Rally- treningsdagbok
19.02.2017
 
 
Skolering heile livet ut har ein hund :) Rally er ei flink gulljente som liker å trene.
19.02.2017
Eg dryge litt med å lage kvalpedagbok til Rally til eg er litt meir sikker på om det er noko eller. Rally er roleg og ho for lov å være roleg eg maser ikkje på henne om verken dit eller datt, ho masser på oss om mat :) med det gjer ho jo året rundt. Skal måle magen i morgen og ta nytt bilde.
Eg lure og er spent på om det er noko i Rally, dette bilde er frå måndag 13.02 og var/er litt tjukk Rally, derfor blir eg så usikker, men det var eg sist også..
09.02.2017
Rally for tur ikkje trening, vi venter berre på om det er kvalpar eller ikkje og vi håper vertifall på at det er noko.. Når Rally er med som åleine hund så går ho i fontane mine  og det blir ikkje så mykje trim på henne, men eg orkar ikkje går tur i band med Bjørk, ho for derfor kun trening og lufting der vi har god oversikt  på terrenget om det dukkar opp hannhundar :)
Været er så fint så tur i skogen må eg ha, Rally skjønner ikkje heilt at det kun er fridag, ho prøver seg på litt fot gåing, litt bak ... Ho er no vant at det kan finnast litt arbeidsoppgåver på tur også. Slappe av på tur utan å gjere det slag må vi av og til
Rally på tur til heiane 09.02
Turlufting av Rally & Bjørk, her har vi god oversikt over evt hannhundar som kan dukke opp ;)
02.02.2017
Rally har vore på Oslo tur og møtt Swim, no håper eg på ein Rallykvalp, Swim var ein fantastisk hund, han har det som eg ønskjer ein hund skal ha. Eg håper det blir kvalpar for dette blir bra! Vart heilt betatt av Swim eg. Rally hadde med sin eigen reisehule og der trivast ho, Rally er alltid snill og roleg når vi er på besøk med nokon og med Pernille har vi det topp.
Swim og Rally :) skal vi sitte no ?? ja det er no trente jakthundar begge to., men....
 
10.01.2017
Kjekt å lese resultat frå retrievercupen i år, Rally blei nr 10 og det sjølv om ho hadde berre ein VG frå utstilling i 2016 ! stolt av dette eg! ( Arwen, Rally sin mor blei nr 2 ein gang, det var eg også superstolt av!)
 
24.10.2016
No puggar vi bruksprogram og skal satse på premiering der også, det å ha litt kunnskap om fleire hundesportar har eg tru på og eg har derfor tenkt også å prøve meg på bruks :) glede meg til det.
Jakt blir det ikkje så mykje trening av lenger, eg trenar ein del singelmoment åleine, men til jaktprøve blir det for tynt grunnlag, skal eg gjere det bra og har ein mål om høgare klasse.  Plane for jakt er likevell å stille Rally i AK til neste sesong, men ikkje gå vidare til EK, det har eg ikkje kapasitet eller forhold til å klare med Rally.

Lydighet derimot skal vi trene det har vi bruk for både i jakt/rallylydighet, bruks og til dagleg. Vi er med på appellcupen til SHK, det liker eg, sosialt er det og vi for super konkurranse trening, den er så bra at vi kan evaluere vår trening og muligheter til å forbedre oss til konkurranser. All ros til SHK for dette !

Rallylydighet er eigentleg berre ein lang fri ved fot der du kan oppmuntre hunden din under veis, og det vil då sei har du ein god fri ved fot så bør du klare deg sterkt i rallylydihet.
Rally gir eg fortida kondisjonstrening, sykling, litt løping i myr, kondisjon må ein ha skal ein yte bra mentalt, derfor er det også viktig for konkurranse hundar og ha god fysisk form. Likevell er den mentale biten svert viktig for hund, den må også ha utfordringar i form av spor, snusing, enkle lydighetsmoment osv.

Det eg meina er at konkurranse hundar som skal yte maksimalt må ha god kondisjon.
Ja  og her er eit oppstillingsbilde av Rally også :) litt fin er ho no, god som gull vertifall og snill som dagen er lang !!
04.09.2016
Rally har deltatt på eit par LP- prøver utan dei helt store resultata, ja grunne er nok treninga, la vi sei det .. trening er ferskvare og utan trening duger helten ikkje :) Vi har fått premie og det ho har lukkast på har også vore bra! Men i LP er det fort gjort å pådra seg nokre nullar og då blir det dessverre ingen 1 pr. Rally er både flink og rask eg er berre ikkje like flink til å føre henne,  vi har det moro i lag når vi trenar og Rally synast det er kjekt å trene, men på LP-konkurranse er vi ikkje heilt på nett.  Det å trene LP har berre positive sider,  tenker eg overføring til jakt, så er det arbeide ein legg i fot-trening på LP-bane veldig viktig til bruk på jaktprøve også.
Det å ha hund i rett modus er vell nøkkelen til alt skal ein lukkast. Rally må være i rett modus for å lukkast uansett konkurranse grein, og det gjelder ikkje berre Rally, det gjelde alle hundar. No vil eg ikkje legge så mykje presisjonstrening på Rally til Lp- eg har rett å slett ikkje tid :) Rally skal likevell haldast ved like til alt :) :) ho er ikkje pensjonist ennå og håper også at eg klare å finne ein hund eg liker som kan gi meg ein ny Rallykvalp ...
21.08.2016
Rally tok  NVCH på rekorfart, tre startar og tre rake 1 pr. stolt av henne og meg sjølv som klarte å bevise raskt at Rally kan også gå spor!!! Bilde tok Anne Lene når vi kom heim.
08.08.2016
Vi klarte det ! å så stolt av oss, Rally og meg. Direkte opprykk til kl 2 med 198 poeng av 200 mulige i rallylydighet !
KLASSEVINNER ER ALLTID LITT EKSTRA STAS! :)
16.07.2016
Rally har vore på sporprøve i dag og det gav utteljing ein ny 1 pr. og det vil då sei at tar vi ein 1 pr. til så kan vi få tittel. Vi er påmelde på den lokaleprøva til Retrieverklubben og den til SHK, 20 og 21.08, så då for vi prøve oss på det..
Vi for bruke tida fram til då med å finpusse trene litt spormoment innimellom trening av rally-lp og LP. Vi har meldt på rallystevne på Eid og vi vil meste sannsynleg melde på LP også i slutten av august, august blir derfor ein hektisk månad.
11.07.2016
 
Så kom vi oss i veg til LP- prøve, vi var påmeldt to dagar, kom meg ikkje i veg på laurdag og det blei derfor kun søndag på oss. Moro sjølv om vi ikkje klarte å få det vi hadde på ønskelista, men etter som åra går tenker eg meir på å kose meg på trening  enn resultatet.

 

Vi hadde fleire fine moment med høge poengsummar så eg er nøgd her kan dei som vil sjå ein 10 blank til ruta, litt stolt av den >>>

Det vil då sei at veiene fram til resultatet skal være hovudmålet og det kan ta tid,  stressar ein å liksom kun tenker resultatet blir ein så skuffa for kvart nederlag at veiene fram til målet ikkje blir som det skal være.
Likevel er det viktig å komme seg på konkurranse for å måle nivået og oppretthalde konkurranse nervane, eg var over i ei fase der eg nesten la opp alt av konkurranse i panikk for å mislukkast. Treninga skal være moro, men eg meinare «ikkje» at det «ikkje» skal være målretta med tanke på resultat, utan målbare resultata ingen framgang.

Rally og eg trenar litt på si, både LP- moment og vi trenar litt spor og det er mykje fart i Rally, men farta må tilpassast forholda og det er ikkje alltid like lett derfor tar det litt tid å bli god på alt.

Rally har også vore med på ei jakttrening og der er eg tilbake på perfeksjonist stadiet, når det gjelder jakt så er det så mykje vanskelegare enn både LP og spor og kva det enn måtte være.

Det er ein prestisje sport og alt skal være perfekt, det er lange avstandar og ein skal ha ein svert lydhørhund som skal snu og ta alle teikn i frå førar, hund skal vende heim alltid momentant når den har ein apport og apporten skal spontant plukkast og leverast perfekt  hand. Det vil med ei enkel forklaring sei at her er det ikkje rom for at hunden skal prøve å feile, her handlar det kun om å lære frå seg rett adferd, Rally har mykje eignvilje også og det må ho ha, men ho skal ikkje misbruke det når eg skal styre henne.

Tre hovudfokus har eg tenker eg jakt med Rally, nr 1 ho skal starter til neste sesong, nr 2 ho skal forstå alle signal eg gir, nr 3 ho skal trene så mykje med vilt at det blir det naturlegsteting å apportere. 

Spor er også ein spennande sport og her imponera ho meg så mykje at gnisten til å verkeleg vise fram Rally på sporprøve er tilstade. Det meføre at eg må trene meg sjølv masse for å klare å holde tritt med henne i sporet, gå spor kan være krevjande for den som halde i lina ;)

 
18.06.2016
Vi er også i gang igjen med LP-trening, det er kanskje vanskeleg, men for meg og Rally er det bra, vi har det kjekt medan vi trenar, om vi ikkje blir så flinke så blir banda imellom oss sterkare av å trene LP. Det synast vertifall eg og eg trur faktisk vi kan bli betre også av det. Eg har derfor bestemt meg for å trene LP- og eg skal trene litt Rallylydigheitskilt på si framover, så blir det ledige helgar så vil eg nok prøve meg også på eit nytt Rallystevne.
Jakttrening av Rally, vil eg ta oppatt til hausten når bandtvangen blir oppheva og eg kan trene overalt, eg har mål om å starte henne i AK til neste sesong, og då må eg ha fått ein lydhør hund på fløyta som også forstår kva eg vil sei henne. Det med andre hundar treng eg ikkje mengdetrene Rally på, ho har ikkje problem der og vil heller ikkje få det, men når anledninga byr eg så vil eg kjøre henne også på fellestrening. Vi har ein plan…
Her er eit bilde fra ein Voldatur, trening i lag med Raisa og Viktor, det er utruleg kjekt å få følge litt av slekta på trening og få holde på med det som er kjekt trene hund i lag med kjekke folk, ja og ikkje minst hundane liker å jobbe på lag med oss :) jepp det er sant.
12.06.2016
Vi debuterte på sporprøve og det gjekk bra ! Rally fekk 1 pr. og blei plasert som nr 4 Yes ! Raisa som er Rally sin søster fekk også 1pr. og blei plasert som nr 3 !fin dag i lag med hundefolk på Eid, slike dagar er berre topp :) Eg vil faktisk anbefale fleir å trene spor det er ein så fin aktivitet både for hund og folk ! og spenades "kjem vi fram er vi på rett spor" :) Rally skal eg trene meir spor med ho viser flott arbeid i sporet og ho liker det, sikkert spenninga som har tatt henne også ;)
 
Rally ventar tolmodig i fleire timar i lag med oss på premieutdeling, og det klare ho fint!
 
