02.03.2015

Bjørk har hatt ein travel dag i dag, no sprang ho i buret og sovna.
Mit på dag var ho på skogstur i lag med meg, prioritetar ein god del åleine tur med henne, det trengst, har vi med nokon av dei andre er det vanskeleg å prege henne som eg vil, då blir ho berre prega av flokken.

No vil eg sette mit preg på henne og ho blir prioritert :)

Vi var ca 1,5 time i skogen, rusla rundt og kosa oss, ho er retriever går ikkje frå føtene( på heim veg er ho litt meir ivirig).Det eg trena var linje, rett-ut til matskåla med godbitar i, eg kjøre på med terrengskifte, for ei fart, dette er eit råskin.Med dummy tør eg ikkje, og vil ikkje, mat er ho veldig glad i og måle med treninga er at, der eg peikar fin du noko.Eg vil nok legge igjen ein og annen dummy der boksa har stått, også litt etter litt.

I kveld var vi på hundetrening, Rally og Bjørk, eg kjørte tidleg for å rekke,
 å sjå på eit terreng eg kan trene linje/felt på med Rally og eg la eit felt til Rally, Bjørk låg då i bilen åleine i 35 minuttar og sov trur eg, ho var vertifall still, de er bra trening på henne.Når vi kom på hundetrening var det Bjørk sin tur først, lyset er på veg tilbake og vi fekk ei lita økt ute, Bjørk trena på kontakt, leik, og sit, litt bevegelse med kontakt tok vi også, flink!!

Etter på var dert Rally og då var det i bilen igjen med Bjørk, det fungera meget bra.Vi var også inne ei økt, då trena eg også på sit, sit litt lenger, dekk, og dekk litt lenger, flinke Bjørk.


Det var fleire hundar/kvalpar som var på trening, og eg er imponert av at Bjørk klare alt dette når det er så mykje rundt oss.

Eg hadde litt problem med å få ho skikkeleg i leik, ho var veldig opptatt med teppet, trur det var mykje godbitar ho kjenner lukta av, og nasa planta ho i underlaget når vi skulle leike.

28.02
 
Bjørk veks så fort, ei som ville ha liten kvalp lenge.. ho er så vill, så snill, så rampete, så flink, så fulle med påfunn, ja ein kvalp er alt. Bjørk ryddar bord og benker, alt går å rivast ned, så følgje med på denne  rampa er ikkje så lett :) men eg er så glad at ho har så pass guds at ho står på å vill jobbe sjølvstendig med å rydde ditt og datt, alt dette for eg bruk for når eg no startar  å trene henne. Eg og Bjørk har installert oss på eige rom, ja ho ligg i bur, men ein meter frå senga mi.

Eg har hatt ei periode med alt for lite søvn og no må eg prøve å ta det igjen så eg ikkje blir sjuk, konsentrasjonen er ikkje der den bør være. Skal ikkje skulde berre på Bjørk, det er andre ting også så held meg våken, men  det er lettare å sovne når eg har ho i lag med meg i staden for å ligge å lytte etter om ho er våken. Bjørk står også opp ganske tideleg kanskje kl 05 og då står eg opp å lufter henne, og evt legg meg igjen, det går fint.
 Måndag, onsdag, og fredag legg eg meg ikkje igjen, då stor eg skikkeleg opp å lufter alle 4 pluss forar, et sjølv, så stikk eg på stamina. Ja, ein må tenke litt på sin eigen kropp også, eg må holde vedlike fysikken slik eg klare min hobby som er å trene hund. Det er heilt greit å få trena tidleg på morgonen, før har eg starta ca kl 08, men no blir det tidlegare og då er eg også tidlegare ferdig  :)
 
