04.12.2012
Oktober - november.
Då er både Raisa, Rally, Eros( Rambo) Rainie og Raxo ferdig med rønken av hofter og albugar, dei andre i RA- gjengen blir oppfordra til å får det unnagjort !
 
30.11.12
Det har vore ein del tur prioritering på hundane og det vil sei fullrulle på Artemis og Rally, dei trimmar kvarandre ekstremt.. og begge er i god form. Artemis er utruleg rask til beins i lag med Rally :) nesten for godt til å være sant.
Arwen går kun og ruslar, det er ikkje noko nytt, det har aldri leie for henne og springe så mykje tulling, rusle i lag med meg er nok for henne.

Rally trenar eg litt med og eg jobbar målretta med blant anna markering, her har eg framgang og det skal bli bra. Eg angrar ikkje på den lydigheita eg har trenet inn på henne og eg har ingen formeining om at hennar mangel på forstålelse av oppgåver kjem av ho er for lydig :) trur ho er berre er litt sein, Rally har heller ikkje fått sin første løpetid..

Rally har fart og presisjon når ho er i jobbmodus, men det kan dette fort ut og ho lar seg distrahere av lukter, spor. osv. Første prioritet er få henne til å markere og holde området, trigger jaktlysta som vil gi gevinst på meir intens søk.

I dag hadde vi åleine tid med Rally, ( Hans Emil hjelper meg) vi kjøre markering og bruker gode referansar, det var mykje bra arbeid. VI har som ein del veit, vertifall dei som les her hatt eit problem med grepet på dummy i tillegg til mangel på jaktlyst på dummy.
Mange tankar med grubling på korleis ting kan løysast har det vore i mit hovud og vi har nok prøvd ein del tips både som eg har tillært meg i livet av tidlegare erfaring og tips som eg har fått i frå meir røynde trenarar.
Eg hadde aldri trudd at dette skulle vedvare som eit problem for meg :) eg som alltid har hatt ein suveren god grunnapport slit med å få dette til, jau erfaring veks ein på til å med eg..
Det var derfor gledeleg å sjå arbeidet vårt går rette vegen og i dag var grepa solide og Rally holdt eit fast godt grep heilt heim, yes.. eg såg kun ein sigar og det måtte nesten feirast.
Dei fleste markeringane tok ho raskt og ser vi på 80 % regelen så var det ei kjempebra ygt. Kaldt var det, men skitt vi hadde suksess og frys gjerne litt for det. TUSEN takk til min gode son Hans Emil for hjelp og støtte!
 
Tur
Rally, Artmis og Arwen, her er det oppstilling til foto :) blide frå turen i går 29.11.12, Artemis og Rally har fått ein omgang med saksa, Arwen skal få juleklippen straks :) eg har nytt kammera og då må hundane være litt stelte, kan ikkje ta gode bilde til "bosset"fordi dei ser utstelte ut, nei å nei det går ikkje.
 
 
26.11.12
I går var det søndag og vi hadde ei lita økt med introtrening av felt på Raxo. Det gjekk veldig bra, Raxo jobba, han var fokusert på arbeidsoppgåva brukte nasa effektivt og bringa dummy, villig og raskt heim, han har gode grep, pene avleveringar, den såkalla grunnapporten er godt befesta på Raxo gutten.
Vi hadde ute rikeleg med dummy, men vi stoppa før vi tømde felt eller hund, hundetrening består av å bruke hovud riktig, eg og Anita tømde feltet. :)

Raxo fekk også trening i å gå rett ut, her kjørte vi til 100 i sikkerheit, det fungerte og vi fekk kun fram riktige handlingar,  det er beste veien til sukksess! riktige adferder. Det gjelde å ikkje repetere seg i hel, men få fram korrekt moment og ikkje kjør kjedeleg det er reine gifta. (100 i sikkerheit betyr ikkje enkel oppgåve, men riktig trening tilpassa hund!)
Raxo rally
Raxo og Rally
 
25.11.12
I går blei det ein liten tur på meg, Artemis og Rally, det var meinige eg skulle prøve videoen på kammera, men det fekk eg ikkje til, eller dei filmane blei sletta fort, dette kan eg ikkje:( filme med fotokamera.. innstilling, blendar, linse kva skal ei bruke ?? likevise, enten må eg lese meg opp eller så må nokon hjelpe meg med tips.

Det eg skulle som var å vaske glasa mine på kjøkken og stua.. det blei det heller ikkje noko av og eg angra på at eg prioriterte feil og ikkje kjørte til Moltu å trena hund, 4 fergje tur retur, ei lita formue og ein heil dag går det :) det tar eg gjerne, men men, været er bra og eigentreninga står høgt i kurs her, Rally må teskjematast.

Eg trenar derfor ein del Artemis for å ikkje påføre Rally meir treningsfeil enn eg bør, Rally treng mykje tid ennå før eg kan gi meg med teskje metodar. Rally er ein utfordring og eg veks som trenar :) Rally er den meste spesielle hund eg har hat i trening eller vore i kontakt med. Masse personligheit, masse fart, superlydig, supersnill, superroleg, ho har alt, berre vi klare å plassere brikkane på rett plass... DET er derfor viktig for meg at eg klare å få henne til som det allround hunden eg skulle ha :) 
 
23.11.12
Fridag i går, ingen tur eller trening kun lufting i hagen :) hi hi.. dette har dei berre godt av. I dag derimot har Artemis og Rally blidt trena og siden Hans Emil var med så var det markering.