21.05.2016

Lenge  sida oppdatering her… men no har vi litt nytt å skrive «skryte av» :)  Rally har endeleg klart å håve inn 1 pr. i BK jakt, ja denne skulle vi hatt for lenge sidan, men det klaffa ikkje for oss, vi har vore uheldig og det er langt mellom kvar prøve og min sjølvtillit fekk seg ein kraftig knekk, derfor tok eg ikkje kjangsen på å reise fleire gangar på prøve. Flinke Rally fekk seg heller ein lang pause.

Rally med premien ho fekk for 1 pr. i BK, vi er så stolt, har ikkje råda og ta av plasten, blir hengt på veggen som minne lenge.....
 
28.02
Rally, vi har vore på LP prøve, eg synast Rally gjekk bra ser eg bort frå at ho bomma på dei to siste øvingane. Vi har fått til det eg har jobba med, det som ho kunne og som eg ikkje har ofra ein tanke gjekk i vasken, men det har ikkje noko å sei, ho var kjempeglad i ringe og viste fram ein flott figur, høg fart og glede. No veit eg at eg for henne til og skal legge plan for at VI  ikkje slurvar på dei siste momenta, eg prøvde henne i dag igjen heime på avstandskommandoen, ho kunne den ikkje heime heller i dag.

Vi kan derfor trygt sei at Rally gjor så godt ho kunne, eg har nemleg prøvd å kutte ut handsignalet til kun å bruke ord, ja ho skjønner no ikkje kva eg roter med, eg må derfor bruke ein del tid på å få på plass momentet slik det er i kl 2, godt å ha noko å jobbe med så eg har fokus. Dei tre momenta som eg har jobba med å få til og forbetre fekk eg alle 9 på, så eg klarte å få til det vi sleit å nulla på sist.

Til helga glede eg meg stort, eg og Rally skal nemleg på Rallylydihetskurs.. Så håper eg snøen reiser slik eg kan forsette sportreninga, det er vår nye sport.
 
15.01.2016
Her setter vi på selen og klar for grus asfalt, myrspor :) Rally klare å slappe godt av når selen blir sett på.. men så setter ho på 4x4 trekket..
Rally er ein flink hund, hadde eg vore like flink, hadde det vore veldig bra, ja eg blir også flinkare  og ser fleire gode sider på alle inklusiv Rally. Prestasjons jaget er borte, no koser vi oss og Rally imponera meg stadig vekk, no er vi i gang å trene spor i lag med sporgruppa, masse inkluderande folk og då blir ein også flink. Rally blir  trena, både i kondisjon, spor og LP, jakt har vi pause i, men vi kjem nok tilbake der også,  Rally skal kun trenast som singel hund og skal ikkje brukast som makker hund, den tid er forbi for henne, Rally :) godjenta mi!

Når Rally går spor er nasa planta i bakken, og ho har 4x4 trekk, eg held igjen av harde livet og det er godt med hund du kan holde igjen utan at den gir opp, ein veit også at hund er på sporet når drage i lina er så stort.
 
Spor Rally :) kjempeflink! i år skal oss satse på spor!
 
05.01.2016
Godt Nytt år!!

Turhunden Rally er trufast mot meg og ho har i det siste fått litt meir konkurranse iver over for Bjørk :) Rally som ikkje har vore så opptatt av kamplyst over resursar som finast over alt i skogen, er faktisk tatt opp kampen med Bjørk og Artemis, om å bære største treet, det hadde eg aldri trudd.. men det skaper eit godt smil om munnen. Rally har konkurranse lyst ho med.
I tillegg har ho funne ut at ho blir med ut i gangen når vi skal på tur, eg kan ho slenge med meiner ho no, ja eg er tilfreds med det og sender henne inntatt, det er ennå eg som bestemmer kven som skal være med.
Treningstørke, Lp går litt opp å ned, men der skal vi forsette å konkurrere, her skal vi bli gode med tida, det vil sei, Rally er ein hund med masse energi og må sysselsettast litt inn i mellom, og Lp- er ein fin form for aktivitet. Spor skal eg også prioritere meir, Rally har faktisk ein svert god sporadferd, det er berre eg som hadde låst meg i at ho skulle bli flink på jakt og ikkje såg skogen for berre tre. Etter eg har lagt jakttrening  prestasjonar på is ein stund har eg det mykje betre, no trenar eg berre for at Rally skal ha det kjekt ikkje for at ho skal prestere så topp alltid.
Rally er ein følsam svert snill hund, og ein trofast turvenn som er så lydig med små midlar at det ikkje finnast maken.

Nyttårsaftan låg ho i stova på sofaen med beina rett opp sov seg igjennom lys og bomber utan å gå av sofaen ..
Ca kl 01, då gjekk eg ned i stova igjen, det blei stilt og eg ville ut å lufte hundane før eg ville legge meg,  ho hadde ligge på sofaen heile kvelden :) kan ikkje bli betre. Dei to andre låg her oppe på lofte med meg, når eg sit på dataen søv hundane, og det gjor Bjørk og Artemis her oppe, ja på loftet er ikkje den stillast plassen på nyttårsaftan, men det bryr ikkje vi oss om, er så glad for at hundane ikkje er redde for rakketar.
Her er Rally på nyttårsaften og slik låg ho heile kvelden, ja heilt til kl 01, eg lurte på om det vart sant, men det var det eg fekk vite av dei som var i stova på nyttårsaften.
 
29.11.2015
Rally og eg har vore på LP-kurs sidan sist… vi har deltatt på alle appellcupane til SHK, eg og ho har det bra. Rally er i form igjen etter sommarens storhende, ho er proppa med musklar, blank og mørkebrun er ho, eg kriblar i fingrar for å trene jakt med henne, men her er eg striks, dette for ho svert lite av.

Rally skal trene LP og holde seg til det, ho skal lære meg å like sporten og det har ho nesten klart.Gå på kurs er lurt, der lære ein alltid noko nytt, skulla budd på Østlandet eg, så hadde utvalet i kurs vore mykje større enn her med oss.
Uansett så trene vi litt no og då, men no trene eg målrette mot mål og eg veit Rally kan bli meget gode, her handlar det mest om kor flinke eg er å lære fra meg.

Lp-kann ein tusle med åleine også, det er og avkopling frå jakttrening, der vi stanga litt mot veggen.

Eg må finne den metoden som passer Rally og meg, Rally er snar i vendingane og eg er no inne i ein fase der eg faktisk har lært meg å føre henne betre.Trene meir og målretta, skal ein bli 100% sikker i ein øving, går det ikkje ann å feil 20 % på trening, det er faktisk svert enkelt å skjønne.
Eg er derfor over på 100% grensa i korleis eit moment skal utførast, perfeksjonist skal eg også bli. Eg har større mål for meg sjølv enn Rally, klart ein kan ha ein god hund eller ein mindre god hund, resultatet kjem av hardt arbeid ikkje av hund åleine.
Litt posering med dummy er lov :) eg er kravstor!!
08.11.2015
Rally er gulljenta, men eg er ikkje flink nok til å trene henne rett, Rally er ein kanon bra hund på mykje, fart som ingen andre, no er ho i tillegg blidt glad i jobben uansett jobb. Det handlar for meg om å lære henne opp frå grunnen utan å slurve, i LP skal eg over tid få ut mykje av henne, men eg treng tid til å få befesta det rett utan eg brukar for mykje autoritet, for blir det for mykje kan ho starte med å gå over i roleg modus og eg skal ikkje ha 5 og 6 karakterar, men 8 og 9.

Spor treninga vår har ikkje vore prioritert siste tida, eg har likevell ikkje lagt det på is, måle er å gå fleire sporprøver til neste sesong. Måle er også å få med seg alle LP-prøver innan normal rekkevidde, så eg har mange delemål med Rally på planen.


I Jakttrening kan eg ikkje ha henne så høy som eg har henne når eg trenar LP, derfor ligg jakt litt i dvale på Rally ei stund til. Rally er veldig lett å hente over i eit rolegare modus, men det vil eg ikkje ha henne i ennå :)

Rally for heller ikkje trene jakt i lag med andre hundar på grunn av at ho er svert flink på vanskelege oppgåver, men ho må bli flink på enkle oppgåver også, derfor er ho einstøing og må ligge i bilen når andre trenar.

Moment til klasse 2 som vi slit med er dekk under mars, og ut i ruta. Her må eg berre undre og bruke tid, ho går brukbart når eg trenar desse momenta, men ikkje godt nok, derfor er nok grunnen til at vi nullar på prøve, Rally treng lenger tid på å få det spikra korleis vi gjer det på prøve.

Og eg treng lenger tid på å få prøveerfaring inne Lp igjen, eg er litt ute der, men det kommer seg etter kvart, vi har deltatt på SHK- sin appellcup, det har vore svert lærerikt og eg har erverva meg masse konkurranse erfaring, all honnør til klubben for dette tiltaket.
Rally i ruta, no har eg juksa litt for å prøve få henne ti å legge betre merke til ruta, og har sett opp på eit sett med blå klosser, så for vi sjå om ruta bli lettare å legge merke til for Rally.
 
 
18.10.2015
Det er LP-hunden min no Rally, det har skjedd ei stor endring i hennar væremåte under trening, veit ikkje kva, men noko er det, ho er i hundrede og har plassert bort alt dette med ro… ho er spinn vill.
Litt er det eg som har omskapt ho og slept trollet ut av øskja, det er veldig enkelt forklart, eg har trena mykje ro med Rally frå ho var lita, aldri fram om knet,  roleg jaktfot osv, aldri noko knall, alltid sit og sit til eg kjem tilbake :) spring dit og søk der, osv.. ho var som ein liten radiostyrt bil. No kan eg ha problem med å styre henne, ho er så glad og gir så mykje fart i alt ho gjer, for meg er det å styre henne utan å dempe for mykje, Rally er nemleg, utruleg rask, utruleg sterk, har eigen vilje, men det har eg også, så det går bra.

I dag tok vi ei lita økt før ho skulle få mat, fellesdekk i lag med Bjørk og Artemis, under dekken( Rally måtte ligge) sende eg Artemis inn i kjellaren igjen, Bjørk i hundegården,  ja så henta eg ut ei belønningsboks, ein stykk apportbukk  sett ut ei rute. Vi avslutta så fellesdekken som var blidt opp i enkeldekk :) og trena litt momentet, tempoet er stort og eg liker det!!

På onsdag var vi på appellcup og deltok, stor fart og intensitet eg er nøgd. Største problemet er å få til ruta der slit vi litt, Rally skjønner ikkje momentet ennå, men over tid vil eg få det til, det veit eg.

På Onsdag er det klubbmeisterskap og vi møtet på nytt, konkurranse trening er det vi treng.
 
06.10.2015
I dag har Rally fått gått spor, ca 24 timar gamalt, bra jobba . Vi tar sporoppsøk, det vil sei eg setter ikkje henne i start gropa, ho må finne sporstart sjølv. Vi kryssa veg, dette trudde eg vil bli litt vanskeleg då det går mykje folk  langs denne grusvegen, det var ikkje vanskeleg for Rally i det heile, ho gjekk eir reint spor og rett på skanken.