Eg har gått over til 3 måltider på Bjørk denne veka, det var ein lettelse, på grunn av at eg forar 4 stk hund i ein gang to gangar pr. dag, og Bjørk for eit måltid i ca 12 tida.Før eg gjekk over  til 3 måltider var det, forskjelleig tider og alle trudd dei skulle få mat når Bjørk fekk mat :) Bjørk er i eit godt hold, og veks fint, hadde ho vore tynn og puslete hadde eg forsett med å gi 4 måtider… men ho er bra i hold har aldri vore laus i magen, så næringa går ikkje tapt nei. I går var det også åleine tid på Bjørk i skogen, vi rusla litt etter skogsvegen, og så trena vi litt «ut», eg føler at det går greit å gjer det som eg gjer det, i går brukte eg også litt terrengskifte, så klart mat i enden. Avstanden er eigentleg lange for å nettopp ha starta med dette momentet, men så lenge ho gir gass og spring rett linje er det heilt ok synast eg.

Dette er ein av grunnøvinga spring rett fram der vi peikar, der finst alltid noko. Innkallinga, ja ho snur og spring veldig fort mot meg etter ho har ete opp godbitane i boksa, då blåser eg i fløya når ho er på veg mot meg.
 Dette gjer eg lett, (blåser etter ut til matkopp) men hadde det vore ein dummy i enden hadde eg ikkje blåst i fløyta, då skal nemleg signalet være bring heim så fort du orker, her legg eg ikkje på signal.

Så klart kan ein nytte signal her også til tider, men det skal ikkje være obligatorisk, eg brukar det aldri i innlæring.

 (eg legg ikkje på signal på bringe heim, det skal kun være i tankane til kvalpen «så fort som du kan klare å komme heim»)

I går var eg i skogen med Bjørk, og det med ein plan.. Første gangen vi har tenkt plan før vi har dratt, så no er vi i gang med noko målretta. Kva blir det av Bjørk då, ho blir sporhund, eller så blir ho AG hund til Anne Lene :) i tillegg skal ho trene jakt og Lp med meg. Bjørk er slik konstruerte at ho kan nyttast til alt, eg er veldig tilfreds med henne så langt, sjølv om vi ikkje har gjort noko anna enn miljø hittil.
Det vil sei eg har observert masse, og ho er ein slik hund eg ønskjer meg, ferdig fortalt.

I går var det såleis ut til matboks eg trena, eg brukte to plassar, ein som var naturleg rett fram, skogsveg, den andre utan referanse og flat(snø) det vil då sei trakk i rett linje.
Eg rusla fram og fylte opp ei boks med godbitar, viste Bjørk godbitane, kopla ho og gjekk i band tilbake eit stykke, retta ho inn og sender ut, både med teikn og kommando «ut».


Her er min nøkkel og det er å kjenne roa i koppelet ikkje drage mot boksa, når eg slepper henne, kvifor, ja det er min type grunntrening, tiltenkt jakt apporter, «tenk ro» Eg må likevell kjenne at ho vil springe fort rett ut, det ser eg på at ho ser i rett linje og har fokuset rett fram, ikkje på meg, eller ein annen veg.  Flink var ho, eg overtrena ikkje, tar ting roleg.

I dag var det biltur til Ørsta, miljø igjen, kjøre bil, ligge i bil, reise med ferje i storm, traske på parkering, rundt kjøpesenter, treffe Sol litt..

Alt dette takler Bjørk fint, slike ting som er i det daglige livet prioriterer eg med Bjørk, ho skal kunne fungere alle plasser ikkje berre der det er tiltenkt hundeaktivitet.
Bjørk er ei trygg sansa frøken, ikkje slik overivrig, men heit perfekt til meg, trur eg :)
 
Sol og Bjørk fekk helse litt på kvarandre i dag!
Sol over, og Bjørk under :) To turbo hundar !!, men dei har likevell ein medfødt ro trur eg ;)
24.02
Eg har fått fiber i hus og det blir ny e-post på meg, eg  held på med omlegging og for dokke som evt sender e-post er det denne adressa som blir ei av mine nye.. atoftes@broadpark.no 

I dag var det Bjørke tur, og kor vi kosa oss, hadde med kameraet, matskål godbitar fløyte, bilde blei det så som så med, Bjørk er i farta og i skogen er det ikkje bra nok lys til foto.