Artemis er rå ho kan både lange avstandar og er svert god på å bruke nasa :) Eg kjørte med 3 oppgåver i dag også, og det fungerte rimeleg bra. Markeringsavstanden på moment 3 som første oppgåve var lang.. ca 70 meter, Artemis tar alt og held område perfekt.

Rally tar alle dirigeringar på strakarm, men slit med markering, eller ho koplar ikkje på nasa fort nok, eg er likevel rimeleg nøgd med det ho gjor, det er ingen pingle oppgåver eg gir og no trur eg rett å slett eg må dra strikken hardare..  så for ho berre bli litt varm i trøya :) Ho gjekk til riktigområde !! det er supert, men slår likså ikkje på nasa, gjekk over fleire gangar utan å slå på, men no lar vi henne ikkje sleppe området, vi hippe på nytt og peiker mot apport, dette for å programmere på nytt med teskje.
Vi har anvendt opp-plukk modellen her nokre gangar før og eg har kalla heim å vi kaster på nytt, dette har ikkje gidt den gevinsten eg forventa og vi går no tilbake til meir hjelp i området. (slepp ho ikkje ut av område for store tomme slag..) A4 modell er ho ikkje :) og det er godt skal ein bli god på å trene så må ein ha noko å bryne seg på.

Over til noko heilt anna... I går fekk eg ein svert hyggeleg e-post frå JA-jenta Eira i Oslo! Video av henne + masse skryt, dei som eig henne er kjempeglad i henne og ho fungerar kjempebra. Eira er ei glad flatfrøken på 3,5 år og har det som plomme i egget.
flatcoat-arwen fekk ein god porsjon skryt :)  Videoen viser ein flott hund som likner mykje på sin mamma, litt bedre bygd enn sin mor framme :) eg ser ein hund som er glad og i god kondisjon!  Tusen takk!!
 
21.11.12
I dag var det kun tur, eller nesten kun tur vi hadde med kammera og då måtte dei jo sitte også :) sidan det er litt mørkt i november er det svert vanskeleg å fange bilde i fart, det er rett å slett ikkje nok lys.  Tempen i dag 12 + supert og gå tur i, det blei derfor to timar i skogen på lysaste tida og det var herleg. Ingen trening kun vanlege kjøre reglar.

Artemis og Rally trimmar kvarandre og i tung våt myr gir det svert god trening, begge er i topp form viser ikkje noko form for trøttheit :) Arwen har aldri sidan ho blei voksa vore opptatt av noko anna enn meg og dummy :))) og går derfor i mine fotefar ingen springing med henne no lenger som med meg :) derimot dummy kan ho ennå springe etter, men ho er ikkje i topp kondis og eg har slutta så å sei helt å trene med henne, ho for kun ein og annen apport kun for kosen sin skuld (livskvalitet for henne) i dag hadde vi ikkje med dummy, treningsfri må ein ha.
 
alle tre
Artemis, Arwen og Rally
 
20.11.12
Rally og Artemis har kosa seg ute på tur i lag med meg og Hans Emil, Artemis er rå bra på mykje og ho elskar tennisball som Rally :)
I dag har vi trena markering mot vegg elv med skog i bakkant, såleis over elv igjennom skog for å hente markering, begge hundane for masse skryt i dag, opplegget eg hadde til Rally funka så bra og eg vil nok jobbe slik med henne ei tid, opplegget er å bruke hukommels til 3 til og for Rally auker det intensiteten sterkt. (dette kan eg bruke på henne fordi ho er litt lydig, det hadde ikkje gått på ein hund som ikkje var lydig eller hadde grunnmomenta befesta..)
 
Rally
Den 20.11.12 hadde vi 13,5 grader og vi var i veg å trena litt og prøver nye camrae vårt :)
 
Rally artemis
Rally og Artemis er modellar :) to kjekke halvsøstrer som trivst godt i lag.
 
Vi trenar litt no og då og vi koser oss i lag på tur, søndag den 18.. hadde vi tur til moltufjellet og det er reine himmelen for oss treningsglade. Vi har treningsvenner som høyre heime i det distriktet og det er så kjekt med venner som har same hobby og alltid er glade for litt selskap i treninga, vi kosa oss der ute om ikkje veret var topp så var samholde og gleda over å trene i fellesskap stor.
Anita og Raxo var også der og det går framover med dei også, Raxo har fin apporteringar og han har gode grep, full fart heim, så grunn apporter til Raxo er rimeleg bra! Flink er han.
 
Raxo og anita
Raxo på veg heim til Anita, ho er flink med Raxo og til å trene han, den måten ho tar i mot på her er veldig bra og heit perfekt  etter min smak, ned på bakkenivå!
 
ny lue
Her er eg med nye lua mi, snille Anita og Benny hadde kjøpt lue til meg i England, og den fekk eg overrekt på treninga ute på moltu :) den skal eg bruke når eg skal stille på jaktprøve, og kanskje i andre samanhenger også vist eg har råd, ho er så fin så til å med med fjør i.. Tusen takk skal dere ha!!!
 
