<<<

Januar..

31.01.05
Siste dag i Januar, og tid for oppsummering av kor lande ligg. Vanlig hus reglar, ho er stort sett flink, kort å greitt, det går seg til. uredd, kosa, snill, mat gal..

Januar har det vore mykje snø, og ikkje nok særleg vær å trene jakt moment i, men vi er i rute, blir det mildt, så skall eg lære henne å apportere på sjø, det er det som gjenstår, før vi kan starte på jaktprøve. Vi har så lyst til Bergen i april, så tida får vise kva vi finn på.

Lp treninga vår er ikkje i rute, ho går bra heime, men ikkje borte. Øvinga, tannvising og dekk, er det vi slit mest med. Vi skal nokk få det til, men stresse med det det gjer eg ikkje. Og vi skal ikkje ha noko hall gjort. :-)

Vi skal også starte ringtrening, trene litt til utstilling, må lære å bevege seg fint i trav, til vi skal på utstilling.

 
30.01.05
Denne helga har vi hatt vitjing, og dei hadde med hund. Det har vore travelt for Arwen. Ho må no likså følje med på det som skjer, høyre ho noko så må det undersøkjast, og her med oss har dei som vil fått lov til det, også om ein er hund . Når det er surt vær, og eg ikkje legg opp til noko tur eller trening, så er Arwen i sjølv aktiveiserings modus. Vi har eit stort praktisk bur på kjøkkenet, blir det for mykje full rulle, og det kan det bli når vi har vitjing,  må ho ligge der litt for roen ned litt. Det er mykje enklare enn å prøve, (les; lære inn å være ulydig, be ho gå å legge seg, får å røyse seg etter to sek.) i buret sovnar ho med ein gong. "Gå å legg deg" betyr at ho kan røyse seg når ho vil. "2 sek" er litt lite. Slik at dette driv eg ikkje å lære inn, det får komme naturleg etter kvart. I vanleg kvardag legg ho seg rett ned å søv, ganske fort, og ho ligg der ho vil, er ho trøtt går ho i buret for å sove der.
 
27.01.05
No regnar det, og det er bra, vil ha bort mest mulig snø. Arwen er heilt trenings klar til ein kvar tid, det blir ikkje så mykje trening på oss no når det har vore så mykje snø. Vi  må trene litt enkel dekk også, skal vi kome oss på konkurranse (LP) så må eg lære ho det. Arwen har vertifall  høg IQ eg har ikkje målt den, men maken til hund ;-). I tilegg er ho blitt skikkeleg fin, størrelsen som eg var "litt" usikker på, trudde ho blei for lita, ho er no passende stor. Vi har vore ein del ute i snøen, kramt i dag, og vanskeleg føre Arwen er i svert god form, rein muskelbunt, men i høg snø synast eg ikkje ho skal springe så mykje enno, det røyner på. Vi tar det igjen. I dag har ho leika katt, brukt tennisballen som mus, skubba den med labben før så å fange den igjen. Ho aktiviserar seg sjølv til tider,  no har  ho vist sovna i Anne  Lene sin seng, og Arwen har eit fantastisk godt hundeliv.
 
26.01.05
Vi har vitjing av mamma, så Arwen har likså fått ny mor, no ligg ho ved henna bein, og er veldi fokusert på trå  nøsta henna, ho strikkar leste til oss, når ho er her. Ser Arwen sitt snitt så stel ho tråden, og prøvar stikke av.  Mamma må  ha tråden på fanget . Avleding, og byting har ikkje fungert på Arwen, på det viset som det har gjort på dei andre hundane mine, dei lærte fort kva som var deira leike, ved at vi bytta. Arwen er ein tjuv radd, trur faktisk ho veit at det ikkje er helt ok.. å stele, men gir f .det er så fristane med andre sine ting. Og ho spring rett til buret sitt når ho har stelt, der blir det partert og fortert... ja, det blir berre å passe på det vi er redd for, har inga anna løysing.  Uff masse klaging no.. Arwen er berre sån, nokre gode sider, og nokre som er litt minder gode ;-) Vi må få fram litt positivt også då, når eg styrar på kjøkkenet lagar mat, då spring ho i buret sitt, og sitt der å ventar på noko godt. Eg brukar gi ho ein å anna godbit i buret, det er kjempelurt ( ho er mat gal) så ho kan gjerne sitte der å vente på noko godt, og det blir som oftast lønn for ventinga.. også, det blir litt av kvart på ho, kjøtt, pølse, skalk osv. Dette synast eg er kjempelurt å lære inn.
 
24.01.05
Arwen har i dag vore litt på tur i sentrum, og ho har vore på hundetrening. Ho er aktiv når vi er nær andre hundar, og kan gjerne tenke seg å få leike litt, i dag fekk ho helse berre i koppel. Ikkje noko springing med andre i dag.
 
