18.07.2010

Målsetning Jakt 2009- 2010, bli betre og meir stabil på det meste.

|Arwen & Artemis felles treningslogg:) endelig|   
 
18.07.10
Kort med ikkje nyttelaus trening i dag. Eg viste kva eg skulle trene før eg starta treninga..  så lite planar er godt å ha. Lange rettut.. og jaktfelt, kombi jaktfelt og rett-ut.

V forma rett ut på ca 150 meter, 5 dummy på kvar punkt, inn 5 pr hund. Jaktfelt, er mange kasta dummy i same området, og det gjer hundar med minne på rett-plass:) nysgjerrige, ønskje er rett heim så for som f( dette momentet handle om gjernevask!! Arwen er ikkje verre på det enn ho tar eit raskt overblikk.. telje som eg seie det, ho byter aldri, men RETT heim er vegen eg vil ha ho. Dette momentet er mykje vanskeligare enn vanlig felt, i eit vanlig felt er det ikkje så mykje påvirkning, og her har eg aldri problem med at Arwen tar ei runde med dummyen i munnen. Arwen og Artemis gjor identisk jobb, Artemis bruke litt meir tid, men ho gjor det like bra, om ikkje betre enn Arwen (tid er ikkje alt her i livet heller:) Artemis trengte ikkje å bli kalla heim i Jaktfeltet, ho plukka og rett heim..10 poeng til henne. jau litt trening er moro det!!

 
14.07.10
Treningstørken er over:) Vi tok ei lita pause i treninga etter sunnmørsprøva.. men no er det nok, Arwen går på veggane og er klar som eit lys til det meste. I dag har vi hatt ei økt med litt trening, og eg trena begge to med nesten identiske oppgåver.

Eg starta med felt 10 dummy ute, og i dag kasta eg dummyane i to linjer på langs:) og eg kasta med påvirking for å evt. fortelje Arwen at teljing skal eg ikkje ha!! Fem på kvar bestemt på forhand, to x to + ein singel til slutt. Disse tuttene er serdeles kjappe på felt begge to, og dei dekker store område raskt, og terreng var tung myr.

Eit kort ut med nærsøk fekk dei kvar sin to gangar, dette som avbrekk i dei andre oppgåvene. 5 markeringar på kvar avstand brukbar lang, doble med meg sjølv som den som bestemte kva som skulle inn først og sist.

Arwen kunne gjort denne treninga i reprise sikkert fem gangar, men det treng ho ikkje.. Artemis hadde nok med denne treninga:) kvalitets trening med igjennom tenkte moment er viktig for henne.

 
28.06.10
Årets Jaktprøve er overstått, herlig følelse å sitte igjen med 1pr i EK.

Arwen gjor ein super jobb begge dagane. Dag to bomma ho på ei markering, og sidan det var kryssheting klare eg ikkje å register kvar den som ikkje blei henta ligg, "fører må være våken" på prøve!! Eg kunne ikkje hjelpe Arwen der, vi missa so ein markring, resten av prøva utførde Arwen utmerket.. og fekk ein 3 pr.

Artemis debuterte i AK.. ja laurdag eller første dag var ho tydeleg berørt av eit eller anna, ho hadde sett for seg at over vatnet låg der ein båt, og i land sto litt skumle menn kanskje trudde ho:) Artemis sumde etter ein del nøling nesten over, men motet svikta og ho kom heim tomhendt.

Dag to blei også 0, men eg er kjempnøgd med alt Artemis gjor!!! Ho fekk 0 på grunn av at ho mista to markergar, ein på vatnet og ein på land, Artemis feilbedømde avstanden totalt. Artemis leverte alt vilt i hand både frå land og vantent ingen risting eller nedlegging og ho bar vilt stolt og flott, litt treg spontanitet på and på land elles så synast eg ho var bra spontan. Vanndirigeringa løyste ho veldig bra etter andre forsøk.

Båt angsten kom ho over, og var ikkje pinglete, men hadde fin fart og var trygg, klompen min var eg så klart fornøgd med, premie er ikkje alt her i livet, vi kjem sterkare igjen.

Eg misbrukte mykje signal på Artemis i eit håp om å få funn på vatn- apporten i sivet, eg må derfor plukke opp i delar alt, og starte på nytt. Terp på, reting, signal, og når skal det brukas, og det skal fungere på trening, og på prøve. I prøve situasjonar prøver vi kanskje litt for mykje alt i eit håp om å lukkast eller få inn det vi ønskjer. No blir det demontering av alt, og oppatt bygging :) moro å trene hund.

 
17.06.10
Oppkjøring med Arwen før prøve:) Vi hadde ei regnfull trening i dag, men svert god og nyttig. Kjørefeil på meg, men vi kom bra ut av treninga. Arwen held bra fart tross vekta, og ho er ein stabil markør ganske presis synast eg å i dag hadde Arwen bra spikring på det meste. Vi kjørte også felt, Arwen går stort og dekker godt, brukar faktisk nasa utmerket. NO skal ho berre kvile å ligge på lading til neste helg!!( kondistrening og tur skal ho få masse av så klart)
 
16.06.10
Jaktcup post 6 stod på programmet i går:) Hundane fungerte bra, eg må jobbe endå meir med føringa mi og bruk (misbruk av signal). Målet er å kjøre pent og pyntleg med lite bråk.

