21.10.2012
 
Jaktcup 2012
Post 1.08.05 Fot 2.08.05 Sitt 3. 05.06 Markering 4. 05.06  Minne 5. 28.08 Linjet/dirigering 6. 28.08
Nærsøk
7.
Søk/finale  4 poster
Sum
Rally 20 20 18 18 19 10  0 -0 -10-0  87 nr 2
Arwen (EK) 17 20 15 16 10 17 20-11-5-16 122 nr 2
Artemis (EK) 20  20 19 0 15 18 20-4-10-20 131 nr 1
 
20.10.12
Ingen bilde og ingen fest :) men premier blei det tre flotte koppar med Sunnmøreslogo på.
Arwen og Artemis er rustne og utrena, men dei fekk holde på med det dei likar aller best, nemleg apportering og dei to hadde ein topp dag, flott opplegg og fin trening og dei berga poeng på alle postane, eg er godt nøgd med det.

Når det gjeld Rally så satsar vi på ein annen sesong!

Eg fekk også ein del tilbakemelding om føringa mi på Arwen, Artemis og Rally alt er bra å ta med vidare i treninga og det gjer eg. Jurjen har alltid noko fornuftig å komme med når det gjeld føring.. og takk for det!
Rally går eg igjen tilbake til med å sende med både ord og teikn, blant anna, alt det andre må dette på plass over tid og er ikkje fiksa i ein slik handevending det veit eg, men så lenge eg er villig til å få fram ein brukbar hund av Rally så blir det.
Rally sin framvisning på jaktcupen sin siste post var ikkje noko å skryte av, det var berre elende og ingen god oppleving verken for henne eller meg :) men eg har ein lydig Rally som går bra fot sit på fot og er svert roleg på fot.. men så er det slutt på dei gode supplement. Konklusjon ein lydig hund som ikkje kan å apportere :)
 
28.08.12
Rally tuppa var flink, jaktcup moment utan trening og vi møtte med blanke ark, jau ho var flink sidan vi klara og løyse ting vi ikkje har treent på :) fekk påfyll av treningstips, nærsøk det må eg nok til å terpe på.

Vi hadde sideteikn og Rally skulle gå til den side som siste utlagde dummy var, moment sideteikn tok ho fort, men drygde litt med opptak sia ho måtte passere eit myrhol med litt vatten i, stoppa opp og snusa på det før ho fullførde oppgåva (tok dårleg tak i dummyen det gjor ho) det er eit problem som vi ikkje er heilt kvit. Elles raskt og flott arbeid.

Nærsøket, ”skulle hente tre små dummy”, den første la eg ned og gjekk i frå, sette ho i søk, plukka fint, kom raskt heim, neste sette eg hund og går i frå sette så i søk, denne oppgåva gjekk også strykandes, den tredje sende ut til søk, her blei det mykje mas stopp, stopp i søk, adels ikkje bra og gjer slik med hund i etableringsfasa av stoppmoment, men mas blei det.


Eg gjekk såleis ut og hjelpe henne med å legge handa over bakken sette henne i søk, då gjor ho funn plukka raskt og avlevert flott.


Dei små dummyane var nedtrykt i graset/myr og låg ikkje opp på bakken. Nærsøk momentet er ein bra øving og eg må nok til å jobbe litt slik også, men har konsentrert meg mykje om å få god kontroll på henne, eller stop ta kontakt osv.. ikkje jobba så mykje med sjølve søket. alt tar tid... og så heiter det skunde seg sakte :)

Arwen, liker å springe:) og spring nok mykje meir enn ho treng som vanleg, ho har ei grense på ca 100 meter, så blir ho litt døv på fløyta og vi misser masse poeng på at ho skal springe lenger enn ho treng ! ja pensjonistar kan være sta.
Artemis er nok litt meir lydhør enn sin mor på avstand.
Oppsummert gjor både Arwen og Artemis det dei skulle og fekk retteferdige poeng etter jobben som blei utført. Tempoet på begge tuttene er stort som vanleg, men trening har dei ikkje hatt på lang tid og det var stor stas og få hente dummy!
 
06.06
Blåbærtuppa Rally kom seg igjennom jaktcupen i går kveld på eit brukbart vis.
Avstanden på markeringane var lang og eg hadde kraftig hjertebank ;) farta til Rally er rå og ho løyste oppgåvene ganske tjapt, Rally har ikkje erfaring i slike oppgåver ennå og eg må derfor sei meg meget nøgd med henne.

Fantastisk ro på post, ingen teikn til knall og bra fokus på jobben. På post to som vi også må sjå ei markering (skal huskast) der etter vendeom og få ein anna markering, hente den og så ta inn den først kasta markeringa, vanskeleg moment og avstandane var store. Jau jau, no er ho snart eit år og eg skal starte med å trene henne!!
Artemis starta bra på første post gjor ho ein flott jobb som gav henne 19 poeng, på minne posten sleit eg med å få pressa henne langt nok ut, ein god del mas så var det slutt på å høyre på mor, ho tok liksom skjeia i eige hand gjekk litt over i snus her og der modus utan å rette seg etter fløyta signal frå meg og det blei derfor ein velfortent 0 på den posten.
Arwen, ja ho spillar på eigne strenger.. ho fekk poeng på begge postane, både nasa og kondisen funka, men det er noko galt med øyra hennar ;) nei dei er både reine og friske men dei fungerar ikkje som hørsel organ i dag. Ikkje mine heller eg huskar ikkje kva poeng sum ho fekk hi hi :)No er poenga på Arwen også på plass med litt hjelp frå fjesboka ornar det meste seg.
Ingen bilde :) berre regn og då fristar det ikkje å dra fram kamera sjølv om det med.
 
08.05
Litt moro er det med jaktcup, eg hadde ikkje lest reglane for blåbær og var ikkje noko særleg førebudd til oppgåva ;) eg fekk litt hakeslepp når eg såg avstande på forflyttingspunkta vi skulle bevege oss mellom, ca 50 meter i terreng, myr og søleputtar:) jau "fot -treninga" vår over stokk å stein har gjort susen, Rally gjekk perfekt etter min kritiske målestokk, og utteljing gav 20 poeng!

Det var to omgangar det vil sei vi kjørte fortløpande to cuper, den andre cupen var sitt, forflyttingspunkta på fot same avstand og i tillegg var det skot på begge cupane. Rally satt spikra og ho gjekk ganske prikkfritt på fot som igjen gav utteling 20 ;))

Kjempegode konkurranse trening var dette og jaktcupen er verdt kvar krone !! fleire burde prøve. Det er no Rally som er min framtid og det er ho som blir prioritert, men både Arwen og Artemis deltok også, dei har no prøvt dette før og for bli meg for moro skuld.. Artemis tok inn 20 - 20 og var flink som sin lillehalvsøster :) Arwen jobba for poenga, og tapte 3 poeng på at ho brukte litt lang tid på ei markering som burde være spikra, vell fortent tap på henne!
 
Rally går perfekt fot!! Tusen takk til Benny Johansen for bilda!!
Jaktcup 1
Rally sitt perfekt!!
Jaktcup 2
Og smile taler for seg, jau eg er nøgd med Rally som er vert sin vekt i gull!!
 
Arwen går ut
Arwen kjem heim
 
Artemis går ut
Artemis kjem heim