23.01.05
I dag, har det vore stell som har stått på programmet, vi har klippet klør, vi har børsta, rensa ører, klippet pels på ører, hals, potar, og halen, halen likar ho ikkje å få klippet, så det blei golden hale på ho i dag, fer ta det att å få spissa den litt til.. Arwen har blitt ei fin hund, godt bygget, passeleg stor, fine bevegelsar, det blir spennandes når vi kjøme oss i  veg på utstilling. Det blir ikkje noko kvalpeshow på oss, avstandane var får store til næraste utstilling.
 
22.01.05
I dag har vi hatt vitjing av Susann, og ho hadde med 3 BC, og det vart til at Arwen måtte ligge underst med beina i været :-). Ho er ikkje redd, men går på med full motor, ho blir trykt i bakken igjen så dette blei nokk avblåst av oss, sånt går berre ikkje ann. Tilslutt fekk ho spring litt med berre ein av dei, og det fungerte mykje betre, ho er litt meir hundefokusert no når vi ikkje har meir enn ein hund. Eg merkar det godt, når vi treff andre hundar, eller er på felles treningar, at det er ganske spennandes med andre hundar. Elles så er det Laurdag i dag, og ostepopp, og andre godsaker, lurar på om eg skal gå over til ostepopp på dekk treninga :-) det er ho helt gal etter.
 
20.01.05
Fin tur med litt jakttrening. Klikk trening av tur lydighet i dag( kva er det), jau, det er det som alle treng til og med eg. Sitte vente litt før fri. Gå på fot før sving, der som eg ikkje har oversikt, brukar eg kople hunden, eller la den gå på fot, førebygge at ho fer i veg å skræmar nokon, redde folk finst over alt.( Hoppe på skita å våt, har du flatt så veit du kva eg meinar) Vi som er har hund er pliktige å oppdra vår firbeinte, slik at dei ikkje er til sjenanse får nokon.
 
18.01.05
I dag var det komet snø!!!, og det likar eg ikkje, hadde gledde meg til at vi skulle trene jaktmoment no når det hadde blidt så bert og fint. Vi tok heller ein lang tur, utan å drage på noko remedie som dymmi. Arwen stor kosar seg, spring og spring, i grøfter med vatn det er stor stas, truer ikkje ho synast det er kaldt. Tilbake turen brukte vi litt klikk trening, klikkar henne når ho sjølv kjem inn til meg, dette har eg ikkje gjort så mykje av i det siste, eg vil ikkje at ho skal gå å sjå meg i auga på heile turen. Dette med sjølvforsterking, eller det at ho sjølv kjem på at vist ho spring til meg så klikkar eg er veldig effektivt, ho har altso lært seg innkalling av seg sjølv tenk det!! Går det ei tid mellom kvar gong eg klikkar, prøvar ho heile tida å få meg til å klikke .Eg har og klikka når eg har fløyta ho inn, plystra ho inn eller kallar med namn, men på tur brukar eg nesten alltid å plystre to korte, eller bruke fløyta med to korte. Ho kjem alltid  i turbo fart. No har Arwen gått å lagt seg i senga til Anne Lene, der ligg ho til eg går frå dataen då kjem ho ruslande ned, og må nokk ligge i bur resten av natta.
 
17.01.05
Arwen har i dag vore på hundetrening, og der trefte ho fleire hundar, det var nokk kjekkare enn godbitane mine. Vi trena ikkje så mykje var berre rolige, og ho fekk helse litt på dei andre. Vere i ro i lag med andre er viktig for meg å lære ho, dette at det kunn skal vere tempo, og full aktivitet er ikkje så vanskeleg å trene inn på ein flatt.( vertifall ikkje på min). Det er verre å trene av. Det skal vere lov å stå i ro, og det klarar Arwen fint.
 
15.01.05
Arwen og eg har i dag vore på tur, og vi har trena jaktmoment, og litt lp øvingar. Arwen kan ikkje gå ho må springe, og det er fort, men ikkje langt, ho har god oversikt på kvar eg er til ein kvar tid.( ho går når vi trenar fot, eg spring ikkje). Arwen er ein slik type hund som har naturleg svert stor motor, du treng ikkje skru ho opp får å få ho til å yte. Og så kjem det store  plusse, ho kan slå av motoren like fort som ho slår han på. Desse eigenskapane er svert merkbar når vi trenar jakt.