I dag har vi vore å trenet litt i lag med Jackie og Molly, og sidan dei begge skal debutere på jaktprøve, treng dei litt kjøretips:) vi sper på med dit og datt:)

Arwen og Artemis fekk lange markeringar utan skot, og då må dei konsentrer seg optimalt for å få med kva som skjer. Lange vanskelige markeringar er tingen for oss å trene, dette med å klare å bedømme avstand riktig er ein kunst, og ei erfaring hundane erveravar litt etter litt. PRØVE snart!!

 
08.06.10
Fellestrening.. er bra, og vi storkosar oss på trening!! Arwen er prioritert, Artemis ligg heime med løpetid og kjedar seg:)

Ja kva skal eg sei i dag, Arwen har ikkje "nok" kondisjon, og kva gjer ein med det. Etter løpetida kjem det litt ekstra vekt.. jura veks seg store, og om eit par veker renn det mjølk av henne også! Det blir ca når vi skal på jaktprøve, men skit ho er glad i jobben sin og eg ser ikkje heilsvart på det. Arwen har arbeidsmoral, og det har eg også!!

I dag kjørte vi markeringar med skult nedfall, og ganske lange. Eg opplevde det som vell mykje søk de rute, men det positive var at det blei funn, og erfaring med svert lange markringar treng Arwen, dette med å bedømme avstand, klare å holde seg i området er bra, og så for eg berre sjå igjennom fingra med store søk, Arwen kom heim med dei fleste apportane etter ein del søk.. det var lite spikring i kveld.

Ein god del retningsending/dirigering blei innimellom, og her er vi på riktig veg.. Arwen er brukbart lydhør og ho er ganske dirigerbar:)

Tidlegare i veka har eg kjørt litt klokke på vatten + kondis symjing. Ho stopper rimeleg fort på vatten også, og går villig på mine signal der, konklusjon vi blir alle betre med alderen.. hi hi. når ho blir ti år er ho på topp:)

 
02.06.10

Juni er her og vi trenar! No e det Arwen som er mest i ilden sidan klompen har løpetid. I går var det igjen fellestrening på ørskogfjellet, og Arwen er tjukk men ho fungerte bra synast eg sjølv. Ho markerar veldig bra, og om ikkje farta er av dei største så held ho lenge, og jobbar plikt oppfyljandes. Arwen er svert glad i jobben med å hente dummy, eg trur ho kunna hold på heile døgnet hadde det vore aktuelt.

Litt vatn arbeid no å då, dette er mest for symjinga sin del, og som god kondis trening. Når det gjeld Artemis i vatn, så jobbar vi med snuing i vatnet, eller det å vende fronten heim etter at dummy er i munnen. Vi er på rett veg, og eg stressar henne litt opp, og det gjer berre bra. Ho for som oftast ein ny hipp hipp på veg heim, og det tyder ho må fort som f heim for å få gå ut på ny det hjelper på retningssansen hennar. Artemis er blidt tryggare på seg sjølv i vatnet.. eg klare å senke skuldrene litt, og er ikkje fult så redd for å misse henne på vatnet :)

 
27.05.10
Det nærmar seg prøve, men er vi i rute eg tviler.. Eg har blidt veldig kritisk til meg sjølv i det siste, og etter som eg tenker blir vi aldri prøveklar. Skal vi være sikker på topp utteling må eg ta rev i segla å tenke kondis og atter kondis...  Arwen må ned i vekt og Arwen og eg må få treent under stress.

Eg jobbar med mi eiga føring, og teknikkar for å unngå at hund går over i stress, men jobbar med full fokus på tilvist oppgåve, eller sakt med enkle ord, gjer det svert enkelt for hund, og ikkje påfør hund meir stress enn akkurat nok.

Jaktcupen var vi på i går... vi kom rimeleg bra ut av det, men eg hadde mine føringsfeil, og det skal bort.. Begge hundane tok signala frå meg svert raskt, og utførde jobbane bra. Det er herlig å ha gode hundar å jobbe med.

I dag blei det vanarbeid igjen, Arwen er rå og har plenty med motivasjon til å jobbe. I dette vannmomentet handle det om å føre riktig slik Arwen slepp å ha to ting i hovudet på ein gong, eller teknikken med å legge eit moment i hovudet hennar på vent:) ja vi skal nok klare det. Arwen skal huske mange oppgåver, men lære seg å fokuser på ein ting om gangen:) he he, ho er hund, men har litt hjernekapasitet:) vi må inn å manipulere litt..

Arwen fekk også eit enkelt felt i dag som ho løyste fort.. til bra karakter.

Artemis er ein spesiell hund, og skal trenast i små porsjonar med kvalitet. I dag sat Artemis mykje i koppel åt gras.. såg litt på Arwen no og då, og still!! Passivitet ved vatn utan lyd det er ein topp eigenskap. Litt fekk ho jobbe og eg må kanskje stresse henne litt for å få litt meir fart i utgangen på vatn, eg vil ha godt tempo her.. i dag brukte eg ballkastar og tennisballar, og då går tempoet opp somme hundar kan ein stresse, hundetrening handlar om individ behandling også.