I går kveld trene vi LP, og her har eg fått framgang på fri ved fot, no går ho som ein drøm, dette er grunnøvinga og eg er så nøgd med at dette har blidt tåleg bra.

Ho var også med opp på fjellet i går, men då var eg ikkje flink nok med Rally ho gjekk opp i stress og blei der, det blei derfor litt plunder med det ho skulle gjære, ja og eg lærte noko nytt om Rally igjen.

Sjølv om ei trening går dårleg kan ein lære masse om seg sjølv som hundefører :) berre ein husker på det til neste gang ein er i ein liknande setting. I dag har ho fått tur masse løping langs elva i lag med Bjørk, dette var tur og ikkje trening. Rally er vanngal så ho storkosa seg og symde vell like mykje som ho sprang.

Dette med å få springe fri utan noko form for mas frå meg er bra for hundane, litt friheit må dei ha.
 
04.10.2015
Rally er rally bokstaveleg talt, her går det i hundrede. Rally er slik skapt at eg kan berre velje kva modus ho skal være i, vil eg ha ei roleg Rally som er inaktiv, eller vil eg ha ei halvgal Rally som fin på det meste.

Ja Rally nøkkelen ligg i lomma, eg veit no mykje meir om korleis ho fungerar, om eg vil nytte det eller ei for tidene vise. Vi satse på LP og ser om vi kan få til det.

I apporteringsarbeidet kan ho mykje, ho har også no plutseleg så å sei 100% perfekte grep.
Eg har på ein måte funne ut at, for Rally ut lufta rundt fot, så fungera ho perfekt, er ho i lydige modus, det vil sei, sitte på fot, gå på fot osv.. tar ho ut stresset i jobben og utføre dårleg arbeid, tar seg ei runde og spring unødig. Eg vil derfor i all jakttrening med henne, la ho få være ulydige rundt fot, osv. la ho stresse ut, utan at eg  kvele stresse hennar.

Likevell blir nok hovudfokuset i trening med Rally LP, apportering er kjekt og vi har apportering i LP også, tre, metall, naseprøve, ja Rally kan alt her, så apportere er ho flink til.
 
 
16.09.2015
Rally er i form igjen, ho har klart seg bra igjennom svangerskap og fødsle, amme periode og etter at kvalpane er reist, ho er i bra form,  utan pels, nesten naken ..Rally er blidt mammas gode venn igjen og endå sterkare enn ho har vore før, no må eg berre gripe kjangsen og bruke den.

Eg har prøvs ho litt på vilt igjen, sidan eg tar ei økt no og då på Bjørk, Rally er spontan og har veldig bra grep på vilt, ho er slik ein god hund skal være på vilt, her har ho ingen problema.Lp- treninga har vore litt moment prega og eg har ikkje heit fått fullført heile øvingar på grunn av litt lite tid, hovudfokus med meg er ikkje å unngå nullar, men få arbeidsglede i Rally og at ho liker å trene med meg :) då må eg faktisk oppføre meg fint, skal eg fortene henna arbeidsglede.Klare å holde henne høg i tillegg til nøyaktig, ja det er ein kunst !

Vi var i Ørsta og debuterte på LP kl 2, hovudmomenta var eg godt nøgde med, men Rally avslutta mange øvingar før dei var ferdige, ja ho trudde det skulle være slik sida eg hadde lært henne det.

Eg er godt nøgde med fri ved fot, dette er grunnstein nr 1 i alle moment. Konkurranse trening treng  vi og her oppe fløyme vi ikkje over av konkurransar verken i det eller det..

Det er fleire år sidan eg var aktiv i LP trening og eg har derfor mykje å lære meg på nytt og har derfor bestemt meg for å starte på appellcupen til SHK for å drille meg sjølv i føring.
Trening heime på Sandsøya :) Rally måtte ha med hoppet for å lære seg fram hopp uten at eg peiver med hender :) repetisjon og atter repetisjon gir resultat :)
 
03.09.2015
Rally er i bra form etter kvalpepermisjon,  men litt varm i trøya og strutter av energi, no er det min tur også, føle eg modusen ho er i.. Eg vil prioritere ein del LP – trening med henne, i dei seinare åra har eg trena lite det mot kva eg gjor tidlegare, det har plutseleg gått opp for meg at det kanskje det er betre eg satsar litt på det, enn på jakt. Det er fleire rundt her som trenar LP og skal ein bli god i noko så må ein ha nokon å trene i lag med :)

Rally er ein voksen hund og kan trenast heilt åleine også, ho er generalisert på alt av andre hundar så det momenta betyr ikkje noko for oss trenar vi LP, det er berre i jaktmiljøet vi er så avhenge av å få trene i lag med andre.

Derfor passer det bra for oss  å trene LP, og eg har faktisk starta å like det, og eg skal forsette å like det ! Rally er lette i vendingane, full av fart og kan bli veldig god berre eg klare å handtere henne når eg skrur ho på.

Masse fart å stress er det muleg å få Rally opp i, men det skal også styrast, litt stress treng alle for å yte bra, og det er positivt og «slik hund er Rally» ein kan hente ut svert mykje er ein flink til å trene. Det står altså på føringa av hund, kva ein klare å få til er og opp til meg.

Eg er i startgropa på trening av Rally innan LP, og vil trenge nokre månadar på å få fram resultat, men poenget  er arbeidsglede, derfor kjem vi til å starte på eit par prøver no i haust og eg er ikkje redd for nullar, eg er redd for flate femmerar, men det skal vi ikkje ha..
Moro å trene hund igjen !!
 
 
28.08.2015
Lp, ja Rally blir tvangstrena :) no har ho gjort frå seg jobben med kvalpar og no er det meg og min hobby vi skal jobbe for eg og ho. Eg må repetere og relære mange moment som ho aldri har lært eller ikkje trena på to år. Rally slit med at ho er så lydige og ho har trena så mykje jakt og det betyr at skal ho jobbe ut frå meg vil ho ha ein kommando, gjerne handsignal.

Det går ikkje, ho skal reagere kjapt kun på verbalt ord, problema gjer seg til kjenne på ut til ruta, hopper over hinder, eg må derfor lære henne at ho skal starte på det verbale ordet. Innkalling med stå, er også ei nøtt ho «bråsit» for det er det ho kan frå jakttrening. Ho vil kun jobbe for godbitar, ball og alle andre ting betyr ingen ting og er borkasta energi og prøve å trene med. Godbit er det beste for henne.

Måle for meg er å få henne til å like og trene LP, det er kort og godt at eg nullstille meg og liker LP betre enn jakt, då gjer Rally det også, dette er veldig enkel fasit.
Og siden eg har bestemt meg til å trene mindre jakt, og meir LP og blodspor så rettar det seg. Eg må bestemme meg for å like å trene LP, då for vi det til, Rally er utrulig rask i kroppen så dette skal vi få til.
 
26.08.2015
Vi er i gang igjen, no er det mål om å trene inn litt LP momentet i klasse 2 så startar vi på prøve i septembner.
 
27.05.2015
I dag gjekk Rally eit nytt treningsspor, det gjekk over all forventning, ho var har i lina, men nasa var lav. Hadde eigentleg bestemt at ho ikkje skulle gå fleire spor no før til hausten, eller vente vertifall til ho har gjort frå seg jobben, eg rekna med ho for i slutten av juni.

No hadde det seg slik eg var i Volda for å trene hundar frå oss i går, og då kjørte eg over strandfjellet tilbake, og hadde planane om og legge eit spor om kvelden når eg likevell for forbi, jau det gjor eg.

Rally har sikkert berre bra av litt mentaltrening eller bruke jaktfunksjonen sin litt, sjølv om ho er drektig, men no er det slutt, no er det kun tur og ro som skal stå på programmet framover, det vil derfor ikkje bli oppdatering her før om eit par månadar.

Men Rallykullet dagbok forsetter så følg med der..
 
 
22.05.2015
I dag gjekk Rally eit flott spor, men det er verre med meg, eg hadde regelrett gløymt ein vinkel (eg hadde lagt ein vinkel som eg hadde gløymt i dag) Spore var nok ca 1000 meter og Rally spora svert bra, også der som ho gjekk ein perfekt vinkel, som eg trudde ho hadde gått seg bort og tok ho tilbake, men pytt ho gjekk same veg på nytt, plutseleg gjekk det eit lys opp for meg. Ho fant oppsparke og ho kryssa elva akkurat der som spore gjekk, ho gjekk med bra trekk i lina rett på skanken, dette var eit av dei beste blodspora eg har gått bak nokon av mine hundar før, ho slo ut alle som ein! Dette kan Rally. Ja og halve frukosten hadde vi med. No skal ho få sove resten av dagen :)
 
21.05.2015
Rally er nok drektig, ho har fått enorm matlyst, er eit hakk rolegare enn normalt.
Eg og Rally var på åleine tur i dag, sjølv om eg har 4 hundar fortenar alle litt åleinetid og det for dei.Rally på rusletur :) på heimturen gjekk ho bak meg og rusla.. i kveld har eg lagt ut eit spor til henne som vi skal gå i morgon tidleg, det blir speandes å sjå korleis ho vil jobbe med spor i morgon. Litt mentaltrening treng ho sjølv om ho er drektig, og eg legg grunnlag til å melde på sporprøve til hausten og til våren igjen.

Spor er ein fin aktivitet, som styrker den mentale ballast til hunden, ein aktivitet mange fleir skulle ofra litt tid på. Ikkje berre for å få meritter, men med tanke på kor bra det er for hunden å få jobbe litt med nasa. Spor kan alle gå, uansett kva hunden kan, ein treng ikkje kunne verken innkalling, eller andre ting,  for å gå spor, det einaste vi skal kunne er å gå og holde igjen i lina, ja lese litt hund, det lære ein etter kvart, å det er moro å sjå korleis hundane løyser sporet sit.
 
16.05.2015
Rally er para og vi er spent på  om det er noko eller ei.. Rally er svert roleg for tida, ho er eigentleg den rolegaste hunden min til vanleg også, då tenker eg i huset og i passivitet, når ho slår seg på er det ingen som har henna fart.
Så spent er eg..

Litt aktivitet må ho ha sjølv om ho skulle være drektig :) spor er ein fin form for aktivitet og det passer  bra å trene no, har faktisk mål om å og gå nokre sporprøver med henne i haust, så det skal bli.
Eg la ut spor i går kveld, og i dag morgon gjekk vi det, Rally gjekk veldig bra rett på skanken, når ho fant den fekk ho belønning, i dag hadde eg med halve frukosten hennar (vom og Hundemat)det passer henne perfekt. Rally er ikkje så glad i den skanken :) så ei bra belønning for funnet må vi ha.
Her er vi klar, Rally og Bjørk i bilen.
 
10.05.2015
Så kjekt at eg torde stille Rally på LP og er så glad for at eg gjor det, utteljing  :) klassevinner med 170 poeng. Rally gjor så godt ho kunne, vi miste nokre poeng for litt slurvete føring av meg, men skit i det, no tar eg tak i det positive og det var at Rally heldt flott ei heil prøve og eg klarte å lose henne trygt igjennom. Herleg følelse av at vi lukkast!
 
