Ja- kullet     7 kvalpar fødde 18 mars, alle har det bra:) 2 tisper og 5 hannar,  Alle kvalpane er no lovet bort, så ingen fleire kvalpar her på lenge ennå..
22.05.2009

Namne foreslag til  (premie når du henter din hund:)) Ja-kullet>>>

Her blir det påfyll av bilde i alle 8 vekene kvalpane skal bu her>>>>
Les gjerne stamboka til kombinasjonen her>>>>>
 
22.05.09 
Då er alle kvalpane reist ut, og eg sitt igjen åleine med to store hundar:)  Jalmar var den siste som drog, og han reiste til Trøndelag, bilturen hadde gått supert, Jalmar hadde sove mykje av tida, og det er oss godt nøgd med. Jalmar hadde kjørt fleire gangar bil, og vi kan trygt sei han var bilvant når han drog:)

Jackie blir heitandes Jackie også til daglig har Henriette bestemt, så slik er det. Jackie kjem hit ein tur i morgon og skal opphalde seg her med Henriette er på utstilling i sunnmørshallen, vi held oss heime siden Artemis har mista pelsen sin, og hund utan pels på utstilling er ikkje så lurt:)

No når alle kvalpane er flytta ut, så startar vi ei ny info side om Ja-kullet, eller eit nyt blad i boka om vi kan kalle det det. Litt lang lastetid på denne sida på grunn av bilda derfor nyt ark. Der kjem info, og litt lesarbrev frå kvalpane, vist det dukkar opp noko på e-post. Vi har fått info om Jatzi som no heiter Eira, så vi startar med det.

Albumet må også oppdaterast det kjem etterkvart.

 
18.05.09
Då er store gullet vår flytta til Henriette. Jackie skal no heite Py, og eg vil kalle ho Jackie Py, men vekt på Py. Denne tispa høyre til meg, men Henriette vil ha den daglige omsorga for henne.

Py skal prøve seg på litt av kvart, Henriette vil trene lp med henne, og stille ut, og i tilfelle ho er bra nokk til å gå i avl, så må ho Jaktpremierast, den biten klare dei også. I tilegg så skal Jackie Py bo i lag med ein kjempesnill golden som er Emma, og Jackie Py er i dei beste hender.

Jalmar vart derfor litt einsam i dag, og han saknar søskena sine, tryggaste plassen er under stolen min. Dette at flokken forsvinn trur eg er verre enn å flytte ut :) Då startar dei med blanke ark, men no plutselig er syskena borte, saknet etter ein varm haug å legge seg på er der trur eg. Jalmar er likevel rolig under min stol, og søv. Derimot kan han ikkje ligge i kjellaren åleine, men han skal ligge i lag med meg. Han får ikkje gråte seg til søvns her i huset.

Jalmar og eg har også vore på hundetrening i dag, dette med sjå andre hundar var visk ikkje noko problem for Jalmar.

Jalmar var sjølvsikker å rolig satt ved mine fotar som eg ønsket han skulle. Eg er ikkje tilhengar av overhelsing på flat, og mine hundar har alltid måtte lære å være rolig i lag med andre hundar, altso ikkje absolutt bort til andre hundar, men rolig sitte og slappe av når andre hundar er tilstede.

Dette med å få kontakt med sin hund, når andre hundar er tilstede, tja det er ikkje vanskelig berre ei fokuserar rett.. Start tideleg og tren kontakt der andre hundar er, og ikkje utsetje det så lenge at når du først startar så må du være 100 meter frå andre hundar, mitt  gloheite tips, kom i forkjøpet på problema, ikkje lag dei :) tren på å være rolig der andre hundar er. Ikkje hels på alle hundar, og la din hund ikkje få springe for mykje tulling, vel hundevenner til din hund med omhug, den treng ikkje å helse på alle, vær kresen og lag reglar.

 

18.05.09
I går reiste også Jasper, tilbakemeldingane kom, og Jasper hadde tatt turen herifrå til Åfarnes flott, hann hadde sove litt, sitte litt på fanget å sett ut:) Jasper har også sove bra i natt, og det er god start i ein ny heim.

Jasper og Anders, (har mål) og det er at Jasper skal bli ein ny NRH hund, og forhåpentlig bli godkjent i NRH ein gong framtida. Vi skal følgje med Jasper her på heimesida, korleis det går og om han er brukandes til det han er tenkt til:).

Jasper vil få ei eiga side der eg vill legge inn litt info som Anders vil gi oss, om Jasper sine framgangar eller tilbakesteg:) i trening på veg til målet.

Jasper var den av kvalpane som virka lettast bygd av hannane, og han er lograndes glad i alt og alle, trygg og avreagere veldig fort på ting og tang, stor leikelyst, og lett å få kontakt med. Jasper kjem som ei kule på innkalling og det virka som kjemien med Jasper og Anders er på plass, så vi kryssar fingrane, og ønskjer dei lykke til:)

Jasper viser seg også for kamera!! Talentfull hund, som dei andre også er så klart. Jasper vende alltid rett heim med det hann plukka opp, og han plukka alltid med munnen utan å bruke labbane først. Dette er ting eg ser etter når eg vurderar hund. Jasper har heller ingen lyd, og han hadde vore ein gullfugl til jakttrening.
 
17.05.09
God 17 mai feiring til alle!!
Jatzi "Eira" til daglig, nybadet og nyetablert. Jatzi driver innkallingstreninga og etter tilbakemeldingane så kjem ho som ei "kule" kanskje det er ei lita Arwen -kule.. he he, det er positivt ment, Arwen tenker seg aldri om når ho vert beden om å komme, ho har alltid vore ei kule:)
 

I går drog James og Jappe  ut i den store verda nærmare bestemt til Oslo området. Tilbakemelding er komet, begge to er komet heim og reisa gjekk bra for begge.

Litt lyd på Jappe og han synast at Strynetunnelane var ekstra skumle, der kom det nemlig mest flatlyd:) men dette med lyd forsvinn etterkvart, og er ikkje noko å bry seg om, berre å kjøre og lat igjen øyra, sett på musikk, det går over:)

Alle flatter liker kjøre bil:) så berre kjør masse når kvalpen er liten, og la den gjerne få godbit kvar gong den går inn i bilen.)

James sov vist heilt til Lillehammer:)

Tilbakemelding frå Jatzi og Jack sin første natt i nye heimane er strålandes, dei har sove bra, og fann seg til rette i nye heimane fort. ÅÅÅ det er så godt å høyre at kvalpane har det bra, og er tilfreds.

 
15.05.09
Då er to av kvalpane flytta ut, først ut var Jatzi, ho reiste til sin nye heim ca kl 10.30. Jatzi skulle på ein lenger biltur til Oslo, så vi var lit spent på korleis det gjekk:) Alt hadde gått bra litt pistring i starten, men så retta det seg, og Jatzi sov seg igjennom bilturen. No er det berre å håpe på at det går like greitt til natta:)

Jack hadde ein kort tur, og var rolig på turen til sin nye heim.

Bilkjøring var ikkje noko skumelt frå dag 1,det er bra, berre å kjøre mykje slik at dette med bil blir heilt naturleg. Og når bilkjøring er heilt naturleg, så blir det omvendt, ikkje være med på alle turar, men være heime også, dette er eit viktig moment å trene.

Etabler gode vanar, altso ikkje med alltid, men kunne være heim er også eit moment som må inn:) Måtte berre nemne det, for dette med hund som skal være med alltid kan av og til bli slitsamt:) her i huset har vi det slik, ikkje altid med på tur, men må også være igjen heime (dette må lærast litt etter litt)

Eg har i kveld klipt alle klørne på kvalpane som er igjen, det eg ser er at dei kvalpane som er mest aktiv slit også mest klør:) Alle måtte klippe alle klør, og litt urolig i start fasa, alle roa seg slik eg fekk klippet alle klørne, ingen er hysteriske eller spesielt vanskelige å klippe. DETTE er viktig å forsette med når kvalpen kjem til sin nye heim, om ein ikkje klippe masse så litt bort i klo med klosaksa for å markere at dette må til og du slepp ikkje unna, basta bom. Skap ein trygg, og lydig hund tideleg, og opptre sjølvsikkert.

 
14.05.09
Turen til veterinær gjekk bra, utover var det ein som skrik litt, og eg er ikkje helt sikker på kven det var, så det lar vi ligge, men heim igjen sove heile følgje, både når vi kjørte og når vi reiste med fergje. Ute med veterinære gjekk det flott tenker vi på den mentalebiten, alle var trygge, og let seg ikkje vippe av pinnen. Det nye miljøet tok dei kjempebra, alle fekk vaksine chip og kontroll, og ingen alvorlige merknadar på nokon.

To av gutane hadde berre ein testikkel nede når dei vart undersøkt, men i kveld kjenne eg begge to på begge hannane, så testiklane går litt opp og ned ennå, og det er normalt.

Heim igjen og ut i fineværet, sove litt og leike litt, det som er no når kvalpane har blidt så store, og har skikkelig sylskarpe tenner, det kan bli eit og anna merker her å der på kvarandre, for leiken kan gå skikkelig brutalt for seg når kvalpane har blidt så store og sterke, tempoet er høgt, og det er lyden også når dei startar å krangle/leike ganske tøft. Det er ein oppleving å sjå der dei rusar etter kvarande i eit forrykandes tempo.

Så kom det ein e-post i frå "Canis reklame" for slipp av nytt nr av bladet "Canis" klikk deg inn her å sjå få framsida av det nyre bladet!! Jau, Arwen og Artemis på framsida, bra at redaktøren velje skikkelege brukshundar på framsida Canis nettbutikk - alt til hunden!  Canis nr 3 2009, har Arwen og Artemis på framsida:) bra ikkje sant??

 
13.05.09
Då er 8 vekers bilda også ute, eg har mange, og mange nesten like, og eg har ikkje studert detaljer, kunn grov sett på dei og lagt ut eit av kvar kvalp.
 
Magane er bra igjen, og fineværet har dukka opp:) I dag har vi gjort eit forsøk på å ta oppstillingsbilde, det følgje no med då, pliktbilde for alle :), for meg er det viktig, sjølv om eg prioriterar det bruksmessig, så vil eg likevel følgje med kva slags eksteriør det blir av kombinasjonen.

Slik eg ser kvalpane no er alle bra skapte, og har fine uttrykk og hovud. Eg håper fleste mulig prøver seg på kvalpeshow når kvalpane blir 4 månadar, dette med kvalpeshow er ein fin måte å lære på, og ein lære mykje på å delta, og kan forberede seg og hund på korleis ein stille ut hunden som voksen.

I morgon er det på biltur, og reise med fergje, uffa.. håper det ikkje blir for mykje lyd:) Kvalpane skal til veterinærkontroll, få sprøyte og få chipen med id nr. Håper på det beste og at det er bra med alle, sjølv har eg sett på bitte på kvalpane og det er bra ut så langt.

Det med å lytte på hjerte og slike detaljer er alltid spennandes, ein veit aldri det er samansette genar, og det er ingen garanti om alt er bra sjølv om det opplevast slik, så litt spent er eg så klart..  men kryssar fingra for at alt er bra.

Kvalpane har hatt besøk i dag også, og dei likar både barn vokse, av begge kjønn:) super sosiale som flatter flest:)

Litt bilde blei det i dag, og håper på litt i morgon med før dei drar til sine nye heimar. Fredag reiser to, og på laurdag tre reknar eg med. Det skal være bra for kvalpane å få flytte til nye heimar no, kvalpar som blir 8 veker er klar for den store verda, og skal starte opplæringa så fort som råd (leike inn adferder) målretta aktivitetar. Dei er fulle med energi, og lærevillige til tusen.

James 8 veker, snuten er brun på grunn av kvalpane graver i jorda:)
 
11.05.09
Regn og atter regn i dag også.. kvalpane har også klart å dra på seg laus mage heile gjengen, og eg måtte til dyrlegen for å få fatt i canikur.  Håper det rettar seg til i morgon, dette med lausmage på kvalpar er noko  styr:) brun tagging på veggen osv.. mykje ekstra vaskejobb på meg. Kvifor, aner ikkje dei kan ha ete noko eller fått inn noko med lufta:) det bles no sånn ein dag.

Canikur er greitt å ha i hus vist ein treng det, og det hender no at kvalpar blir dårlig i magen, også vaksne hundar blir det av og til.

Noko anna som er nyttig til det meste, som eg sver til vist det er noko som treng litt ekstra pleie er optimaspray (spenespray.) http://www.optima-ph.no/index.jsp bokmerk denne linken, og les litt om disse produkta, anvendes  både på folk og fe :) Eg har brukt spenespray på Arwen og spraya jura henne, dei har til tider vorte fulle av klor og rifter, og dette middelet er ikkje skadelig eller giftig. Kan brukast til ørerenns, forhudrenns, og vaske lippefolder, på alle sårheit, kløe og myggstikk. osv. førebygg større skader med dette middelet.