 
20.05.10
Fann ei gamal haudelaus kråke i frysaren:) hi hi.. somme har det moro ja. Artemis lurte litt på kva denne kråka skulle brukast til.. Artemis fekk lov å hente henne tre gange, så pakka vi ho fint inn igjen å gjømte den på nytt, alt vilt er gull verdt!! Fin rolig mun på viltet hadde Artemis, Artemis heldt viltet medan eg stryk og rosar henne, etter det tar eg  kråka i handa. (og til dei som ikkje skjøna dette!! var det avlevring vi trena!!) Alle moment bør være på plass, og det er ikkje få ting ein hund skal kunne, og eg som handle skal legge til rett for at min hund ikkje skal feile unødig:)
 
19.05.10
I går var det fellestrening, og då stille vi så klart, miljøtrening er ein del av fellestrening, fleire hundar, og venting i bil..det høre med til gamet.

Eg hadde med både Arwen og Artemis, og i går blei det mest på Artemis, fokuset var markering, og då lange og ikkje heilt enkle. Artemis kom bra ut av treninga, og den klompen har utvikla seg bra som markør. Arwen var ut av bilen ho og.. Arwen kan sine ting, men har sine manglar :) Kjekk snill hund er ho vertifall.

I dag har eg trena symjing med Arwen, og ikkje berre symjing, men ho har jobba hardt i vatn, og gjort som mor seier utan å blunke. Hadde tenkt å trene litt bråstopp på vatnet og bruke tennisball, men skit stoppar gjer ho, men den ballen vil eg ikkje ha.. ha ha.. kaste like langt med ein dummy klar eg ikkje sjølv om eg synast sjølv eg kastar brukbart langt.

Eg har meldt på begge hundane til jaktprøva her på sunnmøre, og eg har slått frå meg Fosen, vi er ikkje gode nok ennå. Vi treng meir tid på å komme i topp slag, stress føre sjeldan fram.

Arwen må opp i kondis, og bli fastare i fisken, og Artemis må jobbe med vatn, og vilt. Vi har såleis mange jern i ilden ennå.

 
15.05.10
Ei god økt med vatn-trening på Artemis, og ho var flink gjor det ho skulle. Vi jobba over ei elv, og målet var å hente fleire dummy på andre sida av elva. Artemis er i storform og dei feil som kommer kjem av dårlig føring. Eg må heile tida jobbe med meg sjølv og føringa, føring skal perfeksjonerast og eg ser ikkje igjennom fingrane på slurv frå mi side. Det er aldri hund det er noko gale med det er alltid føring, og kva hunden eigentlig kan, og kva eg forvente av den:) ho ho.. i dag hadde eg med kun Artemis..  det på grunn av at Artemis og eg skulle løyse oppgåva, ikkje la Arwen køyre opp løype...

I kveld er spor ute, og i morgon skal vi ut å trene vinklar :)

 
14.05.10
Kva skjer her då.. har ikkje skriveklør no fortida, men trene gjer eg!  I går starta dagen med spor på Artemis, ja litt hjelp til å holde seg i sporet måtte ho få.. det var veldig mykje fersktråkk, då bruke det dukkar opp eit og anna som må utredast. :( likevel ho kom brukbart ifrå det..

Litt ut på dagen var det rom for litt apporttrening, markering i svert tungt terreng, blaut myr og det er supert til Arwen som trenar kondis:))vanskelig og mykje jobbing for å sirkle inn dummy, men Arwen tok inn det ho skulle ho. Artemis var heime og gjekk tur med Anne Lene og eg må prioriterte Arwen..

Vi har hatt to økter med vatten ei i dag og ei for nokre dagar sidan. Arwen er som ho alltid er, symjar langt og markerar presist. Artemis sit i koppel og ventar, det gjer eg på pur f, for å holde henne still i passivitet, ho må vente på tur å sjå på Arwen alltid først:) Ho er still ikkje ein pip i passiviteten:) og det er eg glad for. Ho har fått nokre få apporter på vatten, "korte" dette for at eg er redd ho symjar seg bort igjen.. he he.. har ein opplevd det ein gong og det sit.

I dag kasta eg kort til henne, og Artemis snudde i vatne, og sikta på meg heim!! hipp hipp, men det gjor ho også i fjor på korte apportar.. litt usikker til framgangen ennå:)

 
11.05.10
Det har vore ein del tur prioritering med oss, eg synast det er viktig ikkje å tømme hundane heller:) være hund, gå tur snuse litt det gjer berre godt for alle hundar "også mine". I dag var vi på årets første fellestrening og eg hadde med "to hundar" det gjekk bra. Eg var litt tideleg ute, og fekk treent litt ut signal på mine, før dei andre dukka opp. Arwen først Artemis sitte å sjå på, eg bytter på denne rekkefølgja av og til, Artemis er veldig flink på passivitet, og toler topp det å sitte å høre på meg, og sjå Arwen får springe fleire gangar ut, før det blir Artemis sin tur..

Så var det tid for fellestrening, og det var fellestrening med markering. Markering er vanskelig å få trenet åleine, og blei prioritert i dag. No var det Artemis som fekk første økta, og Arwen ligg i bilen.. Vanskelige markeringar, Artemis ser verken skyttar eller kastar, men ho ser dummyen i lufta, og det er det ho skal få med seg. Flink, rask hund, markerar supert.. fine grep ja Artemis løyste det meste i dag med god stil, og eg er topp nøgde med klompen min:)

Arwen fekk litt færre markeringar, og sidan Arwen er tjukk har ho ikkje same farta som Artemis, men det ho fekk av jobb blei utførd etter rett rekkefølgje, farta kunna vore betre, men markeringa var spikra, Arwen var flink:) ho med..