13.11.12
For eit flottvêr vi plutseleg har då :) Rally heldigegrisen for det som ho vil, vi pakker bort dummyane og konsentrera oss heilt om tennisball ! I dag var det Rally og Artemis som var med på tur/trening i går var det Rally åleine.
Eg prioriterar litt heit åleine tid med Rally det synast eg er fornuftig, det er eg som skal dra opp og ikkje ein annen hund, sjølv om det er enkelt å bruke ein voksen hund i moment kjøring, då dette med sjå og ta etter fungerar topp på ein ungehund i innlæringa.

Vist eg mimrar litt tilbake i tid så husker eg at Artemis kun gjekk felt som makker hund, då ho hadde lært av Arwen at slik gjer vi det kvar vår tur, åleine blei ho nokså naken å rådlaus :) No derimot kan ingen slå Artemis på felt sjølv om ho må gå heilt åleine :) tid trengte ho, men det treng Rally også!

I går på åleine tida vår var det tur som stod høgast  i kurs, men vi hadde med ballkastaren og kjørte litt markeringstrening, eller som eg vil kalle det trening i å holde område og holde seg der til ho har funn, utan innblanding.
Markeringstrening fungerarar optimalt på tennisball og eg skal kjøre henne både opp i intensitet og bygge vanskelege oppgåver, skal vertifall prøve..
På kveldstid, tok vi oss ein tur på hundetrening, ja tenk det inne i gumsalen på Jarnesskulen! Hundeklubben har fått disponere heile skulen og vi tok oss ein tur for å myse litt, Rally er rolig-heita sjølv, trene nei, sjå på ja, roleg ja, stressa nei :)
Rally lar seg ikkje stresse i det heile av slike miljøting som inne i ein gumsal, men trene er heller ikkje noko ho vil, berre sjå hund er Rally i slike miljø, dønn roleg, skjønnar ikkje ka ei he gjort med henne :)
 
09.11.12
I dag tok eg med min PT Hans Emil :) Og Rally  &  Artemis, vi tok med dummy og det var dummy med snor, utan snor, plastfuglar, jau litt av kvart. Vi gjekk rett opp i skogen, der som er tre og sydvent, reiser snøen fort og i mellom trea kan det være litt snøfrie bøter.

Artemis er svert god til å sitte i koppel å sjå på :) og kan då hente det som er igjen etter Rally. Målet i dag var felt med dummy, eg har trena Rally ein del på felt med tennisball, dette for å få opp farta og momentet gå ut så lenge mor seier det og søk til du høre noko anna.... med dummy har det ikkje fungert, då motivasjonen på dummy er lav.

I dag fungerte det bra, tempoet var ikkje det aller største, men Rally gjekk ut og det utan å gi seg eller finne på andre ting, ho henta inn 6 dummy utan å ta pausar i søket, ein dummy kom inn etter snora... ( eg kjem ikkje til å rettleie henne på dette grepmomentet i trenings samanheng, kun i momenttrening heime) det positive var at på eit anna feil grep prøvde ho å byte til eit betre grep i siste liten før ho kom heim. Kanskje har vi fått plassert eit par brikke i det siste.
Artemis fekk tømme felte og her er det mykje bra, Artemis var eigentleg pensjonert frå jakttrening,  det har eg gløymt for lenge sidan, Artemis skal trenast med WT som mål her etter, ho er berre fem år tenk det !

Hans Emil, jau han er kjekk ein kar og kasta også litt markering til oss, no brukte vi også dummy, men eg brukte Artemis for å auke motivasjonen på dummy til Rally, det fungerte og Rally blei varm. Det er liksom intensiteten i søket etter dummy eg har sakna med Rally, blir det auka kraftig så vil også slurve grepa forsvinne litt etter litt (trur eg). Intensiteten er for lav og det gir seg utslag i at dette er så kjedeleg eg gjer andre ting i staden, springe litt hit og dit, den dummyen kan berre ligge....
+ har vi tatt ei økt etter naseprøve pinne, og her var pinnen under snø, "din" kommando fungerar ho startar fort og søker, kjem fort i utgangsposisjon og er klar til å avlevre på orde takk.
 
Snø er ikkje det beste eg veit, men eg graver meg ikkje heldt ned..
Her er linja vi trena etter i går, råsa er ikkje oppgått ennå, men det kan den bli reiser ikkje snøen :) Eg går som oftast fot med Rally frå kameravinkelen og igjennom dei to stolpane vidare framover ein 50 meter legg tennisballar i ein haug i dette tilfelle to sidan eg har med Arwen og ho sitter å passer starten, sit kan Arwen :) to ballar blir også plassert ved det lille grantreet som står mellom stolpane, såleis to ballar til kvar.
Rally ser jo kvar eg legg ballane, Arwen veit fordi ho har vore med på dette mange gangar. Rally for gå først og hentar villig første ball, ekstremfart ! Arwen går rakt og nokså raskt fram, ho liker ikkje tennisball :):) men finn nå ballen og kjem heim.
Ball nr 3 går til Rally igjen, ho har motivasjon og spring raskt ut til stolpane, startar søke der, ho for søke litt før eg blåser stopp og ho reagerar raskt og for deretter lenger ut signal, lynkjapp reaksjon og raser lenger ut finn ballen og i Rally fart heim, jau ho blir nok bra ! Arwen for hente sin andre ball, ho går rett igjennom stolpane utan å stoppe, ho har gjort dette før viser ho stolt meg og Rally :)
rett ut
Dert er nokre meter dette, men det er ikkje så vanskeleg, stolpane er fine for å holde linja rett..
 