Kryssar fingrane for pent vær i morgon slik vi får ta nye bilde av kvalpane før dei drar ut i den store verda, tre stykkar reiser til Oslo området, Jatzi, James og Jappe , ein til Trondheim som er Jalmar, ein til Romsdal som er Jasper, ein til Ålesund, som blir Jack, og Jackie som skal være her i Sykkylven.

 
10.05.09
Namne -konkurransen har eg ikkje gløymt, dei som fann på Jatzi, får premie når dei hentar kvalpen sin:) Og Pernille som er dottera mi, kom på Jalmar (og ho vil ha Jalmar det fekk ho ikkje, ho er berre 21 år og har nok ikkje tid til hund ennå, premien kjem når ho slår seg til ro, kanskje ein kvalp:)

Brit fann på dei andre namna så ho får premie i posten når eg får somme meg.

No har alle kvalpane kjørt bil, Jappe i dag og han var også flink, litt syting men ikkje redd.

Alle kvalpane har også fått 4 kurar med markemiddel, og bør være fri for orm no:)

Ute regnar det i dag i tilegg er det vind så skikkeleg surt, det blir kunn ut på do og inn igjen fort. Ein og ein får være med opp og rundt i huset, det er stas, men ikkje stå i grinda på kjøkkenet då er det hyling, innestengt er pyton synast dei,  slik er det vell med alle individ. Fridom er det beste av alt:) men disse små må passat for farar, derfor er det ikkje ein trygg plass eller har den ikkje tilsyn så er grinda best.

 
Alle har stukke snuten i holet som er under arbeid i grinda.
Frå venstre, Jalmar, Jatzi, Jack, James, Jappe, Jasper og Jackie
 
07.05.09
Då har det blidt to turar på Jasper i bil, eg skulle liksom skunde meg å ta med ein kvalp på henteoppdrag av barn, og då skal ein skunde seg hit og dit:) Skulle ta Jack, men tok Jaspar, høgre og venstre stokka seg for meg i dag, og eg var så forbina kor rolig Jack var på sin første biltur:) ja ja.. Jaspar var rolig ja, dette hadde han prøvt før.

Jatzi var også på biltur, og ho laga ikkje ein lyd, og er den desidert roligaste som har prøvt bilkjøring til no. Jack fekk tur han og, men hann hadde litt synging føre seg ja, men det går over til neste tur. Kunn to stykkar som ikkje har kjørt bil ennå, og det er Jackie og Jappe, men det blir i morgon.

Det merkast at kvalpane veks til, no er det mykje lyd og leik og tildels harde oppgjer, og dei trenar seg på det meste av lyd, og kroppsspråk/kontroll :)  To og to ute i lag og dei spring høgt og lavt med tildels stor fart.

Innkalling trenar vi fleire gongar for dag, og eg mistenker godbitane som eg brukte for å lage litt lause magar i dag på enkelte kvalpar, eller det kan være mold, og graseting, vertifall hadde nokre litt lause magar i dag, men det går over.. Været er surt og øktene dei er ute er ikkje så lange, forsett været slik ,så vil eg kanskje plassere dei litt i hundegarden der er det tak, og tørt og reint. Kvalpane har stort behov for å ta seg ut, og dei må ha litt rom for aktivitet når dei er fleire i lag, springe litt og også for å bli trøtte, slik dei søv litt mellom slaga.

 
06.05.09
Ny dag, og ny kvalp på biltur:) i dag har James vore på biltur, til å med fyltopp bensin på bilen. James var flink og uredd, han la seg ned for å sove/ligge rolig.  Været er ikkje helt på topp for tida så det går i ut på do, og få i seg maten og innigjen, kvalpane skal ikkje fryse.

Tre av dei har vore kvar sin gong opp for å miljøtrene, dei spring då som små torpedoar rundt heile kjøkken og stove:) sett eg dei i grinda, er det lyd og dei vil være fri!!! ikkje sitte i grind:) det er umulig å få gjort noko anna enn å passe kvalpar, og skal dei få være med på litt på eignehand, så er det 7 x 7, så mykje bering og gåing blir det i løpet av ein dag. (bra med trim)

Kvalpane kjem fort når vi plystrar, innkallingas treninga fungerar vertifall på denne gjengen, og dei er superraske.

Jalmar har fått pinne med Artemis:)
 
05.05.09
Regn i dag så kvalpane har ikkje vore så mykje ute, men ut på do, og ut og ete, fleire gangar for dag. Jack fekk biltur i dag, og dette var vist den tryggaste i bil til no:) men tissa i buret.

Litt besøk på kvalpane i dag også, og det er bra for sosialiseringa.

Fleire lausemagar i dag, dei har kanskje fått litt mykje mat, eller dei et for mykje skrot, gras, mold, aviser, og alt som kan etast på. Avisene på kvalperommet bli makulert og fortært når dei ikkje søv så jobbar dei:) slik skal det være. Eller så har det ikkje skjedd så mykje, håper på betre ver i morgon, slik vi får være meir ute.

 
04.05.09
Her veks det.. Bilkjøringa har starta, først ut på tur var Jasper, litt blues var det, men  det står vi i,  han tok det flott, ikkje meir skeptisk enn normalt. Jalmar hadde vist ein kraftigare stemme og starta ganske tjapt etter at eg starta bilen:) Har sett inn eit bur i baksetet, som skal stå, for no tar eg ha med ein av kvalpane kvar gong eg løyser bilen. Nokre turar skal alle få, trur dei vil bli vant til biltur etterkvart.

Time til helseattest, chip og vaksinering er bestilt til14 mai, og til den tid bør dei være litt kjørevante, reise med fergje med ein gjeng hylande kvalpar er moro, det har vi gjort før:( Longevolumet må også testast, he he)

Henriette har vore her og sett på Kvalpane, og ho gler seg til ho får heim Jackie, ja kven hadde ikkje gjort det, alle kvalpane er så fine å gode på kvar sin måte, alle har sin personlighet. Stor og sterk, trur kanskje ho er den tyngste av alle no, og vil nokk vekse i frå både Arwen og Artemis med tida tenker eg.

Fint ver har vi også hatt i dag, og eg har vore mykje ute med kvalpane, er litt trøtt og har ikkje hatt motivasjon til å gjere så mykje, så bilde har det ikkje blidt i dag. Det går i mating, plukking av drit, osv.. så arbeid er det med kvalpar:) men moroa med det veg opp arbeidet.

I kveld under kveldsmaten til kvalpane, starta det ein eller annen og skyte lærdue, eller noko i den dur (magasinskyting, mange skott i seriane.) Kvalpane vart sittandes still å sjå i den retning smellane kom frå.. Det gjor Artemis også, Arwen gjekk inn igjen, ho synast at alle smell som kjem når ho er heimen er ein uting.

 
03.05.09
No har alle som skal ha kvalp etter Arwen og Jack vore og sett på kvalpane, i tilegg har far Jack med følgje også våre her og sett på sine avkom. Kvalpane har derfor vore beskua både i adferd og eksteriør.

Kvalpane har vore mange gangar oppå bord alle samen for at vi skal kunne kjenne på, sjå på, og sjå korleis det reagerar i høgda:) I tilegg har vi sett på leikelyst og lysta til å plukke opp, og lysta til kontakt, og til å vende nasa heim igjen.

Etter mange stunder med studie, er eg no starta å plassere kvalpar her og der, det blir gjort etter bruksområde, og litt andre kriterii blir også langt til grunn.

Kvalpane er i full gang med innkallingstrening, og dette er faktisk ein gjeng ein slepp å be to gangar om å komme, og her er det berre å forsette trening så har vi sikker innkalling litt etter litt( ingen ting kjem av seg sjølv) dette må lærast å trenast, og holdast vedlike langt oppover i åra. Vi lære ifrå oss det vi vil at hunden skal kunne, det er det mest fornuftige:)

Ser vi på det frå ein annen vinkel, som at kvalpen lærer at den ikkje skal komme eller komme når det vil? ja ja... vi har muligheiter til å unngå det, og det bør alle nytte seg av.

Jack Pappa var på besøk, og ja kvalpane var ikkje redd for denne store bamsen, rasen flat har dei vertifall gode erfaringar med, reknar med at hadde hunden vore Golden så hadde dei rygga:) ein veit aldri, men altso skal ein aldri presse noko på kvalpar blir dei redd eller usikker skal dei bruke den tid dei treng, for å bli trygg.. basta bom, og ikkje ros/trøst ein redd kvalp, det forsterka redsel, vi er alltid stor å trygg og uredd, og det er det vi vil ha over på vår kvalp vi er uredd den bosssekken til naboen plutselig dukkar opp:)

Kvalpane har motor og i tilegg har dei nøkkel til å slå av motoren med:) Her blir det å forvalte gode eigenskapar, vi vil ha ein hund som er på, og kan i tilegg slappe av fort, altso treng ikkje måtte gå seg ned over lenger tid for å bli rolig, "ein lysbrytar på av".

Disse eigenskapane skal behaldast uansett kva vi vil bruke vår kvalp til. Vi stressar ikkje opp kvalpar, vi går korte turar, vi leikar på riktig måte, og vi lar hunden lære å være i ro, vi lar det sove når den vil sove.

Vekta som eg har vege kvalpane på er på 5 kg, altso er grensa nådd :) Kvalpane sprengjer vekta:) alle er over 5 kg.

Dei er i tilegg ein reinslig gjeng, i natt var det heller ingen bæsj inne, og alle kjem heilt ut på plenen før dei setter seg ned for å tisse, det er bra:) I kvalpegrinda går dei heilt ut på kantane når dei gjer i fråseg, så med litt følgjemed trening, så vil dei bli fort reinslige.

Magane har vore veldig fine på alle kvalpane, det var ein av gutta som blei sjuk i magen, eller litt laus eit par dagar (dette kom av mykje gras eting trur eg) han fekk kopp med mat åleine, NP blada med kulturmjølk, heilt bra er han også blidt no. Np og kulturmjølk er medisin det..

Kullets "Lord" James, er det meir mat å få:)
 
30.04.09
For ein gjeng:) I dag har vi også sommar og vi nyt været ute, kvalpane søv godt når det er varmt:) legg seg i skuggen så det står ikkje noko på.. Disse kvalpane blir berre meir og meir like, og dei er veldig typelike både i skin og sinn.

Den største tispa Jackie er detboss, stor og trygg, i dag blei plenklipparen starta, og det var lit av eit lite sjokk. Kvalpane reagerte spontant heile gjengen sprang bak huset, så titta dei frami igjen ein etter ein, Jackie skjøna fort at dette er naturleg lyd og ikkje noko å ta på veg for, somme brukte litt meir tid på å bli forttolige med lyden. Når vi skulle klippe nærast kvalpegrinda tok eg dei inn, ting må tilvenjast gradvis.

Fekk vertifall testa litt avreagering, og at dei har overlevings genet i behald, stikk, og så finn vi ut om det var noko skumelt eller ei. Dette er viktig å huske på, vi skal aldri presse oppleving på kvalpen, men la den gradvis bli trygg, eit døme er, går kvalpen bak ryggen på deg når dere treff på..  ein stor framandes kat/hund/hest/bossekk, osv.. så la den få den tid den treng, vi er naturleg uredde, og overførar det til kvalpen, men den skal ikkje pressast, men bruke den tida den treng til å avreagere og finne ut at dette er ikkje farlig, (du skal aldri løfte hunden din fram i ein slik setting) den skal komme fram når tida er moden for det. Ein anna ting er også blir hunden/ kvalpe skikkeleg skremt så dull ikkje, eller trøst den, det forsterkar redsel, og det vil vi ikkje belønne, så vær anonym, og sikker så hjelper ein sin kvalp best.

Disse kvalpane blir sikkert veldig enkle å få reinslige vist ein er flink å lese hund og følgje litt opp. Alle går til utkanten av grinda når dei skal på do, og kvalpane har hatt veldig fin mage, men i dag var det eit par som hadde litt laus mage, og det kan komme av varmen, eller at somme et for mykje. ( går det ikkje fort over så er det NP, det ornar alt)

Ingen av kvalpane et/spis, drit heller, og det tyder på bra for, og eg vil råde alle til å bruke kvalitet for, som RC til sin kvalp når dei overtar den, eller gradvis over på eit like bra kvalitets for. Første året skal ein ikkje prøve å feile meir enn ein må, det skal byggast hund av topp kvalitet, og då går det ikkje ann å bruke noko som ikkje held mål. I tilegg bør kvalpane ha ei teskje omega 3 olje, det gir eg mine, kvalpane har ikkje fått det ennå, fordi dei et/spis i lag, og derfor vanskelig  fordel rett:) dette er bra for alt immunforsvar, pels, hud, labbar, berre positiv verknad av Omega 3. ( derimot skal dei ikkje ha tran).