 
06.05.10
Aktiviteten er på veg oppover, og våren er her:) Tysdag kom eg meg til Valldal for å trene, det såg lenge mørkt ut på grunn av snø!! Eg venta litt og sola steig å vegane vart berre slik eg kom meg i veg.  Valet fall på Artemis det var ho som var heldig med trekninga og blei med til trening.

Vi trenar vanskelige moment og vil ha progresjon i opplevd og lærd adferd. Artemis fekk 2 x terrengskifte med dobbel markering og forhands bestemt rekke følgje på dummy. Ja ja.. Artemis tok den ho:) Dette er så vanskelige moment at eg tar av hatten for "klompen  Artemis" min..  Vi trena også ein del enkle markeringar med ein del lengde på, og skot blei bruk på alle kast. 2 ekvipasjar jobba og to tilrettelagd kasta og skaut for dei to andre effektivt. Vi avslutta med retningsending og då var vi alle 4 ekvipasjane i aktivitet. Knallbra trening "takk takk!" gler meg til neste kanon trening..

Etter Valldalturen var det i skogen for å legge blodspor til Artemis som ho skulle gå morgonen etter, eg la spor ikkje noko spesielt vanskelig eller langt spor. onsdag morgon gjekk støvsugaren sporet perfekt!!

I går skulle eg ut til felleskjøpet å kjøpe nye støvlar, ( bomtur) dei hadde ikkje mit skonr.. men eg hadde med Arwen tenkte å trene litt LP på den gode bana som retrieverklubben disponerar onsdagskveldane.. he he, bana er god den, og eg hadde den så å sei ålane, oppdatering i LP logg.

I dag blei det ei lynøkt med jakttrening på begge to. Markering og ut til eit stortpunkt for å søke der. Arwen er mest dirigerbar, men Artemis er raskast å har best minne, trur det eller ei, ho har utvikla seg bra, og toppen av kransekaka ho er still i all passivitet.

 
03.05.10
Snø!!! i dag var det Artemis som måtte bli med til hundetrening. Arwen var med på kurs i helga, og såleis var det Artemis sin tur i dag:) Artemis trenar kontakt og det å gå på plass, kanskje eg er sprø nok til å trene lit Lp med henne også, "LITT". Gå pent fot under jakttrening og prøver må ein kunne, og derfor har vi jo god utbytte ta denne treninga.

Været er det største kapitelet, vi opplevde snøstorm liknandes tilstandar i dag/kveld og eg er meir eller minder oppgidt over dette vår været som aldri kjem, no har eg sommardekk, og burde ha pigg i mai!!

 
28.04.10
I dag starta dagen med spor på Artemis, og litt krøll i kratte blei det, og eg måte hjelp litt .. ja slik er det av og til.

Det blei også litt klipp på hundane, og det trengs pelsen veks fort der pelsen ikkje skal være lang, som ørene, front og halen ikkje minst den, no e dei vertifall skeina litt.

Jaktcup i dag.. Toppers for vår del Artemis trakk det lengste strået og slo mor si på nytt, he he.. poenga finn ein på egen side.

 
27.04.10
Då har eg tatt ut blod til sporlegging i kveld, er ein så sprø at ein melder på prøve så må det også trenast, eg likar best å være litt førebudd på ting. hi hi.. alt kan gå gale slik er det med hundetrening, men er ein godt førebudd betyr det ingen ting. Derimot møter ein ubudd :) så var det ikkje uflaks at det gjekk gale.. Det verste er å klare å lese når hund går over på ferskspor og ikkje er på det opphavlege sporet, nok om det:))

I går var det igjen Artemis sin tur å være med til hundetrening, og vi forsette der vi slapp sist, "fellesdekk" det skal god klompen lære seg. Artemis blir flinkare etterkvart, og har skjønt poenget. Vi trena også lineføring eller "på plass" som eg også bruke kalle det. Flink Artemis!

Jaktmoment er likevel delikatessa bladt treninga vår:) Momentet vi har jobba litt med i det siste er, "start å søk der"  og i frå sit:) I jakttrening er det så mange moment at ein går aldri tom, og alt tar lit tid skal ein gjere det skikkeleg, og det bør ein. Som med spor møt førebudd då kan ein nulle med godt samvit:)) he he..

 
25.04.10
Kva skjer her då? lite eller ingen ting. Vi er ikkje i rute verken med det eller det :) Eg har sendt ein del påmeldingar i dag, både sporprøve og utstilling er påmeldt, og det er derfor berre å legge seg i selen å trene..

I dag var eg og Anne Lene i veg å trena litt utstilling, Arwen er vill og spring i frå Anne Lene, ho må derfor hengast litt opp.. Artemis synast dette er eit "ork" og blir for utmeldt, ho synast ikkje noko om å trene utstilling. Her må det trenast meir både på springing og oppstilling.

Vi har meldt på i Nordfjord, men ikkje i Sunnmørshallen, vi skal gå spor den helga det er utstilling i hallen, vi synast at det er meir fornuftig, og vi treng no ikkje så mange utstillingsresultat.

 
23.04.10
Her trenast det litt:) Arwen er med på tur, men ikkje noko anna.. passivitet er det viktigaste for henne. . Onsdag var vi igjen utover til brusdalbana som retrieverklubben disponerer på onsdagen. Det skulle være medlemsmøte så litt tid før møte, "så klart" tida nytte vi til å trene jaktlydihet. Det var faktisk ein god del folk og hundar som deltok å trena i lag, og det er bra når det blir litt liv så vi for generalisere ein del..

