Flatcoat-arwen's  - artemiskullet

18.02.2012

Flatcoat- Arwen's Artemis  X Lysholtunete's Homer, er paret og vi venter kvalper rund 25 mars, går alt etter planen blir det leveringsklare kvalpar til mit i mai.

Stambok>>>
Vist det er nokon som vil være deleier i ein kvalp å har interesse og vil delta på utstilling, jaktprøve evt annen hundsport, ta kontakt. Eg skulla gjerne hatt ein heime frå denne kombinasjonen for eg veit det blir bra, men har ikkje evne til å trene fleire hundar enn det eg har.
 
18.02.12
Matgal er det Artemis er for tida og ho sitt og vente på mat..... ultralyd på torsdag.
 
14.02.12
Artemis har vore heime med resten av familien nokre daga som åleinehund, eg har vore heime eller ute på sandsøya med mamma og pappa og har hatt med Arwen og Rally.

Artemis er snill roleg og alles gode venn, har fått sine vante turar med Hans Emil og i tillegg har ho fått all kosen utan å måtte konkurrere med dei to andre ;) Ho var no likevel glad i går når vi kom igjen, halen på Artemis går i eit sett og viser godt at ho er glad, sjølv om ho er roleg.

Nye bilde av Artemis kjem nok det har eg lovet, men eg venter på litt betre ver ;) Det er ein serie på fotosida av Artemis som ikkje er så gammal, den er frå i haust og eg tok den dår vi var på sandsøya>>
 
05.02.12
Bilde under er tatt etter ei jakttrening Artemis og Molly hadde. Molly er mor til Nicco som vi har paret Artemis med. Molly er ei stor tispe, men velbygd. Rolig, snill og den beste hundetoleranse ein kan ønske seg.
Det største plusset henne er likevel det eg vil ha;)) Spontaniteten på vilt, det er perfekt og i tillegg fullstendig rolig mun, viktig detalj !!
 
Artemis og molly
Artemis og Molly, "Molly" er som kjent mor til Nicco.
 
04.02.12
Vi venter spent og dagane går fort det er berre ti dagar no til eg kan ta meg ein tur på ultralyd og myse om det er noko eller ei. Eg kryssar fingrar for at det blir noko når eg endeleg tok avgjerslene om å prøve på nytt, vi har no pårøve å få parar Artemis før, men då lukkast vi ikkje.
Nicco som vi valte har ein flott stambok å vise til, og eg kjenner han og kjenner til gemyttet som er ein slik viktig faktor for meg, riktig gemytt og retriever eigenskapar må ein prioritere.
Når det er næmt så har Nicco det som eg ønskje "var betre på Artemis" og for dei som liker og veit litt om eksteriør og utstilling, kan eg nemne dette med beinstamma den ønskjer vi litt kraftigare på Artemis, det same med augefargen.
Nicco har svert mørke augo og eit svert godt uttrykk og skikkeleg beinstamme med tette gode potar. ( Artemis har også tette gode potar.) Artemis sine søsken har gode beinstammer, det vil derfor blir bra på evt kvalpar. (dette er pirk og detaljer, men ting som gjer at ein kombinasjon kan utfylje kvarandre.)
Apportgrepet og spontaniteten er også av den typen eg ønskje på mi linje, svert rolige og faste spontane grep, så dette skal bli bra blir det kvalpar, og ein retriever skal avlast med tanke på å behalde og forbetre riktige retrievereigenskapar, det har eg også i tankane ved denne kombinasjonen.

Skal no sjå om eg ikkje snart for nokre nye bilde av Artemis også.. eg har hatt nedetid på grunn av ryggen, og er ein ikkje bra i ryggen er ein ubrukandes som fotograf ;)) hi hi. Artemis er fin nå med masse god pels og treng seg nok ein klipp ;) men bilde med eller utan klipp må eg få til.. skal bli.
 