Turen var fin, Bjørk held seg roleg men aktiv i lag med meg heile tida. 

Eg vil ikkje trene henne så mykje endå, det ho ikkje lære sjølv av unotar vil ikkje eg lære henne :)

Trygg, god innkalling, bruke nasa, vende heim, ja det er slik eg ikkje trena berre opp serverar at det er der, og så lenge det er der treng eg ikkje trene det heller, det kjem naturleg.
I går var det hundeklubben som fekk eit besøk, og vi rakk å trena litt ut med fløyta før det kom andre.

Fløyte, matskål, ein god kombinasjon, sette ut ei skål med noko godt i vandre derfrå, peike mot skåla, sleppe hund og sei ut, ja rak linje 20 meter, tømme matskåla  og bli kalla heim :) flinke Bjørka mi har svert god fart begge veier.

Så var det inn å trene på å takle det som skjer, ungar som spring og ropar litt, ja dette kan også være på ei hundetrening, supert for meg som har kvalp og vil oppleve det meste.
Bjørk veks, stor.. veks snart i frå Rally :) he he. ja det er sant.
 
Bjørk har fått seg egne 500 grams dummy og med god farge på slik eg skal finne den igjen når det er min tur å hente :)
 
21.02
Bjørk veks fole fort, vi stressar ikkje med verken opplæring eller avlæring :) 
Bjørk for gå seg til som ein trygg kvalp, der vi prøve å unngå at ho øydelegg ting eller skader seg, det er vell det som er det mest krevjande med kvalp.

I dag var ho med meg og Rally på tur, eg skulle eigentleg ha med kun Rally, men prøvde å ta med Bjørk også, det blei då ein lit kortare tur og litt meir påpassing av Bjørk.

To gangar mista eg henne, ja ho fant oss igjen, men ho var borte, det å holde kål på to stykk kan være vanskeleg for ein kvalp, ho skulle prøve å følgje Rally i staden for å passe på meg..
Rally er ikkje så enkel å fylje, fullstendig farga som terrenget, og spring fort. Rally måtte derfor gå bak ein god del på turen slik Bjørk ikkje rota seg vekk igjen, Bjørk var likevell sansa, når ho dukka opp igjen, dette må ho lære seg, passe på meg og ikkje Rally. Rally kan passe på meg og rotar seg aldri bort.

Når Bjørk er med meg åleine kjem ho ikkje frå føtene, det var derfor ein ny situasjon for oss i dag. ( ho stakk ikkje, men mista retningane på grunn av Rally) i skogen er alt likt og ikkje sikt.
Eg har testa vilt på Bjørk no, og det er kun med testing, ein kvalp som ikkje kan å apportere skal ikkje overtrenast med vilt, det er ikkje lurt.

Det eg gjor dette for var å ha ein pekepinn på korleis ho agera når vilt kjem fram, dette for å kunne være betre forbered når det skal trenast med vilt, og kor ofte, og om det blir ekstra arbeid for å få henne til å ta det. Bjørk var veldig spontan, ho tok gode grep kvar gang, ville ha eit godt grep, drog ikkje berre etter hals eller vingar.

Eg har derfor sett det eg treng til å la vilte kvile til ho blir eldre.
Bjørk med And.
16.02
I går var Bjørk med meg og Rally for å trene lydigheit og Bjørk skal lære å forholde seg roleg i lag med andre hundar også lære at hundar ser forskjellege ut.

Beste plassen å lære det på er på ein hundeklubb.
Ro bør trenast også på ein park i byen, på ein stubbe i skogen, el. og husk invester i kvalpen første året, « det er gull verdt»

Sitte roleg å nyte synet av andre som trenar er svert nyttig trening, ikkje stresse med kvalpen for mykje, dette med å vente, og vi venter roleg er kanskje det nyttigaste ein lærer kvalpen. Vertifall for meg er det nyttig, ein retriever skal slik være i grunngenane, at det ikkje skal la seg stresse av alt, men alt går å påverke, vil vi ha meir stress så er det ikkje så vanskeleg å dra fram med litt enkle midlar.