02.05.2015
Rally sin løpetid dukka opp, og turen til Lise og Nestor er unngjort, vi håper derfor på fine brune kvalpar i slutten av juni.
 
23.04
I dag fekk Rally ein tur til eit område vi av og til har trena apportereing, men ikkje i dag, i dag måtte vi dit fordi eg og Bjørk hadde vore der og når eg kom heim oppdaga eg at koppel  hennar var borte, det gode heimelaga lærkobbel måtte eg i veg for å leite etter.

Rally fekk då være med på tur, kun tur :) vi fant kobbelet heldigvis hadde eg mine aningar kvar det kunna ha smett ut av lomma. Rally fekk nok eit lite hakeslepp, når det ikkje blei lagt opp til noko trening, ho reagerte med vantro, når vi vende heim utan å bruke ein einast dummy, og ikkje ein einaste, fot, heller ikkje sit.
Ho starta hoppe opp og ned, på meg og fram om meg, eg rekna med det var for å minne meg på at vi ikkje hadde jobba på lenge..

Det var forresten meir eller minder snøstorm når eg og Rally var der, og 0 grader, skikkeleg grisevær i dag.
Bilde er tatt når eg og Bjørk var der.
På dette området har eg og Rally hatt så mange fine treningsstunder og den følesen er positiv og sikkert følbar både på meg og henne.
 
22.04
I går trena eg og Rally LP, ja åleine vi trengt litt tid for oss sjølv i går. Det eg har slite med  henne med er lineføring, eg er ikkje flink til å trene det, og må skjerpe meg betrakteleg på det momentet. Fri ved fot går ho svert bra, men med koppel er vi ikkje flink nok, og det er eg som slurvar, ikkje ho, Rally gjer så godt ho kan ho, det bur ingen fan i ein hund, det er eg som forvaltar.
Koppelet skal være i venstre handa på prøve og det må eg berre trene på, Rally skal stillast på nokre LP-prøver i år, eg vil prioritera det som konkurranseform med henne framover.

Vi trena to store firkantar med kobbellineføring i går, tre langsider og ho gjekk bra.

Mengdetrening kan gi susen på det meste og eg veit at dei som er gode trenar også masse.

Innkalling trena eg litt, Rally er så fordømt lydig og så flink på alt, men ho gir ikkje gjerne og det er mi skuld, eg har vore ein dårleg trenar for henne, godtatt og vore nøgd, så superglad for at ho er ei roleg skjel som berre er tilstade.
Rally trur rett å slett at ho skal være roleg i all sin framferd, (bortsett frå når ho skal springe lange linjer :)) då spring ho i frå all. Eg trena derfor tempo innkalling, kasta kongen bak meg når ho er på veg til meg.

I tillegg trena eg innkomst tett på for å få ein betre avslutning av momentet. Avslutta med litt avstands kommandering, det momentet er ho BC på :)
 
12.04
To dagar med jaktkurs, eg liker å gå kurs og lære alltid noko nytt, no er Rally ein svert enkel hund å ha med på kurs, ho er lydig, slappar av, sovnar, ja ho gjer eigentleg det meste. Ikkje eit pip har ho gidt frå seg, ho lar seg ikkje skur opp, det har vore mykje ståing på linja, såkalla jakt lydigheit i store baner i to dagar, dette er slik Rally sovnar av, ho går på fot, og er svert lydig. Passivitet biten til Rally er i enkelte høve helt perfekt, eg kan ikkje klage på det. I går hadde vi ca to apporter, dei løyste ho ganske bra og med bra grep.

I tillegg kjørter vi litt stopp og nærsøk, der det blei utsmett ein tennisball etter ho hadde søkt ein del. I desse momenta var ho litt for passiv, og det er som forventa ettersom eg kjenner henne og veit kvifor.

I dag var ho litt uroleg når vi gjekk på fot, eller ikkje når vi gjekk, ho ville ikkje sitte i starten, og det kom av at ho var trengd på do… det blei derfor litt dårleg dialog mellom oss i starten, det drog vi på lenge.

Elles så var det som dagen før, mykje fot og stå still, nokre få apporter, på to stykkar rusa ho litt for langt og sprang nok ta seg litt, når ho var ute av syne.

Vi hadde også litt ut, lange linjer, dei momenta løyste Rally meget bra, på ut, men dessverre fall ho tilbake til gamle synder og kom med to dummy etter snora, dei to dummyane kjøre ho stor sving heim til meg, så var det ein form for demo, eller er det som vi seier hundar gjer det dei kan ?? Når Rally har eit bra grep kjøre ho rett heim i stor fart.

I pausa grov ho seg ned i skogen og la seg til å sove, Rally er Rally, slappe av kan ho. Rally gjer så godt ho kan, ho var flink på det ho er flink til og på desse to dagane gjor ho svert mykje bra, eg bør være nøgd med henne.
Her er vi ferdige etter to dager på kurs :)
 
10.04
Rally er påmeldt LP, og eg må legge meg i selen og trene litt inn i mellom alt det andre vi trena. I dag var eg kanskje  litt for mykje autoritær , så ho flyg bakover i ned dekken, Rally er så var, det skal nesten ingen ting før ho regarar.

Grunnen var at ho hadde skrudd seg opp i bilen medan eg trena Bjørk, og er Rally høg, så er ho også litt skvetten og ikkje heilt på nett. Ho skvetter hit og dit utan grunn :) mykje fart og det skal litt til før ho klare å tilpasse seg ein ny modus, ut av bilen på ein plass ho forventa å få trene apportering, og der måtte ho gå lineføring, det var svert vanskeleg for henne.

For å presisere, dette er ikkje unormalt, ho er nesten normal, det er mange hundar som agera akkurat slik, når dei forventa ein anne jobb. Rally gjekk seg til, og ho landa, eg må ha henne litt høg i LP trening skal vi få fart, er ho i sovemodus som ho også kan være, gjer ho alt rett men i saktekino… det er ikkje ønskeleg for meg.
Rally fekk avslutte med eit  spor, eit menneske spor med ei matboks i enden, ikkje så langt, men ho løyste oppgåva bra.
 
09.04
Rally, ho er vell målt og snudd opp og i mente, både av meg og andre :) No glede vi oss til laurdag, og søndag, då er det jaktkurs med Heidi og Åse, det skal bli kjekt og eg er sikker på at eg lære noko nytt på dette kurset også, ja kanskje noko eg kan bruke i framtida på Bjørkepinnen..
Rally er kjempeflink når vi trenar, ho trenar med elite hundar og klare seg bra, merkeleg det å ha ein hund med kun 3BK og klare å holde tritt med dei som har premiar i EK, jau det er heilt i orden det for meg .. neste heilt i orden, men bagatellar veltar ikkje lasset mit fleire gangar.

Eg blir flinkare til å trene og det blir bonus både til Rally og Bjørk. I går var Rally og eg på sykkeltur, vi syklar for å komme oss til ein egna plass for å kjøre litt sidedirigering. Eg merka etter ei trening eg var på søndag, at side dirigering ikkje sit lenger, men lenger ut og gå langt sit bra, naturleg årsak, då eg ikkje har prioritert dette. Eg har jobba mykje med å få henne meir sjølvstending, og tenke meir jobb utan å bli sett på jobb, dirigering er lagd på is med vetane vilje, går ein opp at eit trinn på skulen, så er livet slik.
T
rene sideteikn gjor vi og det tok ho lett igjen med både, små og store avstandar, grepa på apportane med var ganske bra. Rally hadde ei fin trening i skogen i går og det ho gjor var eg heilt tilfredse med.

Eg er veldig forsiktige med søk signal på Rally, det er så fort gjort at ho går tilbake til gamle vaner og stoppe opp å spørje skal eg søke der eller der… hjelp meg. Derfor må ho bruke sansane sine til å finne sjølv, sjølv om det er ei dirigering, ingen tvil om at ho kan det signalet, men eg er veldig pinete med bruken.
 
03.04.15
Rally fekk være med ein snartur for å trene litt, ikkje mykje men tre apportar fekk ho.

Det vil sei eg gjekk ut to apportar på ei linje, ca 150 meter, kastet to dummy over ein steingard, gjekk på fot tilbake halve vegen, der måtte ho sitte til eg hadde gått resten, snutt meg prata litt, laga til belønninga i matboksa, og Rally sit spikra. Eg sender så tilbake med lenger ut, til steingarden, gir hjelpesignal «over», ho klatre over og kommer heim i Rally fart, for avlevere på bakken og ete godbitar frå boksa( grunnskulen til Rally)

Eg sender så Rally i rett linje ut igjen, ho går fort, svert fort, henter den dummyen og kjem heimover fort.., eg kaster ei markering på skrå som ho markerrar med stopp og kjem heilt heim med dummy. Hentar så markering og er ferdig med jobben, berre god faste grep, ja det er den biten eg jobbar mest med.

Rally er veldig god av og til, går villig 150 meter fot, klistra til foten i ulent terreng, det er ein svert flink hund eg har å jobbe med for tida.
 
16.03.15
Eg og Rally, ja vi har det fint! Rally er hund ein kan få både frustrasjon og gåsehud av !

Rally liker å trene, men er ikkje perfekt, det veit ho sikkert ikkje sjølv, det er derfor ikkje like lett å trene henne. Rally gjer så godt ho kan, men etter all den oppatt gåinga av grunnskulen bli det mykje betre både dit og datt.

Eg har trena henne litt i lag med makkerhund i det siste, og det er ikkje noko galt med arbeidslysta, viljen til å apportere er svert stor, det er også det som skjer etter ho har apportert, ho snur og tenker kun heim så fort som det er muleg og det er fort det.

Alle hundar kan bli betre trur eg, somme blir betre av betre trening, somme blir ikkje betre enn den som trenar dei, Rally har blidt mykje flinkare, om det kjem av, alder, teskje, eller eg har tilpassa treninga til henne, ja det veit vi ikkje. Eg er litt stolt av Rally jenta mi, ho har fin brun farge :) og spring svert fort! + at ho hentar dummy.

I dag gjekk vi oss ein god tur for å finne nok terreng til ein litt vanskeleg firkant, vi fant, vi kjørte den begge veier, med stor sukksess. I tillegg kjørte vi linje med hopp over rotvelta furu, med markering som forstyrrelese. Ingen kunne matsj Rally i dag suveren.
 
19.03.15
Rally fekk ei åleine økt i går, Bjørk måtte være heime med Anne Lene, ho må også lære det. Rally er litt slik forsiktige hund, og eg føler det ho av og til er litt deppa på grunn av at ho er stadig blir rangert nedover, derfor prioritetar eg ein god del åleinetid på henne. Rally er lydig, roleg, snill og mi gulljente. I går trena vi lit av alt, fotgåing, utsending, felt, litt venting og sit, + eit par markeringar der ho måtte sitte fordi eg kasta og skaut sjølv.