Arwen er elles veldig grei hund, ho er helt spinn vill etter mat, og godbitar dette gjer at ho er  lett å belønna. Ho har ikkje noko form får mat forsvar, vi kan ta i frå ho alt om vi ønskjer det. Uvanar har ho også, det hadde vore rart vist ikkje,  ho stel... på badet blir "hår sjampo" og det ho måtte finne, tatt med til ein eller anna krok, blir ho ikkje oppdaga i tide så flyt det med diverse såper, sjampo overalt :-) Ein anna ting som Arwen er heilt håplaus til er.. Drikke skåla si kan ho ikkje ha på kjøkkenet, har alltid hatt ei skål med vatn på kjøkkenet, slik hundane kan gå dit å drikke når dei er tyste. No kan vi ikkje ha skål der, Arwen fyller opp i munnen går der i frå, og alt vatn renn på golvet, det er ikkje berre dråpar !! Ho må no gå i kjellaren til eit rom som har sluk :-) får å drikke. Der har eg og ein del sko og støvla, og dei er stadig våte, ho fyller opp munen med vatn, og skal sjå seg rundt, med det som resultat at vatne renn i mine støvlar og sko.. Eg er verkleg spent på om ho sluttar med dette, dette er noko som eg ikkje kan tenke meg går å trene av. Ho gjer det same når ho tissar, og er på do også, går.... kan ikkje sitte rolig til ho er ferdig . (Detter gjer ho no ute så det har ikkje noko praktisk betyding, anna enn når skiten skal plukkast oppat, er den sprett over eit større område..)

Her ligg Arwen i buret sitt, og gnagar på bein.
 
13.01.05
No har Arwen hatt to dagar med kvile, det er viktig synast eg at dei lærar å ta det rolig, klare seg med litt lufting i hagen. Det er bevist frå mi side at enkelte dagar er helt utan aktivisering. Kunn, mat, korte do turar, og kos. I dag blei det både litt tur, og trening av jakt moment.
 
10.01.05
I går trena vi lp, og i dag har vi også trena lp i tilegg har vi vore på tur i skogen, og trena jaktmoment. Klo klipp har vi også utført i dag. Må nokk snart klippe pels også. Arwen er flott og fast i muskulatur, når vi går  tur så spring ho opp, og ned høgt å lavt i eit forrykandes tempo, og dette får ein musklar av.
 
08.01.05
Fin tur i skogen i dag, ho er berre helt herleg, og ha med på tur maken til glad hund.. Vi trena litt jaktmoment.. Tempoet hennar er berre heilt rått. Eg gler meg verkleg til vi er klar får konkurranse. No søv ho er på data rommet mitt. Det er ikkje alltid ho gjer det, men går rundt i huset å stel, ho stel alt som ho har lyst på. Ho har sitte på stovegolvet med brødkniven i munnen, ho kjem med bøker, kortstokkar, barberhøvlar såpe, nissar alt som kan flyttast på. Blir det stilt nede må eg berre flyge får å sjå kva ho held på med. (Ho aktiviserar meg.) Eg tar det berre stilt å rolig i frå henne, det er verken ros eller skjenn å få får det.
 
07.01.05
Ein times snar tur i skogen i dag, blaut snø, regn, men likevel flott tur. Arwen trivast godt i skogen, og ho utviklar fin muskulatur av og få springe slik i brattlend terreng. Vi trena litt jaktmoment.
 
06.01.05
Har sett over terminlistene, og er no inne i tankefasen kva vi skal prioritere, og stille på. Vi har lp, viltspor, jaktprøve og utstilling. Det blir helt sikker start på alt dette før åre er omme. Lp ?? kan ikkje sei med sikkerheit om eg blir klar til Førde. Skal ikkje starte berre før å starte, vi må ha muligheit til 1 pris, elles startar eg ikkje. Så er det jaktprøve, og working test i Bergen i April. Får eg lært Arwen å gå i vatn, så melder eg på, men no er det vinter, og det er ikkje så lett å trene apportering i vatn. Stille på utstilling, ja i Ålesund i Mai og Eid i juni. Dato, og kva eg stiller på har eg ikkje klart enno. Vi gler oss til å komme i konkurranse form. Vi har treent lp i dag.
 
04.01.05
Regna i dag, og det er bra, eg vil ha minst mulig med snø.... Har i dag gått tur i retriever koppel, ho skal lære å gå rolig, og fint i det, det går veldig bra berre eg har med nok godbitar. Ho skal ikkje ha noko kommando på å gå fint. Vi skal bruke slikt koppel når vi skal på jaktprøve, og då forventar eg at ho skal gå fint. Og eg veit at det gjer ho ikkje, vist ho ikkje har lært det. Sååå enkelt er det. Vi har også trena lp i garasjen.
 
03.01.05
Surt, sludd, og vind fristar ikkje til så mykje trening utandørs no. Vi har derfor trena litt Lp innandørs.
 
01.01.05
 I går kveld gjekk det brukbart bra med Arwen, ho ville ikkje ut å lufte seg, men  var ikkje noko redd utover det å reagere på at det var ikkje slik ute som det brukar å vere. Når eg sat her på dataa rundt 12.00 då det brukar å vere verst, låg ho berre å sov. Når vi var i stova, og der er mykje glas så lyset frå alle rakketane kjem rett inn, var ho usikker gjekk litt rundt. Ho var ikkje direkte redd men litt usikker på dette. Det var ingen av oss andre som brydde oss noko om det,  ho fann ut at det  ikkje var noko å vere redd for.

Vi startar året med fin tur i milt vinter ver. Blaut snø, og flekkvis bert i skogen.

Arwen trener delemoment til kl 3 lp, Bilete er tatt på nytt års aftan.