<<<

Februar..

28.02.05
Tilbake i snø riket no :-) Ikkje noko gode treningsforhold her, i forhold til heime på Sandsøya. Når vi var der blei det ikkje trena lp- øving. No har vi trena litt kvar dag sida vi kom heim igjen. Ho har vore heime åleine ei stund i dag, ligg då i bur ( kjempestort) .. sovar trur eg.  Er vertifall roleg når nokon kjem heim, men spinn vill når ho slepp ut. I dag blei det kunn lufting i hagen, og tilskodar til meg når eg måkar snø.  Ho likar å bli kosa med, men når nokon kjem på vitjing til oss er ho heilt gal, hoppar dansar, og er berre heilt flatt gal. Det bør eg få dempa ned litt, men korleis... ho roar seg etterkvart, men det er den første helsinga som er intens.
 
26.02.05
Vi har vore heime på sandsøya på vinterferie, der har vi treent, og vi har tatt litt bilete. Måle var at vi skulle lære Arwen å symje, men det var så kaldt at eg ville ikkje kave med det. Ho var i sjøen ein gong sprang helt frivillig i, det var kunn springing, og ikkje symjing. Vi har nytta dagane till litt trening, og eg skal skrive i treningsboka kva vi har gjort.
 
22.02.05
I går var oss på tur i fint vintervære, og vi var på hundetrening. Hundetreninga ; glatt uråd å trene, det einaste var å trene på å stå i ro, og det at ho må stå i ro rundt andre hundar, er også trening då.
 
20.02.05
Bilete frå i dag... Arwen har vokset seg stor å fin. I dag har vi trena litt inn, vi har hatt litt kos på bordet, klo klipp, børsting. Og masse leik ute i snøen med Anne Lene. Så har ho vore tilskodar til at eg måka snø, og det var ikkje gjort i ei handevending i dag, alt for masse snø er komet.. fysj, det er det verste eg veit. med masse snø:
 
16.02.05
To dagar på rad, har vi ikkje treent det slag. Vi har kunn godt tur i skogen.
 
14.02.05
Tur med kamera i dag, vi tok væra med ro, og kunn kosa oss i fineværet.. Vi gjekk ikkje so langt, men vi var i skogen 1.5 timar likevel, tida går fort når vi skal finne egna stadar til foto.. Hundetrening i kveld, ja der var det glatt, is med snø på.. ikkje noko særleg trenings underlag det nei, men vi fekk no litt sosial trening då, og det er alltid bra.
12.02.05
Intensiv fløyte inn kallings trening, ho er fole glad i folk, og nysgjerrig. må nokk få meg ti nokre figurantar å trene med.  Liten tur i dag, og foto trening i hagen.
 
10.02.05
Snøen hadde regna vekk, og eg såg fram i ei trenings økt utan snø, men... det var komet snø i natt igjen,  det blei trening av moment som går greitt i snø. Når det gjeld jakt momentet "stopp" er eg litt på kant med mine egne tankar. Har veldi lyst til å kutte ut det maset om at dei skal sitte, og vere nøgd med "stopp å stå". Grunnen er enkel, på dei fleste prøver er hunden litt høgare opp enn på trening, og vi som hundeførar ser i gjennom fingrane med sittar då, stoppar hunden, og vi gir eit nytt teikn. Det vil då føre til på neste trening må vi lære inn at "sitt" på nytt, eller starte å krevje at hunden setter seg, ja ?? dette er å vere lite konsekvent, og er ikkje bra for treninga. Er det nokon med eit hav av erfaring, som les dette kan dei kansskje gi meg eit lite tips!! "Stopp" å "sta" skulle vere like bra, er i tankane mine no.
 
08.02.05
Bilete frå turen vår i går.
07.02.05
Turen vår i dag, var i skogen som vanleg, vi gjekk oppover til heiane, hadde med kamera i tilfelle sola skulle kome fram, men det gjor ho ikkje. Eg hadde med truger som skulle brukast der som var mykje snø, det går fint det. Arwen fann ut at å gå på mine truger var lurt, det synast ikkje eg. Det blei i tyngste laget å flytte på henne også, eg prøve å fortelje henne at dette ikkje var så lurt, det blei mykje brå stopp, med nesten fall retned :-)
.
06.02.05
I dag har vi tatt litt bilete av Arwen, eg blir aldri nøgd, men vi strevar på. Vi var på to forskjellige plassar får å fotografere, på den eine plassen måtte eg ha på ho koppel. Mykje trafikk av eldre folk, og får ho det føre seg så spring ho, og eg tar inga kjangs på at ho skal hoppe på nokon.
 
04.02.05
Turen i dag, la vi inn litt jaktmomenttrening, og vi he hatt oss ei runde i skogen. Det var regn i dag, og det blei derfor ikkje noko fotografering.
 
03.02.05
Vi har vore på farta i eit par dagar, så det er ikkje blitt så mykje trening, men litt. Tørr asfalt i dag, og vi gjekk tur på den til ei forandring, det gjor eg mest for bandtreninga sin del, gå fint i band. Vi klikkar i veg, ho går stort sett bra, men går ho seg på eit spennandes spor; kat, ein anna hund eller... så blir lina fort stram, og ho har  fole lyst til å skru opp tempoet. Då må eg vere våken, og konsekvent, slå rot, klikke opp kontakta, det er det som skal til. Gå spor skal ho få lov til, men ikkje dra meg med på tur.
 
01.02.05
Truge tur, det var noko nytt, eg har kjøp meg truger, og i dag skulle dei prøvast. Arwen prøva fange dei, og nafsa etter trugene nokre gongar. Etter kvart gav ho opp. Trugene var god å gå i,  ikkje beste forholda i dag då, men teknisk var dei svert god, både å feste på seg, og bruke.