Eg vil ikkje nemne type her på nettet, men ein del hundefor som enkelte reknar som kvalitet, gir både forallergi, kløe og dårlig mage på enkelte hundar.

I morgon kjem det kvalpekjøparar både frå Oslo og Trondheim så det gler vi oss til, i tilegg kjem Pappa Jack ein visitt i helga for å helse på sine avkom:)

 
29.04.09
I dag har det vore ein nydelig dag, kvalpane har vore mykje ute, og dei har både tilgang til skygge og husly. Marka er best å ligge på,. Dei søv, og dei leikar seg, og har det veldig moro i lag.

Artemis er litt inn til dei for å sysselsette dei med leik, og det likar dei veldiggodt, Arwen skal dei kunn suge på , og Arwen vil ut igjen fort som berre det, sikkert ikkje godt å bli suget å spist på av disse sylskape kvalpatenna. Likevel er ho tolmodig å lar dei få suge, men plutselig er det nokk og ho vil ikkje meir, vil ligge å slappe av, og er ikkje så glad i å leike med dei no ho vil sove, og ete Arwen:)

Kvalpane får ut ein og ein, dette for at eg studerar kvalpar og deira adferd, og kvalpane får oppleve litt på eigen hand. I grinda har dei metallapport, dummy, ball og kong ++ filler som blir dradd i. Dei kvalpane som eg har sett på i dag plukkar alle med munnen først, detvilsei dei støyter ikkje med labbane, men spontan med munnen først (slik det skal være) alle kjem direkte tilbake til meg, så forsette ein med trening etter dei flyttar heim til sine kommande familie, så unngår ein å etablere unotar, men tenker kunn opplæring:)

Ein herlig gjeng som er usedvanlig stille, ikkje mykje bråk eller lyd i dei ++ :)

 
28.04.09
Dei veks i rekord fart og er ein herlig gjeng, disse gler eg meg storvegs til å følgje igjennom  livet, og håper mange vil sette spor etter seg, og være sosiale og triveleg i lag med sine.
Mjølkeautomat:) Arwen har mykje mjølk, og ho ser svert godt ut, aldri noko anna ein NP når ein ammer nei, det er sikkert!! feit god mjølk som gir topp tilvekst på kvalpane, og forhåpentlig også sunne.
 
Jasper er mammagut:), men litt betre framme enn mamma Arwen:)
 
27.04.09
Kvalpane er 6 veker i onsdag 29.04, og i den forbindelse bør vi ha ståbilde av gjengen og vi har gjort eit forsøk:) sjå alle Kvalpane oppstilt>>>
 
26.04.09
Veginga i dag synar gjevne kvalpar, og dei legg på seg tilfredstillandes.
Kjønn Merke Tid Fødselvekt.18.03  26.03 08.04 11.04 16.04 21.04 26.04  
H UM Jappe

9.50

380 gram 812 gram 1500 gram 1786 gram 2400 gram 3100 gram 3880gram  
H Nakke James

10.30

455 gram 835 gram 1490 gram 1685 gram 2390 gram 3200 gram 4025gram  
H Kryss Jalmar

10.40

435 gram 836 gram 1648 gram 1872  gram 2555 gram 3340  gram 4170gram  
H HB Jasper

11.30

330 gram 725 gram 1380 gram 1650 gram 2360 gram 3190 gram 4000gram  
H VB Jack

12.12

470 gram 950 gram 1800 gram 2035 gram 2750 gram 3625 gram 4360gram  
T UM Jackie

12.40

450 gram 910 gram 1622 gram 1900 gram 2660 gram 3450 gram 4300gram  
T Hale Jatzi

13.38

425 gram 730 gram 1316 gram 1550 gram 2330 gram 3145 gram 3990gram  
I dag har vi også har vitjing av ei familie som skal ha ein av gutane, og den blir på sunnmøre:) hipp hurra, då er det håp om å få følgje litt med utviklinga:)

Kvalpane fekk vise seg fram både med bamseapport og på apport på vingen, i tilegg opp på bord for å bli kjent på og vise fram sin styrke/ eller høgdeskrekk:) tja ha.. alle bestod med glans ingen pingler her ennå, vertifall har den ikkje vist seg fram:) Alle kvalpane er rolige og trygge, og lagar utruleg lite bråk:) Så langt ser det bra ut, og vi kryssar fingrar for at det forsette slik.

Ingen bilde i dag, har ikkje hatt tida til det, men no er kvalpane snart 6 veker, og då må eg tenke på portrett, og oppstillingsbilde, det høyrar med til gement. Det er ikkje lett, men så vanskelig at eg grur meg til det, få stilt er kvalpar er ikkje det enklaste i tilegg må eg få ein kvann til å knipse som har litt tolmodighet med meg. Det held sjeldan med eit knips pr kvalp, så tolmodighet må til, men det skal vi klare..

Alle kvalpane er no lovet bort, så ingen fleire kvalpar her på lenge ennå..

Likevel har vi planar om Artemis, men ho skal så klart ha både både god jaktpremie og sporpremie før det bli aktuelt, og skal også ha eit år eller to til på baken først.

 
25.04.09
I går tok eg litt bilde når eg testa vinge på kvalpane, her ser vi James, han er den føtte apportør:)
Har ikkje testa alle, men det skal eg, dei eg har testa var nokså spontan litt forskjell, men ingen reagerte negativt på vingen, det var rett på:) alle plukka opp og stakk av:) vingen ville dei ha for seg sjølv:) I dag har været vore svert fint og kvalpane har vore ein del ute, dei lekar seg spring rundt og har det moro, og så søv dei like fort. Kosar oss med å bli underhalne av denne gjengen, det å sjå på alle påfunn og sprett er topp underholdning.

Har også klippet alle klørne i dag, det må til, og det er ikkje frivillig men det er noko som skal gjærast sjølv om kvalpane protesterar.. Dei skal ikkje lære at protestera eg nokk så slepp eg:) hum.. tenk på det:) Dummyane kom også i dag, så no har eg fått inn ein til kvar kvalp, og den skal leverast med muntlig bruksannvisning:)

Alle kvalpane blir personlig behandla , og snakket til med namn, er ikkje "du eller du" nøgd med namnet, så er det ikkje problem, du brukar det namne som du vil ha på din hund, når du hentar den, så døyper du den berre om:) Namnet vi kallar kvalpen blir likevel på stamboka til hunden.

Eg har ikkje hatt tid til å skrive opp lista med namna på kvalpane, men det kjem. Eg har heller ikkje funne heilt ut kven som får premi for namne påfunn som blei brukt.

 
22.04.09
I går var det travet og ikkje tid for oppdatering, kvalpane var mykje ute, og veret var fint. Kvalpane fekk sin tredje dose med markemiddel i går, dei skal få ein gang til ca ei veke før dei reiser til sine nye heimar. Vidare korleis dei skal ha neste kur, blir gidt informasjon om før dei drar. Kvalpane er gode og runde, og veldig rolige lite lyd i dei, mat og drikke er nokk perfekt:) I går var det mini test på spontanitet på bamse som ligg i ro, hemelig test kunn til min private database:)

Alle kvalpane er bra og eg har nye favorittar kvar dag, men skal prøve å unngå og knyte meg til noko bestemt, det blir berre tøffare å skilje lag. No løfter alle tennisballar og bær stolt rund på den, dette med å sitte å oppservere er moro, og ein legg merke til småting i adferden som sikkert blir kjenneteikn også når kvalpen blir større.

Det har vore ein del sjau rundt tomta, somme sagar med motorsag, og andre tutar med bil, og ikkje langt unna dumper dei stein og masse. Bråk og skarpe lydar kjem både frå trafikk og barn som styrar med både det ein og det andre.., men eg har ikkje sett nokon som reagerar negativt. Ein del vitjing har dei også hatt, og ekte flat er dei, les. "er glad i alle og gjer ikkje forskjell på folk:)"

No blir alle kvalpane levert med forsikring som skal vidareførast når kvalpen blir levert, dette med forsikring på hund, er nyttig å ha i tilfelle ting skjer. Ein skade kan fort bli dyr vist ein ikkje har forsikring, eg opplevde det sjølv med Artemis når ho braut lårhalsen sin berre 5 månadar gammal.

Det blir fort både det hunden kostar i innkjøp og meir, dagens veterinærmedisin er også så bra at ved riktig behandling og rehabilitering blir mange ting heilt bra at, og då er det godt å ha ein forsikring å dette tilbake på.

Noko anna som kan hender med ungehundar, dei klare å ete ting dei ikkje skal, og det kjem ikkje ut igjen, og kan ende under kniven. Derfor forsikring, hunden fortenar hjelp når den treng det, og skal ha det.

Vi tok nokre få bilde i går, og legg i ja-albumet etter kvart, no har eg fått ein del tilbakemelding om at det er vanskelig å finne bilda??, men linken ligg oppe på denne sida, eg har ikkje linka frå sjølve fotosida ennå, tida mi renn i veg, og eg har ikkje prioritert det, men det kjem før eller sida lover eg.

Kvalpane fekk pupp kl 22.30 i går som normalt, og eg står opp 6.30 kvar dag, og i dag hadde ingen bæsja inne heller:) dei søv heile natta som små steinar. Rutinen om morgonen er då, ut for å få mat, eg vaskar kvalperommet og gangen ut, på igjen med nye avise og inn igjen med kvalpane. Dette er fast kvar dag, når dei var mindre så låg dei i kasse når eg gjor reint, no spring alle ut sjølv. Ruvandes utviklig på få veker når det gjeld kvalpar:) Det blir ein skikkeleg vask kvar morgon, og elles blir det berre byting av avis og kattevask utover dagen, men reint har dei det.

 
   
21.04.09  
Jalmar er spontan på første forsøk, snart blir det ekte vingar:)  
 
Jalmar staselig solid kar det:) han har ein ekte personligdom som alle må berre felle for, traust og god.  
Ny veging i dag:) dei veks og det fort:) snart skal dei reise ifrå meg :(

Alle kvalpane blei oppattmerka i dag, og  alle fekk springe fri på plenen til å undersøke og gå på do, så var det innigjen og sove til det er ny runde ut for å ete og lufte seg litt. Det er sol i dag så kanskje dei kan være litt i bingen, men eg eg veldig redd dei skal bli nedkjølte.

Når dei er fri så er det mykje å undersøke på 1 mål tomt:) og vi må heiletid passe på at dei ikkje forsvinn:). Innkallingstreninga er i full gang, og eg reknar med at om ikkje lenge så kjem dei i full fart når eg kallar inn med fløyta.

Både Artemis og Arwen puslar om kvalpane når dei er ute, Artemis har bra kontroll på seg, og eg har ikkje opplevd at ho har trakka på noko ennå.

Artemis er den som spring til for å orne opp, eller får å  sjå kva som skjer når kvalpane fyk saman og hyler som griser, dei bit og held fast i kvartandres øyre, og det bli hyl av ei anna ver:) Artemis spring til å slikkar så berre det, og slutt med det same, ho kan å orne opp med dempande signal.

Hylinga er bra, og kvalpane lære seg bitehemningar og slepp taket når den andre hyler høgt nokk:)

 
   
Kjønn Merke Tid Fødselvekt.18.03  26.03 08.04 11.04 16.04 21.04  
H UM 9.50 380 gram 812 gram 1500 gram 1786 gram 2400 gram 3100 gram  
H Nakke 10.30 455 gram 835 gram 1490 gram 1685 gram 2390 gram 3200 gram  
H Kryss 10.40 435 gram 836 gram 1648 gram 1872  gram 2555 gram 3340  gram  
H HB 11.30 330 gram 725 gram 1380 gram 1650 gram 2360 gram 3190 gram  
H VB 12.12 470 gram 950 gram 1800 gram 2035 gram 2750 gram 3625 gram  
T UM 12.40 450 gram 910 gram 1622 gram 1900 gram 2660 gram 3450 gram  
T Hale 13.38 425 gram 730 gram 1316 gram 1550 gram 2330 gram 3145 gram  
 
   
20.04.09   
I helga har det vore stor aktivitet rundt kvalpane, vi har hatt besøk av kvalpekjøparar både på laurdag og søndag. Det var berre triveleg, og kvalpane får kjempegode heimar, både kvalpekjøparar og kvalpar blei godtatt.

Kvalpane takla alle besøkandes flott og like trykt.

Vi fekk ei avbestilling før helga på grunn av at dei som skulle ha han blei huslause, vi har derfor ein kvalp ledig i tillegg til den eg hadde reservert:) så no er det om å gjere å finn ein ny god heim til dei to flotte gutane våre.