Dette med å trene litt av alt, er ikkje så vanleg med meg, men det er ganske nyttig for å dra strikk, ein hund skal kunne holde ei prøve, då er det flott at ein hund også held ei litt samansett trening med fleire moment utførd, utan så mykje avbrot.
Rally er rett å slett flink, dette med å gå oppatt grunnskulen kan hjelpe alle trur eg, og det er ikkje noko nedrelag å starte med tilpassa undervisning, trening.

Rally er så flink at ho kan gå rett inn i ein EK -trening og klare seg supert, det er også mit mål med henne, eg skal bruke henne på makkertrening , Rally kan førast enkelt av alle som kan litt hund.

Så avslutta vi dagen med ei kort LP-økt på hundeklubben, det var mest leik med kong og litt fri ved fot.
 
17.03.15
Rally har fått lit mengdtrening i det siste og ho har blidt vell varm i trøya, men kva gjer det, av og til blir det slik når ein skal bygge, ein må gå på bekostning av noko, for så ta igjen litt andre ting etter kvart. Vi var på Moltu på Søndag, då vart ho varm, men ho hadde 100% godegrep på dummyane, ho hadde ein fart andre kan drømme om, ho markerte som ein drøm.

Kjempeflott dag bladt treningsvenner.

I går trena vi LP, rekord lange fellesøvingar, då er det ro på Rally, 7 minuttar fellessit utan å løfte på ein labb, 9 minuttar fellesdekk, ja Rally er ein raser på fellesøvingar innan LP.

Ho er flink når eg klare å gi mykje av meg sjølv også på trening, men ho er ikkje som Arwen der, Arwen jobbar med svert små midlar, Rally må motiverast meir på jobben uansett kva ho skal ta seg til.

Ein skal ikkje samanlikne hundar, men dei er som oss forskjellige, men like verdifulle som individ uansett kva vi har fått utdelt. I dag var vi tilbake på mark … ja eg er nok meir tulne enn eg veit sjølv. Rally var perfekt i dag, på passivitet og elles det bittelille ho gjor, flottvær å drikke kaffi ute.
Her sit Rally og speider utover treningsområdet!
10.03.15
I går var det ein hard dag for Rally, eller det er vell slik at enkelte dagar skal være lange og harde og enkelte kan være litt rolegare.

Bygg hund er som og bygg det meste, ein må ha utholdeheit og ein må kunne tole ro. Føremiddag var Rally og Arwen i veg for å trene maraton felt i skogen, dette er overtrening, og Arwen blir misbrukt av meg til det, det vil sei ( for Arwen er det livskvalitet) hadde ho styp død i felte så hadde det ikkje gjort det slag, men forma henne er på topp, og ho har stor fart i arbeidet, og gir ikkje opp.

Ho gjer fleire funn enn Rally og ho tar som oftast det Rally ikkje finn, Rally derimot er  flinkare enn ho nokon gong har vore på felt, og har eit betre søk, men er ikkje grundig nok alltid. Ut på dag var vi i skogen for å teste litt apportering på Bjørk, Rally ligg i bilen.Eg gjer ikkje alltid det eg skal etter læreboka ,  fordi Rally er voksen, og går oppatt grunnskulen, og kan nok tole ein og anna utfording betre enn ei uerfaren hund.

Eg og Bjørk la derfor ut, 150 meters ut postar til Rally, galskap og kjøre noko slikt blindt, er det .

Dette skal aldri gjerast med uerfaren hundar, ein skal ikkje gjere det med erfarne heller. Eg og Bjørk rusla tilbake til bilen, for bytte av hund. Rally fekk hoppe ut av bilen og må sitte, eg har igjen innført jernregime på det. Vi gjekk på fot utan koppel, innover ein stykke så fekk ho springe litt fri, før ho fekk kommandoen bak.

Når vi var krommet til utgangsposisjonen vår, drar eg opp matskåla, fyller opp med frysetørka vom, sette ho ned til høgre for oss.Eg sender Rally i rett linje ut, ho spring snorrett ut utan å slå ned nasa (det eg meina med det, ho søker seg ikkje framover men spring) då slo ho på vitring på meteren, spontant apporterte med ein godt grep som ho beheld held heim, ho fekk klikk og fekk spytte ut dummye rett foran meg. Jobben var perfekt og belønning fekk ho.

Den dummy ho tok ligg ca 10 meter før den neste er plassert, vi gjer på nytt det same, fyller opp matboksa med frysetørka vom, plassera ho til venstre for oss. Sender på nytt, den same snorrette linja og farta er rå, og ho spring rett over der den første låg utan å senke på farta, tar så vitring på meteren av den siste, apportera spontant, godt grep heilt heim, for så få klikk å avlevere på bakken og forsyne seg av matboksa.
Kanon Rally.

Etter på var det til hundeklubben og trene litt, her trena ho felles sitt, felles dekk, også i dag var det hund som reiste seg og spring bort til henne med fleire for å undersøke invitere til eit eller anna, ho ligg fjellstøtt.  Kjekt for oss å få generalisert skikkeleg forstyrraelse, sjølv om eg alltid seiar i frå til uerfaren stå nært stå på lina, blir ikkje hørt alltid nei. Bra for oss som vil generaliser :) men men
Ingen ting er som å vere på ei myr og ha ein super rask hund!!
07.03.15
Eg er veldig opptatt av å rullere terreng når eg trenar, derfor fer eg overalt  å trenar med Rally!

I går hadde vi ei super trening, både inne og ute, det skulle være jakttrening og det blei det også, det skal mykje til at eg avlyse eller unnlate å møte til trening på grunn av vær.

Vinden var rå det var også regnet, men det var heldigvis mildt og i dag er vi friske og raske etter å fått nok luft i går. Rally var bra, det er mykje som er bra i den lille brune kroppen, fokuset var markering i vanskelege terreng, og med den vinden vi hadde i går var det ikkje enkelt, eg var flink og viste kor vanskelege det var og gav Rally oppgåver som eg trudde ho kunne løyse bra, og det det gjor ho.

Rally var litt vell varm, men det veit eg at ho er, no lar eg ho berre være litt ekstra varm, Rally er eit sterkt arbeidsjern. Det blei berre ei økt ute i terrenget vi var skikkelege igjennom våte og det var ikkje så fristandes med kaffipause ute, vi kjørte derfor til hundeklubben tok kaffi inne og trenet litt inne etter på.

Vi tok litt fells øvingar, Rally var svert flink. Så slutta det å regne og vi gjekk ut for å ta ei lita økt med jaktlydigheit, det gjekk fint, Rally var rolegare og lydhør.
 
01.03.15
I går var eg og Rally åleine i veg for å trene felt, og eg bar med meg 12 dummy, ganske gal eg ! ( Eg brukar barlast i motbakke som ein del av treninga av meg sjølv) Og eg trenar ein hund som ikkje skal stillast på prøve, trenar kun for moro skule fordi eg liker det, eller fordi eg liker å bli ein betre trenar, finne mulige løysningar som skal til for å bli god. Nye fargerike dummy, Rally likte dymmyane og henta så fort som ho berre kunne :)

Felt på 12 dummy, dei fleste vil nok sei eg er galen som legg ut så mange, men men eg har ein hund med super kondis, kvifor kan ho ikkje nytte den til arbeid for meg, ikkje berre til  luksus å spring rund å gjer unyttige ting ? Grunnskulen går vår veg, Rally skal bli ein brukbar makkerhund, som eg kan trene trykt og godt i lag med alle, eg liker svert godt å trene, og har i tankane mine ingen prøver, berre ha det kjekt med å trene.

I dag prioriterte eg signaltrening, og eg provoserte sikker både meg sjølv og andre, eg trena tett opp til turvegen med folk som gjekk på tur, somme med hund i band :) Rally hadde ekstrem fokus, ofra ikkje eit blik på anna enn mine signal, herleg hund som eg er så glad i.
Rally har fått seg nye dummy :)
 
26.02.15
I går var eg, Rally og Arwen i skogen for å trene felt igjen, Rally kjem seg, ho brukar no eit betre mønster i søket enn tidlegare, eg overtrena henne masse , det trur eg er det einaste som kan fungere. Rally har så mykje fart i den lille kroppen sin, og er flink, det som er litt rart (eller kanskje bra) er at Arwen som er snart 11, har like mykje fart, og tømmer to store vanskelege felt like fort som Rally.

Kvifor drar eg med Arwen då, her handlar det mykje om livskvalitet ,  Arwen elskar å hente dummy, og det motivera Rally enormt, ho må berre sitte å sjå på medan Arwen tømmer felt på felt…

Det motiverer ikkje berre, men Rally blir ganske heit, kvifor gjer eg dette då, det er rett å slett for å få stor motivasjon til å finn fort på Rally også. Rally tar aldri pause lenger, men står på så lenge eg sender henne ut, sjølv om ho ikkje finn og det er tomt, så forsette ho og søke,  eg prøver og skape henne om til å bli ein god feltarbeidar ! om eg lykkast veit eg ikkje, men både Rally og Arwen har ikkje noko vondt av å tømme nokre ekstra felt, mosjon og nasearbeid er ein Ok kombinasjon !
 
24.02.15
I går trena eg litt Lp med Rally, men det står litt på meg om eg er i toppslag, Rally treng ekstra med motivasjon, ho er ei godjente Rally, men ingen arbeidsnarkoman.

Det vil likevell sei ho har veldige presise øvingar slurvar lite og har god fokus, er ikkje stressa i det heil, men litt mykje avslått for meg.( og her er det meg, belønningskvalitet, belønningstidspunkt, eg er rett å slett ikkje god nok.)I går hadde eg lit lite motivasjon og eg avbraut derfor treninga og Rally fekk slappe av i staden, det liker ho godt :)

I dag derimot, har eg blåst støv av gamle treningsmoment, Rally har fått trene linjer, og ho var rå, fart, nase, spontanitet, grep, avlevering, ja eg kan ikkje klage på noko, ho var rett å slett rå.

Rally har mykje på lur, og ho er min aller beste venn.
 
22.02.15
Fin dag blei det, sjølv om vi blei skikkeleg overraska over snøen, i går var det vår og i dag er det vinter. Rally og eg var i veg å trena litt jakt, det er det vi liker best og vi blei heldigvis invitert til trening med Kjell Arne.

Barstadvik ligg sentralt og derfor ein fin plass å treffast for trening, dei som bur i Ørsta og i Herøy kan kjøre ferjefritt, og eg tar ferga Hundevik- Festøy, såleis overkommeleg reiseveg for oss alle. Vi bruker bytte på å invitere til kvarandre derfor blir terrenget å treningane aldri heilt like.

Hovudmålet mit er å få fram god følelsen i meg og Rally, har eg det kjem det andre litt etter litt, eg bygger meg sjølv på nytt og lar meg ikkje distrahere av det eg og Rally har gjort tidlegare, såleis nullstilt og kun tenke god følelse.

Alle gode hundar knaller og i dag gjor Rally det to gangar, det var så min feil, eg var meir opptatt med å sjå på andre enn å følgje med på kva ho fortok seg, eg er så bortskjemt med hund som aldri knallar, så no har det blidt litt slik at Rally vil så mykje meir enn ho får. Det eg mine treningsrutinar som er litt om lagde på grunn av tilpassing av trening til Rally.