Artemis var ein pelsball som liten og så god såå..
Kvalpen artemis
Artemis som kvalp ;) Artemis er enkel å belønne ho har  god leik inne og gjenstands gal. Eg leika henne i gang som kvalp, men har ikkje brukt det så mykje, dette på grunn av at eg har prioritert jakttrening og ikkje LP med Artemis, hadde eg jobba meir med LP- på henne hadde eg nok brukt mykje leik;) dette for å holde høg intensitet.
I jakttrening treng vi ikkje dette momentet likesterkt dette på grunn av at (dei fleste) har sjølve jobben som bellønning, det å få lov og apportere er det største som kan hende og andre ting er då berre til uro ;)
 
01.02.12
Artemis er på tur med Hans Emil ho, heldiggrisen ;) nei det er Hans Emil som er heldig som har slik kjekk turkamerat og holde i form. Hans Emil er PT, eller personlig trenar som det heite på fint! tiltenkt folk, og han veit masse om musklar, korleis holde forma og kva som skal til, derfor topp trenar for Artemis!
Det blir spennandes å sjå om det blir og kva som kjem, eg trur det blir kvalpar som skal klare seg bra over alt.
 
31.01.12
Artemis er den hunden ein berre blir glad i ;) ho er roligheita sjølv slik til dagelig og er lite krevjandes inne, går å legg seg, sitt i ro, eller står i ro i gangen og ventar på Hans Emil henna store stjerne ! Stor tolmodigheit har ho vertifall både på heimebane og på trening.
Ha med Artemis på trening er i grunnen fole kjekt og avslappandes, ho løyser som oftast tiltenk oppgåve på ein sikker og fin måte, har alltid stor fart, jobber konsentrert og har evne til å vente på tildelt oppgåve utan å la seg stresse.
Det har heller aldri vore noko problem å få ho langt ut, og søksjobbar som felt går ho djupt og brukar vind etter beste evne, dekker godt og har eit solid arbeidsmønster. Artemis er også lett å nå inntil vist eg vil ha ho i annen retning eller vil hjelpe henne ( såkalla dirigering) . Markering er ho rå bra på og kan konkurrere med dei fleste her, i dette momentet danka ho ut mor si Arwen :)Artemis spikrar veldig bra på alt ho ser, ser ho ikkje, er ho veldig styrbar til det område som er relvant.

Artemis liker ikkje for mange repetisjonar og ho synast rett å slett det er teit og gjer same arbeidsoppgåve i reprise igjen og igjen ;) eg må derfor ha i tankane det når eg trenar ho, nye oppgåver, ikkje kjedeleg oppatt igjen det ho allereie har gjort. ;) Det kan gjer seg utslag i slurvete arbeid, ny jobb fullfres, repetisjon, "kjedeleg" som er seinare tempo :))

Minuset på heimebane er at ho varslar at det kjem nokon, vi har godtatt det og det er også eit stort pluss med å ha ein hund som varsku når det skjer noko.

Artemis har to kullsøsken som har vist seg fram eller har blidt brukt til noko utan om ein god tur/familiehund.
Det er Birk som er her i Sykkylven, sjå bilde.. og vi har ein eksport til Finland  (Flatcoat-Arwen's Art-Brown) han blir brukt til jaktprøver, praktisk-jakt, Agility og har vore utstilt. Bruno er mørkebrun, veldig bra mørk farge, det er ein mjuk og letthandterleg hund, har premiering på jakt med beste resultat 2 AK også kjent MH.
Flatcoat- Arwen's Aramis ( Birk)
Artemis har ein kullbror her i Sykkylven som er godkjent redningshund både sommar og vinter.
Birk gjer ein flott jobb i den viktige funksjonen som redningshund er! Vi er stolt av ekvipasjen Anna og Birk.

Birk er også pen og har eit utmerket lynne og psyke.

For å være hannhund er han perfekt i storleik, gode potar, god beinstamme, riktig bra vinklar både framme og bak, han har mørke auge. ( har ikkje vore stilt på utsilling)

Birk
   
23.01.12
Artemis søv og ho sove tungt i dag, det har vore ei travel veke for oss og henne, endelig godt å få slappe av;) Ja litt våken har ho vore, ho har treent felles sitt i lag med Rally ;) ho måtte berre få lov til det..
Då er det berre å håpe på positivt resultat;) Likevel skal ho ikkje få lov til berre å sove, ho må nok holde koken og vedlike holde forma ! Artemis er slik skapt at ho gjerne kan sove seg igjennom mage dagar ho, men det går ikkje forma må være på topp blir ho drektig.
 