Kvalpane går no ut for å ete, og vi passar på at alle går på do, så bær vi dei inn igjen dette for at dei ikkje skal bli kalde, det er ikkje temperatur til å sove ute, å springe litt rundt går bra. Kvalpane er nysgjerrige og vil undersøke alt, og alle virke trygge og uredde. Sosiale er dei vertifall, og vil gjerne ha kos og oppmerksam med alle, og liker seg i fanget. (blir ein sånn sitte på fanget gjeng)

Den første som bærte tennisballen var Jalmar, og han vogga stolt rundt med den i munnen, slik skal det gjærast.

Laurdag når vi hadde vitjing frå Oslo, då fekk både Arwen og Artemis vist fram eggetesten, ein retriever skal ha så god kontroll på bitte sit at den ikkje knuser eit rått egg, ved apportering. Begge utførte det med god stil, Artmis hadde litt større tempo enn Arwen, det er stikk motsatt av det normale, men det gleder meg stort at Artemis viser seg fram som ei lita kanokule, også i fart ikkje berre rolig, kanskje ho dankar ut Arwen med tida??

Det som er sikkert vertifall, er at Artemis ikkje berre er halvsøster til dette kullet, men ho og Ja -kullet har også litt av same gode linjene frå farssida les stamboka så ser det, morfar til ja-kulletsfar, er far til Artemis.

Det blir også gullerot til alle som får godkjent hundane sin i NRH, og dei som får 1pr. EK jakt eller  1 pr. LP elite, disse får tilbod om ny hund til 50 % rabatt, av valfri kombinasjon oppdretta av meg, når dei evt. vil ha hund nr to eller den gamle blir pensjonist:) Dette gjelder alle i  Ar- kullet, ja- kullet og kull oppdretta av meg i framtida .

 
 
Jatzi søtaste jenta :)   
   
16.04.09   
Gjengen veks, og dei er veldig like og jamne både i kropp og vekt, typelike vil eg kalle det.

No er vi opp i 4 måltider for dag, og det er to med NP og to med Royal Canin valpefor pr dag. Kvalitetsmat er viktig for slike som startar livet sit. NP er nokk det beste, men vi må over på tørrfôr, men tørrfôret skal også være av kvalitet, og dette er meget viktig første året for kvalpen. Først året blir grunnlaget langt både for brusk og bein, sener, musklar og magefunksjon, at det er viktig med kvalitet er nokk alle einige i.

Det blei nokk meir bæsj når vi hoppa over på tørrfôr, det er naturleg. NP er naturleg kjøttblanding som blir opptatt og fordøya kjempebra på alle hundar/kvalpar.

Kvalpane har vore litt ute i dag også, eg tør ikkje ha dei ute så lenge i gangen er redd for dei:) i hula deira har dei to varmeposar, så der inne har dei det godt, og vil ligge der i ein stor hau og varme seg.

Papira frå NKK klubb kom også i dag, så då er alle registrete med nr. Stamtavla til kvalpen får alle kort tid etter at eg sender inn namn på kjøpar, og kvalp. Namna er klare, men ikkje kven som skal ha den og den, det blir ikkje endelig avgjort før eg har fått sett dere som skal ha hund, og korleis kvalpane utviklar seg. Likevel så er dei såååå typelike at det blir sikkert ikkje så stor forskjell på dei.

Eg har fortfarane ein hannhund ledig til den rette, og sidan dei fleste som vil ha seg hund til "jaktprøver reiser over bekken etter hund", så blir det ledig til den som vil ha hund, og vil gi den eit aktivt liv, og i tilegg drive med ein eller annen hundsport/ utstillig. Eg har likevel ingen hast med å finne kjøpar til den, men potensiell kandidatar må gjerne ta kontakt for ein uformell samtale om hund.

Har også tatt litt bilde av alle i går og i dag, skal legge dei i fotoalbumet til Ja-kullet litt etter litt.

 
Kjønn Merke Tid Fødselvekt.18.03  26.03 08.04 11.04 16.04    
H UM 9.50 380 gram 812 gram 1500 gram 1786 gram 2400 gram    
H Nakke 10.30 455 gram 835 gram 1490 gram 1685 gram 2390 gram    
H Kryss 10.40 435 gram 836 gram 1648 gram 1872  gram 2555 gram    
H HB 11.30 330 gram 725 gram 1380 gram 1650 gram 2360 gram    
H VB 12.12 470 gram 950 gram 1800 gram 2035 gram 2750 gram    
T UM 12.40 450 gram 910 gram 1622 gram 1900 gram 2660 gram    
T Hale 13.38 425 gram 730 gram 1316 gram 1550 gram 2330 gram    
 
   
 
James tar ein skikkeleg djup gjesp for kamera:) James har fått engelsk namn, og er ein skikkeleg stillig kar:) tenner har han også fått:)  
   
14.04.09   
I dag har kvalpane vore litt meir ute, og været har vore strålandes, dei et og legg seg til for å sove i bingen. Vi tar som oftast ut to og to slik dei får undersøke litt rundt, og eg oppserverer korleis dei ser på nye utfordringar:) Dei virke trygge å solide, som er meir nyskjerring, og somme er meir rolige, og tar ting litt etter lit.

I dag har eg forhandsregistret kvalpane, så no er det registreringsnr på dei:) Eg har merka opp at ein del kvalpar også i dag, merka forsvinn fort ut av pelsen, og sidan dei er så like, må eg passe på at vi ikkje blandar dei.

Natta søv dei godt, Arwen gir pupp i 23 tida, og så står eg oppatt i 7 tida og gir mat, dei søv som steinar heile natta.

 
 
Kvalpane har fått seg eigen hole ute:) og den tok dei i bruk ganske kjapt. Vi har også sett samen fleire grinder slik no har vi to bingar ute, ein til eting og ein til leik og soving. Dei som vil sjå på kvalpane må berre komme no, været ser bra ut, så eg håper på å få ha dei litt ute kvar dag.  Laurdag ettermiddag ventar vi kvalpekjøparar frå Oslo..  
   
13.04.09   
Etter mat er det pup:) foto, Anne Lene (bilde er frå i går). Arwen får slikke restar, ho et og et, og eg har gått ned til tre måltider på henne, no når kvalpane får så mykje fast føde vil eg tru ho treng litt mindre men eg ser det ann, ho er vertifall ikkje skrin som sist, men har litt å gå på no.  
 
I dag har vi også fora ute to gangar, kl 12.30 og kl 17.30 Kvalpane er ute ca 10- 15 min ikkje lenger, og  på den tida får dei i seg maten, og få smake litt pupp med Arwen. Vi forar ennå med NP, men reknar med å starte med tørfor snart, då vil eg gi eit måltid med NP, og tre måltid med tørfor.

Kvalpane er nokså runde i magen, og dei virke fornøgde, ikkje så mykje mas på dei. Dei har derimot utforskar trong, og vil ut av bingen for å snuse rundt. Dei er også kontaktsøkandes, og likar godt når vi pratar med dei, lograr, hopp og sprett, utruleg for ein ruvande utvikling dei har hat siste veka.

Dei er også veldig like, og ettersom dei veks blir dei berre likare og likare kvarandre, og fulle med liv. Dei spring, bjeffar, leikesloss, søv og kosar seg om ein annen. Flott gjeng. I morgon skal eg i veg å få fat i fleire grinder, eg har slike grinder over alt, og lure fælt på kor alle he blidt av, eg hadde no ein kjempebinge sist vi hadde kvalpar, så eg lurer :) på kva eg har brukt dei til, må kanskje leite litt grundigare i garasjen, der har vi mykje både nyttige og mindre nyttige ting..( les skrot)

 
   
12.04.09   
Første dag ut for å ete:) Foto, Anne Lene Thunem  
 
Dette var moro... ete ute, kvalpane er nokre små uredde vesen:) Det var mildt i både i dag og i går, og vi fora ute to gangar i dag, ikkje lange stunda, men nokk tid til å få ned maten:) så barst det inn igjen. Kvalpane virke solide, dette med å komme ut kan av og til være litt skumelt, men skit dette var ikkje noko å være redd for. Kvalpane undersøkte og måtte holdast under kontroll slik dei ikkje skulle forsvinne for oss, raske til beins, med stor utforskarstrang:)

Artemis måtte i hundegåren medan dette pågår eg er redd ho skall få "søsa" eller springe på dei, når alle beveger seg rundt i stor fart så veit ein aldri kva unghundar kan finne på, kvalpane er små og settinga er ny :) Tar ingen tjangse sjølv med solide rolige Artemis, ho er nokså normal og av og til vaknar "ville Artemis", og då er det berre så moldsprut står rund øyra:) slikt er normalt, alle hundar får av og til eit eller anna kik, og må berre springe rundt og rundt:) dette kan være farlig for små vesen, derfor er kvalpane fri, så er Artemis i garden eller inne...

 
   
11.04.09  
På vekta i dag igjen, og alle legg fint på seg og er runde og gode:) No får kvalpane være med opp på kjøkkenet to eller ein eller tre i gongen, alle skal ha like mykje tid oppe, men ikkje alle i ein gong. Dei trenar på å oppleve ting også åleine:) sosialiseringa er i gang kan ein trykt sei.. I går hadde vi vitjing av mamma og pappa, dei hadde  også med ei hundeglad jente som fekk være med på kvalpestellet heile dagen.

Artemis er reserve mamma, og er flink med kvalpane, og tolmodig/nyskjerring ligg og beundra dei så snart ho får kjangs. Ho er forsiktig og kjempesnill, men så klart har eg alltid eit auge på henne, aldri åleine med kvalpane.

I dag har eg også klippet klør, dei veks fole fort, og Arwen blir fort oppklora av desse skarpe klørne, og det kan ikkje være så godt. Ho hadde ein del klor i dag, og eg vaska Arwen med optima spenevask, eit vedundermiddel som kan brukast på alt..

Mat går no ned på høgkant, det blir ein del søl av denne NP.. en, men eg trur det gjer så godt for kvalpane at eg tar med det, eg skal likevel kjøpe inn kvalpefor å sette dei på etterpåske, dette fordi det er enklare å fore med, og eg reknar med at når kvalpane reiser så er det kvalpefor som er tingen for alle :) likevel i startfasa så må det NP til, det er så mykje betre enn tørfor så det står vi i:) Alle kvalpane ser bra ut, og er pene og raske, rolige og lite lyd... dei har nokk mat:)

Dei er også svert flinke til å gå på avisa når ting skal ut, dei tissar ikkje så mykje på liggeplassen sin, og kvalpane vil ut av liggeplassen når dei går på do, derfor er det lett å lese når dei skal eit eller anna, når dei blir litt større så er det ut for å gå på do.

Håper på at dette fine været held lenge, så vi får starte å ha dei litt ut, eg venter 3-4 dagar før eg prøver å ha dei ut, men då nærmar dei seg 4 veker og då skal dei få ut:) lære innkalling skal dei også ute, eg huskar AR-kvalpane dei var sprett over heiltomta, og eg fløyta kom hit mat!! Dei kom i frå alle kantar i superfart, slik skal disse også bli, innkallinga skal sitte før dei reiser, og då er det vedlikehaldet som gjelder, og om ein vil ha kanon innkalling:)

Mykje arbeid med kvalpar med du så moro:) blir ikkje så mykje tid til data, og oppdateringar av heimeside.. Matting, vaking, plukking av drit osv... alt dette følgje med å ha eit kvalpekull.. Dette med data, og bilde blir det ikkje så mykje tid til det kjem litt i ei annen rekke.. tida flyr, men kammera heng klart så eit og anna knips er det..

 
   
Kjønn Merke Tid Fødselvekt.18.03  26.03 29.03 01.04 04.04 08.04 11.04
H UM 9.50 380 gram 812 gram 940 gram 1130 gram 1300 gram 1500 gram 1786 gram
H Nakke 10.30 455 gram 835 gram 975 gram 1210 gram 1360 gram 1490 gram 1685 gram
H Kryss 10.40 435 gram 836 gram 980 gram 1230 gram 1411 gram 1648 gram 1872  gram
H HB 11.30 330 gram 725 gram 890 gram 1150 gram 1210 gram 1380 gram 1650 gram
H VB 12.12 470 gram 950 gram 1120 gram 1370 gram 1610 gram 1800 gram 2035 gram
T UM 12.40 450 gram 910 gram 990 gram 1250 gram 1430 gram 1622 gram 1900 gram
T Hale 13.38 425 gram 730 gram 827 gram 1025 gram 1110 gram 1316 gram 1550 gram
 
09.04.09  
No er kvalpekassa nedskrua, og kvalpegrinda er komet opp.. Det er must for kvalpane med litt meir plass, og enklare for meg å gjere reint etter matorgie:) Etter dei begynte å få mat med meg så ville dei ut av kassa heile tida, og klatre kunne dei, eg ville ikkje at dei ramla og slo seg derfor bort med kassa :) Et gjer dei, og grisar fole mykje blir innsmurt med NP, og dei glinsar som små grise:) Likevel ein herlig gjeng med rolige og tillitsfulle  kvalpar.