Veksle mellom stress og ro, skal lærast, alle hundar treng ein porsjon stress/jaktlyst skal dei yte maks i ein situasjon der det trengst, som dette med å gå spor, hente apporter, holde motivasjonen nok oppe for til å utføre eit søk.

Roen er kanskje det viktigaste eigenskapen og behalde, den er kanskje det som er enklaste å øydelegge også, med å utsette kvalpen/unghunden for stress og ikkje avkopling.

Eg har nemnt det før og vil repetre det, tenk på deg sjølv, stressa du for at no må det skje noko snart, no er eg leide av å vente no er den min tur osv..

Ikkje ha fokus på det, men på kor avslappa vi klare å være når vi ventar i lag med hunden, gode adferdar smitter som dårlege også kan gjere.

Bjørk fekk også ein omgang med sit trening, då brukte eg litt omventlokking, det er ein liten teknikk for å få fast sitt, til fri kommando, versogod, eller klikk og belønning, her går alt fort, ikkje noko uthaling til feiling, men drar i strikken medan den held.

Måle til den ferdige øvinga «sit», befest sit kommando, sit til ny kommando, eller fri blir gidt, det vil sei seier eg sit, så vil eg ha litt kontroll, trenar eg raske sitter, bruker eg ikkje ordet «sit» Bjørk lære fort, ho er full av fant og ein kvalp med mykje hund, men super lærenæm, veldig enkle å få med på leik, trening.

Herleg å ha ein hund som vil mykje og likevell klare å være heilt roleg.

( dette er i lag med meg) i bur inne i huset vil ho også ha meg i nærheita, derfor har eg berre plassert «soveburet» i lag med senga, eg orka ikkje ligge på golvet lenger.

Ho søv som ein stein om natta då :) dette gjor eg både med Arwen og Artemis, dei sov på rommet mit til dei var ca 8 mnd, Rally gjor det ikkje ho sov på kjøkkenet.

I bilburet er ho også roleg, liker å kjøre bil, yes!
Om dagen er ho ikkje i bur, eller ho legg seg i  bur for å sove når eg sit her på dataa, med open dør, eller i hundesenga ved sidan av.
 
15.02
Dagane går, Bjørk er ein rampete kvalp, men svert lærevillig, masse pågangsmot gir aldri opp, og det varmar meg, i dag har vi vore i skogen og opplevd mykje, og kosa oss i lag med Arwen.

Ete, både hjortedrit, hjortbein, hjorthår, bork, mose, ja og så var ho så heldig at ho fekk seg ein tørrfiskbit med ein turgåar! I skogen finst alt, eg husker mykje tilbake til tidlegare kvalpar, husker spesielt Arwen for henne var eg tidleg ute med sportrening, ja gå spor der som var hjortlort elle saudemøkk var dømt til å gå dårleg, ho åt og åt, til eg blei sur…og braut av, ja og slik var Artemis også. Ikkje Rally for ho fekk ikkje prøve å gå spor før ho var vaksen. Dette forsvant, dei har ikkje slutta med å ete litt hjort/saudemøkk, men dei gjer det ikkje under arbeid :) då er fokuste på rett plass, men på tur kan dei hive inn på store mengder med hjortebæsj/saudebæsj, dette er ein form for delikatesse for nesten alle hundar.

Trenar litt kvar dag på sit, sit lenger, dekk, dekk lenger, alt utan kommando. Handtarget har eg også lært inn, ho liker svert godt å trene, og kommer ofte og tilbyr dekk og sit, men då belønnar eg ikkje det, eg bellønnar det heller ikkje når ho forsette treninga etter eg har slutta.. ja ja, dette er ikkje sikkert dokke forstår, men det betyr berre at eg vil sette i gang aktivitet og eg avsluttar den.