Rally gjor mykje bra i dag, meg sjølv var ikkje så flink, hadde nokre små kjørefeil, men eg var likevell glad og tilfreds etter endt trening. Dette å bli betre på å kjøre hund er alltid i mine tankar, men eg lar meg ikkje bryte ned går det litt feil, det handlar ikkje lenger om liv og død, det handle om å bli god til å kjøre hund.

Få godfølelsen i kroppen, det hjelpe på, og ikkje minst være i lag med treningsvenner som har den samme lidenskapen trene jakt :)
 
16.02.15
I kveld var eg og Rally + Bjørk på trening. Rally er så behageleg å trene med og i det heile tatt ha med noko plass, godejente. Har aldri hat så enkel hund å dra på før og no er ho til å med på når eg slår henne på :) Eg og Rally har det bra, vi trivast i lag og LP skal vi satse på, eg har bestemt meg for å få henne til og det skal eg klare.

I kveld kjørt eg meir på dette med lineføring og avstandsbelønning, dette klare vi fint, kontakta er der og ho ser ikkje anna enn meg, om dette kjem av at eg har vorte flinkare til å trene henne, eller det er naturleg modning/sein modning på Rally veit eg ikkje. Det følas vertifall svert godt at Rally er så opptatt av meg når vi går linføring, eg er ops på at dette må trenast og dette skal eg klare.

Eg vil prioritere dette med linføring sidan det er det svakaste punktet vårt, moment, eller dei andre øvinga går bra trur eg, dei forgår vertifall utan koppel. Onsdag igjen skal eg trene LP og glede meg allerede til ny trening.
Rally poserar, nei ho sit å ser seg rundt medan eg tar bilde av Bjørk, eg snudde kamraet raskt mot henne og knipsa litt :) Rally er så enkel, lydig og flink, har eg sett ho på vent så sitt ho der til eg er ferdig til å overta henne, men då er ho hoppandes glad!, det for ho også låv til å være.
 
15.02.15
I går blei det ei lita økt trening på Rally, jaktrealtert.. Rally er  glad :) og ho liker seg godt i lag med meg! I tillegg har vi fått stor framgang på dummygrepet, om det er noko forbigåande veit eg ikkje, men ho hadde i går berre gode rolege grep ! Inne i huset, trenar eg handtarget med henne, det er rep.. og eg lære Rally og holde meir fast apporten, det gjer alle som trenar bruks, og det kan sikkert eg også klare å lære frå meg til Rally.

Det er kjekt å kunne, måle er å konkurrere i LP med Rally og då er det kjekt og ha perfekte apporter, eg har no ein retriever :) :)
 
12.02.15
Lp-økt på Rally og meg. Liker det eg opplever no, føler det Rally liker å trene og gir gjerne meir enn ho har gjort før, nåja, dette beror på kva eg klare å få ut av meg med motivasjon og rett trening.

All trening av hund må individ tilpassas og eg har blidt mykje flinkare med Rally. Det eg jobba med i går var lineføring i koppel, ein vanskeleg  øving for meg, dette på grunn av at det er mykje enklare å trene utan koppel, så fri ved fot er mykje betre. Lineføring er det i klasse 1 i LP, og målet mit er å konkurrere i Lp, då må eg også ha ein anstendige øving på lineføring.

Eg trenar kun med avstandsbelønning når eg trenar med koppel, det vil sei at Rally må springe til ein matkopp med godbit i. Dette fungerer mykje betre enn å belønne frå lomma, tenk Rally går å sveiver med svansen  på lineføringa :) herleg.

Eg vil derfor prioritere denne øvinga framover. Vi trena også litt hoppøvinga i kl 1, det vil sei heile øvinga, ikkje enkelt delemoment, øvinga er bra. Eg sette henne også litt tilsides for hoppet, det vil sei på høgde med ytterkant på hoppet, plassert meg sjølv også på ytterkant, og komaderte hopp, generalisere ordet hopp på plass. Det å plassere seg sjølv i ytterkant er strengt tatt ikkje nødvendig,  det skal vi aldri gjer på ei prøve, men hold oss til riktig posisjon.

I trening er alt lov. Det vise eg på prøver at hopper er litt andeleis, miljøet rundt, band, menneske, plassering av hopp osv. Generalisering kan derfor være nødvendig sjølv om øvinga er kanon. Her etter ser eg ikkje lett på noko, det skal være grundig innføring både på meg og hund, alltid trygg på at dette klare vi. Rallyhunden min er for meg veldig verdifull, godjenta til mor som skal utviklast lenge ennå.
 
10.02.15
Det blei ei veke med skikkeleg dritvær, snø, vind, regn, glatt, umuleg å få trenet noko fornuftig anna enn inne. I går var vi vertifall på hundeklubben å trena lydigheit, Rally hadde ei god økt, eg var intensiv med henne og då kan ingen stoppe oss.

Eg terpa ikkje, men testa eit par øvingar, kun ein gong pr. moment, hopp over hindre, funka til 10, og fellesdekk, veldig bra. Eg gjekk ein del fri ved fot, den er eg også veldig nøgd med, Rally gjekk svert intens, sjølv med forstyrrelesar.

Eg leika ein god del med kong, kampleik  og Rally er på hygget,  har klart og fått trigge henne til å like konge...  Takk, fungera, passivitet fungera, ho sleppe med ein gang eg blir passiv eller sei takk.

Håper no på å få litt fastare grep om apporten også, dette med motstand og kamp kan eg bruke for å få Rally til å holde eit betre grep på apportane. Når det gjeld apportar, både dummy og anna er ikkje grepa bra, dei er rett å slett dårlege og her har eg gjort ein svert slett jobb.
Rally har ein laus munn, ho har aldri hatt motstand på det ho har i munnen, slepper med ein gang vil nokon dra med henne eller ta frå noko ho har i munnen, ho eig ikkje vilje til å holde fast noko i munnen.

Eg har innsett at eg har ennå mykje jobb med Rally :) Rally har blidt ein stor mammadalt, og sidan Bjørk kom inn i mit liv har Rally fått klisterlim, kor e mamma ???

I dag var Rally og Artemis med på tur og då er det full rulle, Artemis er ulydig( les kjempeglad for å være med  meg i skogen) det vil sei at ho spring, fort, langt og er veldig glad for ho endeleg fekk være med meg. Rally har såleis store problemer med å få med seg kvar Artemis er og kva ho styre med, ho er ein kenguru på tur, hopper opp og ned for å sjå speide etter Artemis i eit sett og Rally spring på langs og på tvers.
 
Når det er eg og Rally på tur så held ho kål på meg og det skal det ikkje så mykje til for å få med seg kvar eg befinn meg i terrenget, eller om Arwen er med ho er også mest opptatt av meg. Artemis derimot er opptatt av heilt andre ting enn meg, ho er kun opptatt av meg vist eg stoppar å står still, då kjem ho fort for å sjå om vi skal finne på noko eller.. men så lenge eg bevegar meg er ho på tur og ho legg ut på lange tur..

Dette skal handle om Rally sin grunnskule, nå ja, litt anna info fell lett inn her, det kan være relevant for det, Artemis er ein av samburane til Rally, så derfor er ho nok litt med.
Rally har ennå ikkje fått løpetid, det er over to år sidan sist, vi venter, men no er det nesten så eg trur ho ikkje får fleire løpetider, Rally har blidt så grå rundt snuten også, snart like grå som Arwen  som er snart 11 år :) blir fort gammel Rally eller...

Trening som vi gjer inne i imellom andre ting, er repertreing av moment, eller ny innlæring av delemomenta til apportering.
Handtarget, lærte ho ein gang, men så slutta eg med det, veit ikkje kvifor, men no skal det sitte og vi skal trene masse for å beholde det, muleg det kan være svert nyttig for type Rally hund..

Holdfast apporten med motstand, ha motstand til eg seiar takk, dette er svert vanskeleg for Rally, men klare eg å få lært henne dette, skal eg  kjøpe meg ei skikkeleg stor belønning :)  så her må eg stå på!!
 
 
01.02.15
Rally og eg har endeleg komet oss i gang med trening igjen, Rally var høg, og motivasjonstreninga inklusiv fri dressur, gir biverknadar, men skal eg få resultat av treninga må eg forandre på noko og ikkje legge vekt på det perfeksjonistiske med henne.  Ingen hund er lik sjølv om dei stammer frå linjer som kan dokumentere svert gode resultatet, det kan med enkle ord seiast at sjølv ein slik hund må kjørast rett.
 
Fasit finst ikkje, det må tilpassast individ, Rally blir ingen god konkurranse hund med det første.

Hobby er hobby, og Rally har stort potensiale og eg har masse jobb med henne i mange år, og det glede eg meg til. I dag, var det ikkje hund, men meg det var noko gale med, opplegget var dobbelt så vanskeleg som det burde være, nytt terreng, rusten hund som har hatt pause lenge, ei gira kjerring som ville så gjerne trene litt vanskeleg osv.. pust ut.

Rally hadde lyd, stor motivasjon, jobba, men gjor ikkje så mange funn som eg hadde ønska, det kom av ein kombinasjon, «vanskeleg terreng» og alt for vanskeleg opplegg. Terrenget har så mange gode utfordringar og var så bra, men eg klarte ikkje å utnytte det i dag, det var litt kaldt, null vind, svert dårleg vitring det forklarar nok litt av problema eg hadde.

Eg trudde Rally skulle klare avstandane betre. 

Det positive var at ho hadde gode rolege grep på dei få dummyane ho fant, Yes korfor skiv eg det positiv sist, ja sei det, eg tenkte på dette positive på heile vegen heim, det andre har eg gløymt

Det var ikkje Rally sin feil at eg laga det til for vanskeleg for henne, men ho gleda meg stort med alt det positive ho gjor, og det positive kjem av at eg har jobba mykje med å få opp arbeidsiveren på den sjølvstendige biten, ho var varm i trøya og ville så mykje som meg.

Og eg fekk være ut å trene i lag med andre i mange timar deg gir energi!
 
29.01.15
Rally fekk ei ny økt med felt i dag, vi hadde med Arwen fordi vi har ein micro dummy i manko.

Vi fant den ikkje og eg trur mulig at eg har mista den og telt feil når eg har lagt ut, Rally og Arwen har søkt så grundig at det kan ikkje være noko, men har opplevd dette før, at ein dummy  har synke  i jorda. Uansett så jobbar Rally mykje betre i system no, ho har blidt mykje betre til å dekke området og søke i system, det er faktisk muleg å lære henne noko som ikkje var medfødt..

Eg prioritetar fritt felt med Rally og har mål om å få henne til å like det uansett kva tilstand ho er i, det blir ein del generalisering på felt, så ser eg kor bra ho blir. Rally er vertifall verdens beste trenings kompis for meg.
Rally er også ein svert bra makkerhund eg kan bruke når nokon treng ein makkerhund i trening av sin hund.
 