Tennisball er bra :) Rally er super intens når vi trenar med tennisball, lett å bære å billig miste vi ein ball :) berre fordelar.
Rally
Her er det leik for å fange litt bilde på brikka!
 
03.11.12
Arwen, Rally og Anne Lene var med for å kjøre litt fototeknikk, det å utnytte bli kjent med kameraet kan ta litt tid, funksjonane er det likt det gamle eg har :) og skulle ikkje by på så mykje utfordring, men nytt er nytt innkjøring må til, det å lære eit kamera å kjenne kan ta litt tid.
Eg valde dette for det skulle være raskt til min fotolidenskap, som er fart eller bildeobjekt som er  fart i.. ting som står stille er jo ingen utfordring og det kan alle kamera klare, berre den bak kan styre det :))

Rally er ein utmerket modell, samarbeidsvillig, flott farge som tar seg godt ut på bilde og ho har i tillegg enorm fart, det lover kjempebra, eg er utruleg heldig som har Rally.

Treninga stressar vi ikkje med, eg leikar ein del med Rally det er det heile. Når det gjeld dummy så likar ho den aldeles ikkje ho leitar kun etter ein liten snippe å holde i og for å unngå frustrasjon har vi lagt dummy på hylla ei stund.
Tennisball er topp, den har ingen snippe og må bærast riktig :)

Det blei eit lite avbrekk i LP-trening vår, eg skuldar igjen på snøen, dårleg ver osv.. grunnen kan nok være lite motivasjon frå mi side som ei medverkandes årsak  :( nok om det, eg er ei ærleg skjel som dei fleste veit og jakttrening ligg nok djupast om eg vil eller ikkje.
 
Arwen
Evi unge Arwen, supermodellen som gjer alt for kameraet :)
 
Haustbad
Lille tuppa mi..., ja eg prøvekjøre kameraet og eg må nok trene ein del før det ligg på minne korleis eg skal utnytte det best, men kva står på jau snøen, den sette meg litt tilbake :) det er ikkje noko nytt, men skjer kvart år, eg liker ikkje snø !!
 
30.10.12
Ein snar tur innom Dogweb, jau no står Raxo der også med A på hofter og A på albugar!
 
28.10.12
Heime igjen etter ei veke på sandsøya, ja og eg måtte få bringa ut piggdekka mine for å komme meg heim, plutseleg full vinter :) tusen takk snille Atle for du kom og sett på nye piggdekk til meg:)
Dogweb har vore ei populær side å besøke :) stort smil mykje fine A, no er tabellen på Ra-kullet utfylt med fleire A er.. Raxo er også rønka og vi venter på hans resultater.

Det har vore ei hard veke både på det ein og det andre viset.. Panikk for å måtte overvinter på sandsøya, ekstremt  mykje dårleg vær, ja eg veit det finst ikkje dårleg vær berre dårlege kler :) heilt eining.. for tur har vi gått og kosa oss mykje ute, men umulig å trene i slikt vær.
Lite trening, men det haster ikkje, lite foto det var heller kjedeleg med nytt kamera og ikkje få prøve det ut, vinden var så hard at å ta bilde utan kamerarysteles var så å sei umuleg, litt bilde blei det, men vi manglar blinkskot.
 
Rally
Rally hadde med store dummyen sin på tur:)
 
tur med mamma
Tur med mamma heime på sandsøya.. i bakgrunnen Dolsteinen sett frå hellansvågane.
 
21.10.12
:) Då har eg kjøp meg nytt brukt kamera!
Rally med tape metall, fotogen er ho vertifall og ho er fole lydig også, jau er ikkje det eine så er.. uff ja trene hund er ei nøtt, men eg jobbe ennå på utsida av både firkant og meg sjølv, det neste blir, ja beste å tenke stilt.
Skal forresten ut på sandsøya komande veke og det blir derfor ikkje oppdatering her før eg kjem tilbake hit, datafri må eg ha ei periode.
Rally metall
No blir det mindre hundetrening og meir foto, yes,  endeleg klarte eg og bestemme meg for kva eg ville ha, berre klik klikk med meg her etter!
 
19.10.12
I dag var mine hundar berre turhundar og alle tre var med, Artemis og Rally trimmar kvarandre, full rulle i eit, Arwen går kun å tuslar bak meg.
No har eg rimeleg bra kontroll på Rally og ho for då være med i lag med Artemis, Artemis er slik storgåandes hund ikkje slik baktrakkandes som Arwen :) derfor har eg ikkje likt så godt å ha Rally i lag med Artemis på tur.

