Rally-kullet.
Lykke til med kvalpane ! måtte det gå bra med alle!
27.08.2015
 
29.06 TID KJ F.vekt Merke 01.07 03.07 06.07 08.07 12.07 16.07 24.07 05.08 21.08
04.20 04.20 T 430g Nakke 500g 615g 732g 815g 1061g 1182g 1694g 2780g 5+
05.37 05.37 H 490g Nakke 557g 652g 775g 831g 1069g 1254g 1839g 3280g 4,3
05.56 05.56 H 454g Kryss 533g 596g 783g 807g 1002g 1233g 1600g 2844g 4,4
07.11 07.11 T 460g Kryss 528g 637g 702g 849g 1000g 1179g 1655g 2657g 4,3
07.18 07.18 H 440g HøgreB 518g 619g 779g 832g 1010g 1204g 1747g 3090g 4,9
07.40 07.40 H 434g VenstreB 519g 638g 749g 815g 1048g 1180g 1760g 2910g 4,7
08.19 08.19 T 455g HøgreB 580g 662g 785g 893g 950g 1118g 1635g 2846g 4,8
08.27 08.27 T 404g VenstreB 470g 553g 653g 763g 939g 1109g 1651g 2930g 4,6
09.25 09.25 H 433g HøgreF 480g 570g 650g 738g 892g 1047g 1624g 2825g 4,5
 
27.08.2015
Alle kvalpane blei teste, etter testen å bedømme var det eit bra kull. Og alle er no flytta ut :)

Eg kunne tenke meg mange av desse kvalpane, men eg hadde heldigvis lovet dei bort tideleg og må nok klare meg med mora Rally og henne tante barn Bjørk.

Det er to unge hundar som er treningsvillige og eg skal ha som treningsvenner i mange år ennå. Dei som vil kan lese om Bjørk, gjerne skumlese frå ho var 8 veker, det er notert litt erfaring osv, kanskje det er eit tips til små ting som ein ikkje alltid kjem på. 

Elles er det berre å følgje med Rally sin treningsbok, oppturar og nedturar i fleng, Bjørk som er 7 mnd eldre enn Rallykvalpane og min kvalp, følg gjerne henne vidare.

Tips, ein må av og til gruble når ein trenar/draropp ein ny hund, men husk ingen er lik alle er individa og må av og til ha tilpassa trening. Søk gjerne råd med andre, men ta ikkje alt for god fisk, den som kjenner sin hund er den som veit kvar skoen trykker, men ta i mot alle tips med opne armer og vurder om det passer, bytt berre ikkje treningsmetodar anna kvar månad, eller kvar gang ein for eit nytt tips, då kan det bli  kaos.
Siste kvalpen som reiste var Molly ( Gimsdalstinden)

Sykkylvsfjell

 

Tisper

Hanner

Gimsdalstinden (Høgre bak)

Straumshornet (Nakke)

Blåbretinden (Nakke)

Skopphornet (Høgre bak)

Drivdalstinden (Kryss)

Ystevasshornet (venstre bak)

Skardstinden (venstre bak)

Skjortehornet (Kryss)

 

Dalmannshornet (Høgre framme)

05.08
Kvalpane er registrert i NKK og alle har fått sin namn og nummer, namna blei Sykkylvsfjell.

Alle kvalpane er også lovet bort, så no står det berre igjen kvalpetest og eksteriør vurdering før dei blir plassert :) speandes å finn rett hund til rett plass.
Kvalpane har hat mykje besøk, og det er bra, nabo gutar er her også av og til å koser med kvalpane. Det har vore bra vær inni mellom regnbyene :) og kvalpane har derfor vore litt ute, plenklippar og litt bråk blir dei utsette for og alle er like rolege.

I dag har det også vore ein ny kur med ormemiddel + veging, kvalpane veks fint, er store og fine.
 
 
29.07
Kvalpane veks og krevje sit, det er ei ruvande utvikling. Alle er gjevne både i sinn og skin og et bra, somme har betre tid i matfate enne andre som normalt er. Det er ein roleg gjeng og ser bra ut ennå, eg har ikkje stilt dei opp og tatt bilde av kvar enkel ennå, men det blir nok.

Det er litt travelt med kvalpar når ein har ein stor kvalp også som ikkje for så mykje oppmerksamheit som ho er vant til :) og skal være med på alt + dei to gamle som også føler seg til side sett. Dei kjempar om få litt eller masse oppmerksamheit.