20.01.12
Når ein tenker avl går det ikkje og sjå seg blind utelukkende på enkelte ting. Kvalpane vil få i ballasten eigenskaper/ ekstriør/gemytt/helse som kjem frå mor -far - morfar-mormor -farfar-farmor osv. under er litt tanker og fakta om hundar som vil prege denne kombinasjonen, det vil også sei at det blir litt forskjell på kvalpane, men eg trur dei blir nokså typelike.

Målet er bra hundar som innehar mjukefine grep, er førbar med enkle middel og stille i passivitet. Disse kriterier skal stemme skal ein kunne hevede seg opp i klassene då spesielt på jaktprøver, men slike egenskap kjem godt med uansett kva hunden skal brukast til.

Denne kombinasjonen vil gi enkle, snille individ, og til spor/ettersøkshund vil dei også passe perfekt..

Kombinasjonen bygger på engelske/ irske bein kombinerte med sikre gode gamle svenske og norske linjer. Ved å kombinere denne linjen håpe eg på hundar som har nok fart, men innehar ro til å kunne konsentrer seg i tillegg beholde fatning under sterkt trykk. Målet er typelike hundar, med godt gemytt, god helse og gode brukseigenskapane, eksteriøret blir rasetypisk.

 

Ser vi på mor til Artemis først. Arwen (N VCH Björhults Transfigure)  er allround hund med sterk jaktlyst, meget høg arbeidsmoral tappar aldri motet og står på til siste slutt og er utømmelig i arbeid. Slik hund kan være krevjandes å styre, men drømmehund for meg. Arwen er heilt fast og hundetoleransen er av det beste ein kan ønskje seg. Arwen har både jakt, spor, lp + utstilling resultater. Bak Arwen ligg også mange gode hundar. Les gjerne om Arwen på henna side.

Arwen, dei som har lest om henne her på mi heimeside igjennom åra og sett henne i jobb veit nok at ho er ei kule til å jobbe, men likevel er ho avbalansert og klarer å konsentrere seg. Eg deltok på avkomet- beskriving i Sverige med Arwen, og alle søsken var triveleg hundar veldi gjevne i størrelse, og rolige i lag med andre hundar alle apporterte og var skotfast.

Arwen er etter veldokumenterte linjer, hennes far er etter engelsk og irske jaktlinjer, han har også stor arbeidekapasitet, og pent ekstriør. Arwens mamma er etter svenske linjer som også er veldokumentert, både på jakt og eksteriør, morfar til Arwen har også ført sine linje vidare til mange dyktige avkom. Arwen har ei stambok som det er verdt å ta ei tit på, hundane er i tilegg til å være godebrukshundar, utrysta med riktige retriever –eigenskapar og pent eksteriør.

Pappa til Artemis.  Arthur (N JCH Arthur Of Amesbury) han var ein av Nordens beste flatter igjennom dei siste åra, og har vist framfota både på A og B prøver. Arthur kjenneteiknast som ein solid hund, med utmerket ro på post, men likevel nok sprut til å utføre ønsket arbeid, les meir om Arthur under Ar-kullet, eller under minner.

Nicco, ja blanke ark, men har god ballast, eksteriøret hans er meget godt, han er stilt to ganger som junior og begge med  Excellent , han har potensial i utstillingsringen, med forvaltning har han i tillegg potensial til det meste både på jakt, spor ol.., på utstillingskritikken hans står det perfekt størrelse.

Mor til Nicco, Molly henne kjenner eg også og eg kjenner plussa som ho har, det er eigenskaper som eg ønske  Molly har eit fantastikk flott apportgrep, fullstendig rolig munn og var spontan på første viltet ho fekk presentert (og det var ein måse!) Ønske adferd av høg kvalitet.