Dei går også stødigare og med fin haleføring, dei aller fleste logra no på kjente lydar :) somme meir intens enn andre, men dei andre kjem etter ein etter ein, det var haletispa som starta først med propellen, no er det Jasper (det er HB) den lille flotte raske kvalpen, som også er elegant. Dei to lettaste er dei som er ivrigast på logring, og raskast til beins:) Den som er ivrigast i matfatet no er også haletispa, ho var den som først starta og ete, og er den som først går på matskåla, altso ei svert lærenæm jente det:) men den som klatra først over kassa var den UM tispa.. og ho vil sitte på fange å kose seg lenge lenge.. minner mykje om Artemis, men så er det no nærmaste slekta då, he he..

No når kvalpane er blidt så store, skal dei få være med omkring i huset for å bli vant til meir av alt, i tilegg så blir det meir opehus for besøk, og kvalpane skal  få lov til å helse på folk, sosialiseringfasa er i gang, og kvalpane skal bli vant til det meste, vell å merke på ein rolig og trygg måte i starten.

I morgon kjem mamma og pappa på besøk, og det blir litt nye folk og nye lukter, for kvalpane.

 
   
08.04.09  
Kvalpane veks så det suser... og for ein nydelig gjeng, eg vil ha alle:) men det kan eg nokk ikkje. Dei får masse kos, og dei er så glad i kos og at vi snakkar med dei. Kassas beste lograr er haletispa, henna hale går som ein liten propell, herleg kvalp:) kvalpane har også fått tildelt namn :) men vi held det litt hemelig ei lita stund ennå..

Ny markekur fekk dei for to dagar sida, kur nr to skal skje innan kvalpane er 20 dagar, og her var dei 19 dagar når kur nr to blei gitt. dei skal få to kurar til med meg før dei flytter ut..

Mat:) ja det er eit kapitel for seg sjølv, vi startar med NP, tynn supe, NP blanda med lunka vatn, hum... hum.. badar i maten, og blir nokså blanke i pelsen av det foret:) her må det tørkast etter mat ja.., men lukka er at det er ikkje mange dagane før det blir lite tid til banding heller det å få i seg mest mulig på kortast tid.

Artemis er så glad i kvalpane at ho ligg utanfor døra støtt, og hadde gjerne flytta inn vist ho fekk, ho er veldig rolig med kvalpane, og dei kjennar henne og er verken redde eller skeptiske til henne. Derimot når Arwen kjem inn så vaknar kvalpane med ein heilt anna lyd enn når Artemis kjem inn, dei veit derfor godt kvar mjølkeautomaten er.

Vi tok litt påskebilde, for å ha:) og eg har lit lite tid eller kan ikkje ta meg tid til å ferdistille alle bilda som vi tok, men ein del av dei er på fotoalbumet til ja-kvalpane... bruk linken og klikk inn for å sjå påskekvalpane....

 
 
   
 
   
Kjønn Merke Tid Fødselvekt.18.03  26.03 29.03 01.04 04.04 08.04  
H UM 9.50 380 gram 812 gram 940 gram 1130 gram 1300 gram 1500 gram  
H Nakke 10.30 455 gram 835 gram 975 gram 1210 gram 1360 gram 1490 gram  
H Kryss 10.40 435 gram 836 gram 980 gram 1230 gram 1411 gram 1648 gram  
H HB 11.30 330 gram 725 gram 890 gram 1150 gram 1210 gram 1380 gram  
H VB 12.12 470 gram 950 gram 1120 gram 1370 gram 1610 gram 1800 gram  
T UM 12.40 450 gram 910 gram 990 gram 1250 gram 1430 gram 1622 gram  
T Hale 13.38 425 gram 730 gram 827 gram 1025 gram 1110 gram 1316 gram  
 
   
05.04.09  
Her skjer det, kvalpane er så smått starta å leke med kvarande både med munnen og labbane, og i tilegg kjem det ein del lyd inn i leikemønstret, her testa dei ut stemma, og knurrar å bjeffa. Det blir meir liv å røre for kvar dag, Arwen synast det er litt ork å gi mat til denne gjengen no, men går så klart opp i kassa når eg vil at ho skal det, og ho slappar godt av og mjølka renn i stri strømmar.. Eg gler meg likevel til eg får spe på med fast føde, då eg klare å regulere litt meir mengda til kvar einskild kvalp. Vi har stor sugarane på beste puppane.... dei får alltid nokk, men eg vil at alle skal få likemykje.

I går tok eg ut dei tre største, så fekk dei 4 andre suge først, og det enda med laus mage:) det blei plutseleg for mykje på små sygarane:) ja sån går det når ein prøver på ein ny vri, det er nokk lurast dei får kampe om beinet som før.....

 
   
04.04.09  
På vekta ein tur i dag, som vi ser så er så veks dei og dei største veks mest.. Eg har prøvt å legge dei minste til beste puppen, men det går berre eit halvt sekund så er dei overtekne av dei sterkaste:) som i naturen.. Skal det ha noko efekt så må eg ta dei ut av kassa, og det har eg ikkje brytt meg med då alle veks, og grunnen kan også være spinklare kroppsbygning på eit par av kvalpar, dei er ganske raske dei to lettaste:) beste brukshundadane sannsynligvis, det var rein tipping:)

Avisene i einesida av kassa er blidt flittig brukt, det betyr reinare og tørrare plass å ligge, om eg byter og vaskar kvar dag så blir det likevel skite:) så det hjelpe på, litt koselig å sjå dei stabba seg bort på avisa for å tisse:) Eg la litt bilde ut i albumet i dag, ikkje så bra bilde, men kvalitet er ikkje alt.

 
Kjønn Merke Tid Fødselvekt.18.03  26.03 29.03 01.04 04.04 08.04  
H UM 9.50 380 gram 812 gram 940 gram 1130 gram 1300 gram 1500 gram  
H Nakke 10.30 455 gram 835 gram 975 gram 1210 gram 1360 gram 1490 gram  
H Kryss 10.40 435 gram 836 gram 980 gram 1230 gram 1411 gram 1648 gram  
H HB 11.30 330 gram 725 gram 890 gram 1150 gram 1210 gram 1380 gram  
H VB 12.12 470 gram 950 gram 1120 gram 1370 gram 1610 gram 1800 gram  
T UM 12.40 450 gram 910 gram 990 gram 1250 gram 1430 gram 1622 gram  
T Hale 13.38 425 gram 730 gram 827 gram 1025 gram 1110 gram 1316 gram  
 
03.04.09  
No skjer ting fort, kvalpane går!!! og ikkje berre går dei, går til aviser som eg har plassert i hjørne for å tisse. :) dei er også mykje meir opp på lyd, sprett opp på beina når dei høyrer eg eller Arwen er i rommet, mat meir mat..

Om ei veke eller når kvalpane er ca tre veker skal dei starte med å få litt fast føde, og det blir NP i starten har eg planar om. Då startar også innkallings treninga, alle kvalpane vil ha ein kanon innkalling innprogrammert når dei reiser herfrå, og alle vil få instruks på korleis dei skal behalde denne gode innkallinga.

Eg kjem til å bruke fløyte, og plystring, alt skal koplast på mat/ foring, og vi vil også bruke godbit til trening. Eg anbefaler alle som har tinga kvalp og å kjøpe seg fløyte som dei har når dei skal vedlikehalde og forsette trening, eg vil lære alle kvalpane å komme fort på to korte signal, i tilegg så vil dei lære å komme på plystring.

Har ikkje fått redigert fleire bilde, slikt tar tid:) men dei bilda som ligg i albumet kan dere som har tinga kvalp fritt kopiere å bruke som dere vil, dei er også av brukbart format, og kan brukast til trykk/bildebok osv. Bilda vil bli liggandes der, eg kjem ikkje til å ta dei ned berre tilføre fleire.

 
   
02.04.09  
Ingen nye bilde i dag, men vi har redigert litt fleire å plassert ut i albumet.... av dei eg tok når dei var 13 dagar gamle. Det er meininga skal skrive etterkvart alder på dei, skal prøve å holde meg noko lunde i rute etter som eg knipsar, men bilde tar tid, likevel blir det ikkje gjort ettersom bilda blir tatt, er det svert mykje å gå igjennom for å sjå, legge ut det som er brukandes. Bilde er alltid best når det er fersk, og når det blir to år:)

I dag har vi klippet klør, og vi har kosa som alltid med kvalpane, og dei er så rolige opp i handa. Dei har også starta å reagere på lyd, når eg kjem inn, dei har før tatt meg på lukta, no tar dei meg på lyd også, opp på alle fire for å hyle litt:) litt av ei oppleving å følgje dei framover, og sjå korleis dei er i sinn og skinn.

Eg kjenne dei nesten i frå kvarande, sjølv om dei er like, men det også eit par som er litt ulike. Den eine tispa er nesten ein kopi av den tispa som reiste til Trondheim frå førige kull, og heiter Arja:) Fast i fisken, rask til tusen.. Den andre tispa er nokk mykje grovare bygd, og søv og et, finn ikkje på nå mange sprell, men no endra dei seg frå dag til dag, og kvar dag er like spenanes:)

 
   
01.04.09  
Har ikkje så mykje å skrive om i dag anna enn kvalpane veks og er kvikke, Artemis har fått snusa på kvalpane, Arwen bryr seg ikkje med det, så ho stolar nokk på Artemis. Prøvde å ta litt bilde i går, men det er vansklig å få bilde som eg er tilfreds med, men eg legg dei ut på eit album etter kvart, kanskje det er like greitt det, det blir då litt større bilde å sjå på. Her blir det påfyll i alle 8 vekene kvalpane skal bu her>>>>  
Kjønn Merke Tid Fødselvekt.18.03  26.03 29.03 01.04 04.04.09    
H UM 9.50 380 gram 812 gram 940 gram 1130 gram  300 gram    
H Nakke 10.30 455 gram 835 gram 975 gram 1210 gram 1360 gram    
H Kryss 10.40 435 gram 836 gram 980 gram 1230 gram  411 gram    
H HB 11.30 330 gram 725 gram 890 gram 1150 gram 1210 gram    
H VB 12.12 470 gram 950 gram 1120 gram 1370 gram 1610 gram    
T UM 12.40 450 gram 910 gram 990 gram 1250 gram 1430 gram    
T Hale 13.38 425 gram 730 gram 827 gram 1025 gram 1110 gram    
 
30.03.09  
Her går det sin vante gang.. bra med kvalpar når været er slik ute, årets første snøstorm i dag, ruskevêr, surt og kaldt:( Så kan eg trøste meg med at det ikkje er noko treningsver, berre for å ikkje bli frustrert på grunn av lite trening, har mine mål.. he he.. No er eg heldig å ha verdens beste hund Artemis på passivitet, og ho er nøgd med og å rusle i hagen, og inne søv ho til den store gullmedalje, ho kan passivitet, den jenta..

Dette kjem av at ho er genetisk konstruert for å bli slik:) planlagt ja, men det betyr ikkje alt.. miljøet har mykje å sei når ein formar hund og korleis resultatet blir. Ein skal aldri stresse med ein kvalp unghund men bygge tryggheit stein på stein, og tenke nøye korleis ein vil ha resultatet, planlegging er mykje.

Som dette med langeturar, stressandes aktivitet, som ball og pinnekasting er FY- aktivitet, alle veit at ein retriever elskar å bære på ting, og det skal belønnast for alt som blir plukket opp og båret. Alle sko som blir plukka opp skal bytast med ei leike som tilhøre hunden, eller ein godbit, alle sko som vi er redde for blir bortpakka medan hunden er i opplæringsfasa.

Klare vi å praktisere dette får vi ein stolt apportør som ikkje trygg på byttet, derimot raser vi etterhunden og skjenner får vi hund som et opp byttet i smug:) Eg har aldri våre i tvil om korleis eg vil ha min hund, eg har alltid pakka bort bunadsko, og slik som vi er ekstra redde for.

Ein retriever er også roligare i helse settingar vist den har noko i munnen, så tenk på det og la den ha sine eigne ting den stolt kan bære rundt på.

EIN SKAL ALDRI BRUKE KASTING SOM EIN AKTIVITET, det bygger stress, det gjelder også oss som trenar jakt, kasting kan skape stress, her er det viktig å kjenne hunden, og ingen individ er like.

