<<< 12.05.2008  
Jakt moment..
Frå (01.11.04) av har eg notere ned kva vi trenar, og kva vi skal trene neste økt.  Målsetning er  komme til elite.. Første del mål er å bli klar til ein uk start i 2005  .. Første delemål er i boks.. andre delemål er to 1 pr i AK .
 

Dato:

Nr.

 

Hugs til neste trening, motto er; tren enkelt så Arwen må lykkast, og hugs planlegg treninga i detalj.
   
12.05.08 Ei lenger pause sida førige trening, men i dag blei det litt trening på Arwen, og eg merka godt at ho ikkje er i topp kondisjon, her må det trenast. Det nærmar seg fosen prøva med stormskritt, og korleis det skal gå .... veit eg ikkje. Det som var bra i dag var at eg trena i lag med fleire røynde folk, og det er fleire hundar og stor aktivitet som skal til, slik at passiviteten blir sett på test. Det positive er at Arwen er rimeleg rolig i passivitet, og ikkje noko lyd som kan sjenere. Eg ville ha enkle og lette markering til Arwen det er lenge sida vi har trena det, og eg vil starte med å lukkast. Ho tok markeringsoppgåvene bra. God fart, lik ut og inn, gode avleveringar ikkje noko slurv.

På felte gjekk Arwen stort, men ho gjekk dessverre tom. Dirigerings oppgåve blei berre rot, her var det øyrevoks eller eit eller anna i tilegg var det vist ein sving springing, og det går ikkje, rettut skal være rett-ut overalt eg ser derfor for meg å måtte repetere og repeter på ALT !! Oppsummering, nyttig trening og takk til dei andre for ei fin treningsøkt i flott vær.

20.04.08 Arwen fekk trene litt enkelmarkeringa, det blei ei markeringsøkt etter kurset på Arwen og Chilli. Arwen bomma litt på markerigane, så klart dette momentet må trenast ein god del, det positivet er at Arwen sine snart 4 år på baken har gjort henne til ein stabil rolig hund i passivitet, god fot gåing har ho, og eg er godt nøgd med henna arbeid i dag.

Eg er som kjent flink til å kaste dymmiar og konger opp i trær, så no har vi ein dymmi i eit tre i brusdalen også :-) den ligg godt og heng høgt..

14.04.08 Arwen fekk ei knall økt med terp på å gå fot, på ein veldig pirkete måte, eg og Arwen var heilt åleine på jakttrening i ca 20 minuttar. Prøvesesongen nærmar seg, og ein perfekt fot er eit av momenta som skal sitte. Terp på dirigering var det også, og eg tilet ikkje slurv den minste fråvik frå rettlinje, blir stansa. Vi har starta pølsetrening også no, kanskje eg filmar det så skal de får sjå, he he.. tenkte eg skulle legge eit felt med grillpølser, og så la ho plukke det inn..
04.04.08 Ny knalløkt, Arwen gjor jobben riktig i dag og, men ho har store ønske om å ta uro -dymmien vår, og stiller seg i retning, men ho får så klart ikkje gå etter den, men må gå rett ut, dette er terping og terping. I tilegg kjørte eg ein del høgre- venstre og rett ut, 5 punkts trening.
03.04.08 I dag var Arwen fole flink, og ho fekk ei knalløkt med arbeid. Vi hadde ute eit stort felt både i mengde dymmiar, og i areal. Lange utsendingar med irritasjons markering på sida.. I dag gjekk turboen heilt normalt, ikkje noko unødige stopp.

Passiviteten hennar må også trenast dvs., stress trening med andre hundar + vilt er ting eg må få organisert. Dette er veldig viktige moment, og nødvendige for oss som skal stille på prøve med slik turbo hund.

Likevel er al trening nødvendig dette at momenta blir skikkeleg drilla inn utan at stresset er der, dette ser eg på som eit godt og viktig moment, slik er det med alt, lære riktig og godt momenta åleine først, det er då lettare å få det til under stressa situasjonar.

Sist trening i lag med andre var Arwen ikkje konsentrert, ho var høgt oppe, og er ein for høgt oppe blir arbeidet slurvete.

01.04.08 Det blei litt moment på Arwen i dag, eg braut ho og apportert for ho i dag. Ho hadde nemleg fått det føre seg at forstyreles markeringa skulle inn først, Arwen stoppar på utsendinga der ho ville vinkle av, og ville ikkje lenger ut, men det blei to heimkallingar, så gjekk eg etter ut dymmiane sjølv, og Artemis fekk hente dymmien som skulle være til forstyrring.

Arwen hadde mykje bra arbeid før dette hende.. Og eg gjor det slik for å minne henne på at det tross alt er eg som bestemmer kva som skal inn først som sist, ho er så glad i å apportere så dette at eg henta dymmiane er ein stor straff for Arwen, og ho kjem ikkje over det så lett. Vi har gjort dette før, og i morgon finn ho ikkje på å prøve seg på å ta denne dymmien først, ho går ut som ei kule, for momentet kan ho, det er berre så freistandes å få ta inn ei markering på linja i staden :-) gjer ho slik på ei jaktprøve er det 0 det veit ikkje ho, men eg veit det :-)

 

15.03.08 Arwen var på ei trening i lag med andre, og ho var heit og  ukonsentrert :-(  Det positiv var at ho forholdet seg rolig i lag med sekken min, og laus heil ykta utan om når ho var i jobb. Ho stressa i feltet, farta var upåklagelig, men det er ikkje nokk ein må ha med seg nasa også.
10.03.08 Lett trening av jaktmoment på Arwen i dag, eg og Arwen var åleine i skogen i dag. nærsøk signalet var eit moment vi repeterte, det skal eg repetere og programmere henne grundig i ei periode. I tilegg blei det lange rett ut, og Arwen gjor jobben sin ho, ikkje noko nøling berre fullspid.
09.03.08 Enkel feltjobb for Arwen i dag, og masse passivitet, dette er ho blidt veldi flink til, sitter heilt spikra fast i bakken medan eg jobbar med Artemis, og så klart utan koppel. Venting er eit viktig moment i retriever- trening.
01.03.08 Litt jakt moment har det blidt på Arwen siste dagane, eg har prioritert Artemis, og Arwen må sitte og sjå på, og det er ho kjempe flink til, still, og rolig, og så klart utan koppel. I tilegg så har Arwen fått kjørt seg på lange utsendingar, ho går fort, og ho er også svert flink til å stoppe på signal. ( reknar med at ho blir meir døv på prøve hi hi...) Felt har ho også fått trena litt, plukka inn litt før og etter Artemis, Arwen finn alt, det blir mykje skryt dette..... men vi får no testa det på Fosen der går dei første prøvene vi skal stille på i år. Trening og prøve blir aldri det same, då er både førar og hund i hundrede, men moro er det likevel.
23.02.08 Jakttrening i dag, vi hadde fokus på markeringar, i dag hadde vi kastar og vi var i nytt terreng, eg valte kun enkelt markeringar, hovudfokus med treninga var trening på å bedømme avstand, det gjekk rimeleg bra, Arwen har god fokus, stor fart og lar seg ikkje påverke av noko slag. Vi avslutta med eit felt, Arwen plukkar raskt som vanlig.

På denne treninga sat Arwen ein del berre i passivitet medan eg kasta til andre, og ho sat også i passivitet når ein av dei andre søkte felt. 100% still lovar godt.

20.02.08 Det har ikkje vorte så mykje jakt -moment trening på Arwen i det siste, litt felt trening er det einaste, og det har vi trena no og då, det er enkelt å få lagt opp til når ein trenar åleine, og det er ein god øving både for kropp og sjel. Derimot har det blitt ein del kondisjons trening, og det kjem godt med. Stor fart og god uthalden- heit er det Arwen har.
32.01.08 Kjørte Arwen knallhardt på lange utsendingar i snø og motbakke, dette blir ein sterk av, og ho går som ei kule. Nøler ikkje i det heile, veldig flink Arwen.
26.01.08 Det har vore ein del ruskevêr, og motivasjon eller forhold har ikkje vore til stede til dei store treningsykter. I dag trena vi derimot passivitet det er Arwen blitt rå på, trur nesten ho har fått ein porsjon lim i rumpa.

Det blei litt felt søk på henne i dag, og ho er systematisk i søket sitt lover bra, og god nes som nesten alltid. Lange rett ut med stopp fekk ho også, farta henna må berre opplevast den er rå.

No er det markeringstrening vi må få trene, i tilegg må det trenast meir passivitet under stress, det vil sei fleire hundar mange kast og skott, venter berre på betre ver så får eg tromme saman nokre til markeringstrening. I tillegg må eg tenke på å planlegge ein del viltrening.

15.01.08 Vi var i skogen i dag,  felt, passivitet og rett ut var på  programmet. Arwen  ingen over og ingen ved sida, dette er turbo hund av beste merke.

Vi startar med passivitet, eg kastar ut 13 dymmi, begge to sitter og ser, Artemis får hente 4, og eg koplar Artemis, og legg ut dei 4 som Artemis har henta inn. Arwen sit fri, ikkje ein lyd, og ser behageleg roleg ut, og så slepp eg ho til, dei 13 dymmiane er inne på rekord tid.

Arwen må så sitte igjen, og eg kastar eit par markeringar til Artemis, dei kastar eg over hovudet på Arwen slik at ho må spring rett forbi Arwen, og hente dymmien tilbake til meg, Arwen sitt som ei statue, ho skjønar så klart at Artemis må opplærast.

Tilslutt er det utsending Arwen får, eg legg igjen 6 dymmi koplar Artemis, og komaderar Arwen på fot, og vi ruslar eit stykke Arwen få sit kommando, og vi ruslar vidare til vi finn oss ein egna plass å stå. Dette momentet går i motbakke, Arwen får lenger ut signal, og gjer jobben sin, på dei neste varierar eg med at ho får gå heilt  ut eller eg stoppar ho, og sender lenger ut, upåklageleg brå stopp i dag.

11.01.08 To gagar på rad har vi trena passivitet, Arwen må sitte og sjå på denne Artemis som skal lære seg felt, ho ser ganske mødd ut, og har heilt sikkert lyst til å hjelpe til, men ho sitt spikra still, og følgjer med på opplæringa.

Ho har dermed fått tatt seg ut på utseningar, rett ut, med stopp og lenger ut, og det er knall fart på henne.

06.01.08 Arwen fekk eit felt i dag som bestod av 6 dymmi + 3 micro. Målet med treninga var å gjere det litt vanskelig for henne, ho var ikkje klar over at eg hadde dei små dymmiane i lomma. Dei seks stor blei kasta til høgre og venstre + ein opp i eit tre, lengda på feltet ca 70 -80 meter djupt, ca 50 bredt. Dei tre små blei lagde i groper i terrenget.

Felt trening er viktig, hundane blir vanlegvis betre og betre med alderen, og av erfaring skal dei lære og ikkje søke seg bort på same plassen som dei har søkt tidelage, men søke seg bakover og frå side til side til heile området er finkjemma. Arwen er rimeleg god på denne rutinejobben, og først når heile området er finkjemma går ho over til å søke på nytt der ho har vore før, vist eg sender ho ut på nytt.

Arwen kan gå ut på nytt søk i det uendeleige vist ho må, ho er av ein type hund som er vanskelig å trøtte ut når ho jobbar, men det må sjåast på som ein positiv  ting, ho er nemleg snar til å legge seg til å kvile heime, også når ho ikkje har vore verken på tur eller har trena, ho har såleis dei rette retriever eigenskapane synsast eg.

Ho i litt godt hold og vi må få det omgjort til rein muskelmasse før vi startar på første prøve i år. Vi må derfor gå ein god del tur i terrenget for å brenne feitt til musklar( både eg og ho). Skal vi nulle, så skal det ikkje være på kondis, og ikkje vil vi miste noko premie på  grunn av dårleg kondis.