I går trena Artemis felt + rett ut og fart har ho, men er avslappa.. Ikkje ein lyd og ho har veldig bra passivitet ho er likevel fokusert og konsentrert.

Vilt står på programmet og det momentet er like viktig som alle andre moment i jakttrening (dette å plukke opp alle mulige slags kalde kadaver) må prøvast. ;)

I kveld legge eg blodspor, så morgonkvisten skal brukast til spor gåing.

 
19.04.10
Blei ein liten tur til hundetrening i kveld. Sidan Artemis ikkje har lært "dekk å bli" trenar vi litt på det, og det man ikkje kan kan ein lære:) eg har ikkje vore innstilt på å lære henne dette, men så lenge Arwen har løpetid, og må være heime trene eg ein appeløving med Artemis, kjekt å kunne. I tillegg trena vi på kontakt med bevegelse rundt foten. Så jabba vi med dei andre:) det er kanskje det aller viktigaste:) som skjer på hundetrening
 
19.04.10
Vidar hadde orna til trening for AK og EK ekvipasjar på viset helga 17-18 april, og vi gledde oss for no var endelig våren komet og vi skulle trene med trøkk:) Ja, god trening blei det, men våren uteblei, og kong vinter kom på nytt til sunnmøre:) nok om det..

Eg hadde ikkje ikkje anna val enn å stille med Artemis på grunn av at Arwen fekk løpetid, men Artemis steppa inn på Arwen sin plass.

På laurdag var det Vidar som styrte opplegget, og han servert oss god trening. Vi starta med markering og vi stod på rekke, Paul var kastar til sunnmørseliten:) meget god kastar. Markerings arbeide hundane viste fram var godt, og for Artemis sin del er eg topp nøgde med henne, ikkje eit pip eller tomhendt heim. Vi hadde ei lita pause og på nytt markringsarbeid då var det kast over ei rekke med høyballar som var plassert opp på ein kant, her løyste også Artemis oppgåva bra.

Ny pause, så var det klart for todeling med walkup, eit lag kasta, og eit lag gjekk:) Mykje bra hundearbeid vart framvist.

Når det var Artemis og min sin tur, Artemis gjekk på feil dummya ein gong, og det var mest sannsynlig min feil, eg kunna lest retninga ho fokuserte betre, og justert henne deretter. Vi sleit litt i dirigeringa også, ho formeleg drog ut til markerings skotplass, det løyste vi ved å bevege oss mot dummy, og fekk rett ut til å lykkast 100% av tilfella. Dirigeringa rett bak, eller i motsatt retning av der markeringane gjekk lukkast ho, og ho gjekk lang og rett.. for langt:) Bra laurdag dette:)

Søndag var det allereie kvit på markane før eg reiste heimafrå!!  og det forsette å snøe heile dagen, men det gjekk utruleg bra å trene tross masse snø.

Jurjen skulle stå for opplegg på søndag, og det gjor han.. meget bra opplegg. Vi starta med jaktlydighet, innkalling og stopp. Etter det blei det å sitte på rekke gå til nokre busker å legge igjen ein dummy. Så starta vi å gå på fot til det området vi skulle jobbe i resten av dagen, men under marsjen dit fekk alle kvar sin ( markering) dummy, det blei som ein walkup på ca 700-800 m, med 7 eller 8 kast!! ein til kvar.

Resten av dagen gjekk med til dirigeringstrening eller inn i eit område berre på skot, det var masse snø, og det snødde heile tida, lite vitring. Artemis gjekk prikkfritt etter min målestokk, rask, rett i linja, og svert godt tempo både inn og ut!! raske til å få funn gode opptak sjølv med dummy som såg ut som ein stor snøball:)

Stor takk til Vidar som arrangerte trening på dette nivået.

 
15.04.10
I dag er det regn i store dråpar:) og vi tar det med ro..

I går derimot var det litt aktivitet på meg og Artemis, føremiddag tok vi turen opp på heiane og rusla ein trugetur i brukbart vær. Ei og anna pause med nærsøk signal hadde vi innplanta i turen, vi grov ned nærsøket på veg opp, og tok søket på veg ned igjen:) kjempebra trening.

Ettermiddag måtte vi ta ein tur til retrieverklubbens trening/ sosialt treff. Retriever klubben har flytta sin aktivitet til bana i ved gamle brustadskule. Super bane til LP trening og anna. Bana har mjukt flott underlag, og det passer fint til å trene det ein ønskjer både av jaktlydighet, LP, og elles det ein måtte komme på.

Artemis tok det meste med ro, som ho pleier å gjere, bortsett frå når ho for ei oppgåve, då startar ho motoren og går for fult. Artemis fekk nokre markeringar inn i skogkanten, og ho spikra ikkje, men jobba effektivt til ho hadde funn i området.

Artemis skal trene mykje markring for å bli betre på å spikre meir nøyaktig, og bedømme avstand i terrengskifte, og ho tåler hardkjør på markering derfor kan eg trene slik..

13.04.10
Herlig å komme seg i skogen igjen:) Arwen har løpetid, og ho trenar passivitet:) det er ho også flink til Arwen.

Artemis trena eg i nærsøk å dette momentet skal ho bli bra på til slutt. I dag dekte eg mini dummyane med lauv, og dei var derfor ikkje synlige med det blotte auge:) her måtte nasa slåast på! Nærsøk er nå på eit vis "slå på nasa no". Vi tok oss også bryet med å trene litt vilt i dag med..