Alle som hentar hund her får med dummy, og instruksjon om korleis den skal brukast, altso ei kort bruksanvisning :) dette er ikkje fordi det er pålagt å trene jakt, men på grunn av at hunden skal få lære å bære, og få ein jobb å gjere av og til:) då blir det så glad og stolt, i tilegg blir vi glad av oppleve ein gladhund.

Dette blei vist ikkje så mykje om kvalpekassa, men det som kjem..

Litt om kvalpane til slutt.. Ein del av kvalpane har fått opp auga, og den som var minst (HB )har mest auge, han er også den sprekast, og den mest muskuløse av dei, fast i fisken, og spring nesten, det har sine fordelar å være minst. Arwen har bra med mjølk, men vil fort ut av kassa når dei har suge frå seg, vil ikkje ligge der noko unødig, eg sit der med ho alltid når ho gir mat dette for at ho skal være heilt rolig.

Arwen har fått seg ein dysj i dag, og vi brukte sjampo!! Ho blei så mjuk som ein kvalp ho også, sjampo har vi ikkje brukt sida april i fjor når ho var på utstilling, Arwen luktar aldri, ho har ikkje hundelukt.

 
   
29.03.09  
Her går det sin vante gang med vasking, og beundring av kvalpar plasser Arwen i kassa, sjå til at kvalpane får mat. Det er ei av tispene som er kronisk til å hoppe av puppen vil ha nabo puppen, og dette blir det kaos av kvar gong:) ho trur graset er grønare på andre sida, i tilegg så er ho håplaus til å suge på dei andre kvalpane, og det er no ikkje så bra eller lurt:) ho treng derfor litt ekstra tilsyn på grunn av sine påfunn.

Kvalperommet er faktisk einaste rommet som luktar reint her no, det er smått med tid til anna enn kvalpestell, eg er derfor lite aktiv har eg funne ut, men skit, vi får ta igjen etter kvart, har aldri hørt at støv reiser av seg sjølv:)

 
 
Slappar av etter mat, og finn seg til rette på varmeposen det skorta ikkje på luksus:)  
   
28.03.09  
I dag var kvalpane på vekta igjen... og det går riktig veg, vekta har fordobla seg siden fødsel og det er normalt. Kloklipp igjen i går kveld, med ein del kraftig protestar:) det er nokk normalt, men det er eit par som villig lar seg klippe, og kan likegodt sove over heile klippen, den guten vil eg ha basta bom, det er den største og desidert roligaste.

I dag er det ei lita glipe på auga til nokre av kvalpane, den blir nokk større etterkvart utover dagen, og morgondagen, moro når auga opnar seg, blir liksom litt meir inntrykk av kvalpen då, herleg gjeng med nokre super tjappe gutta, og turbo jente.

 
Kjønn Merke Tid Fødselvekt,18.03 26.03          
H UM 9.50 380 gram 812 gram 940 gram        
H Nakke 10.30 455 gram 835 gram 975 gram        
H Kryss 10.40 435 gram 836 gram 980 gram        
H HB 11.30 330 gram 725 gram 890 gram        
H VB 12.12 470 gram 950 gram 1120 gram        
T UM 12.40 450 gram 910 gram 990 gram        
T Hale 13.38 425 gram 730 gram 827 gram        
 
   
27.03.09  
Reknar med  i morgon er auga på veg opp, eg ser ei lita glipe på enkelte av kvalpane, så dette skjer fort når det skjer noko. Eller så skjer det ikkje så mykje her ennå, bortsett for mating, og vasking av kasse, teppe. osv. det er ein god del jobb, men kvalpane og Arwen skal ha det reint og fint.

Arwen er eit kapittel for seg sjølv, ho har ikkje gitt opp hi bygginga, og i dagmorgon såg ho sit snitt til å få grave litt skikkeleg medan eg snudde meg rundt eit kvart sekund:) Arwen er ein rask hund ho:) Det blei ein lett grønsåpe vask av henne labbar også, ikkje berre kvalpekassa som måtte til pers!!!

 
 
9 dagar er kvalpane no, uff sterkt blitslys er ikkje bra verken for kvalpar enn bilde...  
   
26.03.09  
I dag kom Ane ein snipptur med "Pokal" til Arwen, ho blei nr 2 på allsidigheitspokalen her på sunnmøre i år, i år hadde vi ikkje sporresultat, og då må ein være godt nøgd med ein 2 plass, skal ein hevde seg på toppen så bør ein ha sporpreime, der er det masse poeng å hente, husk det:) Arwen har vunne tidlegare og då hadde ho også sporpoenga... I år hadde  ho poeng frå utstilling, lp, og jakt, det held nokk ikkje...

Eg gratulerar Guro som vinnar av allsidigheitspokalen, velfortent les om Guro sine hundar her>>>

Veging i dag, veks gjer dei alle, men ein ser på vekta kven som ikkje sleppar puppen før dei må, dei to kvalpane virke også både lenger og kraftigare enn dei andre, så to kjemper kanskje:) neidaå ein ser ikkje slik ennå.. hale tispa er rund som ei kule, og raskt til tusen.. triveleg gjeng heile staben:)

Har ikkje tatt så mykje bilde då, men har tatt nokre med kompakt kamera, og lover å ta det igjen når kvalpane blir større..

 
   
Kjønn Merke Tid Fødselvekt,18.03 26.03          
H UM 9.50 380 gram 812 gram 940 gram        
H Nakke 10.30 455 gram 835 gram 975 gram        
H Kryss 10.40 435 gram 836 gram 980 gram        
H HB 11.30 330 gram 725 gram 890 gram        
H VB 12.12 470 gram 950 gram 1120 gram        
T UM 12.40 450 gram 910 gram 990 gram        
T Hale 13.38 425 gram 730 gram 827 gram        
 
25.03.09  
Markekur i dag, og det fekk både Arwen alle 7 kvalpane + Artemis, så då skal flokken være fri for "mark" inntilvidare, kvalpane vil få to kurar til før dei er leveringsklare, Arwen fekk også ein kur 10 dagar før nedkomst, så her skal det være i orden med det då:)  
 
Her er gjeng 7 dagar, runde og gode heile gjengen  
24.03.09  
Har tilført litt fleire namne forslag til lista..  
I dag har vi merka oppatt kvalpane, slik vi ikkje skal misse kontrollen på den og den, men likevel er eg no i stand til å kjenne dei i frå kvarandre, dei har sine personligheiter alle 7. Den største er den roligaste i både kropp og skjel, triveleg gjeng.

Har klippet klørne på alle i dag, og det gjekk fint, litt hyling er det, men det tåler oss, dette er nødvendig arbeid, som dei skal finne seg i resten av livet:)

 
 
No er vi på dag 6 og mamma Arwen har funne ut at å sitte er tryggast, det er nesten umulig å få lagt seg ned slik som desse kvalpane raser rund når ho kjem opp i kassa.  
På vekta i dag igjen.. vi veks..  
Kjønn Merke Tid Fødselvekt 18.03 20.03
 
22.03 24.03 26.03    
H UM 9.50 380 gram
481 gram
605 gram 695 gram  

812 gram

   
H Nakke 10.30 455 gram
575 gram
650 gram 730 gram
835 gram
   
H Kryss 10.40 435 gram
569 gram
667 gram 730 gram
836 gram
   
H HB 11.30 330 gram
440 gram
559 gram 630 gram
725 gram
   
H VB 12.12 470 gram
589 gram
740 gram 830 gram
950 gram
   
T UM 12.40 450 gram
581 gram
675 gram 760 gram
910gram
   
T Hale 13.38 425 gram
549 gram
602 gram 670gram
730 gram
   
 
23.03.09  
 
Dag 5 var vi runde og mette:)  
Ja då er ja- kvalpane 5 dagar, og litt bilde til dei som vil sjå gulla... ikkje så enkelt å ta slike nedover bilde, og få dei brukbare, men eg vil ikkje uro dei med å flytte dei så mykje ut av kassa for fotoet sin del ennå, men tida går fort og kvalpane veks fort..

Runde og gode er dei blidt, og svert kvikke også, like i størrelse og type så langt som eg ser.

Villmann har roa seg, og blidt tjukk, han er likevel utruleg fast i fisken, og litt sånn Arwen type trur eg, kanskje han har større motor enn forstand:) Utruleg spenanes å følgje med utviklinga deira, og eg kosar meg med å betrakte gulla i frå sidelinja.

Artemis fekk vere med inn i dag, vell å merke tok eg på koppel, og ho satt å fekk sjå på når Arwen gav dei mat, Arwen berre sukka, og tenket sikkert skal du sitt her å klø på den klompen også no:)  Ho synast vertifall at Artemis ikkje var noko fare for henna små, og ho stressa seg ikkje opp over det.

 
 
   
 
   
 
   
22.03.09  
Ny veging i dag..... Arwen får mat 4 gonger i døgnet og ca 1 kg NP, og det vil eg auke til ca 1,2.1,5 etterkvart som tida går. Og går ned igjen på 3 måltid pr dag. Ellers så er ho godt i stand og eg vil prøve å holde henne i godt hold under ammeperioden slik ho skal produsere masse god mjølk til ja- kvalpane.

I natt gjekk ho ut av kassa fleire gonger, men kvalpane var ikkje nøgde dei ville ha meir mat:) Det er ein gjeng med kvalpar som har matlysta i behald, og kjempar om skvettane, og det er bra. Dei ser skikkeleg bra ut, og er livskraftige.

Eit namne forslag til er tilførd lista.... her er mange meiningar om namn ennå, men det som er sikkert er at det blir ja- navn.

 
Kjønn Merke Tid Fødselvekt 18.03 20.03
 
22.03  
 
   
H UM 9.50 380 gram
481 gram
605 gram  
 
   
H Nakke 10.30 455 gram
575 gram
650 gram  
 
   
H Kryss 10.40 435 gram
569 gram
667 gram  
 
   
H HB 11.30 330 gram
440 gram
559 gram  
 
   
H VB 12.12 470 gram
589 gram
740 gram  
 
   
T UM 12.40 450 gram
581 gram
675 gram  
 
   
T Hale 13.38 425 gram
549 gram
602 gram  
 
   
 
   
21.03.09  
Alle kvalpane, er intense i jakta på sin mor, og nasa blir fort kopla på når ho kjem inn i rommet etter å ha vore ute, kvalpane har verken syn eller hørsel førstetida, men sansane etter sin mor har dei, og eg vil tru nasa allereie er i sving på den jobben. Alle er intense i matfate, og slepper ikkje i det heile med knallar på puppen, andre tar seg ei runde rundt i kassa for så starte på nytt å suge :)

Har klippet klør på tre av kvalpane, UM tispe, villmann, og ein til som eg er litt usikker på, men det ser eg når eg skal klippe dei andre, og det ved ei seinare økt i dag

 
 
Ja- gut 3 dagar  
 
Ja- gut 3 dagar  
 
Tre av Ja- gutane, 3 dagar gamle  
   
Kvalpane veks fort, og er ein gjeng resarar, somme er rolige og andre har mange gir, spesielt ein hannhund, den som var lettast og minst. Han er rask, og eg trur det er ein Arwen kopi:) må vell ha han sjølv tenker eg, Spøk inntil vidare, det er uråd å danne seg noko særleg bilde av kvalpane før dei er 6-8 veker gamle og det er då eg vil avgjere kvar dei einkelt passer.  
 
Hovud til ja- jentene  
 
Jentene 3 dagar, like som to dråper vann.. Tispene ser svert godt ut, rolige med god matlyst, bygningsmessig så er dei på høgde med gutane, ein ser faktisk mykje allereie, beinstamma virke solid :)  
   
20.03.09  
Ein herlig gjeng med kvalpar, og eg vil ha alle sjølv:) det kan eg ikkje så klart. Dei ser både friske og raske ut, ein resargut (det er miste guten). Tispene er både store og like, rolige, syg og søv. Pernille kom heim frå Trondheim i går kveld og har nesten budd med kvalpane sida det. Godt med litt avlastning, ho fekk opp å passe gjeng i dag når eg var å henta ny forsyning med NP, det må både oppdelast og frysast, men det er desidert beste foret for diande mødrer, og eg tar gjerne den jobben for å skaffe det beste til Arwen..

Pernille har tatt ein del bilde i dag, og er reknar med å få nokre bilde til å legge ut her, slik dere får sjå disse nydelige nysta våre. Alle var på vekta i dag, og alle hadde gått opp i vekt.... Litt hektisk med meg, og eg har litt lite tid til oppdatering, men skal få ut litt meir etter kvart, som Arwen kan være i frå kvalpane litt:) ho er ei hønemor som helst vil ligge i kassa heile tida, men litt fri må ho ha.

Ho har diverre ikkje gidt opp håpet om å bygge hi ute, så det er er noko ho nyttar høvet til kvar gong ho er i hagen, lure ser bort for å  starte og grave:( moldet hund, og då er det rett i dysjen, og.. rein må ho være når ho skal være oppi i kassa med kvalpane sine.