02.01.08 Kondisjonen på Arwen må opp og vekta må ned, det blir eit prioritert område, god fysisk form er regel nr 1 når ein stiller til jaktprøve. Lang tur i dag, motebakke og snø, dette bygger musklar. Hadde med nokre micro dymmiar som vi brukte til utsending, jobbe, jobbe då er Arwen på topp, ho blir så glad av ein liten treningsøkt, og i dag gjekk ho som ei kule, ho brå stoppar på signal, og ho går vidare ut på signal med eit herleg tempo.
30.12.07 Vekte kastaren min, og fekk han med ei lita økt, snøen hadde smelta bort i strandsona. Det blei derfor markeringar på Arwen i dag, på open mark. Arwen sleit litt med avstanden, lange markeringar bommer ho på, så her må det trenast mykje markeringar, vell å merke må eg ha kastar, det går ikkje å kaste sjølv, ho har då mykje betre fokus når eg kastar enn når vi brukar annen kastar.
29.12.07 Det nærmar seg års -slutt, og noko oppsummering trengst ikkje, i år har vi ikkje starta på noko som helst, vi har mål om å komme sterkt tilbake i 2008, og går utviklinga greitt med Arwen kjem vi til å stille på ein del prøver i 2008, og målet treng eg ikkje nemne det veit dei fleste.

I dag kom snøen igjen, hadde avtalt at eg skulle få med ein av sønna mine til å kaste markeringar til Arwen, men det blei det ikkje noko av, i tett snøkave er det dårleg vitring, og sikt.

I går trena vi derimot felt, og det er ein av Arwen sine gode sider, ho jobbar svert fort og meget effektivt, eg kasta ut feltet, og rusla inn i skogen, og sende ho frå ein 70 meter til feltet, ikkje mykje sommel med henne, ho er så stolt og glad i jobben sin at ho skin som ei sol når ho jobbar. Det er ein hund eg blir meir og meir imponert over, hadde ikkje bytt ho bort mot alt i verda.

25.12.07 Arwen fekk eit lite felt i dag, elles så trenar ho berre passivitet går roleg rundt foten min og ser på alt gale Artemis finn på. Eg skulle hatt nokon til å trene markeringa i lag med, er det nokon som meldar seg frivillig så er det berre å ta kontakt.
09.12.07 Arwen fekk 6 markeringar i dag, og vi hadde med kastar..  Ho søkte ein del på den første, men ho søkte ikkje stort så eg bles ho ikkje av, ho søkte faktisk målrett, dei andre fem var spikra. Vi trena kunn dette i dag.

Eg må alliere meg med kastar til markeringstrening, eg kjem ikkje til å kaste til Arwen sjølv når vi trenar, det må i så fall være enkle markeringar i forbindelse med dirigeringsmoment.

02.12.07 Arwen fekk litt trening i dag, rett ut etter dymmi, ho går som ei kule. Vinteren er spikra fast og her er skaresnø den er ikkje egna til trening, det er for hardt til å sette i fart ein hund av type Arwen det kan ende med skade av labbar og det som verre er. Vi ventar på regn og mildever, og det kjem heilt sikkert før eller seinare.
25.11.07 Endeleg ferdig med løpetid, og vi er i gang med treninga til det store målet vårt som er å få seg eit par 1pr i AK. I dag var det terping på fløytesignal, handsignal, innkalling. Her skal ting sitte, og eg vil tru at det sitter betre etterkvart som ho blir eldre, no er det påvirkning utafrå vi må prioritere, og vi må såleis trene der ting skjer, vi må trene opp det å konsentrere seg om jobben uansett kva som skjer rundt henne/oss. Moro å trene igjen..
05.11.07 Arwen har løpetid, men vi trena likevel litt i dag, ho har nettopp starta og terrenget var fritt for hannhundar :-) her gjelder det å passe på, så det blir nokk turing i band med Arwen også no i ei periode.

Vi trena litt av kvart i dag, vi var innom både felt og dirigering, det er slike øvinga ein kan gjere når ein trenar åleine, i markeringstrening må eg få nokon til å hjelpe til slik at Arwen held fokus, og ikkje blir god på markeringar når eg kastar, og ikkje klarar å markere godt nokk når situasjonen er med kastar, og skyttar.

Fart er nokk Arwens varemerke, den kan nokk som oftast ikkje beskrivast den må opplevast.

Vi hadde eit uhell med byting i dag, kvifor ho bytta kan eg ikkje analysere, skulde på at dymmiane låg for tett er ikkje grunn for byting, det vil alltid oppstå at ein finn to dymmi/ vilt nært. Dette var på feltet også.

På utsendinga eller rett ut treninga la eg alle dymmiane i ein sirkel nær ca 30 cm mellom kvar, dette for å repetere dette med å stole på at ho plukkar kunn ein inn, utan å bruke tid på å vurdere om ho tar med den rette. Eg stolar på ho, og rusla mine 100 meter, og det var riktig tenkt av meg, ho gjekk rett ut plukka ein utan å stusse på å byte, kom rett heim. Flink jente Arwen

01.11.07 I dag prioritere vi felt. Tok ein ny vri i treninga i dag, variasjon er som kjent nyttig. Vi gjekk rett igjennom skogen på fot, og kasta dymmi vekselvis til høgre og venstre, tok heilomvending og gjekk tilbake til utgangsposisjon. Sende så derifrå etter ei lita vente pause i passivitet. Dymmiane blei plukka effektivt inn, og i stort tempo som vanlig. Kunn godbit på siste dymmi i dag, Arwen må ned i vekt.. hi hi.. nei det er variasjon belønninga også. Ein voksen hund som kan sine ting, og har eit tempo som Arwen treng ikkje belønning etter kvar apport, har ein derimot hund i opplæring så er det heilt andre reglar som gjeld. Her er det trenings filosofien til kvar einskild trenar som gjeld, og det kan like gjerne være heilt utan godbit, sjølv hadde eg aldri valt å trene utan forsterkar. Gevinsten ved å bruke belønning som hunden liker, og vil jobbe hardt for, er så stor at den hadde eg aldri villa unnvera. ;-)
24.10.07 Ei lett treningsøkt i dag, her går det unna vi kjørar på med lange utsendingar ca 250 meter rett ut i motbakke. I dag gjor eg det litt vanskelig for henne på første utsending, eg plasserte ut eit par dymmi, og tok ho på plass og gjekk ca 70 meter, kasta så ein dymmi på skrå framover, gjekk så vidare utan Arwen ein 150 meter. Snudde meg og sende henne med lenger ut signal, no måtte ho konsentrere seg, eg såg det på henne at ho hadde mest lyst framover for å ta markeringa, ho kom også ca 10 meter framover før eg fekk sukk for meg :-) her stansa ho og eg fekk opplyse henne på nytt at det var lenger ut ho skulle. Her såg ho lyset, og rusa rett bak i Arwens tempo, og oppgåva vart løyst med stor fart. Den neste gjekk rett ut i stor fart, her måtte ho over ei lita grøft ca 150 meter ute, oppgåva blei løyst utan problem Topp, herleg hund å jobbe med.
21.10.07 Milt fin haustver og vi valte symjetrening i dag. Det var så stilt at eg kaste fleire dymmia på vatnet i ein gong, vi kunne då sende ut fleire gonger utan å måtte kaste på nytt. det ble som som utsending på vatn, og ikkje markerings trening. I tilegg kasta eg dobbelmarkeringar på vatnet, med tydeleg retningar. Eg valte konsekvent å sende henne på den eg kast først. Vi lykkast fint med denne øvinga, her gjelder det å være tydeleg og snu seg i riktig retning før ein sender, og bruke tid på ro. Arwen likar seg godt i vatn, og i dag var ho kjempeflink og gjekk villig i den retning eg sende henne, i tilegg var ho heilt still.
19.10.07 Knalltrening i dag, Arwen for kjørt seg hardt, og ho er god. Ser godt ut gjer ho også, blank i pelsen og litt for tjukk, vekta må vi få litt ned så ho ikkje pådrar seg belastningsskader, Arwen er hund som ikkje sparer seg, og då er det også viktig at vekta er riktig. I dag kjøte vi eit lite komprimert felt, og lange utsedingar på ca 200 m i motbakke, dette er både for kondisjon og signal, og så klart at ho kan gå langt fleire gongar på rad. Ho imponerar meg, og er er svert stolt av Arwen.
16.10.07 Lett tur på Arwen med innlagd, ut trening. Vi gjor som sist, men la no igjen 6 stykkar dymmia. Vi gjekk ei lita rute og kom igjen frå ein anna kant enn der vi la ut dymmiane. No er Arwen slik laga at ho kan jobbe både fysisk og kjedelig i masse utan å gå tom, dette er øvinga berre for slike arbeidsjern. Har ein hund som går tom så er dette ikkje måten å trene på.

Seks gongar løp ut på ca 100 m til same jobben, utan at farta blir redusert verken ut eller inn, det kan Arwen. Løpet ligg også i motbakke så dette er krevjandes, det eg har trena på no er å stanse henne nær dymminae i eit av løpa, dette med å stanse på lang avstand frå meg er mykje vanskeligare enn nært, stopp på 80 meter i staden for 40 eller 50, er eit moment som er mykje meir krevjandes. Variasjon i treninga, kan ein gjer på mange måtar, så klart tilpasse det til den hunden ein har. Går hunden tom etter to løp, så veit vi det, har ein ein hund som ikkje går tom kan ein trene slik, men kunn då.

14.10.07 Vi var å symja litt i dag, og så klart etter dymmi, eit par smell med 6 mm. Det var mest leik i dag, men dymmien er hellig med oss så den blir fint bringa heim uansett forhold. Vi hadde selskap av Kjersti og Molly også,  Molly er ein fin flatt og knakandeskjekk ho fekk også prøve litt, og Molly likte så klart å apportere frå vann.
13.10.07 Ei pittelita treningsøkt i dag.. I dag rusla eg og Arwen i veg med nokre dymmia, vi la frå oss tre stykkar som vi skulle ha inn som dirigeringar etter tur. Vi gjekk ei runde og vi tok ei trippel markering, det vil sei eg kasta tre dymmia, i tre forskjellige retningar, her måtte ho hente nr 1 først så nr 3, og til slutt nr 2, eg gjor det såre enkelt for henne, her skal eg ikkje tulle med Arwen, ho skal lykkast.

Til slutt måtte ho hente inn tre dirigeringar alle på ca 100meter, vi kom igjen frå ein annan kant slik momentet skulle være rimeleg vanskelig, men ikkje for Arwen, dette takla ho veldi bra. Og vi rusla stolt på fot tilbake til bilen vår :-) Arwen er kanskje eit kilo for tung, dette NP foret har gjort Arwen til ei kanonkule, og eg må nokk prøve på å regulere ned litt på mengda slik ho ikkje blir for tjukk. Det er godt å ha noko å gå på, men tjukk kan ho ikkje være...