Kvalpane har begynt å få besøk, store og små kjem for å sjå på dei, kose med kvalpar er kjekt og kvalpane har veldig godt av sosialiser seg masse.. det blir det bra kvalpar av.

Mat, måltider… kvalpane har vore litt lause i magen nokre dagar, sikker litt for mykje mat og brå overgang frå berre mjølk + litt graseting med andre bakteriar og slikt :)
ja det er bra med litt bakteriar og magesjau, det har ingen noko vondt av heller til det betre. Eg har gidt biola til dei så ser eg om det hjelper like godt som Zoolak, det er vertifall mykje billigare og lettare å få tak i.

Kvalpane er også  over på vom & hundemat, då blir magane bra uansett, det er reine medisinen i forhold til tørrfôr, det er litt jobb med slik fôring, men du så bra det er dette er for kvalpar og vaksne hundar.
 
24.07
Eg må innrømmer at eg ikkje er så flink til oppdateringa som eg har vore før, grunnen er vell eg smetter ut filmar på facebook, det er så enkelt og eg føler det at dei som er interessert ser på det.

Elles så blir det å gjenta seg sjølv om info om brune gulla, dei er triveleg gjeng, god matlyst og gjeve.

Hanane blir nok ikkje så store i dette kullet, eg vil tru at tispene og hannane blir veldi like i størrelse, men håper vertifall at eit par hannar bli litt hannhund :) Lett og snertne, eg har holt på ein hannen til evt. interesserte som vil ha ein lett hannhund til sport/ redning/jakt, bruks/Lp.

Er det nokon som treng hund er det berre å tipse :)
24 dager, jentene på fanget til Hans Emil :)
19.07
I dag har kvalpane fått to måltider med godt utblødt tørrfôr, det var stas.. Rally har vore så flink mjølkeprodusent, at no tar eg hensyn til henne, og startar fore kvalpane med fast føde i tillegg.

Kvalpane tok maten på strakarm, alle som ein, heilt utruleg, første måltide gjekk heilt prikkfritt, alle ville ha mat og åt etter beste emne.

Magane tålte det, ingen lausmage, ja ingen av desse kvalpane har vore laus i magen sidan dei blei født, alt har gått knirkefritt til no.

I går klipte eg klør igjen, det er eit moment som eg berre gjer, eg klipper alle klørne på kvar kvalp før eg tar pause og kosar litt med den eg klipper.
Det er adels viktig at dette arbeide forsette når kvalpen flyttar ut, «ja det optimale er så godt skapet potar og så mykje trim at ein slepp..» MEN, det er snø, enkelte klør slitast mindre, somme ikkje i det heile, konklusjon, hunden skal lære å bli stelt, med inklusiv klo klipp.

Det er så enkelt når ein har hund som lar seg stelle, og for meg er det viktig.

Mine hundar blir ikkje stelt så ofte, men når dei blir stelt nyt dei det, og ingen protesterer på noko som helst eg berre handlar. ( det betyr faktisk konkurranse om å stå på bordet) ja så klart slenger eg ti dei ein del godbitar, både  under og etter stelle.
16.07
Livet går sin vante gang her, kvalpane har det fint, dei har fått auge og dei hører litt no trur eg, dei reagera vertifall på lydar.

I dag har det vore veging + dei har fått sin andre kur mot innvollorm. Kvalpane er så runde, fine og rolege og det er veldig kjekt. Rally er fin som mamma, snill og gir nok mat som ei tispe skal gjere.

Eg har ikkje vore så flink med blider, her i dagboka, men ein liten film på hundebilde er kanskje like kjekt og sjå, då ser ein vertifall kor fort dei veks til.
17 dager :) så søt so
12.07
Kvalpane er oppe og går, tida flyge, 14 dagar i morgon og Rally har nok mat, vektabbellen er fin og det utan hjelp, alle legg på seg.

Dei har no fått øye og plutseleg små fine kvalpar, høre litt gjer dei også. Litt kjekt å sjå korleis dei utviklar seg frå små hjelpelause kryp til dei no går ut av teppe når dei skal tisse.. ja faktisk går alle ut frå teppet og ut på avisene, eg har bevist ikkje teppe i heile kassa, men slik dei skal få ei følelse av at vi ligg her og flyttar oss dit når vi skal på do.