 
12.04.10
Ei god økt med Jakttrening på Artemis blei det i dag. Fokus markering, ut, og vi avslutta med litt vilttrenig.

Markering er eit moment som består i å holde fokus på kvar dummy/vilt faller, i tillegg være god på å bedømme avstand, ruse ut plukke raskt opp fyke heim i god fart:) hum.. I dag stilte Kjersti til disposisjon eit bra terreng til det meste, ikkje det enklaste terreng å bedøme avstand på, men det handlar om å trene med sukkses, og også få progresjon i læringa. Vi bevega oss bakover, og dermed aukar markerings avstanden.. etter på la vi ein del dummy i markerings- område og krutt-la, og bevega oss i lik avstand som markeringstreninga, men no med ut signal.

Tilslutt vilt:) helt vilt, her trengs det trening, og skal vi stille i AK så må vi få tak i ein del vilt til trening, slik vi kan trene litt no og då:) Bra fart også med vilt, Artemis hadde eit par forsøk på å leike med fuglen, men hadde ikkje hard munn, og det er tross alt viktig.

 
09.04.10
Sporhunden Artemis!! I dag gjekk vi årets første spor, og 10 poeng til Artemis. Kjempebra sporadferd, spore var ca 15 timar gammalt med av- hopp i vinkel i tillegg regna det, men bra terreng ikkje noko å sei på det. Utan tvil, Artemis er den beste hunden eg har hatt tenker eg sporadferd.. Topp.
 
08.04.10
Lite eller ingen ting her?? Jauda det er liv i oss, og våren er her trur eg:) Eg har vertifall lagt ut eit blodspor til Artemis i kveld som vi skal gå i morgon tidleg.. spennande.

Jakttrening har det vore lita av, men våren er her, og det er kanskje håp om noko felles trening snart. Har treent litt med "klompen" Artemis ho har litt uvanar som må plukkast vekk, og eg har derfor jobba litt med det. Eg må bli betre på føring!! Perfeksjonisme.

Eg har også starta å sykle med Artemis.. ho må få strekt ut litt, og eg gler meg til grusvegane blir snøfrie.

Arwen har løpetid, og den blir ho ferdig med rundt den 20 april, og vi blir klar til LP kurs, vi skal på kurs 1 mai helga. Målet mit er ennå å få starte henne nokre gange i LP i år så ser vi om vi klare målet vårt.

 
07.03.10
Sjokk.. fekk eg no ingen oppdatering her på ein månad, har eg vore borte så lenge :( uff .

No e det  mildt og vi håper på snarlig betre trenings forhold.

I dag skulle eg til Molde på lp prøve, og har treent litt målretta til det, men kva !!  Eg kom meg ikkje i veg i dag morgon, men sov...  dette har eg aldri før opplevd det å droppe ut av noko som eg har planlagd er fy fy for meg.

Greidde likevel å berge dagen med å ta ei økt med jaktlydighet i lag med Kjersti. Arwen og Artemis fekk passivitet fast tjora, og ikkje ein lyd, dyktige jenter..

Vi hyra også inn eit par kraftkara som figurantar dette for å kjøre hund rett på og det gjekk som smurt. Ingen vegring eller tapping av fart, bra!!

Arwen var berre perfekt i dag, trygg på kva ho skulle, og lydig til tusen. Artemis klompen min... futt til tusen i dag, men her må eg terpe på elementære ting som ro før ho blir sendt ut til eit punkt+++ mykje anna.

 
09.02.10
Trening ? Ja vi trenar litt no og då. Snøen setter sine avgrensingar på oss og det bli ikkje dei store slaga nei. Vi ser fram i mot at snøen reiser, og vi igjen kan legge oss i målretta momenttrening til sesongstart:)
 
03.02.10
Artemis må bli mykje betre på å gå fot, og det jobbar vi med (kan ikkje gjere så mykje anna i denne snøen!!) Øving gjer susen på alt, det er berre å jobbe med saken då blir det bra til slutt.
 
25.01.10
Hundetrening, fot -trening +  kontakt med andrehundar tett på.

Arwen blir også trena i Lp moment, det blir ikkje Artemis ho blir kun trena på å gå bra fot. Arwen er propell og lyser som ei stjerne når ho blir trena, og har ei arbeidsglede ein kan misunne....

 
24.01.10
Jaktcup kjempemoro at så mange stilte opp på sunnmøre var det 27 eller 29 ?, det var vertifall veldig bra..  Arwen og Artemis stilte i elite begge to. satse høgt og faller høgt:) Første post på jaktcupen gjekk ut på å gå fot med dummykast som distraksjon, og det var førar som plukkar opp ikkje hund:)

Arwen og Artemis tok 20 av 20 mulige, vi har derfor start kapital til knall og fall:) Jackie til Henriette tok 19 av 20 i blåbær klassa, og det er ein god sum poeng å ha med frå post 1. det skal være 10 postar i løpet av året så dette skal bli moro!!

 
21.01.10
Lite eller ingen ting med Jakttrening, berre snø og kaldt. uff..

Artemis er ferdig med løpetid for denne gangen, og det gledelige var at ho hadde ca 6 mnd intervall mellom løpa, og det går derfor rette vegen. (Artemis hadde nemlig veldig tette løpetider til å begynne med.) Skal ein ha hund å konkurrere med er tette løpetider noko herk. Då er kanskje hannhund best å velje..

Søndag skal det vere første post i Jaktkuppen på Sunnmøre, og det gler vi oss til. Både Artemis og Arwen skal vere med, i tillegg skal Jackie og Henriette også delta.