29.09.07 Apport -konkurranse i regi av NRK av Sunnmøre. Delt 2.plass. Arwen var god på det meste, men markeringar på ca 200 m blei i lengste laget, trur faktisk det var kondisjonen hennar som kanskje ikkje strakk til,  (synsing). Ho hadde svert god allmennoppførsel, gjekk brukbart på fot. Meg sjølv og føringa var eg godt nøgd med i dag, eg var rolig, Arwen fekk berre positiv tilbakemelding. Momentet med å jobbe bevist med seg sjølv når ein førar hund er ein viktig del, det er nokk ikkje berre hund som skal yte.
25.09.07 Trening i dag, surt kaldt og med vind... Enkelt dagar burde eg berre holde meg heime. Eg førte dårleg, og Arwen var høgt oppe, dette er ingen god kombinasjon, samarbeidet var ikkje som det burde, og det tar eg på mi kappe. Eg er ukonsentrert og markerar dårleg det fører til at eg sender Arwen i feil retning det er ikkje bra. Sterk vind gjer vitring vanskelig, i tilegg dårleg lys, hundane ser ikkje allverda i skyming, og det å sjå markeringane kan by på problem. Arwen fekk nokk litt dårleg tilbakemelding frå meg i dag :-(  Eg må skjerpe meg..
24.09.07 Litt markeringstrening på Arwen i dag, doble apportar, med mitt val. Ho feila nokk ein gong i dag, men eg sytte for at ho måtte ta opp at øvinga slik den blei rett, og vi blei einige der også. Arwen er god på passivitet, ho sitt fjellfast laus, og ser på dei andre jobbar. Her blir ho berre betre og betre, og har ingen lyd, verken i passivitet eller i jobb.
21.09.07 Ei lita treningsøkt på Arwen og meg i dag, terping på detaljer handlar treninga vår om.. Linje eller rett legg eg inn som hovudoppgåva vår, dette er eit viktig moment å beherske. Hadde ikkje allverda med lengde å ta av, og i dag trena vi veikryss momentet mit på ei mark. Tre snorrette linje 180 grade og 90 grade. Gå snorrett er det viktigaste med denne øvinga. Dobbel markeringar 60 grader ut frå oss, det blir  då tydelege og lett og styre ho på riktig retning, og eg velgjer dymmi som skal inn, øvinga blir kunn gjort ein gong, og då riktig utøvd.
18.09.07 I dag har vi også trena dirigering, og ho går som ei kule i riktig retning, rask på stopp. Arwen er nokso trygg på signala mine, håper berre vi klarar å få generalisert det til å gjelde under press/ stress/ prøvesituasjon. Her er det at eg også må være topp konsentrert, og framstå trygg som fjell. Dette må eg jobbe bevist på når eg trenar i lag med fleire. dei to siste treningane har vi trena åleine. Maken til raskt arbeidsjern skal ein leite lenge etter.
16.09.07 Hadde ei fin treningsøkt med Arwen i dag, vi trena kunn rett ut, stopp og lenger ut, og det i tre retningar. Vi hadde ein fin tone og Arwen var svert lydhør i dag, reagerte kjapt på stopp signal, og gjekk ganske snorrett endå det var lange avstandar.  :-)
11.09.09 Jobb på linje med skudd og kast til trehundar, slik trening er bra for oss. Arwen har i mine auge blitt betre til å konsentrere seg, vi har trena fleire gangar i lag med andre, og eg har merka at ho er på veg tilbake ditt ho var. Eg har også ein del stress relatert adferd når eg går på linje som gir seg utslag i dårleg føring, så her må det jobbast med føring også. Arwen tok dei fleste markeringane bra, men ho bomma på nokre og eg valte då å kalle ho heim fort, noko som eg lukkast bra med i dag. Rein lydighets -trening på fløyta, få ho heim før ho søker felt etter markeringar. Vi avslutta med felt her gjekk vi par, og det var ein del springing,  Arwen  har bra kondis, og søker villig.
10.09.07 Litt marketing trening i passivitet, sitte laus å sjå på at eg kastar til andre.. Arwen er blitt ganske flink til dette, ho markera bra, men ho får ikkje hente, berre sitte å sjå på. Ho fekk hente eit par stykkar.. så litt fekk ho lov å jobbe ho også...
09.09.07 Lite grann trening i dag, passivitetstrening, det å sitte i ro på ei grusbane å sjå på ein arbeidsglad jaktlabrador er tingen... Konsentrere seg gjer Arwen når ho sitt slik å ser, og passivitet går veldi bra med henne no, ho sitt godt fast i bakken og er knyst still. Når ho endelig får lov å jobbe så er tempoet som det brukar å være stort.. Eg gir ho kunn enkle moment ennå, dette er viktig både for meg og henne, det at ho opplever å lukkast er nokså viktig for meg, og sjølvtiliten min og Arwen dett så på plass igjen. Litt vann markeringar blei det også i dag, Arven er våken og markerar presist, rask i alle delmoment.
05.09.07 Jakttrening i går kveld, Arwen er på veg tilbake,.. ho jobba effektivt spesielt merka eg dette i felt i arbeidet henna. Ho søker greitt med langsgåande slag, ho utredar fort og er konsentrert i jobben i dag. Markeringane tok ho også mykje betre i dag, vi la opp til litt kortare markeringar og enkle, dette for at eg vi ha tilbake full konsentrasjon på jobben før avstanden blir større. Det blei brukt skudd, og andre hundar som også apporterte, Arwen var knyst still i passiviteten på markeringane på land. Til slutt fekk ho to markeringar på vann, her sto vi godt inn på land, arbeidet utførde ho bra, stort tempo i alle moment.
27.08.07 I dag har vi trena markeringar med hagleskudd, doble men korte, her er tempoet mykje høgare enn behovet, dette synast Arwen er så moro at ho nølar aldri verken ut eller inn. Slik trening har vi hatt alt for lite av, men kanskje det kan bli litt meir i haust og vinter, her er nemleg eit par stykkar her inne som også vil trene og som i tilegg har kjempe gode hundar. Vi vil då kunne hjelpe kvarandre i markeringstrening, og Arwen sin konsentrasjonen kjem tilbake. Ho er nokk litt høgt oppe, men markeringstrening må ho ha, slik har eg oppfatta henne no, ho markerte bra i dag. Vi hadde nokk minst eit par markeringar ho bomma på, og ho vingla lite grann. Avstanden var grei å begynne med.. vi skal kjøre enkelt også, det er dumt å trene slik vi mislukkast for mykje, det skaper frustrasjon hos meg, og slik er som kjent overførbart til hund.
23.08.07 Arwen er ikkje på topp no, virke ukonsentrert, markar dårlig, dette skjønar eg ikkje, men det er ikkje alt eg skal skjøne. Vi får trene meir markering, og gjer det enklare, for så gå tilbake til større lengder. Fordelen til Arwen er at ho blir ikkje trøtt, men springe eit helt felt på markerigane er sløsing med krefter, her er det ikkje snakk om å hjelpe henne, her er det ho som må markere betre, om ho lar seg dirigere, så kjem det på eit ut, ho skal markere, og konsentrere seg, det er målet, og ikkje at eg skal dirigere ho på alle markeringar. Tempo og uthaldenheit er ikkje påklageleg, men...

Det var det same når vi skulle gå spor, ho konsentrer seg ikkje godt nokk på jobben, vi må nokk ta tida til hjelp for å komme tilbake der vi var, ikkje alt som er gjort i ei handevending.

19.08.07 Eg leggopp vanskelig, og stoppar ho før ho feilar, har med andre ord kommet tilbake der vi var( nesten). Har kjørt knallhardt på dirigering, no er det ikkje rom for noko feiling, stopp momentant. Eg hentar ho inn på alle feil også små feil, ser ikkje igjennom fingrane på noko slag.
16.08.07 Terpinga er starta, har starta med dirigeringstrening, starta der vi slapp i vinter, ho hører på meg og det er sannsynlig mykje lettare for henne å konsentrere seg når vi er åleine. Eg må ha fleire hundar, folk, smell, kast oftare skal vi komme oss vidare, og det skal vi så vi kan ikkje gå glipp av ei einaste trening.
15.08.07 He.. ny fellestrening i går, ja etter denne treninga er eg bombesikker på at eg ikkje skal starte på noko prøve i år. Arwen treng mykje trening i gruppe før vi skal melde på noko ny prøve.

Det positiv var at ho går på linje med andre hundar og er still, ikkje pip i det heile, tempoet hennar er stort. Det er hund med så stor motor at eg må til å gå inn med mykje terping på lydigheit eller hør på meg trening, så her kjem eg nokk til å måtte legge meir i føringa mi. Eg må jobbe meir med meg sjølv og føringa her kan vi forandre på ein del ting, dette med å stanse henne når ho feilar er blant ting eg må få gjort noko med.

I treninga skal eg også lære ho kva ho skal, ikkje vere så dum at eg bed ho gjere ein jobb ho ikkje kan. Det er dømt til å mislukkast.

08.08.07 Fellestrening i går, dette trengte vi. Ein god og fornuftig trening hadde vi, og i treninga blei det det lagt vekt på markeringsarbeid. Arwen er den same motoren som ho alltid har vore, men vi er ikkje god nokk til 1 pr i Ak, og det skal vi vere før vi startar, vi reiser ikkje land og strand rundt for 2 premiar, derfor melder vi ikkje på prøver i haust. Når det er nemnt så går vi over på alt det positive, ho har enorm fart like snar ut som inn, har opparbeid seg god kondisjon etter kvalpepermen, viser ingen trøttheit i trening alltid villig. Ho er fast til tusen, gode innkomst, fine avleveringar 0 risting av vann før avleveringar. Det inntrykk eg sitter tilbake med etter årets første fellestrening, og årets første markeringar er, her må det trenast markering også ikkje berre dirigering. Arwen er i bunne og grunn ein god markør, men i går sleit Arwen, ho vil så gjerne, og slår då over på kjempestor slag og søker alt for vidt, men nøye. Dette er situasjonar som Arwen kan gå ut av hand, og rett å slett søke av eit gigant område før ein får somme seg. I ein prøve samanheng kan dette føre til at både dirigerings vilt og felt kan komme inn før det skal ;-) I tilegg på ei fellestrening får ein også tilbakemelding på førarfeil som andre enn du sjølv legg merke til, dette er også bra, for då kan ein også kanskje endre seg til det betre.

Korleis eg skal handtere Arwen når ho evt. bommar på ei markering, må eg også tenke igjennom, ho er både lydhør og sjølvstendig. Er viltet skadeskutt så kan det flytte seg fort, men er viltet ein daud kråke eller ein dymmi så ligg det i ro, og har eg gjort jobben så skal eg også ha markert sånn sirka, skal eg då berre stoppe ho og sende ho til området, dette vil eg tenke igjennom, her er det mest sannsynlig eg som må handle, og ikkje la ho søke i store områder utanfor der markeringa ligg. I trening er det berre å avbryte og ta oppatt øvinga. ( Arwen kan gjerne ta opp at same øvinga i det uendelige utan å gå trøtt)

Det er ei stor sjølvbeløning når ho då finn noko, kanskje på ein annan plass enn der markering hadde landa, dette vil då forsterke henna til å forsette med å søke stort og vidt.

Er mottakeleg for gode tips, er det noko som har ein super løysing så er det berre å maile meg...

 

31.07.07 Vi har trena litt rett ut linje på Arwen, og tempoet henna på 10 dymmi er likt ut og inn, også nr 10, denne hunden er makelaus ;-) Eg må komme meg i gang med å trene i lag med andre, slik ho får sin del med passivitets trening, når Artemis veks til så må ho sjå ganske mykje på henne, det vil nokk få henne ned på jorda tenker eg. Passivitet er som sakt eit meget viktig moment i jakttrening, og det må trenast på også.
26.07.07 Når vi var på Sandsøya trena vi ein litt jaktmoment, Arwen må repetere grundig dirigeringssignal, ho er ein hund med enorm arbeidskapasitet derfor fart og søkslyst meget stor og utmerket nase, så ligg det noko som ho ynskjer å ta med heim må vi nokk jobbe med at snu på flekken, og ta det som eg bestemmer skal inn.. Dette er ting som må jobbast bevist med utan at det går utover sjølvstendig søk, i dei fleste tilfelle skal oppgåvene løysast utan at eg blandar meg inn.

Vanndirigering trena vi og eit par gonger, den jobben utførde ho bra, det er også eit vanskelig moment som må igjennomtrenast i mange situasjonar, eg har litt lite tilgang på godeplassar å trene vanndirigering på her som eg bur.

På sandsøya har eg ein svert fin plass;-) å trene dette på. Det krevjast gjerne at eg har eit vann som ein kan symje over, eller ein liten holme å symje ut til, utan at det blir kasta eller det blir gitt noko hjelpande signal.

Totalsett så var Arwen ikkje verst, når vi tar i betraktning at vi har vore utan trening ganske lenge, har veldi lyst å starte henne på ei prøve, men starar ikkje før ho er så god at vi må ha uflaks for å ikkje få 1pr, det er det vi vil starte for å få, målet er komme seg opp i EK OG JAKTE PÅ 1PR.Målet er ikkje uoppnåeleg med ein slik hund som Arwen.