Rally er trygg og grei, no har eg eg gidt Bjørk lov til å være tilstade her inne når vi er her, ho må ligg i senga mi heilt roleg og sove, det gjer ho også.
Eg stiller litt krav til henne at Rally skal ha kvalpane sine for seg sjølv, Bjørk er veldig lydhør på meg, det kjem nok litt av Bjørk som type, men mest av eg er konsekvent på enkelte ting. Trene hund handler om å være snill, konsekvent, men ikkje domsnill, då blir hunden akkurat slik du vil ha den.

 

(100 % positiv hverdagslydighet, Aarrestad, Arne; Linnerud, Siri)
Les gjerne denne boka, ha det i bakhode at det å trene positivt er bra, men like viktig er det å være konsekvent, ikkje sint eller sur, men beherska konsekvent om korleis vi vil ha det.
Det vil sei at vi lære oss oppskrifta på hundetrening, lære inn det vi vil og ikkje det vi ikkje vil ha, like lett å lære inn det vi ikkje vil ha :)

Klikk på linken og les denne artikkelen.... >>>>>>>>>


Legg på hodet dette om dei 4 vekene du har til disposisjon etter kvalpen er henta til den er 12 veker. Sosialiserings tid fra 3-4 veker til den er 12 veker er veldig viktig å nytte rett. Då er det som gjelder ikkje ein haug om krav og reglar, nytt denne tid godt.

Sjå elles bilder, film på hundebilde.no (facebook), denne sida er offentleg og alle kan sjå, du treng ingen godkjenneing eller venskap for å sjå desse bilda.

På ein av filmane ser vi at sosialiseringa er så vid starta her, kvalpane lære å kjenne lukt av annen hund enn mor si uten å reager… litt nyttig er det
også. Rally er ei trygg mor og toleg godt at den stor kvalpen Bjørk snuse litt på kvalpane sine.
 
08.07
9 dagar, tida flyr,  kvalpane veks og er intense i jakt på mat, kampen om beste puppen er hard, Rally er tolmodig og snill. Det er slik det skal være, det å ha masse livslyst og energ..
I dag har eg  vore på gå tur med Rally, ho fekk seg ein fin tur i lag med meg i skogen, tru ho likte det :)

Rally har også fått igjen matlysta og vil ha masse mat,  eg prøver og ikkje overfore henne slik magen slår seg vrang, men ho skal produsere mykje mjølk og treng masse mat.
Her er det kos med mamma :)
06.07
I dag er kvalpane ei veke, obligatorisk banminth er gidt til alle, det gjekk rimeleg greitt. Eg brukar gi 4 gangar før kvalpane blir levert, middel er mot spoleorm, og det er noko som kvalpar kan ha og vi passer på det ikkje skjer.

Kvalpar med innvollsorm for eit dårlegare immunforsvar derfor er dette viktig.

Kontrollveging alle legg fint på seg, i tillegg har eg klip klør på alle i dag, det var litt protestar som vanleg er, men dette momentet slepp dei aldri unna sjølv kor mykje dei protestera, det må berre gjerast.
Rally er ennå ei flink tolmodig mamma, ho er fin og kvik i dag, og eg er så glad for å sjå at Rally ser normal ut igjen, ho er forbaska fin for å være ny bliven mamma.

Det er som med folk er du i god form tole du det meste :)

Rally var i kanon form før ho blei para og no ser ho så flott ut, produsera mjølk til 9 kvalpar som legg fint på ser er også eit godt bevis for art Rally er i form.
Dette med å ha ei flink mamma er like viktig som genane, så eg har god tru på at dette blir bra kvalpar. Rally har eit fast system, først går ho opp i kassa, vaskar, vekker evt sjusovarar, går rund slik dei trekke etter henne for så å legge seg ned før dei rekk henne igjen, hiver seg på sida eller på rygg, ja på rygg og kvalpane kan forsyne seg til dei sovnar. Når kvalpane no slepper og sovnar går ho ut av kassa og legg seg på golvet, eller blir med meg ut, då er ho snar til å finne kjøkkenet..
 
6 dager
03.07
Rally er ei flink mamma vertifall til no,  ho er også ganske normal i dag har eg vaska og tørka henne på nytt, tredje gang etter ho fekk kvalpar, ja og grunnen er hiet skal utvidast, det er eit kjempestort hull som er laga over fleire sesongar av hormonelle tisper :) normalt.