Det blir kanskje eit lite referat her korleis det gjekk med oss, vi satsar høgt og faller høgt:)

 
29.12.09
Årets siste fellestrening er over. I dag hadde vi fokus på føring eller konsentrer deg og før bra:) Snø og markering er ikkje det beste sjølv om ein har både god kaster og god hund, lite vitring og dummye er ikkje alltid like lett å finne, eller hundane har lite erfaring i vitringsarbeid i snø. Likevel masse bra arbeid.

Vi var ein gjeng samla, og hadde også med Pernille til å dømme eller gi oss poeng for arbeidet vi utførde. To labber på topp i dag, gratulere.. poenga er i bloggen. :)))

 
15.12.09
Artemis var å testa terreng til romjulstrening, og det er berre å håpe på lite snø. I dag jobba Artemis bra, eg er nøgd med klompen. Artemis løyste dei oppgåvene ho fekk, litt slurv frå mi side elles ei perfekt trening. Moment vi var innom var både markering i skjul, felt og rett-ut. Ukjent terreng, kupert, motbakke, vegetasjon, område hadde alle fasilitetar i tillegg hadde vi makkerhund:) Artemis oppføre seg i passivitet topp, ho er fast og trygg på kva ho skal.
 
14.12.09
Artemis fekk lyntrening i dag, og ho er som ho pleier. Artemis er flink, men har sine nykker..  Markering, ut, og signal var på timeplanen, og under trening i dag var eg flink til å ikkje overtrene, men bryte før nok var nok. Artemis treng utfordring og ikkje oppatt tørre oppgåver, dette gjeld også Arwen, men ho er meir robot, og gal apportør. Eg har likevel oppdaga same tendens på Arwen igjen og igjen trening føre til slurv. Eg må derfor legge mykje energi i eigen treninga skal det ha gevinst, og det vil sei planlegge nye oppgåver, og slutte med oppatt treninga av same momentet til det kjedlige 0 gevinst.
 
08.12.09
To trena hundar i dag, først ut var Arwen og i dag skulle ho ikkje kjede seg hadde eg tenkt.. sidan vi har kjørt lange rettut utan tanke på så mykje signal. Er det derfor tid for å trene signal, spring dit i dit.. og det var det vi gjor i dag, Arwen var rett å slett veldig flink :) tydeleg det ho kan signal, det står berre på om ho tar signala når eg vil at ho skal :) når vi har behovet!

Artemis blei trena på markering, lit rot og ho sleit ein del med å finne dummy, men det er betre ho slit for å få funn enn at ho finn på tull fordi ho kjedar seg:) Artemis jobbar best når ting ikkje er så lett..

 
07.12.09
Vi trena litt i dag og det blei fekk ikkje noko fres på treninga vår i dag... Kjedlig kanskje å trene utan trøkk både for meg og hundane, vi var ikkje nok skjerpa. Flott temp og bar, mjuk mark:) slett ikkje verts berre det. Til å med Arwen kjeda seg, då måtte det være noko som ikkje stemte med trenaren i dag:)

Artemis var forresten flink, og eg passar på at ho for få oppgåver med litt utfordring, ikkje av dei enklaste, men på grensa av kva ho kan.. Eg må gjer det slik for å ikkje stagnere, går heller to steg tilbake går det ikkje. Skal gjer litt det same på Arwen færre oppgåver, og heller auke avstand raskare.

 
04.12.09
I går var vi på to timarstur med full rulle eller fri trening for hundane, eller kondis bygging. Ein god hund treng overflod av styrke og smidigheit, og den må byggast opp i den tida vi ikkje har bandtvang og hundane kan være i "løp tulling modus". Bratt ulent treng, myr osv.. i full rulle i slikt terreng blir hundane fine av, musklar finnes både på kryss og tvers, og det vises etter eit par månadar med gode turar. Arwen er på veg tilbake i kondisjon:)

Raske treninga må eller ikkje må.. I dag blei det "litt" trening, og det er UT som er målet, og det snorrett. Arwen kan eg kjøre masse, men Artemis for kun få repetisjonar. Ho er flink på passivitet, har stor fart og alt det der, men gjer same jobb to gangar har ho aldri heilt skjønt poenget med.

Arwen derimot er ikkje så flink i passivitet, men ho er still, men veldig på:) 100 meters ut sendinga for å så gå over ei grøft å søke der, var arbeidesoppgåva hennar i dag. To linjer med 30 meters avstand, ikkje enkelt, men det skal det heller ikkje vere. Alle kom inn frå rett plass så 10 poeng til Arwen. Artemis hadde større vinkel på sine apportar, og kom heim med riktige ho også:)

 
02.12.09
Endelig blei det litt trening på tuttene, eller mykje på Arwen.

Artemis fekk litt trening og så putta eg henne i bilen.. ho er ingen maraton hund:)

Arwen derimot har høg arbeidsmoral, og eg tømmer henne helt for å presse ut alt ho har av kapasitet. I dag kjørte eg V trening og pressa Arwen hardt. DET vil sei eg auka lengda på kvar ny henting og avstandane er rå, avstandane er rå for å bygge opp linja Arwen kan gå utan å snu seg bak:)

Det er snø og det vil sei trening av felt, og dirigering går godt, men markering trenar vi ikkje. I dag var det trening på lange avstandar, og Arwen skal gå ut uansett om ho vil eller ikkje, men ho vil alltid den hunden, og farta heim er lik uansett kor mange repetisjonar ho får.. Arwen er vert si vekt i gull.. Det blir nok mest eigentrening framover, kort og raske treninga, men er det nokon som ornar fellestrening stiller eg har eg anledning.