Eg berre over ser henne, og då finn ho på noko anna, går enten å legg seg, eller finn ei leke og susar rundt med, Bjørk for ture på som ho vil, eg vil ha ein super trygg hund og det for eg, har grind på kjøkkenet og der er alt ufarleg, ingen leidning eller dings ho kan tygge på å øydelegge/skade seg.

Kloklipp har eg gjort to gangar for veka sidan ho blei min, ved ca 8 vekers alderen, ja før og, men då klippet eg 11 og husker ikkje Bjørk, korleis ho var…Bjørk er som ho skulle være bedøvet, ved kloklipp, ho er heilt slapp når eg klipper, det vil også sei at ho er 100% trygg på meg og ho nyt at eg steller klørne hennar, ja slik er Rally også, ved alt stell. ( Ranja som er mor, var også heilt avslappa ved kloklipp)Håper dokke alle ser nytta av å klippe «ofte og lite» på kvalper, for å få ein lettstelt hund.
Bilde over, Bjørk i lag med Bjørk :)
Smake på ein kjepp eller to, er nok nødvendigt for er ein kvalp :) Har aldri opplevd anna enn nyskjerrige kvalpar og det består av å oppdage verda med munnen, som ein baby skal :) Trur Bjørk har smakt på det meste snart, det som kan være gift er det verste, men ein kan ikkje bli hysterisk då er det vanskleg å ha kvalp.
 
Blei ein tur i fjøra, litt meir vår der enn her oppe i skogen som vi bur.
Bilde under, Bjørk Sover i lag med mormor og tante Artemis :) trygt og godt.
 
11.02
 Innkalling må ein kunne, det er Bjørk ein resar på ho kjem alltid når eg gir ho eit plystresignal og eg bruker klikker på, reaksjon, på tempo, osv.. Bjørk, lære alt på ein gang, rask reaksjon på plystring, storfart til meg, dette trenar eg mest i hagen og inne i huset.

Fløyte, prøver eg å få lært henne, men i skogen er ho tett på meg og det er vanskeleg å få til gode treningar på dette ennå, men eg prøver alltid å komme meg litt i frå henne slik eg kan blåse når ho ser eg er på avstand og ho startar komme mot meg i full fart, då blåser eg i fløyta. Inne trenar vi også på handtarget, dette for at eg vil ho skal søke opp handa mi når ho kjem heim med apporter, effektivt og nyttig.

Bjørk er lærenæm og kan fort bli treningsnarkoman, ja det skal eg ha denne gangen, ingen ting å spare på, kjør på.
Og i dag blei det Bjørks første frie søk, moro..
 
10.02
Bjørk er ei lita røverkjerring :) ho liknar mistenkeleg på Arwen her. Ja,  det liker eg, pågangsmot er svert viktig for ein hund, stele, det var nok det verste med Arwen også, ho stal alt som kunne flyttast.

I går var Bjørk med meg og Rally på hundeklubben, dette er ein del av miljøet for Bjørk, treffe andre hundar og sjå andre raser enn flatcoated.
Bjørk fekk til å med helse på ein golden, oppservere Alaska malmute, bruks schæfer, rottweiler som trena på ditt og datt.., dette er viktig for meg, mine hundar har alltid vore roleg i lag med andre hundar og eg har alltid kunne trene med mine hundar utan koppel tett på andre utan at dei er til sjenanse for andre. Slik blir også Bjørk.

Eg leika med henne medan andre hundar trena og Bjørk var opptatt med å leike med meg, ho heng godt fast ikkje noko laust grep på denne tuppa. I tillegg sat vi still på ein stol og såg korleis dei andre kasta ball og sprang etter, Bjørk sat still og såg på, ei gratis økt med passivitetstrening, berre sjå,! Berre sjå trening er lurt å få ei lita dose av.

I dag har Bjørk vore ut i hagen i lag med meg å plukka drit … ja det er mykje som kjem fram når snøen reiser, eg brukar å være flink til å plukke etter kvart, men snø, mørkt osv.. er det ikkje til å unngå at det blir noko som ikkje vært plukka etter kvart.