 
 
Tjukk, nei berre søt:) Foto, Pernille  

 
Kjønn Merke Tid Fødselvekt 18.03 20.03
 
22.03  
 
   
H UM 9.50 380 gram
481 gram
605 gram  
 
   
H Nakke 10.30 455 gram
575 gram
650 gram  
 
   
H Kryss 10.40 435 gram
569 gram
667 gram  
 
   
H HB 11.30 330 gram
440 gram
559 gram  
 
   
H VB 12.12 470 gram
589 gram
740 gram  
 
   
T UM 12.40 450 gram
581 gram
675 gram  
 
   
T Hale 13.38 425 gram
549 gram
602 gram  
 
   

 
Kvalpane er kommet:) hipp hurra, 7 flotte friske store kvalpar ( 5 hannar og 2 tisper).

Meir info kjem når ting roar seg, Kvalpane er i eit anna rom to trapper unna dataa min!!! det blir derfor meir oppdatering etterkvart, men kvalpane krev sit no i starten, men eg har alle mål, klokkeslett og vekter, så alt kjem etterkvart:)

Dei som står på liste blir kontakta, men eg må sjå ann første døgnet før eg tar kontakt, må oppservere, og roe ned eit hakk, det har vore to netter utan å sove, så eg er litt klar, må hente meg inn igjen..

Arwen var flink, og ho er i god form allereie, utruleg rolig og avslappa er ho også, kvalpar har ho grei på så dei har ei god flink mor!!! he he..

 
   
18.03.09  
 
Roen har senka seg, Arwen er nydysja, og fått på reint til kvalpane, berre idyll.. merka er som på tabellen, det er for å holde orden i rekkene, fleire bilde kjem etterkvart:)  

Anntydning til pressrier kl 8.50 og Arwen vil sitte.. Kvalpane kom fint når ting skjedde, Arwen var flink og rolig heiletida..

Kvalpane ser veldig fine ut, og pene hoder, som forventa Gjevne og kvikke heile gjengen, og no håper eg det forsette slik.

 
Kjønn Merke Tid Fødselvekt 18.03
 
   
 
   
H UM 9.50 380 gram
 
   
 
   
H Nakke 10.30 455 gram
 
   
 
   
H Kryss 10.40 435 gram
 
   
 
   
H HB 11.30 330 gram
 
   
 
   
H VB 12.12 470 gram
 
   
 
   
T UM 12.40 450 gram
 
   
 
   
T Hale 13.38 425 gram
 
   
 
   
 
   
17.03.09  

I dag stod vi opp og Arwen åt maten sin og vil ha seg ein skalk som vanlig:) ut på dagen vart ho urolig og starta å grave både her og der. Eg lufta henne, og plutselig ville ho inn på føda:) Og her har vi vore sida, ut har ho også våre ørten gange, men det må ein fødandes få lov til. Eg hadde lagt avise under underlaget, og det var lurt. He he.. ho har makulert aviser i det stor og breie i heile dag, no er dei borte, ho har tre tepper i staden til å dra og grave i. Så legg vi på aviser på nytt når behovet kjem..

Vi venter på at ting skal skje, ho er stor, og eg er både spent å nervøs på korleis dette skal gå, og kor mange som er der inne i henne.

Artemis ligg på gangen utefor døra, og kan ikkje forstå kvifor ho er utestengt, det er nytt for henne, men Artemis er ei sindig type, og takler det bra, og legg seg til å sove der ho.

 
   
15.03.09  
Feber er målt på tredje dagen, og den held seg stabil og normal, det gjer matlyst også, ho er almen i meget god form, magen er også heilt fin, eg er glad for kvar dag kvalpane er i magen der har dei det trykt og godt inntil dei blir født.  
 
Blits bilde kl 8.30 i dag, med kompaktkamera:( nokk om det, kvalitet er ikkje alt, men her ser dokke Arwen på 60 dagar drektigheit eikje ho fin??  
   
13.03.09  
Bilde av Arwen, 58 dagar drektig :) her på kjøkkenet ikkje noko å sei på sovehjerte, eg kom plutselig på at eg hadde kompaktkamera også, og det er jo mykje enklare å dra fram utan at ho sit klar å ser i kamera, Arwen elskar å bli tatt bilde av, og det å ligge å sove bort kjangsen for ein godbit, hum.. hum.. så dum er ho ikkje:), det har sine fordelar med kompakt også:) då klarte eg å ta bilde utan at ho merka det.  
 
   
Bilde av Arwen, 58 dagar drektig :) 81 cm i dag, og i fin form  
 
Magebilde, ingen kommentar:) slik ligg ho her på loftet bak stolen min:) kosar seg i dag, ganske avslappa vil eg sei.  
   
12.03.09  
Ingen måling eller bilde i dag, derimot skal eg prioritere det i morgon, i dag er det 6 dagar til termin, og vi har gjort klar fødestova. Vekta er på plass, kokt saks, masse nyvaska tepper, skrud samen seng og kvalpekasse..

Arwen vil ikkje inn dit, men vil vere på loftet der ho er vant til å være, det for ho også heilt til fødselen er godt i gang, men då blir vi nede:) som sist..

I morgon skal eg ta magebilde når ho ligg og når ho står,  ho ser temmelig rar ut, men... det er slik ein blir som drektig:) når ho går så går ho breitt med bakfotane og puppane klaskar samen så vi høyre det på lang avstand..

 
   
10.03.09  
Ny måling 80 liv og 85 cm bryst, stor og staut om ein kan kalle det det, men sprek til tusen.. No er det berre 7 dagar igjen, og eg håpar ho held på kvalpane til over helga, dette på grunn av at eg ønskje det størst mulig..

Vi klargjer litt av kvart frå teppevasking, alt skal være så reint som råd på det som skal være i kvalpekassa. I dag har vi også kjøpt to nye varmeflasker som må være klare til fødselen.

 
09.03.09  
Nå nærmare det seg.. og Arwen masar etter mat i eit sett:) eg er ikkje så glad i dette maset, men ho er vell svolten.... Ho får ca 1kg NP pr. dag.. ( det er eit frosenfor, norwegian polar er rette namne) vi brukar  NP :) fordelt over 3 måltider + at ho tiggar til seg litt brødmat i tilegg.

Eg er overbevist om at dette foret er mykje betre for drektig og ammene tisper enn tørrfôr.. Arwen får dette foret i periodar, og Artemis vaks opp på 50/50 tørrfôr/ NP. Eg er strålandes nøgd med det, og hadde det ikkje vore for at det er litt ekstra styr å dra på i periodar nå vi fartar rundt på prøve/ferie osv.. så hadde eg aldri kjøp tørrfôr. Eg har det slik at dei tåler godt begge deler, og kan hoppe frå NP til tørrfôr.

Eg målte Arwen i dag igjen og no var ho 79 cm, rund og god, og ho brukar litt lenger tid til å komme seg på beina, men det er det heile.. sprek som vanlig.. . I går fekk ho ein kur mot orm, dette er viktig, og ho skal også ha ein ny dose middel ei veke etter ho har født, då skal også kvalpane ha si første dose med ormemiddel.

I dag har eg vore til Moa og kjøp meg ei ny madrass som eg skal ha på kvalperomet, eg reknar med at dei første 3 vekene skal eg ligg der i lag med gjengen, og passe på, og då må ei ligge godt:) Det er arbeidsrommet mit eg tømmer for både dei ein og det andre, for så å flytte inn med eigen seng og kvalpekasse.

Ro skal ho få, og jamn temperatur... Det vil bli ei freda sone for Arwen dette så ingen anna enn familie slepp inn dei 3 første vekene, dette for å skåne mor og barn, etter den tid blir det litt meir styr, då skal kvalpane litt om sen få oppleve det meste, og helse på både store og små..

 
   
06.03.09  
Eg målte i dag igjen og Arwen var 76 cm rundt livet, det er ikkje så mykje som skjer anna enn å vente, så får vi ta litt bilde i ventetida, så dokke som har tinga kvalp får sjå korleis ho ser ut som tjokk, når ho har amma ei stund så er ho nesten vekk. Eg hugsa sist, det var berre skin å bein igjen av ho...

Eit par tips til har tikka inn på ja namn..

 
 
Arwen er no pen også som tjukka, sit rolig å poserar, dette med foto likar ho svert godt, og eg trur ho kunna sitte slik i timevis:)  
   
03.03.09  
"ei vil ha mat" Her er eit bilde Anne Lene har tatt medan eg var på vinterferie heime på sandsøya, eg viste ikkje om bilda før no :) Arwen får mat i kjellaren, men ho hentar opp skålene sine heile tida, for å vise at eg vil ha mat !!! Ho har vist smula på hovudet så eit kvart har ho ruska borti :)  
 
"ei vil ha mat"  
   
03.03.09  
Veks, og aldri nokk mat, men eg tør ikkje gi ho alt for mykje mat, det blir då litt laust i magen, ut å tisse med må ho oftare no enn før. Vi gjekk oss ein tur i fleksiline slik ho får snuse å kose seg litt på tur, merker no at ho er tung, men tida går fort vell 14 dagar igjen..

Det er tid for å plukke fram kvalpekassa og vaske heilt reint alt til kvalpane kjem, vi gler oss og er spent.

Må kanskje ta litt meir magebilde, kjekt å ha, ho har bar mage som heng ned, bar er for at når ho var på ultralyd så barberte dei henne. + at pelsen reiser rundt pattane av seg sjølv, og ho ser nokså sprengd ut. Eg reknar med at ho veks endå meir dei siste 14 dagane. ( eg tippar 9 kvalpar) eller kanskje 10, speandes :)

 
   
01.03.09  
Arwen har vokse og er spinn vil etter mat, ho får tre måltider med mat. Arwen har vore her heime medan eg har vore på vinterferie, og ho har bært matskåler til den store gullmedalje :) Eg målte henne i kveld når eg kom heim, 73 cm rund he ho blidt, så eg trur det er mange kvalpar inni der :)  
   
24.02.09  
Artemis & Arwen, ja så ser dokke det, tjokke Arwen får stell av datera Artemis.... magen veks, så her er det kvalpar.  
 
Artemis & Arwen  
   
23.02.09  
Arwen, vi må legge inn nokre sprekebilde av Arwen før tjukke bilda kjem :)  
 
Arwen, på veg ut i vatnet, disse bilda er det Anne Lene som har tatt under ei treningsøkt.  
   
   
Arwen, vi må legge inn nokre sprekebilde av Arwen før tjukke bilda kjem :)

Her er bilde av Arwen tatt i sommar, symjing er sommartidas kondisjonstrening for Arwen, og ho likar godt å synje, og ho symjar svert godt, og seier aldri nei takk til ein tur på vannet etter ein dummy.

 

Her kjem Arwen sin hodeprofil fram, ho ser sannsynligvis på meg, og lurer på om ho skal hente fleire inn eller ??

 

Her har vi den lille forskjellen på stress og jobb, ved jobb som eg kallar det, så ventar hundae på jobben, dei skal ikkje springe i vatnet etter noko utan lov :), det vil sei går dei fri, eller er på tur så må dei gjerne gjer som dei vil, men kastar vi ut eller bed hunden hente noko så er det vi som sett den i jobb, enkel og greit = lydigehund.

 

 

 
   
23.02.09  
Tur i fleksi i dag, og det er Arwen nøgd med, ho er så rå på hjortelorten ( dette heng nokk samen med at ho er drektig) eg er ikkje er så begeistra at ho et seg sjuk, derfor har ho måtte ture ettervegen. Matlysta henne er så stor at ho et alt ho finn. Arwen er tjukk og godt i stand, og eg held igjen på maten, men eg skal frå i morgen starte med tre måltid for dag.

Målte Arwen igjen i dag og no var ho 67 cm, og eg vil tru at det er mange kvalpar inni der. Når været blir litt betre så skal eg prøve å få tatt nokre tjukkeArwen bilde. Eg liker ikkje å ta innebilde, og tar ikkje det :-) derfor må været være bra. he he.. eller så blir det ikkje bilde.

 
   
22.02.09  
Dagane går, og Arwen legg seg ut, ho får seg ein tur kvar dag i lag med meg og Artemis, elles så har ho veldig lyst å være med å trene, men det får ho ikkje!! No er det Artemis sin tur til å bli "rå bra", og Arwen får klare seg med kunn tur slik mange andre må :-) he he.. tur er bra for alle, også for meg, som skal prøve å forbrenne litt fett.

Regner gjer det på våre kantar så snøen vi hadde i store mengde er neste borte, og det er bra..