No derimot har eg slept laust taumane mine, Rally er ein mellomting av Arwen og Artemis og held bra kontroll på meg og mine bevegelsar:) jau eg har lykkast med kvardagsoppdragelsen av Rally! Rally er den lydigaste eller vi kallar det "raskaste" av alle tre !, Arwen har vorte gamal og sær ho går berre å leitar etter etandes ting..og det kan det være mykje av i skogen på denne tida, då blir ho sånn heilt plutseleg steike stokk døv.

Vi hadde ein fin tur i dag og det er særdeles god trim og muskelbyggandes denne myr springinga, tungt terreng, men topp. Artemis er kraftig men i god form etter holde, Arwen er akkurat passe, men ho er ikkje så som ho eingong var, sjølv om ho tar fort nokre piruetter vist det er noko som trigger henne, glad er ho vertifall, men springe i tungt terreng er ikkje det same som i ungdommen nei!
 
Tur
Rally, Artemis og Arwen, fotogene :) liker å være i rampelyset!
 
aktivitet
Artemis og Rally, ja her er standar turaktivitet, skal ha same pinnen :) disse to kan holde på slik i timevis for dei, begge er ballgalne +pinnegalne, "merk eg kaster aldri pinnar", men tennisball kaster eg rett som det er :)
 
18.10.12
Eg og Rally tok ei lita økt med metall apport, tape som sådan eg vil ikkje gjer det vanskelegare enn eg treng..
Det blei holde metall apport og bevegeles med  M -apport og sit med M- apport og til slutt innkalling til ugangsposisjon med M-apport :) det gjekk så bra så og pølser var bellønning og vi avslutta med  å jage pipeballen som det kjekkaste ho veit. Flink, eg kan ikkje forstå meg sjølv at eg ikkje har starta å trene henne før ? men nå er vi vertifall igang.

Ei økt med neseprøve pinnen har vi også tatt i dag, gjømt i graset for å unngå synsinntrykk, dette er eit søksmoment. Derimot holde pinnen i munnen sitte og avlevere tar eg for seg sjølv, då legg eg inn pinnen og bed ho haldefast, dermed null synsintrykk.
 
18.10.12
I går var det sykkeltur på Arwen og Rally, + vi rusla litt i skogen for å slappe av. Heime trena vi litt meir på naseprøvesøk og kun ein pinne ennå, her brukar eg tid utan å skunde meg.

Eg huskar korleis eg gjor det med Artemis med henne brukte eg å skjule pinnen inn i vedladet, Artemis kunne søke og søke til ho fant den, dette er ei øving Artems var råbra på enn ho aldri har starta på lydighestbana, så kan ho naseprøveøvinga, vertifall momenta på sjølve søket blant fleire pinnar på bakken. ( det er det som er vanskeleg).
Eg jobba aldri perfeksjonistisk med Artemis kun for sysselsetting, det er derfor ingen innsitt på henne øving ho kjem berre rett inn i front og avlevarar pinnen som om det skulle være ein dummy :) men det andre gjer ho prikkfritt og ho har aldri tatt feil pinne!
Det har aldri vore planar om å starte henne på LP, men vi trena diverse moment å alle hundar har eit bra hovud og ein god nase som skal brukast. DERFOR.. trena vi litt.  Skal bruke litt denne metoden på Rally også, stikke pinnen inn i blantanna vedladet, dette for å befeste eit godt søk etter "din", i går la eg pinnen opp i eit tre og det blei derfor mykje søk med nasa før ho fant, moment handlar om å bruke nasa ikkje synet.

Eg hadde ein golden for nokre år sidan og den klarte eg aldri å lære naseprøvemoment , ho brukte synet, til evig tid. Mange treningsmodellar blei brukt, men eg lukkast aldri, kan nemne fast spikring av pinnar, pinnar på glas, standar modellar med mange pinnar i ein haug + den med lukt på utan for :) yes mange pinnar tar alle.... eg klarte aldri å kople på nasa her på den frøkna. td.. ein kongle blant hundre like i skogen klart ho kvar gang så nasa hadde dei rette eigenskapane, men pinne synsebilde blei aldri endra til ein luktbilde.
DERFOR er eg tilhenger av å bruke lang tid på søksmomentet.. nok om det.

Dogwebben er den mest vitja side nå og eg venta på Ra-resultatet på hofter og albugar... Eros er nå ute med A på albugar, men hoftene venter vi enno på.
 
17.10.12
Onsdag i dag, nytt nå er at begge gutta (Raxo og Eros) har vore til HD og AD rønken, så nå venter vi berre på oppdatering på dogweb, spennandes :)

Rally hadde kvile dag i går når det gjelder tur vi tok det litt roleg å berre trena litt LP-moment i hagen, har som mål å lære frå meg ein del moment og heile øvingar i klass to, tre og elite programmet til Rally, for henne er det kjedeleg å trene berre fot eller på plass, den øvinga for eg ikkje til med meir intensivt sånn i ein handvending, må bruke tid.. då blir det.

Enkelte ting kan bli vanskeleg, ein del har eg vist om, å det er metall apporter, som små kvalpar i kvalpekassa, bar dei fleste syskena stolt rundt på metall apporten, men Rally synast at den var litt fysj.. Vi har her i huset metall apport liggandes både inne og ute og såleis ingen framandeting for Rally, men her held det berre med å sjå. Eg har heller aldri prøvd å lære henne å bære den, men kanskje må eg det no.

