalpekurset fekk ho helse litt på jamgamle kvalpar før ho måtte inn i bilen og ta sin del med ventetrening. Og det er  noko ho treng, ho har alt for lett for å bjeffe. Etter kurset fekk ho kome ut or bilen, no blei det litt klikk trening på henne. Det blir spennandes å sjå om eg klarer å la vere å hjelpe henne inn i øvingane. Har trenet inn target på handflate, pekefinger, pinne, og musematte. Så for vi sjå om eg har bruk for noko av det, det står igjen å sjå J .

I dag har vi vore i veg å gått spor. Det gikk totalsett bra. To spor og begge hadde framandes leggar, det første hadde tre mat skåler i sporet, dei to første sporbitande gikk fint, den tredje sporbiten blei for vanskelig. Slutt sporet gikk over ein liten bekk for så å forsette langs ein grusveg, men der stoppa ho, og eg følte det var riktig å bryte av, og det gjorde eg. Vi la deretter eit enkelt grusspor på ca 50 m og det gikk ho bortimot perfekt, så grusspor momentet blei løyst på ein positiv måte.

 
12.09.04
No skal eg få ein klikkar klok hund J.. Har vore på kurs i helga og fått lært meir om klikkar trening, kunnskap kan vi aldri få nokk av.

Og eg har trenet henne i klikkar trening sia eg fekk ho, men eg har ikkje hatt noko planlagt trening for henne når det gjelder appeløvelsane, eg har  konsentrert treninga om apportering, innkalling og gå fint i band.... enkle ting som er kjekt å kunne. (Apportering er  ein appeløvelse også då.)

No skal allvore starte.. bakpartskontroll blir det vi skal starte på...

Bilete syner meg og Arwen under kontakt trening på kurset.

Foto; Marit

 

 
09.09.04
Har i dag vore og gått tur... dvs. trenet på å gått tur, ho har fått gått i det lange bandet som vi brukar. Og det går heilt flott, vi har også gått i kort koppel, det held vi på å lære eg brukar slå rot metoden, men brukar i tilegg klikkar trening, altso ikkje berre sjølvforsterking med at vi kjem fram over når bandet er slakt, eg bruka klikkar i tilegg. Og eg skal heller ikkje ha noko form får kommando på å gå fint i band, ho skal berre skjøne det av seg sjølv når kort koppel er på.

Vi har starta å trene sitt når noko rusar forbi bilar, syklar, joggaren eller dei som går fortare enn oss. Begynte å oppleve at ho ville jage bilar, og det er ikkje tillat så det tok vi med ein gong... Og det står ikkje på læreviljen, kan eg sitt så kan eg sitt, eg seier sitt i fôrkant av bil, sykkel og det funka 100%

Arwen har i dag måtta stå i band medan eg slo plenen, dette er forferdelig stå i band er berre helt pyton. Skal eg trene på det eller går det seg til ?? Ho bjeffar når ho er fast. Av sikkerhetsegrunnar må ho berre stå fast. Må vel legge ein plan korleis eg skal løyse det.

På fotball kamp var vi også i dag, det har vi no vore før og ....Anne lene spelte kamp og dei vann 12-1. I dag sat vi litt for oss sjølve, vi var der ca 1,5 timar og trena på å være rolig. Eg klikk trena det at ho legg seg ned å slappar av, ja ho fekk sitte på fange inni imellom då, vi må kose oss litt. Det var nokre små jenter som kom å ville helse på henne, det får dei lov til, ho er glad i kos, men har lett for å ta av, vi må trene på å helse rolig J

 
08.09.04
Vi former litt kvar dag... det er ikkje noko spesielt vi held på med. Ho er full med liv når kvelden kjem, raser rundt på golvet som ein rakett er ikkje redd for å ta ein tur i sofaen og ned igjen. Plukke noko rusk frå vedkassa har vorte populært i det siste, ho klarer å lage masser småbitar av ein papp bit... ho kosar seg med slikt slakte arbeid.

Vi var i veg og gikk eit spor i kveld, eg gikk det sjølv og hadde to mat skåler med litt frorlic i sporet. Ho går så fint, det er ei glede å få oppleve det, tempo er helt perfekt og spornøya er ho, nasa godt planta i sporet.

Eg hadde også med ein dymmi så når spor arbeide var avslutta. Og vi rusla på ei opa innmark, fekk ho lov og sitte... Eg kasta dymmien langt og det var 0 referanse punkt, Arwen tok avstanden på meteren og søkte litt rundt på ca 1kvadrat, graset var så høgt at det var ikkje syns påverking, imponerande bra. Tempo heim må opplevast det er berre så bra at eg knapt har sett maken. Ho får kunn ein apport.

 
07.09.04
I går var det trening av... venting.. Arwen var i bilen medan vi held på med kvalpekurs.. Etter vi var ferdig med undervisning, fekk ho sleppe ut for å være litt sosial. Leike seg litt med flatt venen Zico fekk ho også. Det var ei som såg på tenna henna ,tannvisning kan vi ikkje gløyme å trene på. Elles så trena vi passivitet, berre stå i ro, det er ei fin flatt øving J

I dag har vi vore å gått eit spor framandes spor.. Det gikk suverent, eg synast ho var flink.