06.07.07 Hadde med Hans Emil for å kaste litt dymmi på vann, Arwen får symje seg oppatt i kondisjon før vi startar med sykkeltrening. Ho symjar som ein fisk og det er bra trening for kondisjon og muskelbygging. Når det gjelder sjølve apporterings momentet i vann så er det bra på markeringar. Det blei to dobbelmarkeringar, og eg bestemmer kva som skal inn først, vi nyt også stillheita ei stund før ho får lov å gå i vannet. Dette med ro trening skal ikkje gløymast, Arwen har talent og er så konsentrert på jobben at det er ei sann glede å jobbe med henne. Arbeidslysta er som kjent stor, og den har ikkje blidt noko mindre etter ho blei mamma.
21.01.07 Fellesjakttrening i dag. Kaldt bra vær. Det blei litt markeringstrening på oss i dag,  rimeleg bra gjekk det, ho spikra ikkje, men søkt seg fram effektivt til dymmien. Vi fekk ei dobbel, her gjekk vi nærmare kaster slik oppgåva skulle være enkel, den var spikra, og eg bestemte kva som skal inn først. Masse motor har vi. Godt fornøgd med treninga.
06.01.07 Årets første felles jakttrening er overstått. Godt oppmøte var det også Været var vått og mildt, supert med andre ord, blir ikkje vinter i år. (Håper eg) Arwen tok fellesøvinga med knusandes ro, rolig og still. Arbeidstempo, tja.. ho kan danke ut ein kvar jakt labrador ;-) .... Vi trena litt markeringar, og det var greitt, dette med kast og at andre apporterar er bra trening, for Arwen, ho er still og rolig i passivitet og det er supert. Enkelt moment trena vi ein del åleine regelmessig., og ho er råbra, dette at ho klarer å konsentrere seg og slappe av i fellestreningar er jo gull verdt..
01.01.07 Denne Jula - romjula, og Nytt - års helga, har vi vore mykje på tur, 2-3 timar i fjellet kvar dag, bortsett frå ein dag då hadde vi kviledag (besøk av mamma og Pappa).

Ein del jakt moment har vi trena innimellom, vi har vore på tur å leine ..så det har ikkje vorte nok markeringstrening, meste dirigerings trening, lange rett ut, og veldi varierandes moment. Dei to siste dagane, har eg hatt med ein ekstra dymmi i tilegg til desse små snertne dirigerings dingsane mine. Vi har derfor hatt forstyrrings markering ved dirigeringslina vår. Ho har skjøna reglane, ikkje ta markering, men springe rett ut !!!

Og vi ventar på løpetid, vi som skulle få i frå oss dette kvalpestyret til våren, men... ikkje noko løpetid på gang ennå.

25..12.06 Lange turar blir det.. lite trening, vi bygger musklar og trener kondisjon.. Super ver, bart å fint, også i høgda, og mildt.

Litt trening blir det inni mellom, vi tar lange rett ut, og her går det unna, eit par hundrede meter, for så ta med heim ein dymmi på 2 x 10 cm. RÅSKINN!! Vi varierer dette momentet, med å sette ho med front mot meg gå ca 100 meter enten kalle inn eller sende bakut.. aldri heilt lik oppgåve, men vi går for gull kvar gong.

10.12.06 Laurdag, trena vi felt og markeringar. Eg hadde med Hans Emil til å kaste, vi varierte terreng avstand, og dobbel markeringar. Tempoet må opplevast, det kan ikkje beskrivast. Presisjon på å finne markeringane er god, også dette med å ta den som eg vil ha inn, når vi trena dobbel.

Tidlegare i veka har vi gått turar i skogen, og lagt inn litt dirigeringstrening, presisjons arbeid.

I dag har det blese så sterkt at vi har hold oss inne.

28.11.06 Lang tur i dag og, som i går legg ut tre dymmi før oss fer på tur.

Nydeleg mild ver utan snø, på innerlomma hadde eg med 4 små dymmi som vanleg, og vi la inn litt terping på turen vår. Målet mitt er at vi skal bli rå bra på dirigering, og eg prioriterar rett ut, og langt ut, i tilegg søk kommando når ho er på rett plass. Vi trena på ei open myr, stor og rett, og med hinder i form av grøfter. Her får eg verkeleg brynt Arwen på å springe snorrett, og det går unna, 100 meter rett ut går glatt, tempo kan eg ikkje klage på ;-) Ho går aldri lei, veldig kjekk hund å trene med.

Når vi var ferdige med turen vår tok vi inn dei tre dymmiane som vi la ut eit par timar tidlegare, ca 100meter ute, 3 x 100 m full fart, etter dette får ho ein neve med frolic på bakken, før vi går fri ved fot til bilen. Og søv som ein stein, i god stolen sin resten av dagen.

27.11.06 I dag la vi ut tre dymmi til dirigering som skule inn etter endt tur. Vi var på tur ca 2,5 timar, når vi kom tilbake til utgangspunktet tok Arwen inn desse tre, og i dag gjekk ho fort, og ho stansa ikkje for å få lenger ut signal, det var positivt, farta var stor tross over to timar med fri springing. Avstand ca 80 meter. 3 x 80 meter i full fart ;-) supert.
26.11.06 Vi går mykje tur, ca eit par timar for dag. Trening litt innimellom, men ikkje så mykje. Det blir fri ved fot til og frå bil, det er eg nøyen på. Ein del dirigeringsmoment tar eg av og til, brukar då bitte små dymmiar( lett å bære med seg på tur), og søk signalet blir testa skikkeleg. Ho kan  ikkje ta desse små dymmiane på synet, men må bruke nasen sin aktivt. Og då er det eit must å høre på meg ;-)

Hadde med meg kamera og ein gut som skulle ta bilde når Arwen henta inn eit felt, Dette var ein felt på frossen myr, skog, musestilt, hum vanskelig. dei som tar ein titt på bilda kan sjå ein sliten hund, men ho jobbar til den bitter end, utruleg til kondis og uthalden heit, super hund. SKRYT men det er sant. Sjå bilda her >>>

13.11.06 No har vi ikkje trena Jakt på fleire dagar, kunn gått tur i skogen. Vi trenar litt fri ved fot, ser vi folk, eller når vi forlèt bilen, og når vi nærmar oss bilen igjen går vi fri ved fot, dette er knakandes lurt å trene på.

Vi venter på løpetid, så vi er spent kvar dag, når kjem den..

09.11.06 Lett trening i dag, eg la ut to dymmi på ca 100 meter, før vi gjekk på tur. Eg hadde med 5stykker 200 grams dymmiar i sekken, dei er lette å bære med seg, og turen vår går til supre treningsområde då er det klokt å ha med litt dymmia.

Dei brukte vi til to felt etter kvarandre,  Arwen sitter eg går ein 50meter, og kaster tre dymmiar  i ein stor bue, går så inn over igjen, og kaster to ein til kvar side, dette er enorm påverking det treng eg ikkje, men eg vil ha søk utan at ho sporar etter meg, når ho skal finne desse fem dymmiane,

Ho søker seg ifrå side til side veldi bra dekking av terrenget, ho stoppar ikkje opp, og ho går seg ikkje fast i spesielle plasser, ho jobbar frå kant til kant effektivt. Når vi har fått inn desse fem, snur vi oss 180 grader, og tar det saman andre vegen.

Konsentrasjon, sitte stille å sjå meg kaste ut feltet gjer ho, og ho sitter musestille også,. luftar ikkje på ein labb. Dette felte går også strålande, ho må jobbe meir med dette feltet enn om det berre var utlagt, har ein føling av vitringshjelp i slike felt. Ho dekkjer område veldi bra jobbar, og jobbar, og oppnår resultat. Dette er ein super felt hund.

Etter ca to timar på tur er vi tilbake, tid for å ta dirigeringane. Den første utsendinga stoppar ho og lurer på om eg bles eller ?? det gjer ho av og til. DET SKAL HO IKKJE GJERE. Eg gav ho lenger ut signal og ho rusar resten i stor fart. ( det eg skulle ha gjort var å kalle ho inn for så å sende rett ut igjen, altso var det ein trenar feil i dag). Den andre gjekk i hundre rett ut hundrede meter, og i hundrede rett inn.

Grunnen til stoppen kan være korttids hukommelse frå dagen før, då terpa vi på stopp å gå lenger ut, eller gå til høgre. Signal terping.

05.11.06 I dag har snøen regna vekk, hipp hurra.. Vi tok oss ein tur hadde med dymmiane, og kjørte dirigering i dag med, i tillegg eit vanskelig felt, vanskelig terreng og oppgåve. Arwen er knall bra, ho liker vist godt å jobbe i klask regn.

Når eg trenar dirigering legg eg dymmiane nært kvarandre, dette for å styre ho til ein plass, altso ikkje søk på vegen ut. Dette kan eg gjær for di eg har hund som ikkje bytter veit at kun 1 inn i gangen og det er den første som blir plukka opp. ( dette må lærast, og det er ikkje noko som eg anbefaler andre gjære når dei trenar.) Eg brukar knapt "Nei" når vi jobbar med slike øvingar, klart må eg så gjær eg det, feil blir ikkje tolerert, vi unngår å legge feller, vi har med andre ord lært inn tidlegare kor det skal være. Svært viktig å ha sikker hund, som veit korleis det skal være og ikkje tvilar.

Felte la vi over eit kjempe område, vi gjekk i motbakke på ein brei skogsveg, kasta 4 dymmi på kvar side i løpet av ca 60 meter. Her var det ikkje vitring av meg som utlegger, men ein del hukommelse som følgje av lange kast til kvar side. Ho starta rått plukka inn dei to siste som vi kasta ganske raskt, ein på kvar side av vegen, så måtte nasearbeide starte, terrenget var bratt, kratt, rusk av felte trær osv. vanskelig. Alle dei 6 andre blei plukka inn etter eit godt søks arbeid.

04.11.06 Tok oss ei treningsøkt med dymmi i dag, det har vore snø her nokre dagar, og vi har berre gått turar( spring opp og ned i stort tempo) bygg gode musklar. Har ikkje trena på lenge..

Arwen elskar å trene, i dag blei det også dirigering, vi valte innmark( attelege) eg liker det best til dirigeringstrening, vil ha rette linjer. Vi( eg og Arwen) stilte oss mitt på marka,. ho måtte sitte, eg går å legg ut, rett fram 3 dymmi, til venstre 2 dymmi til høgre 3 dymmi, avstand ca 60meter i alle retningar.

No må ho hente inn dymmi, frå forskjellige retningar, men linja skal være rett. Dette er ei øving for å få ho til å springe heilt snorrett i den retninga som ho sitter og ser.. Og denne Arwen, ho spring sååå fort at får vi starta ho rett.. så går metrane fort unna. denne øvinga, er utan stier kantar, men dymmiane ligg ved jord kant ende, når ho kjem fram får ho stopp og søk signal. Øvinga er i grunnen det momentet springe rettframm.

Vi avslutta med eit dobbelkast, tydeleg, dette for at eg skal velje kva som skal hentast først. Det stri regna i heile treningsøkta vår, men det gjor ingen ting vi elskar regn ;-) og ikkje snø.

23.10.06 I dag, på starten av turen vår la eg ut dirigering( 3 dymmi) ca 70 m. Vi var ei ruslerunde i skogen for å ta bilde, i tillegg til det trena vi eit lite felt, kompakt, det gjelde å variere, eg har hund som lett spring svert stort i søket, derfor skal eg trene små og kompakte felt også.

Etter eit par timar var turen unnagjord, det var då å tenke på dirigeringane som vi  hadde lagt ut i starten. Supert, ho gjekk som ei kanon 0 problem, og rett med stor fart ;-) Dette er det vi kalla variere i treninga, det var ikkje skjult sida ho satt og såg når eg la den ut, men tida var etter to timer, enkel form for genrialisering av øving ;-) og at momentan gradvis blir vanskeligare.

22.10.06 Vi hadde ei økt med dirigeringstrening i dag, det vil sei terping på signal. Det er nokk på tide og auke vanskeligheitsgrada ein del, her må eg tenke før eg handlar. I åleine trening er det ikkje så vanskelig og auke vanskeligheitsgrada, og likevel lukkast, det er verre når vi trener i lag med andre.

No handlar jakttrening om svert mykje lydighetstrening, og likevel behalde motivasjon, og sjølvstendigarbeid der det trengst. Det er derfor ein veldig spennande hobby, det slår ut vanleg lp trening.(det blir så kjedeleg i forhold til jakttrening) at eg har lagt det på hylla inn til vidare.

Lange rett ut trena vi i dag, det at lina ut er rett og lang er det eg legg vekt på. Vi trena litt klokke også, dette er ein meir terping på at ho går ditt ho skal, og ikkje tar berre etter så ho synast sjølv, det handlar også om å sitt i ro, og rask gå i arbeid når ho får riktig signal.

I tillegg kasta eg ein dobbel der eg valte dymmi for henne. Her er eg tydeleg snur litt Arwen slik ho sitter i retning dymmi som skal inn.