I dag hadde ho til å med fylt ørene sine med mold, ja ho er brun så det er ikkje så godt å sjå, i ørene er ho lys… men ikkje i dag, alt i frå øre, nes, hals, pupper og bakover, alt var godt innsmurt med riktige bakteriar mold...

Ja hadde det ikkje vor for at det blir så skite i kvalpekassa, såå..

Vi er blidt for redde for bakteriar, all allergien kjem vist av for godt reinhald frå fødsel øyeblikket og vidare, tenker då på barn av menneske, eg såg eit interessant program for ei stund sia, og det var ein takevekker.

Barna skulle tilbake til jorda for å få i seg dei rette bakteriane.

Når eg vaskar, badar hund brukar eg aldri anna enn optima vask,(nesten aldri,) "eg er ikkje fanattiker",  dette er for å ta vare på dei rette bakteriane, og ikkje vaske ut naturleg feit.

Kvalpane er brune som dokke veit, fargen er ganske bra, og eg trur som vokse vil dei få ein vakker brun farge.

Alle 9 for finne pupp sjølv, eg driv ikkje å hjelper naturen ennå, men eg veier for å passe på om eg skal gjere det, merker eg at enkelte et seg i hel og ander tar den tida dei treng, så er det muleg å passe betre på, men… kjekkast å sleppe.

Alle leggpå seg normalt, somme matvrak er her som vil ete heile tida, andre et seg mette og sovnar først. Alle sovnar godt og søv godt, men er svert kvikke i det dei kjenner lukta av meg eller Rally, då virke nasa. Rally har eit par gangar no gitt melk og går ut av kassa for å legg seg på utsida når kvalpane er forsynte. ( ho drøymer vell om graving av større bustad :) )
Kos med mamma Rally.
01.07
 
Rally er smidig og flink, ho er så trygg på sine bevegelar og er så ops på alle små lyder, passe seg veldi fint slik ho ikkje klemmer kvalpar. Blir mykje skryt dette, men verken Arwen eller Ranja klarte dette med å koordinere kroppe så bra rundt kvalpane.

Stor tolmodigheit i kassa, dette er normalt dei første dagane, ho vil ikkje ut av den og er ho ut av den så er det for å grave større hol ut på plenen, hormonstyrte handlingar. Vi eller mest eg er derfor tilstade ved kvalpane døgnet rundt, eg forlét dei kun i korte økter.

Grunnane er enkle, Rally som alle andre mødre vil gi sin barn det beste :) det kan være at ho vil grave dei ned i kassa, lage ein hule, eller flytte dei ut av kassa opp i mi seng, det husker eg Arwen prøde seg på.. dette er normalt og ikkje skadeleg, men bli liggande under aviser og sengevætingsunderlag, er ikkje det same som i ei gjorhole eller eit halmreid. Kvalpar kan bli kvelt, derfor er det viktig for meg å passe være tilstede.
 
Rally er ein veldig flink mamma, ho var kjempeflink under fødselen  og morsinstinktet vakna i det første kvalpen kom ut.

Kvalpane er svert gjevne og fine og eg glede meg til ein sommar med sommarkvalpar, det er nesten ein drøm dette for meg at Rally har blidt mamma, det er då så kjekt å oppleve henne som mor, så roleg og sikker.

Det blir også bra kvalpar, bra preging er kanskje det som er viktigast i eit oppdrett, mor er ein viktig brikke, så klart litt genane også.
 
Rally steller med sine kvalpar ! flink er ho
29.06.2015
Kvalpane er født, dei kom i dag morgon, alle ser fine og friske ut, men eg må vente litt før eg gir beskjed om kven som for og ikkje for, dei to første dagane er alltid litt kritisk og eg har mange fleire som er interessert i tispe, enn det eg fekk. Det blei 4 tisper og 5 hannar.

Rally er ei super mor frå første stund.
 