Bjørk et heldigvis ikkje bæsj, det er eg glad for, ho har også fin mage er ikkje så mykje avfall etter, vom & hundemat, fast og fin bæsj på Bjørk.

Anne Lene har også hatt ho med på vegen for å trene gå i band med klikker, det er henna jobb å lære frøkna å gå fint i band. (skal bli godt å få ein hund som kan gå i band )

Fleire av kullsøskena har også våre på 12 vekeskontroll og fått vaksine, dei som er på fjesbok gruppa, til kvalpane har lagt ut vekta der. Imponerande kor like dei er i vekt også når dei er 12 veker.
Ja og her står Bjørk, 12 veker og to dager, 8.6 kg, ikkje tjukk, ser ganske tynn ut:)
 
 
06.02
Då har vi passert 12 veker :) vaksine påfyll er unnagjort. Veging,  Bjørk veks, over 8 kg er bra, ho er ikkje tjukk eller tynn akkurat passe fin! Bjørk var like trygg i dag når ho var med veterinære, som ho var sist, ho nemne ikkje eit pip når sprøyta vart sett.

Rusla rundt i koppel på klinikken trygg og nysgjerrig, ja slik er dei andre hundane mine også, og eg hadde ikkje venta noko anna med Bjørk.

Eg lyt ta å sette av tid til å få tatt litt nye bilde av henne, det vi tok i dag er ikkje bra nok for meg, men tida strakk ikkje til, ho veks fole fort. Bjørk er utruleg rask til beins, spring så fort, trur jammen ho er like rask som Rally :) dette lover bra!
Bjørk 12 veker :)
 
05.02
I morgon er Bjørk 12 veker,  å kor fort tida går kvar vert tida av… og eg har ikkje tenkt korleis eg skal forme Bjørk ennå, eg er «nesten livredd» denne kvalpen, kva skal eg gjer korleis skal ho bli.

Eg har derfor valt og la ho være kvalp, tenke at ho for berre bli som ho blir, no ligg eg i lag med henne om natta nesten i buret :), Bjørk er så god og snill, vill og sansa, konsertert, lærevillig, men eg vil ikkje nytte det, Bjørk for berre ture fram. :) :)

Men dokke andre må nytte tida no når kvalpen er veldig lærevilling, husdressur, og gode vanar blir prega på Bjørk også, eg tenker heller eg meinare dette med «utdanning innan jakttrening» eg vil vurdere opp og i mente korleis eg skal gjere det.

Kvalp er kvalp, eg las ein god artikkel ein gang om kva dei gjor i england med sine kommande ungehundar /kvalpar, har gløymt kor, men eg husker ein del av innhaldet. Det var bladt anna dette med stress, lyd og uro på nordiske flattar, og dette fants ikkje på engelske flattar, merkeleg.

Dette var engelske flattar i england ikkje i Norden :) altså ikkje importerte engelske flattar, men engelske flatar som vaks opp i england og blei brukt til prøver der borte, osv.

Korttenkt, det var altså miljøpåverka ein del av dei små eller store problem som kan dukke opp..

Eg driv med overtrening av ein  4 år gammal flatt for å hamre inn i hovudet det eg vil ha, dette er adferd som ligg på eit svert lavt nivå, ting som eg kanskje regelrett gløymde av, eller ikkje var oppmerksam på det kunne bli eit problem for oss. 

Som ung kunne ho nesten alt, var tyst, hadde 100% fast sit, aldri noko tull, 100% innkalling, dei momenta som  mange slit med var 100% bra for oss :)

Bjørk, skal bli konkurranse hund, men korleis ? eg har derfor ingen plan ennå :) og ein del ting vil eg prøve å unngå :)

og ein del ting skal eg prioritere.  Blandt anna
, gjenstandsinteresse, søkslyst, innkalling.
Ja ja, dette var dagen ord til meg sjølv :)


I morgon skal Bjørk til veterinæren for å få påfyll av vaksine og eg skal hugse å vege henne.