 
05.09.04
I dag har det kunn vært bandtrening, og det var vist tøft for Arwen ho gikk helt berserk etter turen.

Vanskåla blei tømt på kjøkken golvet to gongar, ho sprang eller hoppet rundt og rundt skikkelig søsa, slik adferd har eg sett mange gongar og av alle mine hundar, det er berre sånt som skjer av og til, men dei andre har helst fått det ute.

Tilbake til bandtreninga, vi hadde i dag med eit kort koppel i tillegg til det lange bandet som eg brukar. Vi starta med det lange, sette på det korte etter ca 100m, det gikk fint eg brukte klikk og godbit ved kontakt, det blei i grunnen som lineføring og ikkje gå fint i band, men skitt vi brukar ikkje noko kommando eller hjelpe signal i form av lyd.... så eg ser ikkje så alvorlig på det. Etter nye 100m dykka det opp ein spaniel, så det blei på med det lange bandet for å få lov å helse litt. Vi har masse sau her i område så vi må holde hundane i band. Etter litt helsing var det på med det korte igjen og trene litt på gå fint, no blei det litt vanskeligare for vi hadde blitt litt stressa av helsinga. Det var også til dels mykje saue bæsj som skulle smakast på.... Etter 30 m blei det på med det lang bandet igjen og både eg og Arwen kunne slappe av. Til slutt måtte ho gå resten heim i kort koppel det gikk fint, men det gikk med ganske mykje godbitar... Vi kom heim utan å drage i bandet og det var det vi skulle trene på. Skal også lære henne å gå fot med retrieverkoppel.. Det blir ein øving som er ein mellomting av og gå fint i band og gå på plass. Kjem til å ha med eit i lomma å trene små økter på det å.

 
04.09.04
No må eg lære Arwen å gå fint i band også ..kanskje. Brukar når eg går tur langt band 5m. Og ho får i grunnen gjære som ho vil utan å drage i bandet, men eg ser det at ho har lært fint å gå i 5m langt band, men ho kan ikkje gå i kort band. Det må eg kanskje gjære noko med ?? Det er vel best å starte no med ein gong, før ho lærar å dra i bandet, det lærar ho fort. Metoden er å sette på eit kort koppel, og slå rot når ho drar...
 
03.09.04
Trenar på sitt og orde “bli” Sitt og bli er kanskje den aller viktigaste øvinga får oss. Når vi skal trene, eller starte på jakt prøve, praktisk jakt, så eg tar den aller først slik eg kan trene litt jakt moment.

Brukar klikkar, var ute i dag for... ( flatter lærer fort, det gjær sikkert alle klikkar trena hundar trur eg.) eg klikka på labbe løft i sitt og bli kanskje to gongar også... Lært er lært ikkje bra, så der må eg være ops labbe tramp kan vi ha i jakt, men ikkje i felles sitt i lp J Etter braut eg berre av og ikkje klikka når ho prøva på labbe løft eller hadde løfta på labbane.

Klikkar ja, den nye smarte stille som eg roste opp i skyene i går... Det er ein ting som med oss ikkje er bra, eg brukar å ha klikkar i lomma (alltid) men den klikkaren er ikkje egna for mine lommar, det kjem ufrivillige klikk når eg setter meg og når eg reiser meg, slettes ikkje bra. Den må være i jakke lommer ikkje i bukse lommer.

 
01.09.04
Ny måne og ny side i boka ! To måna allereie sidan eg fekk Arwen og kva kan ho ??

Jau.. Ho kan sitte på kommando super raskt , ho kan sitte før maten og til eg seier versugod.

Ho kan namne sitt, og reagerer kjapt på innkalling. Ho kan apportere, fugl, treapport, mentalapport og alt skjer med eit forrykande tempo, og eg kan kose med ho før ho avleverar i handa mi. Tempo ut er lik tempo inn, og det er det mest positive av alt. Og eg brukar sjølvklart godbitar i treninga.

Kva held vi på med no då... vi trenar på bli elle orde “bli” det skal på no. Så ord eg har begynt å bruke er Arwen, kom, sitt, bli og apport. Andre adferder skal lærast før vi setter på ord.

I tillegg trenar vi søk i graset etter naseprøve pinne, der brukar eg skjult pinne på grunn av søks momentet skal bli lærd, og ikkje syns påvirkning som kan føre til plukk den første og beste.

 
 

Spor trenar vi ein del av også, har brukt tidlegare treningsbok på alle greinar eg trenar, men veit ikkje om eg kjem til å legge ut alle detaljtreninga mi, det kan no bli tørt stoff med + og - grader, vind og vær tørt eller vått, meter og vinklar osv.. eg vurderer det då. Treningsbøkene mine er som oftast handskrivne med teikningar og kva eg skal gjære på neste trening.

Foto; Aud, Arwen sporer på grus (16 veker).