 
   
18.02.09  
Vi har målt igjen, og livvidda er no 63 cm ho har med andre ord starta og vekse :-) bra... På tur har ho våre med meg og Artemis kvar dag, men ho held eit rolig tempo, og tar ting rolig, litt har ho forsøkt seg på å springe i skogen og undersøke kva Artemis styrar med, men ho likar seg best bak meg og ruslar rolig.  
   
14.02.09  
Har i dag målt livet på Arwen og det var 59 cm, då ser eg om ho veks, eller :) god matlyst har ho vertifall.  
   
13.02.09  
Det skjer lite med oss her fortida, det har komet ein masse snø, og ingen ønske ting for oss, men vi er vandt til at snøen ikkje ligg så lenge.. det trur eg også på no, og den reiser sikker også fort :) Takk for namnetipsa som har strømma inn, moro med fleire namn å velje i..  
 
Nokk eit bilde frå i går, her søker Arwen godbitar så snøen fyk, dette med godbit søk er ei tidtrøyte og veldig roandes på hund. Har ein hund som treng litt psykisk -trim.. så er dette medisin nr 1, i tilegg er det mentalt trøttandes, og oppbyggandes for søkslysta, og trening i å konsentrere seg over lenger tid.  
   
12.02.09  
   
Litt mørkt men men.. ikkje alle bilder kan være like bra :) bilde er tatt i snøkave, og... bla bla.. dei som har prøvt å ta bilde av svart hund i slikt ver veit at det kan bety utfordringar.

Arwen, eg og Artemis var på ein lang skogstur i går, ikkje langt i km, men i tid, rikeleg tid til å undersøke snuse, og leike seg litt. Snøen kom igjen og då avgrensar det seg sjølv kva vi kan trene på i skogen eller på marker.

Tur er likevel ikkje å forkaste, og dette å få springe laus i ulent terreng er godt for både kropp og sjel sjølv for ein flat.

No har eg fått inn to namnetips på Ja namn, eg ønskje fleire er det nokon som har gode namn på lager så vil eg gjerne bli tipsa, og eg skriv dei opp her på denne ja-kullets side, så får vi plukke rett namn til rett kvalp :) alt skal stemme.. rett hund til rette person og rett namn til rett kvalp :)

Når vi har nokk namn så får vi plukke dei vi liker beste, og så blir det premie til den som fann på beste namnet ?? er dokke med.

 
   

Namne foreslag til Ja-kullet

 
Female Male

Jara

Jasper  X
Jane Jappe  X

Jackie X

Jack   X
Jamie Janus
Janka Jacko
Jana James  X
Jadda

Janis

Jade Jarp
Jamina Jason
Jaffa Jaguar
Java Japp
Jama
Jazz
Ja visst Janosh
Jajamensan Jarosh
Ja vel Jarek
Jaona Jarrox
Jatzie X  Premie?? ja ,når dei kjem å hentar hund:) Jappo
  Jagge
  Jalmar  ( Pernille fant på det, og premie, tja, ho får få seg ein hund ein gong med meg)
 
   
09.02.09  
Det er bevist kvalpar er på veg, vi var på ultralyd i dag og det er fleire kvalpar på gang, fleire enn 5 :)  
   
05.02.09  
Arwen var i dag med på skogstur, ho kosa seg i lag med meg og Artemis, og vi hadde kunn tur. Litt tregare er ho, og går for det meste bak med og loffar. Elles så er det lite som skjer, berre vente tid :) vi skal ta ein tur til ultralyd ut i neste veke tenker eg, så får vi ein peikepinn om der er kvalpar og evt. mange :)  
 
På bilde leiter Arwen etter godbitar i snøen.  
03.02.09  

Arwen er rolig å avslappa, og eg tyder det som eit godt teikn, men ho følger med til tusen, og er det noko som skjer er ho ikkje langt unna, slik skal også ein flat vere "våken".

Arwen har vore med på tur i lag med meg og Artemis, no når Artemis har løpetid går vi i koppel, og etter gang og sykkelsti, eller grisesti FYSj FYSj hundefolk!! mykje drit og lort, eg er nesten flau på våre vegne, Arwen går i rolig tempo og stressar ikkje for noko ho. Arwen har alltid gått fint i koppel med meg, vi har aldri etablert noko unotar der.

I den daglige settingar er Arwen stort sett rolig, året rundt, MEN… ho får også si dose med aktive gjeremål, som består både av nesearbeid, lydighet, og kondisjonstrening. Vi har derimot trappa ned på aktiv trening, og det er huselige syslar som å bære matboksar til oppvasken. Litt, klikkertrening som for henna del er plassering "ved fot" det er ei øving vi aldri heilt er nøgde med, slike ting som Arwen vil og atter vil jobbe med. Flatter er aktive, og fortenar eit liv med oppgåver.

Vi har fått tilbakemelding frå AR-kullet, og alle har eg vore i kontakt med, det som går igjen hos alle er, glade hundar som er ivrige til å helse på både tobeinte og firbeinte, dette er normal atferd for flatten. Dette bør ikkje vere problem då vi kopler vår hund i disse settingane, og unngår både uønska belønning og sinte to eller firbeinte individ. ( den allerbeste løysing). Friske og intensive avkom heile gjengen.. Hundane er med andre ord eigna til aktiveliv, med aktive eigarar, dette er også mine avlsmål, friske, arbeidsvillige, snille og utrysta med god hundetoleranse.

Dette håper eg også blir for, JA-kullets. Dei som liker å følge med på ting og tang kan også lese bloggen, der blir drypp både om trening, og tips, også litt skarpe signal både til meg og andre. Den blir oppdatert av og til, og når eg har noko på hjerta, og for noko føre meg som eg vil dele med andre.

Dei som vil følgje med på unge pappa Jack sin trening framover, les Brit sin blogg om Jack>>>

 
   
25.01.09  
Her på sunnmøre er vært topp, eg og Arwen var i skogen ein "kort, men lang tur" nydelig ver med SOL..

Vi har lagt treninga på hylla, Arwen skal kunn få koseapport og foto som sin aktivitet i ei periode.

Eg håper på at ho er drektig, men ein veit no aldri, det som vertifall var sikkert i dag. Arwen var så inn i graskagen ivrig på hjortelort :-( ho åt til den store gullmedalje..  uansett kva ei sa så lukka ho auga/øyre, å fann sei ei ny tue med hjortebæsj like fort. Dette er delikatesse for dei fleste hundar, og det er ikkje mange hundar som lar dette ligge urørt.. ho er nokk normal.

Det er ikkje ønskelig at dei et så mykje hjortebæsj, og Arwen brukar som oftast å la det ligge, men no er det lenge sida ho har vore laus i skogen, og eg trur at ho kanskje var verre i dag enn ho har vore før, kanskje eit godt teikn ??? håpe på det..

Arwen er rimeleg fant også for tida, no er ho ferdig med løpetida, men Artemis har løpetid, og henne luftar eg i band tilmed i inngjerd hage. Arwen har derfor funne ut at ho kan terge Artemis LITT !!

 

Artemis elskar pinnar å må berre ha ein i munne støtt, tilmed når ho går på do, eller ho må ha ein pinne i munnen berre for å ha ein der ho... det er no berre kos og for meg er det greitt. Arwen derimot no når Artemis er i band, tar ho pinnen henna og spring, snur seg å seie ettabetta til Artemis :-) Det endar med at ho må være inne når eg luftar Artemis..

Arwen er altso litt fant av og til, klok til tusen, dette gjer ho ikkje når Artemis er laus, fordi Artemis spring fortare enn Arwen og ho tar igjen pinnen frå Arwen fort som f.. til vanlig, Arwen er snill til tusen og gir i frå seg pinne ganske så frivillig, men fant er ho...

 
   
23.01.09  
Arwen er over i sovemodus og det lover bra, søv og et.

I dag fekk ho opp på bordet for ein omgang med kam og sakst + litt kloklipp.

Etter på var det ut for å ta eit nytt bilde, pels har ho dårlig med ennå, Arwen brukar ha mest pels frå mars utover til april-mai-juni, kvaliteten er svert god på henne pels, men ikkje av den lengste typen.

 
   
16.01.09  
   
Turen til Steikjer gjekk bra, litt glatte vegar med det gjekk unna i ein fei.. Vi fekk husrom mat og drikke, kva står på då.. STOR takk til Brit som gir oss lov til å nytte Jack på Arwen.

Arwen og Jack fann tonen raskt, og det blei ei paring med heng på 1time og 5 min på onsdag, på torsdag morgon blei det ei ny paring med heng i 20 min, no er det berre å krysse fingrane for at det skal bli kvalpar på Arwen.

Jack var berre heilt fantastisk, eg hadde ikkje trudd det vist eg ikkje hadde opplevd det, han para Arwen var på godfot med henne, men han vist ikkje teikn til stress om der var ei løpetispe på vitjing, han er berre heilt herleg den hannhund.. han sov likegodt han, utan ein lyd :-)

Bilde av Jack er å finne på bildesida mi, i denne serien som eg tok første gangen eg ser Jack, var han 21 månadar, sjå bilde >>>>

 
   
Ja- kullet  
Vi er i gang med nokk eit drømmekull, dette kullet er også liknandes med AR-kullet, då tenker vi på linjer som i generasjonar har avlet på dyktige arbeidshundar. Gemyttet må berre opplevast.

Arwen, dei som har lest om henne her på mi heimeside igjennom åra og sett henne i jobb veit nok at ho er ei kule til å jobbe, men likevel er ho avbalansert og klarer å konsentrere seg. Eg deltok på avkomet- beskriving i Sverige med Arwen, og alle søsken var triveleg hundar veldi gjevne i størrelse, og rolige i lag med andre hundar alle apporterte og var skotfast.

Arwen er etter veldokumenterte linjer, hennes far er etter engelsk og irske jaktlinjer, han har også stor arbeidekapasitet, og pent ekstriør. Arwens mamma er etter svenske linjer som også er veldokumentert, både på jakt og eksteriør, morfar til Arwen har også ført sine linje vidare til mange dyktige avkom. Arwen har ei stambok som det er verdt å ta ei tit på, hundane er i tilegg til å være godebrukshundar, utrysta med riktige retriever –eigenskapar og pent eksteriør.

Ar-kullet,  eller kullet som Arwen hadde med Arthur, ser også lovandes ut både på eksteriør og brukseigenskapar. Dei hundane som gjekk til familie/ turhund, har skikka seg vell og er triveleg vesen etter det eg har fått tilbakemelding på.

Dei kvalpane som gjekk til bruks/jakt, har eg fått enorm positiv tilbakemeldingar om, og dei ser lovandes ut for den aktiviteten dei trenast for.

Over til Ja-kullet, Jack  (les stamtavle på kvalpesida). Eg har ved to anledningar opplevd Jack, begge gangen er eg lamslått av hans vesen. Usedvanlig rolig og avslått hund, hund med denne roa, skal ein leite lenge.. lenge etter..

Og det er slike genar eg er ute etter, hundar med RO, eller hundar som klarer å slå heilt av motoren, er lettformeleg og tar små signal utan noko om eller men... slik hund er Jack.

 
   

 

Eg har sett Jack, symje, apportere, bringe dummy heim til mor, han var veldig lydhør.

Jack trenast i Jakt og kan nå langt med tid og stunder han har det vi treng, Brit som er Jack sin eigar har ikkje trena Jakt før, men er i full opplæring så her blir det premier etter kvart.. Jack har to kullsøstrer som begge har 1pr og klassevinnarar i BK

 
   

Eg har også sett faren hans "Topper"  i jobb på eit EK felt, etter som eg hugsa var han også enorm lydhør, tok kontakt med sin førar etter små signal, og det er slik vi ønskje vår hund så klart.. Morfaren "Arthur" har eg også sett mange gangar, og han er også far til AR-kullet, og han har vist framføtene ofte dei siste åra.

Far til Jack er frå danske linjer, og det er ein fine hund med herleg gemytt, i tilegg cert og preime i EK jakt. Mor til Jack, og mormor har også gode jaktresultat.

 
     

Jack har eit rolig godt uttrykk, utrimma men likevel nydelig :)

 

Når eg skriv at eg vil ha RO, så må det ikkje misforståast med at eg vil ha hundar som kunn ligg still og søv, men denne eigenskapen med ro, handlar om mykje anna, enn det å være passiv. :) :) 

 
 
Ikkje berre nydelig uttrykk, men guten er også pen oppstilt.

Ung er han 21 månadar på bilde.

Jack har vore lite utstilt, men stilt har han vore og 1UK med HP har han.

 
Paring er nå faktum mellom Jack og Arwen, og vi starar telle dagar til nedkomst, blodprøve blei tatt måndag den 12.01, og det beste tidspunktet for paring blei bestemt, til onsdag 14.01torsdag  15.01 så er det berre å håpe på mange Jack-Arwen kvalpar.