Blir litt speandes å sjå kor tung ho er, matlysta er bra, ho for mykje mat eller vertifall nok mat

I tillegg for ho eit par kraftbein for veka, Bjørk klare ikkje å ete det opp sjølv, før dei andre vaksne hunda stel frå henne,  det blir nok oppete av dei andre, men vi passer på at ho for ha det i fred ein god del og tar det tilbake.

Alle mine hundar gir frå seg til meg det dei har stole, vist eg vil ha det tilbake, eg kan også ta i frå dei det dei har fått, men det brukar eg ikkje gjere, bein er ofte ein resurs som kan framkalle matforsvar. Husk, at det hunden har fått, er hunden sitt!  Ikkje tren på dette på feil måte og provoser fram uønskt unotar. Likevell er det greit å kjenne sin hund, korleis denn agera, har den funne noko som kan være til fare for hunden el.

Det går derfor ann å lære, gi noko tilbake i bytte, ikkje provoser fram  matforsvar, la kvalpen, hunden få ha i fred det den har fått til mat.

Eg gir kraftbein til dei voksen også, det er billig snadder, godt for tennene og i tillegg er det svert bra tilleggsnæring.
Billig, kjøpe ein pose på Mega, og billigare hundegodt finnast sikkert, men langt frå så bra. PS, skal giast rått !, eg gir det okså rett fra posen frose :)

Så langt går det meste bra, klippe klør, har vi gjort kvar veke, ho er heilt roleg, neste so ho nyt det. :) Vi klipper kvar fredag, fast rutine.

Fant, ja fant er ho også, i dag såg eg plutseleg ho låg på stovegolvet og åt på noko bork, eg tenkte ho hadde funne noko i vedakassa, det er nokså normalt å finne slikt der, eg gjekk for å skjekka for å være sikker på at det ikkje var noko farleg ho år på.. I det eg kom litt lenge inn i stova såg eg kva slags bork ho åt på, Bjørk hadde like godt ta ned ei orkidé av bordet og opp i den er det bork, ja slik er det med kvalp ein må ha augo overalt.
Mest redd er eg for at ho kan ete giftige ting, eller rive noko over seg, eller få straum bit ho i lendingar, kjøkken bak grinda er det tryggaste for Bjørk no.
31.01
I går var Bjørk 11 veker, å kor tida går. Bjørk veks, har svert god matlyst og er kraftig, eg trur ho har ein kraftfull kropp og passer ikkje som tynn, holdet henne er derfor korrekt trur eg. Kvalpar skal dessutan ikkje være verken tynn eller tjukk, sjølv om somme meiner at kvalpane skal være tynne, så er det like mange som meiner dei skal være tjukke :) eg meiner dei skal være ein stad mit på treet.

Bjørk har ei kraftfull stemme, som ho er snar å bruke oppdagar ho at grinda på kjøkkenet er igjen, eller bur døra er igjen og eg ikkje er her, ;) Bjørk er ein trygg kvalp så eg må nok berre ta å late igjen øyra litt, no prøver eg å unngå at ho lagar lyd ved å være tilstade, då er ho lydfri :)

Hø søv lenger å lenger ykter på kjøkken i lag med dei andre hundane, eller helst berre Arwen forlét eg dei åleine, Arwen er snill og eg stole bra på henne, ho setter på plass skapet ved behov. Rally og Artemis har ein tendens i å leike for mykje med henne og når eg ikkje er til stede er eg redd det kan bli for volsomt, så det er ikkje lov.

I dag har eg tatt ein liten bildeserie av henne, lyse var bra, men  eg måtte påverke henne for å få henne til å bli litt på avstand, derfor blir det plukk opp ting og tang med bevegelse og då blei lyset litt lite og bilda fort uklare.

Eg fekk til nokre bilde der ho stoppa opp å såg seg litt rundt før ho kom tilbake til meg, bilda blir skarpe når ho står i ro.