Det blir berre alt for lite trening i lag med andre hundar, det å sitte passiv kunn å sjå på ein anna i arbeid er noko som Arwen skal kunne takle, det momentet blir det for lite trening på. Er det nokon som vill vere med på ei trening på dagtid er det berre å ta kontakt, og har ein hund som kan jobbe eller vil lære å jobbe...

15.10.06 I staden for tur i dag tok vi, ei stund med terping på signal.

Dirigeringsmoment kan trenast på ufatteleg mange kombinasjonar, vi skal bli bra på signal når vi trenar åleine, eg er av den oppfatning blir vi god åleine, blir vi med tida god under andre forhold også ( jaktprøve ).

Legg ein på sidelinja, kastar slik ho blir litt tend på den. Ho skal ikkje bestemme når ho vil hente inn den, men det skal eg. Eg er veldig nøyen på rettvinkla, det at vi trenar 90 grandar og ikkje 60 grandars vinklar. Derfor setter eg ho på klokke, og går unna no er det rett ut, og kanskje 90grader vist eg finn på det. Ho får det inn med teskje, men eg opplever henne som arbeidsglad med stort tempo, berre ho får apportere så er ho 100% konsentrert, elskar å jobbe. Stopper eg ho med fløta så kan vinkelen bli 60 grader, derfor setter eg ho på klokke. terping....

Dirigeringsbiten trur eg er den delen som for oss er viktig å konsentrere oss om, blir vi god der blir også premiane god, markeringsemne, og fart har ho rikeleg mon av.

Planlegging av genrialiseringa er og viktig for oss no, ikkje berre hopp i kva som helst men tenke nøye over kor eg skal unngå feile slik at ho sjølvbelønar seg med ein apport ho ikkje skal ha. eller går over i frittsøk.

Eg har slutta med å legge dymmiane i linje, legg dei  heller i ein omkrets på 60.100 cm, dette på grunn av at eg ikkje vil ha søk på vegen ut men søk når eg gir signal. Beveger meg i frå dymmiane i staden, dette blir det same med avstanden som linjetag, "men berre betre for oss", for di ho går til eit etablert område, og får søk signal, eller stopp signal, og søk.

13.10.06 Tilbake etter haustferie...

Vi har trena litt, og det har i hovudtrekk våre dirigering, då nøye planlagt kva eg skal trene på. Vi har brukte skudd, dette for å venje Arwen til at det nødvendigvis ikkje er noko kast på skudd, og ho skal lytte til meg, fordi eg veit best på dirigering ;-) Mykje bra trening, og vi har feila svert lite, det er rein terping på signal.

To storefelt har vi trena, her hadde vi to- tre -fire - linje, i trapp, og eg har det oppover ein bakke derfor lett å sjå kor ho jobbar med nasa det er imponerandes å sjå. Skulle berre ha hatt ein hund til slik eg fekk kjøre ein del par, og annakvar hund. Arwen har eit tempo i jobben som er lov å skryte av, ganske systematisk er ho i søket allereie tross henna unge alder.

07.10.06 I dag trena vi felt, det er noko som vi ikkje har gjort på lang tid.. Arwen synast det var stor stas å få søke fritt, ikkje dette maset med rett ut, og kunn gjer som ho mor befaler.. Kjempestort felt med 9 dymmi, blei plukka inn i høgt tempo.
03.10.06 Lange rett ut var vår trening i dag, no er det kunn rettlinje eg trener, vil ha ein hund som kan gå 200 m rett ut, utan å forandre retning. I dag hadde vi 150 m og det går fort unna, forstå eigentlig ikkje kor ho tar det frå, men farta er så imponerandes god. Ho trefte punktet i dag,  punktet der dymmiane ligg er ca70 cm bredt.

I tilegg tok eg ein enkel dobbelmarkering, dvs, det kan gjerast vanskelig sjølv om den er enkel. Eg kasta ein til kvar side, gjekk og la dei andre dymmiane i bilen. Tilbake til hunden, og sender ho på den ho ikkje fokuserer på, snur ho eit kvart tørn, og lar ho fokusere i retning av dymmi. Sender Arwen og ho henter den eg valte, så setter ho seg i retninga av den andre sjølv, og ho hentar inn den andre tilslutt.

01.10.06 Fellesjakttrening, det er passivitettrening og gull verdt. Arwen var flink låg stort sett ved sida av sekken min, eg hadde med kamera og sat å kika inn i det.

Tilbake til treninga, innkalling frå sitt på fløyte har eg klart å lære inn NO. ( treng ikkje rope påplass eller kom) Ho kjem som eit lyn, og eg kan stå med fløyta i munnen lenge før eg bles, ho ventar på signal.

Fri ved fot, her vil ho gå fort... dette momentet må trenast masse. Eg bruker minimalt med kommando under fri ved fot, ho hentar seg inn sjølv, men det er ikkje fint å sjå på 1meter fram, og 1 meter rygge tilbake, her må vi finne ei løysing som fungerar langsiktig.

30.09.06 Moment i dirigering er det vi jobbar med ennå.... det trur eg er noko som må terpast, repeterast  ofte.  Arwen er så full av drifter at ho går som ein torpedo. DÅ må ho kunne alt på rams skal vi unngå noko utredning på eigen hand ;-) når ho ikkje skal det då.

Vi deler det opp i moment, i dag har vi repetert nærsøk kommando. Her blir ho sendt til eit punkt ikkje langt frå meg, og får nærsøk kommando fløytesignal, ho skal på dette punktet nytte nasa til å finne noko, ikkje syne, det er eit viktig moment. Dette skal terpast slik ho skjønar at ved det signalet skal ho søke, og ho skal også ha lært at ho finn noko på dette signalet, berre ho brukar nasa si.

I tillegg har eg kjørt ho på snorrette langt ut, 150m, eg har tatt ei pause frå linjetag, legg heller dymmyane på ein plass, som blir eit kjent punkt. Startar på ca 70 m og beveger meg lenger i frå til eg har 150 m. Ved å bruke denne metoden så er det kunn rettut vi trenar og ikkje søk på veg ut som ofte blir når dymmyane ligg etter kvarandre. I dag brukte vi ikkje stige/skogkant/veg, men på åpen mark.. eg er godt nøgd med treninga, ho trefte punktet på 0.50 cm på 150 m det er BRA!! Og det tyder at ho spring rett ut, langt. Eg har tru på at å trene på denne måten,  får ho lengda i kroppen, og ikkje skjær ut i ei bue, før eg evt. stopper ho. Skal prøve å få med ein hjelper som kan skyte eit knall, på 20-50 meter unna, og bruke same framgangs metode.

Stopptreninga skal vi ta som eige moment, og ikkje på slike lange ut sendingstreningar. Vi tar det på korte, grunnene er ikkje at ho ikkje stopper, men ho reduserar farta i ei bue og stopper, då kjem ho 5 m frå linja ut. Øvinga dirigering, består av mange moment, akkurat som ein anna øving, derfor er det lurt å trene enkle moment, sette dei saman til ei heil øving av og til, som på ei jaktprøve.

23.09.06 Aktivitetsdag i Nrk avd Sunnmøre.

Workingtest opplegg 5 poster. 4 x 20 poeng. 0 på ein post ;-) den var ikkje enkel, min hund var så snar at eg rakk knapt å få fram fløyta før feil dymmi var plukka opp. Dymmi var plassert på ein haug, vi skulle passere ut mot dirigerings dymmien, sterk vind og langt frå meg, ho slo på dymmien vips så var den oppplukka og 0. Det positive var at linja ut var heilt rett, og ho går fort. Markeringane var spikra, her er ho rå, trur ho kan konkurrere med kven som helst når det gjeld markeringar og fart ut og inn.

18.09.06 Småting ennå her, bokstavelig talt, bittesmå dymmies, nærsøk kommandoen er det vi skal lære oss, og vi skal bli rå bra på det. Små dymmi, kvifor hum.. no kan du lure. Det er kun det vi trenar no for tida, momentet skal lærast, og eg har funne meg ein metode som eg prøver ut. Vi trenar det annakvar dag, og det er 4-6 søk på kvar trening. Eg får vertifall blåsetrening, små korte, lave blås er mine signal når ho er i nærsøk...

 

11.09.06 Det er små ting vi trenar på no... ting som vi har slurva med før. Har starta heilt på bar bakke med nærsøk kommando trening. Der er eit moment som er viktig, her skal søket være av liten radius eg trener på 1-2 meter i diameter. Går ho ut av området skal også innkallinga sitte, då er det rett heim.( kjem ho ikkje blir ho henta.) Desse momenta er delemoment i dirigeringa. I dirigerings -trening skal Arwen "ALDRI" meir få bruke frittsøk for å finne noko som ho tar med heim ;-) Dirigering er kun gå ditt mor peiker.

Ei anna sak som og handlar om å gå ditt mor seier er, val av markeringar som skal hentast inn, dette har vi trena på ein god del før så vi er ikkje så aller verst på det, vi skall berre bli endå sikrare. Eg bestemmer alltid kva som skal inn først. Problemet bruker dukke opp når ho ikkje finn noko der ho markerte, og går over i feltsøk, gjerne tilbake der ho allereie har henta inn ein. Her er det då viktig at vi klarer å bryte søk adferden, og få Arwen heim. Fritt søk( stortsøk ute av hand) skal aldri være lovelig på ei trening. Det handlar mykje om å ha tankar om kva eg skal gjær når det skjær seg, og handle deretter. Tenkt på kva problem som kan dukke opp. Det skal då være så gjennomtenkt at det skal løysast når problemet oppstår og ikkje på neste trening, handlingsplan må ein ha. Nøkkelen er lydigheit kombinert med god arbeidslyst, då kjem vi langt. ( vi manglar litt av lydigheita ennå, men den kjem)

27.08.06 I dag var det Arwen sin tur... Vi blei klubbmeister i jakt åpenklasse. Det var opplegge som ein WT, 5 poster + ein finalepost med Walkup  eg skal prøve og legge ut nærmare beskriving av postane når eg får poengsummane. Poengsummane er no ute på egen side>>>

Dommer var Kirsten Norberg, prøveleder var Jurjen, begge to gjor ein utmerket jobb. Kjempemoro.

23.08.06 Var ein tur til eit vatn.. Arwen fekk hente inn tre kast. Eller så trener vi ikkje apportering.
20.08.06 Vi var på ei felles jakttrening i dag, Arwen utfører jobben sin med stil, full fart ut, og like fort inn, 0 lyd. Ein god del passivitet trening, og det ser vi på som eit viktig moment.
16.08.06 Ps. vi melder på klubbmeisterskapet, det må vi få med oss.
10.08.06 Jakttreninga har vi lagt på hylla. Vi skal trene svert lite, det meste grunnleggandes sitter godt. Vi tar ei pause, og skal kome sterkt tilbake neste år.
27.07.06 Er på Sandsøya på ferie, litt trening blir det.

No legg eg vekt på dirigeringsbiten... både på vann og på land. Terping om igjen, på ting eg trudde ho kunne så godt ;-) ho kan det faktisk.. ikkje tilstrekeleg heiter det når ho ikkje kan på prøver ;-), på prøve koplar ho av (ein form for blokkering) av mine signal.

Eit punkt eg ikkje har vore flink nokk til å trene på er.. innkalling med fløyte når ho feilar, eg har trena mykje planke med opplagt at ho lykkast, og nesten aldri hatt behov for å kalle inn, ho kjem fort tilbake når dymmi er plukka opp. Har ho feila så har eg bråte, 0 belønning. Planen er å terpe mykje innkalling med fløyte, få innkallings- biten like bra som på appellbana ? er det mulig, så er det mitt nye delemål.

Signal terping, her er ho rimelig sikker og det varmar godt å sjå at det fungerer ganske bra på trening, og at ho går ditt eg vil ha ho.

Vanndirigeringa trena vi over på ein holme, legg bort dymmies på fjøresjø, og brukar floda til å hente dei i land igjen.

Anne har filma litt vann -dirigering, så vist eg får henne til å redigere filmen,  kjem den ut før eller seinare, no er det berre fint ver og sommarferie og ikkje så mykje data på henne og.

21.07.06 Fellestrening i går, ja sikra vart eg på at det blir ikkje fleire startar i år på jaktprøve. Vi må få orden på den dirigeringsbiten vår, den er ikkje bra. Det ho skal lære er å stoppe på fløyta!! Terping og atter terping, men vi har rimeleg god tid å få orden på dette, neste år skal Arwen være rå bra på dirigering ;-) det får være målet vårt.
12.07.06 No har vi starta på skudd- trening ved dirigeringar, no skal vi ha ladd start- pistol klar.. kvar gong vi trenar, dette skal bli plankekjøring med tida.