27.01.15
Rally var også med i dag då eg var til Ørsta til fysioterapeut, Anne Lene og Bjørk var med for å holde oss med selskap og vi skulle få treffe Sol. 

Sol er kullsøster til Bjørk, Lill- Iren som har Sol har også ei anna flatcoat tispe på alder med Rally, Sara (ho har også bloggen retriever.com) som handlar om dei to flattane henna. Rally fekk treffe Sara til ein fellesdekk, eller to korte fellesdekkar og det var ei lita utfordring for rundt dei gjekk nemleg ein flokk ender. Rally følgde endene meir enn meg på dekkane, men ho røyste seg ikkje ho låg utan å flytte på anna enn bevege hodet etter ender og meg..
Eg synast ho var flink, roleg og bar ikkje preg av å være stressa, dette var mit i Ørsta sentrum, nedom kjøpesentret.
 
I går var vi og testa nye dekket på hundetrening, supert:) Rally var så livlege og flink, ho storkosa seg i lag med meg, vi trena litt fri ved fot, stå, + vi fikk trene litt fellesøvelser med forstyrrelse.

Bjørk var med, og Anne Lene hadde hoved ansvaret for henne, Rally var litt tjora i ribbeveggen, ho var 100 % avslått, så nøgd med kun å stå der fast og sjå eller ligge og sjå på oss, dette momenta med Rally er eg så glad ho har.
Rally trenar fellessitt med forstyrrelse..
 
26.01.15
Vi drar strekken på felttreninga vår, i dag hadde eg med Rally heilt åleine og vi hadde ei snarøkt med felt. Avleveringane er ikkje bra, det er mykje stress i hennar mun, ho er veldig uroleg i munnen, det lyt ho berre være ei stund, eg vil ikkje terpe på dette i den fasa eg er i no.

Måle mit er at ho skal bli intens og ville finne fort og bruke nasa for å oppnå det, ikkje berre springe rundt og plukke slik reint tilfeldig. I dag plukka ho fort og ho plukka alt utan å ha ei einaste stopp for å sjå inn på meg eller analysere ei duft.  I dag var ho åleine ingen var med for å trigge henne med motivasjon/ konkurranse. Eg er nøgd ! og Rally er nøgd.
 
18.01.15
Hjelpes stakkars Rally, her har det vore tørke på trening. Kun kvalpar opp og i mente med meg, Rally har blidt tjukk, men ikkje lat.  I dag tok eg med Rally og Ranja på tur og hadde på vesten min med  ei lomme full av små dummy, felt står i høysete i år også.
Inne i granskogen er det bare flekkar og til felt kan ein nytte alt. Ranja og Rally fekk kort kommando om å sitte, medan eg la ut felt( ja dette var etter dei hadde rasa rundt ei lita stund)

Eg la ut ganske sprett og litt vanskeleg, 9 dummy, Rally var høg med ho sat igjen der eg sette henne, Ranja forlét sitten og rusla rundt for å sjå etter meg, kva ei styret med. Rally henta inn 6 stykkar , gjor veldig raske funn, ho var som ho pleier svert uroleg i munnen, dårlege grep, men ho jobba og gjor funn raskt utan å henge seg opp i andre ting og det er det aller viktigaste for meg. Ranja, plukka inn dei tre siste, ho har svert gode grep og roleg mun, men er litt vanskeleg å få ut, ho treng eit par tre doble signal for å starte opp å søke i felt, kommer ho seg i gang og skjønner oppgåva jobbar ho svert bra. (detter er ting ho ikkje er så mykje trena på og ikkje mangel på vilje eller eigenskaper) Rally og Ranja er søstrer, men så ulike :)

Rally er ekstremt lydig, har ekstrem fart,  litt for høgt stress nivå i dag, og det kom nok av ei lang treningstørke, konkurranse av Ranja, Ranja er ein smule dominant over for Rally, og Rally reagera med å bli stressa. Eg har mål med Rally og det er å få ho litt ekstra tend på å finne dummy og då kan det hjelpe med litt stress, enkelte ting kan komme med alderen :) Rally er min lille stjerne uannsett! .
Det med grepa hennar, er ikkje enkelt, ho har gode skolerte grep i komprimert jobb, men i søksjobbar og når stresse tar henne, er det berre balllll…
 
12.12
I går hadde eg og «kun Rally» tur,  vi hadde med dei fem orange micro dummyane våre. Vi gjekk eit stykke inn i skogen, Rally fekk sit kommandoen og eg vandra rundt og kasta ut dei 5 små orange,  inn i einar og rundt omkring.

Stress, ho bygg seg opp, men tenker kun på å finne fort og det  er det eg  vil, og har eit høgt ønskje om få til ! Rally går som ein kanon, ho flyg, finn svert fort, ho må derfor bruke nasa effektivt, sjølv om systemet ho søker  med, kunne være betre anlagt. 

Ekstrem fart både ut og inn.
Rally er den herligste hunden min, sjøl om ho er som ho er, så er ho gulle til mor,  Rally for anledning til å lære adferd på fleire alternative måter, dette er stor gevinst både for meg og henne. Eg blir flinkare til å tenke treningsløysningar og Rally har eit sabla flott liv :)
 
07.12
Rally og eg har hatt ein og annen tur og trena litt, sjølv om eg har fult opp med kvalpane mine har eg prioritert litt Rally også. Arwen er den som brukar være mest med oss, men no har ho løpetid, i dag blei det Artemis, ho er akkurat ferdig med løpetid, ja Rally då J ingen ting på gang trur ho har konvertert til hannhund, ho er tispe utan løpetid, rett å slett.


Nok om det, vi prioritetar berre felttrening og Rally er så lett på foten,  hopper hit og dit fort som bare Rally kan. Sidan vi hadde med Artemis i dag, kjørte eg to hundar, ein ut for å få funn, så sende eg hund nr to ut i det den andre var på veg heim. Dette er heilt greitt å gjære med Artemis ho gir aldri frå seg noko til Rally i tilfelle Rally skulle finne på noko tull. Andre hundar utan om flokken tar Rally aldri i frå, men Arwen kan ho finne på å utnytte, Arwen er litt dumsnill her, ho kan gi i frå seg og forsette søket etter ein ny. Arwen er berre snill, men ein super arbeidshund legg seg aldri i andre hundars arbeid.

Dette er Rally sin grunnskole, men brikkane rundt henne blir nemnt om dei er nyttige eller ei, jau dei er nyttige. Artemis er ein meget god felthund, den beste eg har hatt nokon tid, så utholdenheit og godt system i søket har Artemis.
Rally blir nokså varm i trøya av å sjå på og skundar seg ekstremt fort for å gjere funn og bring heim til meg, ho vil ikkje være noko ringare. I slike situasjonar må ho bruke nasa for å finne noko, eg legg nemlig store felt og mange micro orange dummy. Dette er ein form for hjernevasking og få mengdetrening på momentet, er målet. Rally er Rally ho raser i veg med stor motor, av og til heilt utan mål og meining, så lett er det ikkje, men vi har det veldig kjekt på trening eg og Rally.
 
20.11
No har eg litt flaks som har heime  ein del vokse barn, eg har derfor tatt meg fri ein time mit på dag for å nyte dagslys og treningsdose i lag med Arwen og Rally. Kvalpepass :) er kjekt.

Prosjekta Rally er stort og omfattande og tar tid, og eg storkosar meg med slikt treningsarbeid, både Rally og eg blir superflinke.Prosjektet er å få meir intensitet i søket, altså slå på nasa og bring heim så fort som råd det som er ute. Apportane vi brukar er ei blanding av litt av kvart, men vi har ofte micro orange dummy for å unngå bruk av syn.

Som tidlegar drit vi i avlevering og fokusera på kva som skal til for å få fram det manglande moment, høg intensitet i søket.

Kvifor vi drit i avleveringa er at Rally er ein slik sigar, snorhund, og leike på veg heimhund, og eg utstrålar kanskje masse at dette liker eg ikkje, kan du forf. ikkje holde rett… Avlevering er grei å skolere,  for oss, men den biten som forgår i søket skal forbetrast og ho skal bli intens, så intens at det som skjer rund skal ikkje være av betyding. Blir ho intens ute, vil ho automatisk ha gode grep og fine avlevringar (den biten er skolert og ho kan alt dette i eit komprimert miljø)

Eg trenar felt ved ein kvar anledning og no er Rally ikkje til å kjenne igjen, ho er intens og ho brukar nasa sin, men ho har ennå ikkje starta med å søke i eit godt mønster, ho er litt tilfeldig her og der. Men så lenge intensiteten er der, vil ho erfare over tid at ho vinn tid på å søke efektivt. Enkelte hundar har medfødt eit svert godt anlagt feltarbeid og det ligg der, men somme har meir fart enn…, som Rally. Rally veldig enkel å dirigere eller fjernstyre frå det til det og søk der osv… Det trenar vi i tillegg til felt og Rally er super flink.
 
Eg har også med Arwen på trening, grunn  ho jobbar som ein ungdom og kan være ein bra læremeister for Rally, Rally ser at Arwen gjer jobben uansett og blir snytt for mykje belønning, det øker motivasjonen hennar enormt. Ho blir også veldig varm i trøya av å sjå sin argaste konkurrent Arwen jobbe :) Arwen jobbar intens utan pausar og det er det eg vil ha fram i Rally.

Eg har lagt haudei  blaut fleire gangar når eg trena Rally og kan ennå ikkje heilt skjønne kvifor ho gjer som ho gjer av og til. Og eg ser den at eg skulla jobba fram dette søket mykje tidlegar, ris til eigen bak, dette med å slutte å trene felt fordi hundane blir for sjølvstendige, det var grunntanken bak, det lile vi har trena felt. Rally jobbar lenge og intens no og det utan pausar, ja tenk det gjer ho.

Rally er drit flink, enkelt og greitt! Vi hadde ein super time i skogen Rally, Arwen og eg :) blir som eit nytt menneske etter ei økt med Rallytrening! Tusen takk til meg sjølv som har denne flotte interessa i å trene hund, det er det beste medisin for skjela.
 
11.11
Det går i venting på meg no, men Rally blir prioritert, då eg er så heldig at det er nokon heime nesten til ein kvar tid akkurat no.

Det gjer det slik at eg for dei to lysaste timane ute med hundane, Ranja er heime og bli passa :) ho har det godt! Eg skal også etter kvalpane har komet prøve å få lage med tid til Rallytrening, det er så viktig for meg og Rally at vi for ha det litt moro i lag.

I dag har eg filma litt har hatt med kamera på stativ, så det er ikkje alltid det vise noko .. he he..

Kvifor filme, det er mest for å analysere meg sjølv og korleis eg agera under trening. Rally blir trena på litt spesielle måta, ikkje akkurat slik standar trening som eg driv med til vanleg, men tilpassa henne. Ikkje lurt å kopiere mine treningar. Vanlegvis skal alltid ei god avlevering være godt besfesta i apportering  før ei druse på med både søk og andre momentet.

