Litt om meg, Ann-Olaug

Eg bur i Sykkylven, det er ei bygd som ligg nær Ålesund by,  i midt Noreg.

Hobbyar er  hund og atter hund, ander ting er;  foto, sykkel, data, og eg handsyr praktiske, og solide ting til hund.

Siviltilstand; gift, og har 4 born som er i alder frå15-26.

Opphavlig kjem eg frå Sandsøya ei øy i Sande kommune i Møre og Romsdal. Reiser ofte heim der eg har mine røter. Trivast godt der ute med hav, fjøre og måseskrik...

Hund har eg hatt mesteparten av mitt liv.. Har fortida 2 Flatcoated retriever tispe, som eg har trua på skal bli bra arbeidsmessig, dei ser lovandes ut så langt.

Eg har satsa på hundar som kjem frå jaktpremierte linjer, ikkje berre enkelt individ, men fleire i stamtavla er godt premierte på få startar. Hundane fungere utmerket som familiehund, det gjer dei aller fleste, men dei har det aller best når hundane får høve til å arbeide som jakthund/brukshund. Ein retriever som blir brukt.. få lov å jobbe litt, vil bli ein god trivlig familiehund.

Elles er eg medlem i Sunnmøre hundeklubb avd. Sykkylven. Er NKK instruktør trinn 1, og praktiserer som instruktør i klubben. Er også medlem i Retrieverklubben avd. Sunnmøre.

Trivast med å trene hund. Det å få sjå ein glad hund arbeide er ein god oppleving. Jakttrening har med tida blitt min favoritt, og eg trenar i tilegg  lp, blodspor og bruks spor

Mine trenings- metodar kan du lese litt om her, elles er hundetrening i stadig utvikling så eg les det eg kjem over av nyare litartur Og tar dei kurs som er innan rimeleg rekkevidd, og som kan tilføre meg meir visdom, nedanfor kan du lese kva kursar som eg har gått.

Etter klikkar metoden har eg trenet i fleire år, men eg har også i fleir øvingar trenet tradisjonelt med å hjelpt fram adferden. Hjelpt fram ? Ja, kort og godt lokka med ball eller godbit, brukt små lydar, smatt, plystre for å få oppmerksemd.

No er det helt slutt, Arwen skal lære utan at eg hjelpar fram adferd i den grad som eg har gjort før, det vil gå litt seinare, men eg har tida føre meg. Skal teste dette ut, målet er Lp elite, med kunn klikkartrenet hund.

 

Kursar som eg har deltatt på;

Weekendkurs med klikkertrening - Canis Hundeskole,  Ålesund 11-12.09.04

Hund & Atferd i nytt århundre - Norsk Kennel Klubb, avd. nordvestlandet, Ålesund år 2004

Lp kurs v/ landslaget i lydighet. år 2003.

Problemløysing, Nors kennel klubb, avd. nordvestlandet, Ålesund, år 2001.

Instruktørkurs, Norsk kennel klubb, avd. nordvestlandet, Nordfjordeid år 1999-2000.

Brukskurs Lp - 1,2,3 og elite øvingar, Norsk kennel klubb, Isfjorden, år 2000.

Wekendkurs, hundekurs ved Torleif Lundqvist, Sjøholt år 1999

Lp kurs, 1,2,3 og elite øvingar. Norsk retriever klubb. Hemsedal år 1999.

Jaktkurs, Nors retriever klubb avd. Sunnmøre Ålesund år 1999.

Brukskurs, Sunnmøre hundeklubb Ålesund, år 1997.

Agilitykurs, Sunnmøre hundeklubb Ålesund, år 1996.

Blodsporkurs, Stranda, år 1995.

Dressurkurs, Sunnmøre hundeklubb avd. Sykkylven, år 1993.

Dressurkurs/appellmerkekurs,  Sunnmøre hundeklubb avd. Sykkylven, år 1992.