Vi startar på nytt, og lærer det heilt i frå grunnen av, men no skal vi bruke skudd i treninga. Signaltrening er noko som vi må trene separat og ofte, dette er ting som må repeterast omigjen skal det sitte, alt som ikkje blir vedlikehaldt forfell.

08.07.06 NLM - rein trening på prøve, vi synest det var topp. Arwen var som vanleg bra på det ho kunne, markeringar- dobbele, fot gåing, fast og konsentrert, men når vi kom til dirigeringar, flippa ho ut !! Her har eg gjort ei stor tabbe,  har ikkje generalisert øvinga med skudd som forstyrelsar. Ho spring på skudd plassen med lukka ører ;-) Arwen  koplar ikkje at det er dirigering, men det skal vi klare å løyse.

Målet mitt om ein 1pr i AK i  år har eg skrinlagt, vi stiller ikkje på fleire prøver i år. Neste år skal vi kome sterkt, og eg vil tru at vi får dirigeringsbiten på plass til neste år.

04.07.06 Gjennomtenkte prøver, søndagens "bortreist" kan komme av væskemangel, ho ligg mykje i bilen og drikk lite, når Arwen legg frå seg kanin for å drikke så er det noko som ikkje stemmer. Her må eg  få i ho rikeleg med væske, før vi startar.. korleis?

Dirigeringsmomentet er litt pussigt at ho flippa så ut på,  og eg veit at ho kann dette rimeleg bra. Ein grunn kan være at vi ikkje har trena dette momentet med skudd, slik ho koplar ikkje situasjonen rett, men dette er ting vi skal finne ei løysing på, og vi skal kome sterkare igjen neste sesong, vi stiller ikkje på fleire prøver i år.

Eg ser på det positive, ho er heilt fast, ikkje noko lyd, og ho har ikkje skada vilt, utgangspunktet vårt er godt å jobbe ut i frå.

03.07.06 To nye AK prøver har vi vore igjennom i helga.... Laurdag blei det ein 2 AK og eg er nøgd med det vi gjor, feilen vår var på dirigeringa, her er Arwen ikkje lydhør på prøve, det har eg erfart skikkeleg no.

AK kritikken frå laurdag>>

Søndag blei det 0 noko av det same som hende på fosen, ho er mentalt tom på dag to. Ikkje lydhør på dirigeringa, mangel på motivasjon i feltet.

26.06.06 Vi har vore på ei samling med fellestrening av jaktmoment, etter jaktprøva ..då med fokus på dirigering, ho hadde litt det same som på prøve, på avstand blir ho meir sjølvstendig, og mindre lydhør.

Vi har terpa litt på kloss hold dette med retningar, då kan ho det, som plankekjøring, men når avstanden blir stor, og nasa slår inn med vitring vill ho løyse, vitre ut før ho tar kontakt ;-) dette må eg nokk jobbe med.

19.06.06

Prøve, tankar..

 

Vi stilte i AK på fosen >>>

To dagar med prøve setter sine spor, Arwen vist seg fram frå ei heilt ukjent side på desse prøvene ho lukka ørene. Fullstendig døv. Det ho kan på trening kan ho ikkje på prøve, så her må vi gå grundig til verks for å komme til buns i dette. Vist ikkje tør eg ikkje stille ho meir. Det går ikkje ann å flippe heilt ut på prøve, dette må løysast.

Laurdag fekk vi premie, og ho løyse oppgåva etter kvart, men eg er lagt frå nøgd med arbeide henne, det var ikkje i nærheita av det Arwen kan på trening.

Søndag blei det 0. Her var ho bortreis på dagen. Denne oppvisninga kunne vi godt ha vore forutan. Prøva var grei og vi burde løyste dei fleste oppgåvene rimeleg bra, men Arwen klarte ikkje det enklaste ein gong, markeringane ho gjekk over i felt søk .. sprang, og sprang, utan å stoppe på signal, når ho endeleg fann ein dymmi plukka ho den opp, for så å legge den ned igjen og drikke vann ;-) heilt på tryne.

 

06.06.06 I går var det fellestrening med vilt. Arwen har ikkje trena med vilt sida tideleg i haust, men ingen grunn til uro ho var super spontan som vanleg. Problemet var heller ho var heit. Vi starta med litt slurv, det legg eg ikkje vekt på, momentet i går var vilt, og det satt. Det blei også ein del vannarbeid, symje over vatnet, og gå i land etter måse for så å symje over igjen. Her var ho arbeidsvillig, rask heim, og fine avleveringar.
04.06.06 Ei bra treningsøkt i dag. Par trening blei det på Arwen, og det fungerte bra, ho var flink. Ein del vannarbeid, det bestod av å symje over ei elv og så gå i land for og ta med ein dymmi heim, passivitet medan den andre hunden gjor som vi.  Dette gjekk bra, ikkje noko problem, bra trening. Vi avslutta med eit nokso djupt felt, anna kvar hund henta dymmi. Dette med gjekk rimeleg bra.
31.05.06 Fellestrening, heile 8 hundar.. Arwen var så å sei heilt still ikkje ein lyd, det var positivt. Det starta med ei dobbel markering som vi var heilt på bærtur med, ho fann ikkje det første og gjekk til den andre, den var på ei open mark, her blei det felt springing, og eg bles ho av og ville ha ho heim, no brukar eg vanlig vis ha ein bra lydhør hund, men i dag, synast ho det var no måte på å ikkje få kome heim med noko. ;-(

På neste økt tok vi to enkle for å få ein lykkeleg slutt, her løyste Arwen oppgåva si som vanleg raskt og ganske perfekt ut i frå min målestokk.

Vi avslutta treningsøkta med jakt lydigheit, den gjekk  brukbart bra, nokre feil hadde vi den eine større enn den burde være, får kunn skulde på meg sjølv eg var ikkje nokk våken. Som konklusjon ei svært nyttig trening.

29.05.06 Vi har vore heime på sandsøya.. litt ferie må ein ha, men trena har vi gjort likevel, litt kvar dag. Det vi har jobba ein del med er dirigering. Arwen er svert lydhør, og reagera raskt på signal. Derfor må stopp nyttast varsamt vist ikkje stopper ho utan signal. Ho skal oppretthalde svert stort tempo, men stoppe vist ho får signal, og då evt. gå ei anna retning etter teikn.

Det eg prioriterar er å gå rett ut sjølv om det ligg dymmi både på venstre og høgre sida som ho veit om. No har vi nytta open mark ikkje stiar, dette for å gjer momentet sikrare. Går ho skeivt må ho stoppe og starte på nytt, det er lett ho drar mot side apportane, men skal vi ha rett line ut må vi berre terpe på riktig moment, ikkje sjå gjennom fingrane. Eg stoppar ho med fløyte går tilbake og hentar ho plasserar ho på lina igjen, startar på nytt, rein terping.

Ein del symje turar har det også blitt, ho er ein svert god symjar og symjar langt utan å nøle. Avlevringane er framme ståandes når ho kjem frå vatn, alle andre er no "på plass" avleviringar med sitt.

22.05.06 Litt enkel dirigeringstrening, men vanskelig vist du ikkje trener riktig, det går på lydigheit, og presisjon.
21.05.06 Arwen har fått litt pause i treninga si, det gjer berre godt. I dag trena vi i vatn, dobble og enkle markeringar. Stille ikkje ein lyd medan ho ventar på å få gå i vatnet, det er bra.
12.05.06 Fellestrening i går.. Passiviteten var bra, ho var brukbart roleg. Fotgåinga var her IKKJE bra, eg gjentok kommando fleire gonger, ho gjekk framom meg , åt gras osv...  Ho har løpetid, og eg veit ikkje heilt kor det virke inn på henne. Momenta som blei brukt i går var litt i vanskeligaste laget for henne, vi feila for mykje, og det er ikkje bra.
02.05.06 Trening på fotgåing i skogen, lange strekningar, og no vil eg ha ein perfekt fotgåing, så det er målet med treninga i dag.
01.05.06 Tre apporter på sjø i dag, på sjø går ho fort ut i vannet, vi starta frå tre forskjellige utgangar, dette er for at det ikkje skal være noko hindringar som hemmar henne, vi skal trene på det meste. Det var det heile i dag.... bortsett frå fotgåing det er eit viktig moment og skal trenast ofte.
17.04.06 Snøkave i dag og... Felt i dag. Tok 9 dymmy kasta i ein U dette gjer eg vanlegvis ikkje, men i dag gjor eg det. Arwen sitter og ser, eg går ca 20 meter i frå ho og kastar 9 dymmy. Rundt oss er det ei 2 meter lang og ca 2 meter høg grøft på alle kantar. No er det ikkje vitring frå meg i feltet så eg trur det er litt vanskeligare enn normalt. Nei.... tempoet er upåklageleg og ho løyser oppgåva kjapt. Etterpå var der programmering i dirigering. Det er vanskelige moment eg køyrer på ho, men sikkert Arwen får ikkje så mykje anledning til å feile. Og vi har alltid kasta ei markering under dirigeringa som skal hentast inn før vi er ferdige. I dag var den godt spikra etter vi hadde jobba ca 7-10 min med dirigering.
15.04.06 Årets første sjø apport. 2 dymmy fekk Arwen apportere frå  sjø, det var kaldt så det held med 2. Ho nøler ikkje, stor fart rett på dymmy, kastar seg i vatne med stor iver, symjar godt som ho gjor i fjor. I tillegg trena vi dirigering, her er det terp på detaljer, ho skal gå snorrett, og går ho ikkje snorrett så må vi starte på nytt. ( Arwen er lydhør, går ho feil og eg stoppar ho.. så stoppar ho) Og vi startar på nytt, snarveg påskrå tillet eg ikkje, her skal vi være firkanta. Legg inn  kantar i linja, eller over veg, gjennom busk, prøver bruke litt fantasi for å få generalisere dette.
11.04.06 I dag har trena vi dirigering igjen, Arwen er topp motivert til å  jobbe. Lange rett ut trena vi, stoppa på fløyte og i dag, lenger ut signalet er godt befesta. Gjekk ein del fri ved fot, stoppar og berre venter, ser på sjøen og fuglane som flyg. Dette med å være passiv går bra, det er noko som eg vil prioritere og trene også når eg trenar åleine. Ho er heilt still når vi trenar, og når vi stoppar for å sjå ut i lufta.
06.04.06 Litt trening i dag. Felt komprimert, masse dymmi i liten omkrets, dette er å trene på å springe over dymmi, når ho har ein i munnen. Ikkje søke med dymmi i munnen men rett heim, Arwen lokaliserar, men byter ikkje. I tillegg hadde vi markering bak felte, den tok ho inn etter 4 felt dymmia, og så ut igjen for å plukke inn 4 til.

Rettut trena vi, eg kjører på med ca 100m vil ha hund som går langt ut, ikkje problem med å stoppe ho, så det trena vi ikkje. Snorrett skal ho gå, så gjer ho ikkje det så må ho nokk stoppe, og starte på nytt ;-) dette litt av koden for å få til dette. Stopp er på fløyte eg brukar ikkje nei i treninga, det er kunn i dei situasjonar ho kan komme til å øydelegge for andre då bruker eg Nei !! vist eg må.

03.04.06 Ei god ygt med trening i dag. Vi var innom felt, markering og dirigeringstrening. Starta med felt, sette Arwen i sitt, kasta ei markering bak feltet, la så ut 8 dymmi i felt, gjekk tilbake til Arwen, vi snudde mot markeringa og ho hadde den spikra. Felte gjekk upåklagelig bra!! Bevega oss litt til ein plass der vi trenar dirigering, her er det full rulle, eg prioriterar linja, men vi hadde mange vanskelige moment, rett ut er ca 100m. Eg brukte ein L, 3 stykkar på 75 -100m, 3stykker i andre enden av L her på ca 40- 60 m. Vi starta med å kaste ei markering før eg la ut dirigeringane. Eg kalla ho mot meg i det eg hadde lagt ut lengste markeringane, sette ho i sitt på gjekk tilbake til stamplass, sende  ho på den fyrste på lenger ut signal. Når den var inne fekk ho hente markeringa, så var det rett ut i den kortaste enden av L. Rett ut på den lengste, så rett ut på den kortaste, og tilbake og rett ut på den lengste, for til slutt hende det siste i den kortaste enden av L en. Vi avslutta med ei dobbelmarkering, dei satt spikra begge to.