 
28.06.2015
62 dager, no nærmar det seg fødsel, ho er stor og tung !
Rally går ennå rundt omkring og snuser :)
 
24.06.2015
Rally traska rundt på plenen og i huset, lever livet bra som drektig. Ho er svert roleg, vil ikkje ha vom og hundemat, så ho har fått litt kvalpefor + eg har kokt fisk til henne. Vi har starta å måle feber, den var normal i dag og eg er glad, etter lenge ho går for full tid dess betre for kvalpane.
Bilde på 58 dag, her er ho rufsete og det kjem av at  eg har vaska ho litt og fått klip litt av potane slik ho ikkje drar med inn i kvalpekassa alt for mykje, mold og sand, det blir nok graving etter kvalpane er født også :) det er nokså vanleg og Rally er ingen unnatak der trur eg.
 
19.06.2015
Siste måling i går, 72 cm bukmål og det nærmare seg 7 veker, berre ei veke igjen no før kvalpane dukker opp. Det er ein god del bilder av hundane mine på hundebilde.no på fjesboka, berre å søke opp.
Rally vakker som drektig :) Rally har 10 paralelle patter og er godt utrysta til å ta i mot kvalpane sine.
 
Rally og Artemis, Artemis er gamletante og har gjort sit for å oppdra Rally :) Artemis har aldri hat kvalpe sjølv, men ho har hjelp til med å passe og stelle tre kull kvalpar her med oss :) Arwen stolte altlid på Artemis, men første veka for ingen andre hundar komme inn til kvalpane det bestemmer eg og eg passer på det.
 
13.06.2015
Her ligg ho på kjøkken golvet, ja det er 14 dager igjen, Rally er stor og er trur derfor det blir eit stot kull.
Rally og mamma Arwen i bakgrunnen, tung Rally no, og ho for ta det heilt med ro.
 
08.06.2015
Fine gode snille Rally :) Rally er som sin mor, fotogen, for ho ein beskjed så held ho den ... snill og svert lydig.
Og her er foto 6 veker drektig, lure på kor stot kull det blir, ganske diger er ho.
Rally er ein hund som er lett å bli glad i, ho er lett å stelle, aldri noko problem verken med klipp av klør, børsting, klipp, eller andre undersøkelsar, ho finn seg i alt.
 
07.06.2015
I dag har Rally søster Raisa med den flinke føraren Robert, håva inn ein HP og ein klassevinst på sporprøve, Raisa har tittel N VCH og er godkjent ettersøkshund på skadeskote vilt, flinke er ho.
Eg og Bjørk har vore i veg å trena jakt i lag med Rally sin bror Raxo og Anita, kjekk hannhund som er roleg og fornuftig, liten eller la vi sei han oppfyller rasestandaren, men ikkje noko meir, slik fleir hanner burde, alt for mange er for store synast eg.
Rally har mange flinke søsken og alle har svert godt lynne er omgjengelege og har tilfreds eigarar. Rally legg seg ut, eg har ikkje noko nytt bilde i dag, i morgen skal eg sjå om eg for ta eit nytt av henne.

Eg trur ho bærer på eit stort kull, spennande og tida går fort.
 
02.06.2015
Rally i dag, 62 cm i bukmål og 5 veker dreiktig :) No er det ganske tydeleg å sjå at her er det noko på gang.
Rally fekk min oppmersomheit åleine, og sender eit blik til Bjørk som måtte stå i hundgarden i anledning foto av Rally, ættabetta no er det berre eg som er i fokus :) Godjenta mi dette.
 
01.06.2015
Rally veks er no 60 cm i bukmål, har dårleg matlyst om morgonen, og grin på nasa av hundemat og vom, vil ha tørrfôr, merkeleg, men slik var Ranja også når ho var drektig.
Eg ønske ho et vom og hundmat for det er det beste for henne og for kvalpane ho bærer på.

Men ho er ein tigger delux, anna mat skal ho ha, slik mat som vi et, det står på ønskelista, men ho kan ikkje fylle opp magen med unyttig mat, eg er derfor litt streng med å ikkje gi henne det ho vil ha. Elles so er ho roleg som vanleg, lager ikkje så mykje styr Rally, ho er tilstade der eg er, ligg som ein ånd ved mine føter og er berre der, godjenta mi.
Ho for tre måltider mat og startar med det i dag, dette for at ho skal få i seg nok, ete litt mindre ved kvart måltid.

Er det opplett i morgon så skal eg sjå om eg kan ta ein nytt bilde av Rally. Rally er så fin i pelsen no, blank og mørk, skikkeleg flott er ho, som liten var ho også så søt som berre det.
Her er Rally 10 veker :) søt ja og nettopp hoppet på sjøen for første gang.
 