Elles so har ho vorte litt av ein rampekvalp inne i huset, ho hoppar opp på bord og riv ned ting og tang, flyttar på alt ho ikkje skal flytte på, ja det er som det brukar å være med kvalp i hus travelt, men slik er det. Bjørk skal forbli ein trygg kvalp, så det handlar mest om oss menneske som må passe det vi er redd for, inntil ho veks til å sluttar litt etter litt med rampestrekar og forhåpentleg klare vi å lære henne litt god vaner litt etter litt.
 
 
 
29.01
Liten skogstur på Bjørk og meg i dag, innkalling, skal no prøve å programmere fløyta då, men det er uråd å få henne på avstand, ho går nokså tett på meg ja. Men slik skal no ein retriever oppføre seg, holde seg ved fot :) he he..

Fekk til to forsøk, det var etter ho fant noko langsvegen som trigga snuten, ho sto å snusa ganske lenge og eg kom meg derfor langt i frå henne, når ho oppdaga det starta ho å spring mot meg, då bruker eg fløyta, ikkje mens ho står og snuser, men mens ho spring til meg.

Blåse mens ho står og snuser er ikkje så lurt i innlæringa, ho kan ha så stor fokus på det ho analyserar at ho ikkje høre fløyta, og så har vi det med å kunne adferden før du sette på signal.

Kva tyder det, jau at eg betinga adferden «kom fort heim» med å blåse signal når ho spring mot meg og ikkje når ho står og snusar.
Ta bilde av henne er ikkje enkelt, ho har full fokus på meg og kva eg styre med, få ho litt på avstand er derfor svert vanskleg.
27.01
Så var det til Ørsta og fysioterapeut, og vi hørte med Lill- Iren om ho ville komme til sentrum og treffe oss, og det ville ho. Bjørk og Sol fikk litt miljøtrening, helse på kvarandre og mormor Arwen, Sol kjente meg nok igjen, men Sol og Lill- Iren har kopla seg veldig godt samen, der er det kontakt til tusen!

For meg er det å like og reise, være trygg i bil, kunne vente i bil som er i fokus med å dra på Bjørk.

Bjørk skal kunne finne seg i at eg trena Rally medan ho sit i bilen, alt dette må Bjørk bli flink til, det er ein av grunnsteinane for å lukkast med ein hund.

Bjørk blir plassert inne i buret i lag med Arwen, dette på grunn av at Arwen er svert trygg hund + at ho er snill og held Bjørk varm.
I dag gjekk det fint, vi var også ein tur til Moa før vi reiste heim, ho sov seg igjennom dagen, og det glede meg.
Bilde under, Anne Lene og Bjørk, Arwen og Lill- Iren med Sol !
SOL :) bilde under, Sol er ein veldig våken kvalp, det har ho vore siden ho slo opp auga !
I går var Bjørk på hundeklubben for første gang, men ikkje den siste, Anne Lene var med for å trena litt kontakt og innkalling med henne. Miljø, glatte golv, golv med kunstgras osv. vi har alt på hundeklubben sin tilholdssted.

Bjørk takla miljøet godt, vi trena innkalling, frå meg til Anne Lene og frå Anne Lene til meg, andre hundar var tilstade, litt folk, litt ag-hinder.

Bjørk hadde ikkje tanke for andre enn oss :) herlig. Anne Lene sat mykje på golvet med henne, berre var roleg og trena litt på kontakt, dette med å være roleg der ting skjer, er eit must for all hundesport, livet består av venting også i hundsporten.

Dette med venting er derfor eit moment som kan være heilt ok å trene på. Her er det vi folka må tenke på at det er ofte vi som stressar i venteposisjon, og påføre vår hund stress fordi vi ikkje klare å kople av, vil at ting skal skje, det skal være vår tur osv, masser på hunden sit, dekk, stå, kom, hent, ligg, osv.. Dette er ting vi skal tenke over både når vi er på kurs og trening. Korleis vil vi at vår hund skal oppføre seg.