Konklusjon av denne treninga, Arwen er super Arwen!! Farta er like stor ut som inn, og ho går rett ut, endå vi har fleire alternativ dymmia ute, signala våre er med andre ord ganske faste ;-) Eg brukar, nesten aldri fløyte, treng det ikkje, i dag sprang ho over dymmi på linja inn.

31.03.06 Under turen vår i dag blei det ei linje, 4 dymmi, rett ut, den fyste som kom inn kasta eg som eg markering bak. Arwen henta så 2 til frå linja, etter det  fekk ho hente markeringa, og tilslutt rett-ut på den som var igjen på linja, og det var også den som var lengst ute. Alt perfekt.

Vi hadde mykje moro med tennisball og leik i dag, prøvde oss på litt bilde, men fekk ikkje noko blink der i dag nei.. venter på snøen skal forsvinne. Ta bilde er vanskeligare enn å trene jakt.. men moro når vi treffer.

30.03.06 Dirigeringstrening i dag, super Arwen, fart.... rå og lydhør og går som ei kanon akkurat ditt ho skal. Dette er eg sikker på henger samane med min trenings måte, ho er sikker. Eg prioriterar linja ut den må sitte, og eg trenar ikkje blinde. Stopp skal vere stoppmomentant, men her er eg måteholdig i treninga, dette er moment som kan redusere farta vist vi trenar for mykje av det.

Eg varierte ein god del moment i dag, lenger ut, kom mot med stopp, og gå rett vinkel til sides igjen. Det er ei glede å jobbe med Arwen, no venter vi på mildvêr, slik vi får starte med trening i vann. Der er eg meir usikker, vi har sikkert ein del jobb med vanndirigeringa før vi er klar for AK.

27.03.06 I skogen for å løyse "innkallings problemet" vårt, Arwen har berre aldri fått prøvt dette her før. Ho har ei super innkalling i alle andre situasjonar, berre ikkje når eg har bedt ho sitte, då sitter ho trykt ;-) På appell innkalling frå sitt har ho kanon tempo. Det skal ho ha frå sitt også når eg brukar fløyte, det skal ny innlærast, reknar med at vi skal klare det. Vi er i gang med treninga vertifall.
26.03.06 Organisert jakttrening i dag, med fokus på dirigering. "Min hund er for spontan var den mangellappen ho fekk i dag". Rå fart ut, raskt opptak og rå fart inn. Tempo til Arwen er eg stolt av, det må opplevast.  Veldig god og planlagt trening i dag, så takk til Jurjen.

Det var ei svært nyttig trening, eg fekk med meg ein del ting som skal lærast inn "fort".. Eg erfarte nemleg det at Arwen sat fjellfast sjølv om eg ropar bles i fløyta osv. Eg har ikkje trena på dette momentet, ho er ung og ikkje alt er lært, eg går varsamt i døra... men vi er påmeldt i AK så innkalling frå sitt må ho kunne. Ho er spikar fast i underlage når eg har kommandert ho til å sitte ;-) Ikkje noko problem med innkalling når ho er i arbeid eller.. fritt springandes. Eg hadde altso eit innkallings problem i dag.

16.03.06 Felt i dag. Arwen fekk kommando "sitt" og eg la ut felt 8 dymmi, og 1 dirigerings apport bak feltet. Feltet la eg kompakt i to område, oppe på stein og tett inn til røter. All trening skal ha ein plan, og grunnen til at eg la feltet tett er, at rett heim om ho vitrar "meir" skulle testast. Dette momentet skall sitte fjellfast, aldri meir enn ein apport i munnen. ;-) Ho fekk hente inn 2 feltapporter, ( ein i gongen) vi snudde og tok dirigerings apporten. Til slutt fekk ho hente inn resten av feltet, og det i Arwens vanlige store fart.
15.03.06 I går kveld var det fellesjakttrening. Vi starta med felles sitt, under denne øvinga kom det ein skottserie frå skytebanna, Arwen satt fjellfast. Det vart vente trening på oss, når det er godt oppmøte på trening, blir det derfor passivtrening, og det er det mest nødvendige momentet for oss, den biten klarte ho bra.

Arwen har super fart i alle moment, gode avlevringar, eg har omskolert ho til at ho setter seg på sida i staden for framme, kvifor kan i grunngi vist nokon lurar, men ikkje her. Fot gåinga var bra i går. Eg er godt nøgd med trening.

13.03.06 Nydeleg ver her no, vi har hatt vår faste time i skogen.. To - ti min går av og til til trening, og det blei det i dag også. To dymmi hadde vi med, desse200 grams dymmiane er fine og ha i lomma. Vi jobbar med avansert dirigeringsmoment, dette med å ha mage val, og likevel ta det som eg vil ho skal ta. Måtte vente før eg bestemmer kva som skal hentast først, dette er eit momentet som kan framskaffe lyd, men eg har det ikkje. Det er faktisk det aller viktigaste, har vi lyd, så får vi ingen god premie. ;-) og det vil vi ha.
11.03.06 Hadde med hjelp i dag, og vi fekk ei vellukka jakttrening. 10 apporteringar  blei utført med stil, og det var mykje innretta mot dirigering og lydigheit, markering blei kasta før utsending. Kasta også markering når ho var på veg heim. Ei dobbel markering fekk ho også. Vi kjører berre ein av kvar øving. Alle moment satt spikra, og ho reagerar momentant på stopp signal, i svert stor fart, eg blåser av kunn når ho har stor fart, dette får å unngå ho ventar på å bli stoppa.
09.03.06 Lenge sida vi har trena jaktmoment i skogen, vi har mykje snø. I dag tok eg med to dymmi når vi var på vår faste tur. Eg er stolt av  Arwen, ho er berre rå bra, ho må opplevast. Vi trena dirigerings moment, alt var 100% ho er super rask reagerar spontant på fløyta, er 100% sikker på min retningar. Masse skryt men ho fortenar det.
07.03.06 I dag trena vi litt Jaktmoment, fot gåing i gruppe, kast av dymmi under marsj utan å stoppe. Vi klarte oss svert bra, 0 knall, og 0 lyd.
06.02.04 Hadde tinga kastar i dag og det hadde eg, Arwen bedømde avstand dårleg, grunnen veit eg ikkje, kan være kraftig vind. Ho fekk 4 markeringar, alle kom inn, men dei var ikkje spikra, ho fekk ikkje hjelpe signal, men søkte seg fram til dei sjølvstendig, avstand 150m-200m, open attelege mark. Kastar var referanse punkt, slik ho burde klart oppgåva raskare, men det kan være vinden som spelte oss eit puss, fart hadde ho.
05.02.06 Felles jakttrening i dag. Godt oppmøte, regn og vår vær i starten på februar det er bra. Gode treningsvenner er eit must å ha. I dag blei det både passivitettrening, dymmi kaster, wok up med vilt, vi hadde ei bra trening. Arwen har alt for lite slik trening, vi trener mykje aleine, men ho løyste oppgåva godt synast eg, alt kan gjærast betre, og det er målet vårt. I dag trena vi i Vaksvika, og det var på innmark.
03.02.06 Lang tur i tåka i dag, planen var å trene litt i dag. Vi leitar etter varierte terreng eller plassar å trene som vi ikkje har trena før. I dag fann vi oss ein oversiktleg plass, og eg tok dei 9 dymmiane som eg gjekk rundt og bar på ryggen. Nr1 la eg ut som dirigering, nr 2 kasta eg som ei markering, dei andre 7 la eg i eit felt. Arwen sitt still og fylgjer med på dei heile, helt still, og roleg. Vi starta med dirigeringa, tok så inn markeringa, for til slutt plukke inn feltet. Eg valte den rekkefylgja på apporteringane fordi eg ville ikkje at ho skulle prøve seg på dirigerings eller markeringa når ho plukka feltet. Vi lukkast 100% og ho er svært sikker på kva ho skal gjære.
31.01.06 Felt, 9 dymmi. Sitt helt roleg og svært konsentrert når eg legg feltet, og helt lyd fri. Høgt tempo på heile jobben.

Fot trena vi, her slit vi med litt for langt fram, no er eg bevist på det, og er i ferd med å legge ein arbeidsplan for endring. Steg nr 1. slutt å ta oppat kommandoen. Kunn ein kommando, fot, om vi skal gå 100 m eller 10m.

29.01.06 Tre lange rett ut, 150 m. I tilegg trena vi konsentrasjon berre sitte på fot, og gå fot.
28.01.06 Dirigerings trening i dag, eller teikn vedlikehald som eg eigentlig driv med. Dette at ho går riktig på trening er ein god start, i dag var vi skikkelig heldige alt klaffa. Vi trena høgre, venstre, lenge ut, og rett ut. Ho går riktig. Dette trena vi på ei attelege som var snøfri, men litt hard. Etter, kjørte vi til ein skogsområde, og trena felt, i dag brukte vi 9 dymmi. Stort klatrefelt i dag.

Ho veldig bra, 0 lyd, og svert konsentrert, no er det berre å håpe eg klarer og få treent nokk i lag med andre.

23.01.06 Bært og optimale treningsforhold ute i dag. Det blei 14 apportar i dag, og alle perfekt utført ;-) 7 i rett linje, og 7 i felt, ingen kast. Sette Arwen i sitt, la to dymmi 10 meter bak ho, gjekk så ca 70m framom og la ei linje på 5 dymmia. Sende så den fyrste med lenger ut signal på ca 70 meter, den kom inn i forrykandes fart, den andre blei så sendt rett ut, den tok ho like fort inn. Vi gjekk så fot tilbake til utgangsposisjon, og sende 5 rett ut. Alt inn i like stort tempo. I tilegg har vi gått ca 500 m fri ved fot i skogen i dag, men full fokus på riktige plassering.
22.01.06 Årets første felles jakttrening, glatt og is, men topp og hjelpsame treningsvenner. Arwen skulle liksom gå i par i dag, litt simulert prøveopplegg. Tja.. vi he igjen ein god del jobb før vi er klar for AK.

Ho har superfart, den er det ikkje noko å sei på, topp innkomst og avlevringar, det beviser for meg at eg har brukt rett trening her. Fot gåinga blir for uryddig går litt lang framme, er så konsentrert på apportering at ho setter seg tregt når eg stopper, her må det tenkast. Eg vil ha hund som setter seg utan å bli minnet på det  med minst mulig kommando. Oppgåvene var kanskje litt vanskelige i går, det at ho ikkje var helt i topp på alle moment har ingen betyding. Litt vente lyd, men ikkje noko og skrike over, er helt still når den andre jobbar då fylgjer ho med. Meir slik trening så blir vi god ;-)

18.01.06 Kjempe vær i dag, nesten bert. Flott tur i skogen med ein del dymmia på ryggen. Eit vanskeleg felt som Arwen plukka inn utruleg fort. Vi tok også nokre dobbelmarkeringa, og det er eg som bestemmer kva ho skal hente først, det er ikkje noko vanskeleg for Arwen å skjøne no. I tilegg trena vi litt dirigering, men det var for mykje vegetasjon ti at det blei effektivt. Kort dirigeringar vi må trene det og, slik ho ikkje spring hundrede meter før ho reagerar ;-) god fart på min hund.
13.01.06 Litt bert i dag på tuene i skogen, det blei nytta til felt trening!! gjett om Arwen var i hundrede..

Eg kasta ei markering, og så la eg ut feltet, Arwen sitter roleg og gled seg til å få lov å jobbe litt. Felte er ute, ho hentar inn to dymmia, vi snur oss og ho får signal om å hente markeringa, den satt som spikra, ho får hente resten av felte, og det går så fort at det må nesten opplevast får å sanse arbeides tempo henna. Vi avslutta med litt dirigeringsterping. Hadde ikkje med ball så i dag blei det masse godbit etter jobb.

27.12.05 Endeleg seier Arwen, no er det lenge sida ho he fått sprunge etter dymmi !! I dag tok eg med eit par dymmi, og då blir ho enormt glad ;-) Dette er nemleg det aller kjekkaste ho veit.