Rally har ikkje problemer med den biten det er arbeidet ute i felte som har vore problemet og for meg betyr det ikkje noko om ho for lov å ete eit godt måltid etter ho har spytta apporten på bakken :) men for andre kan det balle på seg, derfor ikkje til kopiering alt dokke ser. Mi trening av Rally handler litt om problemløysing ikkje berre plankjøring av retrievetrening...
Rally er ein kjempegod hund, men ho krever også godtrening for å bli god, eg har desverre oppdaga det i seinaste laget..

Sjå litt av vår foring på feltet, men legg gjerne merke til feltarbeidet også>>>>>>
 
11.11
I dag blei det ei økt på Rally( og Arwen), Arwen er ein form for læremeister, og så er det no slik at livskvalitet er viktig, håper eg for lov å gjer det eg liker aller best når eg blir gammal :) Rally og Arwen trena felt, eller det er berre Rally som trenar, Arwen berre gjer det ho liker aller best.

Framsteg!!

Rally er ei kule på fart, men no slår ho på nasa i fart og kan brå snu for å vitre opp, Yes.

Eg blir så glad eg griner av den hunden, Rally er berre min og tar ein stor plass i hjerte mit. Framsteget trur eg kjem av eg er bevist på å trene fram det eg vil ha, og eg skriv trene fram,  då meina eg trene fram det som vi ikkje hadde.

Eller eg har godtatt at Rally er som ho er og eg veit kvar skoen trykker, då er det faktisk mykje lettare å trene riktig for å få til det ein ønskjer. Riktig belønninga og god belønning er eit bra virkemiddel !
 
07.11
I dag trena eg Rally ei økt på hjernevasking igjen, eller det er lenge sidan eg har trens slik med henne.

Signaltrening, eller gjer som mor viser. 7 apporter i dag og ingen lik, alle inn etter signal frå meg, eller retning anvisning frå meg, plukke opp å søk der er henne problem, det må nasa til Rally få utføre sjølv. 2 av dummyane var blinde, elles så hadde ho sett at eg kasta ut til forskjellege linjer.

Momenta bestod av, ein stopp med side teikn, 2 bakut frå sit, to rettframm, og 2 sideteikn frå sit. Rally sit spikra til teikn kjem, då tviler ho ikkje eit sekund og reagera supert raskt.

Avstandane er ikkje stor når eg  trenar teignterp , målet er at ho skal være siker på kva eg vil, avstandane var stor nok, så hadde ho ikkje hørt på meg så var der mange alternativ val ho kunne ha utførd lenge før eg hadde rukket å stoppa henne, så  eg er trygg på at ho gjer det riktig.

Det vil sei at Rally kan mykje når ho er i eit avslappa arbeidsmodus. Dette kunne ho i fjor også, ho har derfor ikkje gløymt det. Skikkeleg bra belønning brukar eg, svert gode grep på alle dummy, roleg munn hadde Rally i dag, men alle utan om 1 dummy fekk ho spytte ut på bakken :)
 
05.11
I dag hadde vi ute to huskedummya og lengda er strengt tatt hemeleg, på grunn av at det var så langt at eg klare ikkje å sei eksakt meter, det var på innmark og då er det jo enklere i forhold til myr og utmark. Eg har det som motto å trene på forskjellege plasser og ikkje gå igjen på samested, derfor er eg overalt.

Det er lettare å gå ut huske dummy på innmark, alt er lettare då. Dei låg ikkje så lenge heller kanskje ein halvtime medan vi turar. Rally går vertifall villig og ho går fort, rakt og gjer funn fort, heim akselerere ho, herlig syn. Små orange dummy brukar eg, på med nasa «Rally dummy»!

I dag hadde vi ikkje med hjelpemiddelet vårt så vi tok avlevering i hand :)
Her var vi i dag på sykkeltur.
 
03.11
Det er med glede eg har oppdaga at Rally har oppdaga meg, tenk for ein overraskelse og lyspunkt dette er for meg! Rallygulltuppa har berre heilt plutseleg blitt glad i å jobbe, ho er snart Arwen opp av dage, dette lover godt for makker tenesta hennar og som min "komande LP-hund som er Rally".
Dette vertøye her har starta og bære frukter, Rally er på god veg til å endre adferd til den riktige og ønskelege. YES !!
 
02.11
I dag var det Rally trening igjen, eg blir så glad når nokon vil trene i lag med meg og eg slepp å trene åleine og det blei ein superfin trening i dag. To stykk fellesdekke trena vi, og Rally som er så kjempeflink på trening på den øvinga «felles dekk» på ordinære LP-treningar, spratt opp i dag to gangar ??

ja eg forstår kva som skjer, ho var i eit høgtmodus, det var ikkje dette ho skulle gjere no, men planen var å generalisere fellesdekk. Det blir derfor obligatorisk og lære inn fellesdekk også når Rally er i hundrede !

Linjer er noko Rally trena mykje som ung og sidan eg har bestemt at Rally skal bli ein suveren makkerhund, må eg forsette der eg slapp henne i prosessen med linjetreninga, eg har regelrett tatt det oppatt. Treninga i dag var via til linjer, eg prøvde ein ny modell av opplegg og det opplegget var eg veldig fornøgd med, kjem nok til å kjøre det fleire gangar når eg evt. har nokon å trene i lag med.

Sidan vi var 4 på trening hadde vi 4 linjer, det er det eg kan sei om opplegget resten må opplevast. Uansett målet var ikkje å dirigere, men at Rally skulle gå heile linja, gjere funn bringe fort tilbake, Rally er rå.

Eg har ingen avlevering i hand, alt blir levert på bakken, så å sei alle dummyane hadde godefaste grep heilt heim. :) imponerande av Rally!

Det er alt for lett å ty til fløyta å korriger retning på veg ut, men det gjer eg ikkje på trening, momentet eg ønskjer er å få rettlinja langt ut og ikkje slalåm med ny kommandoar.

Dette handlar om å vete korleis ein vil ha den ferdige øvinga.

Vi avslutta med eit stort felt, litt av målet mit var ikkje felt som øving, det liker eg mest å trene åleine no( vi held på med Nyinnlæring av å bruke nasa).

Målet var at Rally skal kunne søke av eit felt med ein makkerhund i parallellarbeid, dette for å skolere henne til ein god  makkerhund, flink var ho, den andre hunden gjor funn og vende heim, Rally forsette å søke til ho hadde funn og vende så heim, gulljenta til mor!!
Fellesdekk trening på uvanleg plass.
 
29.10
Sykkeltur på Rally og meg i dag, herlig.  Ja vi har det litt moro i skogen i tillegg til å sykle. Grunnskole eller gå opp at nokre fag er nødvendig med Rally, sakt på ein annen måte, starte på nytt med nyinnlæring er det det det kallas på hundespråket.

Rally har så mykje energi i kroppen og eg kalle ho typen som kan klare seg bra i høgeste klasse på jakt, berre vi består grunnfaget.

Rally skal ikkje på jaktprøver, men ho skal likevel kunne det som trengs for å klare seg i høgaste klasse, eg trivast med å trene Rally, men vil ikkje lenger gå på jaktprøver.

Nyinnlæring av felt er det kapittel vi har starta på, Rally skal med pugg, lære å slåpå nasa rett framom oss og bruke den.
Rally skal avlæres den tanken ho har i hodet om og ikkje søkefelt, berre springe langt og bredt for å stå og sjå seg rundt.
Dette må Rally ha inn med teskje og vi har starta med teskje. Redskapet vi bruker er micro orange dummy, godbitskål, gode godbitar, klikker!

Etter nøye analyse av kva vi har gjort tidlegare har eg komet til at, Rally aldri har fått skikklege innføring i felt eg har vore for redd for at ho blei for sjølvstending og hjernevaska ho. Det Kan være ein medverkande årsak.

Uansett det å trene hund er det eg liker aller best her i livet og litt probleme veks ein på som hundetrenar!! I dag var Rally superflink, eller det er eg som er flink til å legge til rette for at vi lukkast.Tempoet ho søkte med var stort og ho brukte nærområdet sjølv om feltdummyane var utsmett utan at ho viste det, Rally kan og ho er flink.
( og det var skjulte orange micro)
 
27.10
Trena litt Rally på fri ved fot i dag og det går framover, vi gjekk tre sider med full kontakt før ho fekk klikk og springe til godbitboksa, kjempeflink. Målet er at ho skal like å trene LP :) og det betyr at eg også må like det :)

Ikkje trenings relatert bilde, men turen med Arwen og Ranja før fri ved fot økta.
Ranja skal bli mamma, Rally, tante og Arwen, mormor, og eg skal få ny kvalp :) det blir ei speandes tid.
Arwen, Ranja og Rally
26.10
I går var det avdelingsmeisterskap i jakt her på Sunnmøre, eg stilt med Arwen og Rally. Kjekt at klubben tar seg bryet med å arrangere slike prøver det liker eg. Ikkje dei helt store poenga, men vi kom oss igjennom utan nullar og blei derfor rangerte, yes!

Arwen vant EK, hum ja ho hadde det moro og eg viste fram ein hund med kanon kondis!!, dårleg hørsel, dårleg syn, det vil sei at ho verken markerte bra, eller hørte så godt på  fløyta, kva det no måtte komme av :) he he..

Så var det Rally, ho fekk ein delt andre plass i AK og eg var flink med henne i går.
Bra  opplegg i AK, store avstandar og ikkje heilt enkelt, men det skal det ikkje være.

Opplegget bestod av 4 poster, med to oppgåver på kvar post og sidan Rally blei rangert som nr 2 var der ingen nullar !! Ingen dummy var levert på bakken, alle hadde brukbart grep, alle dummy var plukka spontant når ho måtte finne den, ingen dummy lå på vent i henne hovud etter ho hadde lokalsert, var ho spontan.

Kvifor skriv eg på bakken… det har seg slik at eg ikkje tar i mot dummy i hand på trening i ei periode, ho for klikk på veg heim for så gå til ei matskål og forsyne seg.

Grunne er at Rally hadde det med å byte grep for å tilfredsstille mine ønskje og det kan vi ikkje ha noko av. Dette er treningspåført av meg på grunn av sigar/handtakgrepa ho aldri vil slutte med, i tillegg leika Rally seg på veg heim med å slenge kaste på dummyen..

Kva eg meinar med å få slenge dummy på bakken, her er ein liten video av kva eg meinar>>>

Rakk ei kort LP- økt også i går i dag derimot har vi ein sløvedag!

Rally veks, ho blir flinkare dag for dag ! og eg ser lyst på arbeidsoppgåva med å trene henne, eg liker å ha noko å bryne meg på.

La meg presisere at dette handlar om konkurransetrening på meget høgt nivå, dokke som innbiller dokke at Rally er ein dårleg hund, « tar feil», Rally ligg langt over gjennomsnittet i kvalitet. Likevell er de nokre utfordringar som ho slit med..

Det er berre eit fåtal hundar som blir prøvd slik som mine og det er endå færre som skriv om det oppstår problemer.
 
Da startar vi grunnskulen med å ha Arwen og myra som bilde, ho er jo mamma til Rally og ein flott arbeidshund.