Enkelte ting går lett også, nesprøvepinne, den har ho lært å bære roleg i munnen og Rally har ikkje laget det minste merker i pinnen ennå:) Ho har lært å søke etter pinnen på "din" kommando :) søker og finn kjem så inn på utgangsposisjon, jau vi for det nok til. Fleire pinnar skal eg vente ei tid med, dette til ho har godt befesta ordet "din" med mi lukt på pinnen.
Ra-kvalp
Ja her er ein av Rally sine kullsøstre, super metall apporterar som kvalp og slik var dei fleste :) Dette bilde er kun for illustrasjon for dere som ikkje heilt veit kva eg snakkar om :)) he he, eg veit at fleire ikkje veit alt om ord og uttrykk, treningsremediar osv. og det er ikkje noko uvanleg.
Eg krysse fingrar for at det blir bilde av metall med eller utan tape i munnen på Rally før eller sida :) eller kanskje først ein naseprøvepinne :) vent å sjå !
 
15.10.12
Rally og eg har vore i Ørsta, eg var med fysi og vi var til ein av våre supre kvalpekjøparar, Robert og Nina som har Raisa. Rally og Raisa fekk verkleg strekke ut i dag springe ein god porsjon tullingar :) eg har blidt slepphendt :)men hundane og vi kosa oss masse, ein super dag.

Litt trena vi innimellom leik og moro, dette med å få leike litt er ikkje farleg berre vi veit kven som styrar kva. Det vil sei vi skal ikkje ha leik når vi jobbar, men i fritid for desse leike seg, både for det passer og for di dei kjenner kvarandre, eg lar ikkje mine hundar leike i lag med hundar vi ikkje kjenner..

Det var også linjetrening (langelinjer, eller det å springe rett fram) i dag, Raisa imponerte meg, Nina har vore flink og gjort jobben ! i tillegg blei det springe i elva, Rally er nå meir fisk eller hund, kjempe bra vasspasje og har ingen hemningar her superflink, Raisa er litt tilbakeholdande og vil ikkje legge ut på symjetur sjølv om ho for rase etter Rally, men men det kjem nok.
Det blei ei økt med markeringstrening, Raisa vaks mykje på ei lita økt og ho held så bra på området, kjempbra og eg blei glad i mit sin av å sjå så godt arbeid.. eg la opp med kraftig trengskifte, nesten som ein vegg, det var derfor ikkje lett.
Rally fekk også prøve :) ho har nå sine sprell som vi jobbar med, men det blir nok bra tilslutt når vi har prøvt eit dusin nøklar og finn den riktige som passar henna motor. flinka mi :)

Ja og i dag er det måndag og hundetreningskveld, var litt trøtt og vurderte å være heime, men eg tenkte Rally må få ein fellesdekk, ja det blei ein flattdekk, Arwen, Rally og Birk (sønn av Arwen og halvbror til Rally) det var tre hundar og to førarar, topp Rally fiksa det.
 
vi fant
Raisa og Rally gode venner og her er det noko etandes som delast, hum hum..
 
14.10.12
Det blei ei økt med LP-trening og befeste orde påplass, om eg treng det er eg usikker på men ordet er nå på plass :) Rally reagere tjapt på ordet og på innkalling frå sitt fungerar det, venstre rett inn i utgangsposisjon.
Fart kombinert med detaljer la vi vekt på og all bevegeles skal være med kontakt, Rally var kjempeflink !
 
14.10.12
Topp dag i flott hausvêr !
Bilde kan sei meir enn tusenord seiast det, her er eg eining og feste på brikka dei god øyeblikk er viktig for meg. Treningsvenner og hjelparar er gullverdt skal ein komme seg vidare og for meg og Rally er det viktig.. Vi slit og treng hjelp for å fullføre grunnmuren :)

I går jobba vi med teskjemetoden og eg vil påstå at alle har godt av å bruke den metoden til tider :) Og vi brukte den på markering, markering er eit moment som eg veit blir slurva med, men ikkje her... derfor er gode hjelpar eit must, opptrening av sjølvstendigheit utan at det går utove lydigheit er det momentet handlar om.

Rally viste fram at ho har meir intensitet enn ho klare å forvalte ennå :) men Rally viste mykje bra ho også ! Raxo viste fram bra arbeid så her rausar brikkene på plass:) intens og flink gut! Anita H. jobbar kjempe bra med kullbror Raxo.

Dei andre vist alle fram mykje bra arbeid, så dette skal bli bra! tusen takk til dere alle !
 
venner
Her har vi samlast i sola.. og sola varma ! på bilde mangla to av dei gode hjelparar tusen takk til Hans Emil og Stian for hjelpa.
 
venter
Ka vi venta på her då.... jau sjå under
 
Oppstilling
Her er vi samla til foto heile gjengen, ikkje dårleg i dag når vi hadde hjelp til både foto og kasting!! Takk Hans Emil !
 