27.05.2015
Har målt Rally i dag, og bukmål var 58 cm, ho er sannsynleg drektig, alt tyder på det.

Eg kjem til å måle henne eit par gangar i veka no for å sjå korleis ho utviklar seg, også ta bilde eit par gangar for veka og legge ut, så ser vi korleis ho veks. Ho har endra litt på væremåte, litt lite matlyst om morgonen, men  resten av dagen vil ho ha mat i eit sett.

Snill og roleg er Rally, men vi har ein flokk på 4 så litt kriga ho også, om å få litt ekstra kos, være nærast, krype opp på fange, Rally er godjenta mi, og det vil ho alltid være.
 
 
25.05.2015
Her poserar Rally med treapporten, litt lik Arwen på dette bilde. 28 dager i dag, buklinja på Rally er ikkje der lenger kva tyder det ?? For dei som liker å sjå bilder av mine hundar, kan sjå innom fjesbooka på hundebilde.no, der legg eg ut bilder, mange av Rally under dagensbilde, der er også album med Rally og der er album med Nestor, ++ mykje anna fint! Treng berre å søke opp sida og like den, eller ikkje like den, den er offentleg og for alle.
 
 
YES YES !!! Rally er para med Nestor, no ventar vi i spenning på om det blir kvalpar!!
Her er tre nye bilde av Rally sin utvalte :) flott hannhund, herleg lynne og passe stor :)
 
 
 
 
YES YES !!! Rally er para med Nestor, no ventar vi i spenning på om det blir kvalpar!!

Eg har valt til Rally ein hannhund etter ein kombinasjon eg liker, og det er fleire faktorar for mit val. Svert godt gemytt, helse, riktig størrelse, såleis normale hundar etter standaren. Forhåpentlig vil det bli letthandterleg hundar med riktig størrelse som skal kunne passe til dei fleste uansett bruksområde.

Arwen  løper sån ca ein gang kvar 10 månad og eg trur Rally har arva det etter si mamma, dette ser eg på som eit stort pluss, uansett om ein skal bruke hunden til sport eller det skal være ein god tur og familiekompis.
Det lille minus er vist ein ventar litt lenge med kullplanar og ein for tomparingar, så kan tida renne frå meg.

Hannhunden kjem også frå kjente linjer, ei tispelinje med langtlevande friske tisper og frå kjente gamle norske linjer, far til hannhundene er av svensk oppdrett, han har også kjente linjer bak seg.
 
Det blir også ei unik stambok ikkje heilt vanleg i dag (sjølv om eg har valt ei kjend linje) og blir det evt. etterkomarar  er det 0 %  innavl.
Meritter finst i begge stambøkene og det er bra både på jakt og utstillingsresultat.

Det
bør derfor komme gode emne til dei fleste formål.

Alle kvalpane vil bli brune, det er vell det som er sikkert og størrelsen blir normal.
 
Stor takk til Lise som gir oss lov til å bruke Nestor på Rally og takk til, Hanne Stenbeck for lån av Foto
Lireena's Neo Nestor  er namnet på hannhunden vi skal bruke på Rally, Oppdrette og  eigar, Lise Reehorst.
Lireena's Neo Nestor
Lireena's Neo Nestor
Lireena's Neo Nestor.
Mor til Nestor, Lireena's Judith Josephine
Oppdrette og  eigar, Lise Reehorst 
 
Resultater,11xHP, 5xCK, 2xCERT, BIM.
Unghund Flatmester 2004.
WT Flatmesterskapet 2007, Nr. 1 med 92 av 100 poeng i BK
Jakt: 1 pr. BK
Klubbmester Agder 2008 i BK
Klubbmester Agder 2010 i AK
 
Far til Nestor, N JCH N UCH Spader Damens Wild Thing.   
zomby
Tittelen, han er både jakt og utstillings CH.
Eg har sett far til Nestor, (Zomby) flere ganger og det er ein tiltalende hannhund.
 
Flatcoat-Arwen's Rally x Lireena's Neo Nestor

Meir info kjem litt etter litt, men info om Rally plussar og minusar, bilder, finst det ein del om her på heimesida.

Deleigar, er du interessert ta kontakt.
 
Stamboka, dei som har utvida interesse kan søke seg fram etter bilder og resultater og diverse anna info som kan være av interesse>>>>