Mollys spontantet på vilt og apportgrep er perfekt!

 Molly har ikkje jaktpremiering og det kjem ikkje av mangel på eignskap, men mangel på trening og prøvestilling, ærlig kan eg også være! Molly er også ein råtass i blodspor og har fleire HP og innehar  NVCH. flere CK frå utstilling som bonus. Molly har eit herlig lynne, snill som eit lam og har det beste hundetoleranse ein kan ønske seg.

Far til Nicco, (SE U(U)CH Inkwells Truly Yours)  har jaktpremiering, kullet han kjem frå har godt med premier på jaktprøver, fleire søsken har premie i EK og dei fleste har CK på utstilling dei har såleis både i pose og sekk;)

Eg har ikkje sett far til Nicco, men eg har forhørt meg og snakket med dei som har sett han, og det er  positivt inntrykk han gir, fin storleik og herlig lynne.

 
Flatcoat- Arwen's Artemis (NJ CH Arthur Of Amesbury - N VCH Björshults Transfigure)

Far hennar har tittelen N JCH og har cert frå utstilling i tillegg mange andre gode utmerkingar, les meir om han under minner eller AR-kullet.

Mor til Artrmis er vår Arwen, og ho har N VCH tittel, 1 EK på jakt, LP 1 pr kl 2 med klassevinst( kl 3 3 pr) i tillegg har Arwen CK frå utstilling.

Artemis kjem frå godt meritterte linjer, både jaktlig/spor/utstilling
Artemis er ei rolig tispe, god på passivitet og det er også henna styrke. God fokus, avbalansert, god markør, bra fart i markeringsarbeid. Enkel å handtere er heilt skotfast og har super hundetoleranse.  Spontan på Dummy, raske opptak og rett heim, vilt handtering er også bra, mjuke fine grep og flotte avleveringar.

Tur og kondistrening er ho utømelig på,  liker veldig godt og gå tur eller berre trene kondis, Artemis er også ein trufast venn. Artemis elskar tennisballen og for den kan ho strekke seg langt, med andre ord er det hund som er lett og bellønne, både med leik og godbit. Artemis er ein rolig snill hund. Artemis braut lårhalsen som 5 månadar gammal kvalp, ho grodde bra samen igjen og har ingen lyter etter skaden.  Helse elles, Artemis har aldri vore sjuk, men er sterk og sunn. Artemis har vore vist på utstilling og har både HP frå juniorklassa og CK frå bruksklassen. 2*1 pr i BK jakt,  + 3 AK i jakt, 2 *1 pr. på blodspor.

 
Denne kombinasjonen håper eg gir allround hundar som blir lett handterlige og innehar eigenskapar for dei fleste bruksgreiner inklusiv ein gode tur og aktiv familiehund. Kombinasjonen oppfyljer NKK etiske linjer for avl og NRK sin kriteri for å stå på kvalpelista til klubben.
 
Sjå fleire bilde av Nicco her >>>>
Lysholtunete's Homer ( Nicco)
(SE U(U)CH
Inkwells Truly Yours - N VCH Fosliskrenten's Joy And Pride)

Den utvalte make til Artemis! Sjå fleire bilde av Nicco her >>>>
  • Utstilling 2 x Excellent
  • HD - AD  er A, -  øye er utan merknad.

 

Nicco
Om Artemis sin make, Nicco var den kvalpen eg la merke til i kvalpebingen til Kjersti først, og eg  kunne (gjerne) tenke meg han. Eg har følgt med Nicco frå han var liten til eg berre "måtte "bruke han på Artemis.
Eg har hatt gleda av å ha han på kvalpekurs og treft han ved fleire høve og såleis følgt med korleis han utvikla seg.
Eg har også fått glede av å sjå og oppleve fleire av hans kullsøsken, svert triveleg hundar med eit lynne som berre må opplevast, gode, snille og rolege unghundar. Fleire av hans søsken har vist seg fram i utstillingsringen, også i sport er det 1pr. på kullsøsken.