12.10.12
Topp haustvêr i dag, kan ikkje klage for detslag alt er bra! Rally, Arwen og eg var på sykkeltur i skogen, der møtte vi tilfeldigvis Hans Emil som var på tur med Artemis. Ja har ein sykkel så har ein plass til det meste også tre dummyar, Hans Emil kasta 9 gangar eller 3 x 3 = som er 3 markeringar på kvar hund. Hans Emil blei plassert bak eit tre og fekk beskjed om å hippe i veg, Rally SPIKRA YES YES, rå bra arbeid frå henne i dag på sjølve markeringsjobben og det er eit av punkta vi slit med, Arwen og Artemis gjor jobben som vanleg bra.
Elles berre tur og kos på Arwen og Rally, Rally liker vertifall å sykle.. det er bra ! Eg syklar ikkje på asfalt med hundane kun på grusvegar/skogsvegar, springaren er ei god oppfinning syklar ein med fleire hundar.
 
11.10.12
Eg  jobbar litt på si med grepet til Rally og det blir nok, på bilde under ser vi Rally med ein dummy på 2,5 kg, denne type dummy kjøpte eg for å ha som hjelpar for det dårlege grepet vi slit.. (ikkje berre til fotobruk, men..) disse dummyane er faktiske gode å trene med og heilt umuleg for ein vanleg hund av min type ((små flatter :)) å klare å kaste på under transport, kva store hundar kan veit eg ikkje, men for meg fungerar det flott.

I dag har Rally og eg vore på tur og vi har falt for gamle synder og trenet fot i skogen å ikkje berre 10 meter, men langt... med ikkje snuse regel, stakkast hund ! Vi måtte hente oss inn igjen for økta før var total feil skjær og krasj, uff stakkars tuppa mi som fekk kjeft for alt og blei super stressa.. kan nok være ein drit dårleg trenar eg også av og til, men eg ser no det sjølv i ettertid og innrømmer det for meg sjølv.
I dag hadde vi ein triveleg og koseleg tur, trena innsitter frå venstre, eg vil ha raske innsitter både i skogen og på appellbana og det for eg er eg bevist på treninga, Rally er ein klok hund og med rette betaling går det bra, rett betaling for henne er ball eller pipedyr, godbitar senker tempoet.. her vil eg ikkje ha saktefart.
rally
Rally, tungt ja 2,5 kg er ikkje så lett, men det går bra.
 
09.10.12
Anne
Eg og Anne Lene hadde ein koseleg tur på fjellet i lag med hundane, det var mest for å ta litt bilde av alle tre hundne i lag, men her er bilde av min kjære yngste jente, verdens beste Anne i lag med hundane våre.
 
09.10.12
Kaldt, men det blir ein fin dag :)
 
Ja her skjer det fort i hovud mit og etter ein god og lang prat i telefonen i går, er eg tilbake til det eg vil kalle miljøfot :) klart det er intet problem det der, eg har no allting mana om at utstyre bestemme adferd og eg er ikkje dum heller.
Intensiteten heng ikkje samen med ord kommandoen, men miljøet og innlæring av adferd i den situasjonen..!. (likevel skal ordet påplass på plass) men det har lite eller ingen samanheng med intensiteten eller utførd jobb, men på grunn av at eg har to andre hundar som går på den komandoen og eg har ikkje hovud til å klare være konsekvent med ordbruken.
Ordet på plass eller fot, her kjem det berre heilt plutseleg "på plass eller fot" om ein annen, det er her det eg som "den gode amatør som eg er skjønner at miljøet er det som bestemmer adferden".
 
08.10.12
Treningsmålet i dag var fart og intensitet og riktig innsit. Det var på tide eg fekk meg ein nedtur slik eg kan tenke framover og ikkje bakover.

I dag har eg gripe fatt i momentet innkalling frå sit med god innsit til på plass, berre ein veit korleis ein vil ha det går det bra! Eg, Artemis og Rally sykla i skogen i dag og fant oss ein fin treningsplass til momentet innkalling. Rally og Artemis fekk rase rundt ein del for på kose seg i marka, godt og få strekke på beina er ein hund også, og utan desse forpliktelsane som eg nesten alltid krev :( av dei.

På Rally har eg prioritert ein fjellfast sit ingen ting galt med det og eg er super stolt av kva eg har fått til med henne, men tida er inne til å tenke intensitet og innkalling frå sit til riktig plassering på plass..

Rally har gode moment av anna trening så dette er i grunnen ein skikkeleg plankekjørings jobb for meg. Eg har himla bra innkalling frå fri hund og det vil seie seg sjølv at frå sit er det overførebart med små midlar.
Rally og Artemis fekk sit i skogen eg gjekk ca ein 100 meter, kalla inn Artemis først og sette henne i sit, bevega med sidelengst eit par meter og kalla inn Rally, fort som lynet kom ho og innsit på plass like fort, sterkt og flott arbeid.

Rally sit spikra ennå intensiteten var stor og ho var over i fritt springandes modus før ho fekk beskjed av meg om å sitte, ho og Artemis sprang tullingar før sit momentet. Rally sit spikra utan å tenke på å lufte på rompa medan Artemis kjem som lynet heim til meg, berre dette viser for ein bra grunntrening Rally har. Eg kallar dei inn på namn, altså først Artemis så Rally, kom eller på plass, eller fløyte kan ikkje nyttast i denne samanheng som vi som er oppegåandes bør skjønne.
Eg hadde trena litt riktig innsit tidlegare på dag, då plasserte eg meg ved ein vegg på høgre sida.... det vil då tyde eg vil ha venstre rett inn, altså slutt på å velje rundt, no er det kun rett inn. Meget vellukka trening !
 