Ho har i ei periode kunn fått sprunge heilt utan noko form for trening når vi har vore på tur. Kunn to ting held eg fast på, gå fot rette etter vi parkerar bil, og siste 50 meterane til bil.

Ho fekk i dag lange dirigeringa på frossen snø, i tilegg to dobbelmarkeringar. Stoppar på fløyte ( brå stoppar) sitter også fort vist eg gir signal om det ;-) kjempebra.

Det einaste eg manglar er makker hund ;-( skulla gjerne ha trena meir i lag med annan hund, no når eg har kunn ein hund blir det lite slik trening.

14.12.05 Regn i dag og, nytta det til trening av felt. Vi varierar terrenget, det er er nyttig i genrialiseringa, vi fann oss ein fin plass i dag. Fint lett skråande terreng med litt vegetasjon, men oversikteleg. Arwen er ein svert god felt hund, og jobbar utan å trøttast, eg legg store felt med dymmi høgt oppe på steinar, tuer, svokker alt blir nytta. Effektiv og høgt tempo er henna varemerke. Etter på gjekk vi tur, ho fekk då springe i alle grøfter, søyler som ho fann, og det er også ein del av henna gode liv ;-)
12.12.05 Trena i dag, svert lange rett ut 150 m. Går utan noko problem, fire stykkar ein med avblåsing, og lenger ut signal. I tilegg trena vi klokka, signal på å gå rett retning, og vente på signal er denne treninga skal vere god til. Til slutt blei det ein dobbelmarkering, her snudde vi og tok den som eg kasts fyrst, ho hadde fokus på den siste. Dette gjær eg for å teste at ho hentar den eg vil ho skal hente. Treninga i dag var på stor open atelege, og her kan markeringar være svert vanskeleg, i dag spikra ho dei. Milt og bert, håper det blir slik lenge...
11.12.05 Vi har hatt ein helgetur til Sandsøya.. Litt trening blei det i mykje vind og regn ;-) Lange rett ut, her er mykje bra, og dette momentet skal vi bli god på. Vi trena og nokre markeringar. Suveren på det er Arwen..
05.12.05 Tok med eit par dymmi på turen i dag. Få lov å trene litt liker både Arwen og eg ;-) Vi trena på enkle ting, som kan være vanskeleg og vi må repetere . Innkalling til fot etter eg har lagt ut dymmi for ei klokke kan være ei utfordring, gjekk greitt det i dag.. vi gjekk der etter fot tilbake til utgansposisjon, og eg valte kva side ho skulle apportere frå. Dette er trening av konsentrasjon, ro, hukommelse, og ikkje minst jaktlydighet.

I dag fekk vi sjå to hjortar på nært hold, dei var kunn ca 20 meter frå oss. Arwen fekk kommando fot, og satt helt roleg og såg kor dei flykta frå oss og vidare inn i skogen. Kjekt med hund som klarar dette.

26.11.05 Klokke trening på skogsturen i dag, Arwen blir sikrare på dette momentet, har no dymmi i 3 retningar og ho stolar på mine signal.
25.11.05 Hadde plukka med ein del dymmi, og kjørt til ei stor open atelege planen var trene dirigering, men det blei det ikkje noko av eg hadde lagt igjen fløyta heime ;-(  . Det vart i staden enkel markering, på open mark, her er det ikkje referansepunkt, og det kan vere vanskeleg især vist oss beveger oss før dymmi skal hentast inn. No blei det med to enkle på grunn av at eg ikkje hadde fløyta mi.
23.11.05 Jippi... snøen er på veg bort her med oss. I dag trena vi felt, eg er fæl no legg det vanskeleg, under rot, og opp på høge steina, men nei.. min Arwen synast ikkje det er så komplisert ho. Søker seg fram til alt og i stor fart, og brukar eit minimum av tid. Heilt roleg, lyd fri, avleverar perfekt, kva anna kan ein ynskje seg..
22.11.05 Snø enno her ;-) Det tyder at vi ikkje har topp forhold til jakt trening. Vi har likevel trena litt rett ut sending i dag, og alt utan å nytte Nei . Stopp på fløyte er  noko som eg repeterar, og då brukar eg tennisball. Sitt teikn har eg og lært inn, skal ikkje bruke sitt teikne alltid, derfor så er blås i fløyta stopp sjå hit. Skal ho sitte gir eg ekstra signal, dette er på grunn av i prøve slurvar vi med konsekvent, stoppar hund på prøve, får den ofte gå vidare utan at den sitt, det skal ikkje eg ha noko av. Skal ikkje ha ny innlæring etter kvar prøve.
12.11.05 Fellestrening. Flott mildt ver midt i november, topp treningsforhold. I går var vi 4 som deltok på trening. Felt var hovud temaet, Arwen starta med passivitet, ho fekk sitte og sjå på, medan eit felt blei kasta ut, kasta ut på grunn av at ny hund skulle få litt hjelp til å forstå oppgåva. Arwen satt ca 5 meter frå meg, ho var helt still. Eg vente i lag med Arwen, medan den første hunden plukke inn dymmi, den tok raskt inn 3-4 stykkar. Arwen var veldig bra på passiviteten i dag. No var det henna tur, ho plukka raskt og effektivt, dekker område svert bra, både i dybde og bredde, farta er topp, og det er nasebruken og. Vi trena i tillegg  markering, Arwen markerar bra, ho feilbedømte avstand på ein dymmi, finsøkte, meter for meter lenger ut, til ho hadde den, mista ikkje plassen med hollt område der markeringa var. Er i dag godt nøgd med treninga vår, Arwen var still i passivitet når andre hundar jobba, vi gler oss til 2006 sesongen og AK.
10.11.05 Rask sykkeltur i dag, med sekk på ryggen med dymmi. Rett ut trening, med dymmi på begge sider. Ho skal gå rett så her er det trening på detaljer, ei linje skal vere rett, vist ikkje må det blåast for stopp, og starte på nytt.
05.11.05 Fellestrening med apport på vatn. Her starta eg med ei stor førartabbe den var så stor (eller lang) at kunn dei som var til stede får vite det ;-) Vi hadde også ein del lyd i dag. Lenge sidan vi har trena i lag med andre. Viltbehandling var svert fin, det var avleveringane også og i hand.
04.11.05 Sykla til trenings plassen i dag. Må nytte dette utruleg flotte fine November veret. I dag var det helt stilt, og det betyr lite vitring. Eg la ut eit felt som ver smalt og langt. Vitringa var dårleg trudde eg, men Arwen min tykte ikkje det, og plukka fort heile feltet. I tilegg blei det enkel markering, kast og gå på fot ca 40 m, vente i eit par min. deretter får ho hente inn markringen.
01.11.05 I dag har vi sykla til eit trenings område, 10 min på sykkel, og fem minutt å gå, då er vi i eit super terreng. Vi skulle ikkje trene i dag, men skulle ta bilete og være i ro. Dymmi hadde vi med, kjekt å ha til staffasje på bileta. Bilete frå plassen vi var på er å sjå på fotosida mi. Bandtvangen er og oppheva i dag!!!
31.10.05 1 km med fri ved fot i skogen i dag!! Eit felt med 7 dymmi, god vitring, eg la dymmiane i svokker før å gjære det litt vanskelig. Så lenge eg ikkje har stress eller lyd, så trener vi. Arwen er fantastisk roleg når vi trenar i alle vente situasjonar. Når ho slepp på jobb der i mot har ho ei imponerandes fart. Ho søker stort vitar ut, og finn dymmi, rett heim i stor fart, ho går ikkje igjen i same område med dekker svert bra.
30.10.05 I dag er det såå... mildt at eg valte å trene i vatn. Og vatnet var ikkje kaldare no enn midt på sommaren. Arwen stor kosar seg med å få apportere i vatn, og ikkje ein lyd i dag berre moro. Ho hadde ein utruleg god ut sending til slutt, eg kasta ein dymmi langt veldi langt når no var på veg heim . Denne såg ho ikkje kvar landa, når eg sendte ho på den sprang ho i feil retning og oppe på land, der ei tidlegare markering hadde hamna. Eg fekk ho på fot igjen, og prøva på nytt no med dirigerings signal (tenkte meg ein dymmi mindre i dag). Rett ut, og ho gjekk rett ut ca 60 m på vatn. 5-7 meter til venstre frå dymmien hadde ho den i nasa. Dette var ei skikkeleg vellukka utsending. Når eg  sender på så lange apportar, og eg ser Arwen bere symjar på utan å nøle, når ho då vitrar og opplever det at endeleg der var den, varmar det i kroppen.
28.10.05 Sykkel tur med ein full sekk med dymmi i dag. Vi må bygge musklar framme ;-)  Trena i dag meir dirigering, rett ut langt ut 150 m. Felt i god vind, her får Arwen nytte nasa bra, ikkje berre springe etter dymmi.. Kjem nokk til å prioritere ein del felt før snøen kjem, dirigering kan vi ta i snø også. Felt arbeide er rått, ho har stor fart, men slår utruleg bra på nasa, og vitra opp dymmi på mange meter. Eg har eit meisterverk av ein hund ;-) som eg er er stolt av. Fot gåing her trenar vi, dette med å kunne gå fot over stokk å stein, må lærast, stopp for å berre å sitt still på fot er krevjande trening, og det gjer vi stort sett kvar gong vi trenar jaktmoment..
27.10.05 No er løpetida til Arwen i retur, og vi har trena litt i dag. Dirigering eller langt ut det var målet i dag, og no blir det vanskelegare etter kvart for henne, men ikkje vanskelegare enn at eg har kontroll på at ho klarar det som ho blir sett til. 100 m rett ut trena vi i dag. I tilegg hadde vi ein markering på sida som ho fekk hente inn etter 4 rett ut i begge retningar.
20.10.05 Heile tre apporter fekk Arwen i dag. To lange rett ut, den nr 1 snudde vi ryggen til og sende med lenger ut signal. 70m, når eg fekk inn den, kasta eg den på sidelinja, og sende Arwen rett ut signal ca 80 m, her gjekk ho rett linje på dymmien, tilslutt fekk ho hente markeringen på sidelinja. Det var det heile i dag. I tilegg stoppa vi går litt på fot, står musestille i fleire minuttar, og kunn ventar slik trening er nyttig passivitetstrening.
17.10.05 No er det pause i treninga vår, vi har kunn trena på å gå fot. Ro trening skal prioriterast. 3 timar på fjellet i dag.
02.10.05

92

Teikn terping, skal prioriterar den rette linja. har ofte brukte tre på linje, i enkelte høve tar Arwen og stoppar på den tredje og snur ser på meg og ventar på at eg skal gi eit lenger ut teikn. Kvifor ho gjær det, ja sei det, eg har gitt slikt signal når ho har stoppa, også når eg ikkje har blåst av.. Ho skal ikkje stoppe utan at eg bles i fløyta, så i dag har eg ikkje gitt signal for lenger ut når ho har stoppa. Eg har kalla ho inn og sendt på ny rett linje. Har trenet lenger ut også, men ikkje blåst av for å stoppe og gi lenger ut signal. Kunn frå sittande og vent på signal.

Dobbel markering tok oss og i dag, med meg sjølv som kastar, sende ho på den som eg kasta fyrst, dette med å bestemme kva ho skal ta fyrst er eg nøya med. Ho ser naturleg på den som blei kasta sist, og hentar den fyrst om ho får velje. No er det slik at når vi skal opp i klassane så er det ikkje ho som veljar men dommaren. Og då er det klart ein fordel at ho tar den som eg veljar for henne fyrst. Dette moment er innlært, det er ikkje noko kamp eller nei roping med oss (det er fy fy og vi gjær ikkje det). Ho har naturleg lært seg og gå i den retning som eg peikar, eg hjelpar henne med andre ord i markeringsarbeidet, eg og veit omtrent kor dymmien landa, og sender ho med hand signal i den retninga, dette er innlærd på enkel markeringar, og blei ikkje noko vanskeleg på dobbele.  Det som kan dukke opp som problem er vist ikkje dymmien blir funnen og ho går til den til andre. Vi kan då kalle rett inn å sende på den andre. Dette med lydighet er  viktig, det skal være ein kombinasjon av sjølvstendig arbeid, med retteleiing vist det trengst.