07.10.12
Rally skal trenast for lp, og eg vil skrive om det her :) Rally er ingen LP-hund ennå, men skal bli det og eg gleder meg til å komme i gang. Rally er svert godt prega for jakttrening og eg har lagt mykje vekt på ro, jakt-fot, sit osv, i LP er det trøkk og intensitet som gjelder og frå nå av skal den sia av Rally fram.

Vi er i gang på planlegging av Lp-trening og det blir, det eg må prioritere og få på plass og feide bort jaktfot, på plass eller LP-fot er mykje meir intens og skal ha super kontakt med førar.

Mor til Rally "Arwen" er pensjonert frå jakttrening på grunn av at eg ikkje klare å holde kondisen oppe for ei jaktprøve på "Elitenivå" og eg har ikkje miljø for å trene høgare klasse på sunnmøre, derfor skal eg ta opp igjen LP trening.. Arwen er ennå frisk og ung i sinnet og kan klare seg bra på LP-bana :), skal bli moro for Arwen er super flink berre eg er "flink" ! det er nesten alltid føring og miljø som blir utslagsgivande for om ein lukkast eller ei. Når trening til Arwen er bra i gang vil eg oppdatere på Lp sida henna.

Rally har neste alle moment til klasse 1 i boks, men ho manglar fart å intensitet :) tru det om du vil :)) og dette kjem av min preging og fokusering på sitt og berre det å være roleg. I tilfelle eg forsette å trene Rally jakt :) ingen tviler på det ikkje eg heller, så er det berre fordelar med å drage henne opp i intensitet og eg vil ikkje øydelegge henne med å trene dette, men skaper ein multitalent hund som Arwen !!
 
04.10.12
Det Rally blir trena på er betre grep om dummyen, og vi har valt å ta heiltut tape metoden.

I går var Rally og eg på sykkeltur og vi var i veg og prøvde dei bombeliknande dummyane vår, hadde nokon sett oss så hadde vi vell blidt tjora inne :) Ein vest full med teipa avlange gjenstandar som stikk opp av vesten, ja det kan no sjå litt rart ut vist du ikkje har peiling på kva dette var :)
Dette fungerte så bra, det vil sei eg var roleg og trena utan å opp bygge frustrasjon, dette med suksess er nøkkelen til alt her i livet. Rally hadde meget stor fart og ho hoppa høgt på meg for å avlevere :) det var då tydleg at eg ikkje utstrålar frustrasjon.... jau det var eit bra sjakktrekk.
Eg og Rally
Tape metoden, jepp den er god.
 
Kanin dummy
Rally med 2,5 kg tung dummy, plankekjøring for gulle mit:)
 
02.10.12
Ny månad og ny side "Oktober er starta"og hausten er her og det er den flottaste tida på året synast eg. Eg og Rally har hat to fine dagar med tur i skogen + vi har vore på hundetrening ein dag og i dag har det vore kvalpekurs.

Rally, jau den galne fillebikkja mi har talent for mykje, no imponerar ho meg som vise hund på kurs, sin mamma opp av dag her, elskar å være midpunkt og ho gjer akkurat som ho skal (ho liker vist svert godt å vise seg fram) på ein "positiv måte"

Det er ein kjempetriveleg gjeng å vise seg fram for også, lærevillige gode, trygge kvalpar. Så håper eg berre at Rally klare å gi eit postlivt inntrykk og skaper motivasjon for å få det til, ein ser det er mulig, nøkkelen er enkel, resultatet kjem av riktig trening, eller så enkelt at ein veit korleis ein vil ha det å ein er konsekvent og målretta. Det er kjekt å være instruktør også for lærevillige ekvipasjar.

I går var det hundetrening,  oppmøte var så som så, det vil sei vi var heile 4 stykk og det betyr at ein fellesdekk med tre hundar blei det. Det blei tannvisning og fellesdekk, Rally fekk halvbror Birk ved sin side, og ho gjor ein fin øving. Elles så er LP-øvingar slowmosjon med henne og det er skapt av meg, ubevist eg har fokusert så mykje på ro at Rally trur sikkert at det er slik eg vil ha det, og ho har på ein måte rett:) vi skal til EK i jakt og då er dette med roen den aller viktigaste momentet!! har vi ikkje det for vi berre rett ut og takk for i dag, for ikkje prøve å vise fram det vi kan eingang, derfor har eg ikkje dårleg sannvittigheit for di eg har prioritert ro trening på Rally. Rally har ein innebygd turbo som kan slåst på ved behov, eg må berre lære å bruk den rett.

Sidan vi har langt litt jakttrening på hylla inntil vidare stressar vi ikkje med det, men vi har nokre moment som vi skal forbetre oss på og når det er blidt bra tar vi opp igjen jakttreninga.. Det kan bli om litt eller om eit år tida vil vise.
Målet er prøve neste år med suksess !