 
27.11.09
På Sunndalen blei det tur i dag, eit godt stykke å kjøre men vell verdt bryet med å legge treninga der. Eg oppnådde deg eg ville med Arwen, og vi reiste heim tilfreds. Det var ei trening på sommarbeite, og sjølv no i slutten på november så var det blaut, og optimale forhold å springe i for hundane.

Heldige var vi og hadde to kastarar, og med disse brikkene i spillet blir treninga effektiv:) God markeringstrening, det var lange og doble, og fleire hundar på andre oppgåver, Arwen held hovudet og feila lite, og ho hadde ingen lyd, og oppførte seg jaktlig perfekt:) "dagen skryt" men fortent..

Ein del dirigeringsoppgåver hadde vi også med i spillet, og føler eg har drilla Arwen bra på dette med å gå ut i ønska retning, og sidan eg har slutta med "traktorveg trening" av henne er ho blidt ein del flinkare til å springe snorrett!!

 
24.11.09
To bra treninga har det vore på Artemis, når eg trenar Artemis må eg tenke og ikkje trene berre for å trene:) Vi trenar moment innan markering, og ei markering kan presenterast på veldig mange måtar.. Artemis kan ikkje få enkle oppgåver då er ho ikkje skjerpa. Derimot vanskelige oppgåver med fart..

Det vi trenar på i dag var del 2 på førige trening med, hip hip på veg heim:) I dag var øvinga nesten perfekt eller vi kan kalle det i mål.. Artemis stoppa markerte veldig bra, oppserverte nøyaktig, sto still eit par sekund og tenkte, så rett heim utan hjelp ( hjelp er fløyte), å eg er stolt av klompen, herlig hund i dag og i går på trening.

I går trena eg også Arwen, og Arwen på trening:) nydelig. Utruleg sterk, uthaldandes og plikt oppfyljandes hund. Markering + dirigering med distraksjon. berre bra, feilfri..

 
22.11.09
Tur i fantastisk ver i dag.. og eg hadde vesten full om micro dummyis 17 i talet:) Her gjeld det å få mykje ut av vekta ein vel å bære på! Går ein tur for å trimme så kan ein ikkje bere på alt for mykje vekt, og eg vil også trimme litt.

Likevel der vi går tur til er fantastisk område også for trening, og i dag la eg ut 17 dummy til felt, og har ein to hundar er det passe stort. Vi starta med Arwen ho fekk plukke inn 12 stykke, då skulle det være igjen 5 stykke til Artemis.

Artemis er i god form, spring fortare enn Arwen, og har eit fantastisk bra søks mønster så for henne passe det med vanskelig oppgåver, og i tilegg er Artemis rå på passivitet, sit eller står fint å følgjer Arwen på jobb, vell å merke i band dette for å unngå mas, slik eg øydelegg for Arwen.

Artemis fann 4 etter intens søk, då mangla vi ein og det var mini nr 10:) den vist eg kvar låg, og eg plukka den, og sa ha ha... smilte, hundane skjønte at mor fann den siste..

Eg er kjempenøgde med begge to hundane, dummyane som er av mini er små ca 10 cm og veg ca 30 gram. Lære å bruke nasa rett og utrede vitring godtnokk må til skal det bli funn her. Elles så blei det to timar med masse fri springing og leik på Arwen & Artemis i dag:)

 
20.11.09
Tjukke Arwen var i veg og fekk vaksine i dag, og i den anledning opp på vekta:) tipp?? vi held det hemelig..

I går var det Artemis sin tur til å trene litt:( å ja eg er treg, husker ikkje at Artemis ikkje er skapt for mange repetisjonar, ho er ingen Arwen. Må legge det inn i treningsplane av henne, ikkje for mange repetisjonar av same oppgåve, då finn ho på tull.

Det blei felt vi kjørte dette for å lære frå oss litt, og hjelpe i gang Jackie (arwen-jack ), utan å skryte for mykje det er ein kanon hund som har ALT !! Henriette som er forvert for Jackie har forma ho fint. Grunnapport er i boks, og ho er veldig fin i behandling av apportar, spontan, og rolig i sin framferd og det er eit flott syn å sjå Jackie i arbeid.

Artemis jobbar også bra i felt, markerar supert, har god fart, men ho har med å tull litt no og då, som å snuse før ho plukkar opp, og teller kor mange dummy som finst her. osv.. dette har ho ikkje alltid med av og til..

Det blir å kjøre meir jaktlyst på dummy, trene meir "dummygal" hund med henne, og ikkje mange repetisjonar, løysing finst til alle manglar:) så klart... + til Artmis er at ho har full kontroll og ikkje lyd, men avslått til tusen utan stress.

 
17.11.09
Arwen var den heldige i dag også, og fekk bli med på fellestrening:)

Ingen trening blir som den du kjøre i lag med andre, enkelt moment er viktig å lære inn på eigenhand, altso trening litt no og då.. Derimot dette trøkke  forventningane, og passiviteten, oppnår vi kun ved fellestrening:) Også det å konsentrere seg over tid er moment som blir sett på prøve i fellestreningar.

Arwen var flink i dag, men markeringane var vanskelige, og det blei litt i meste laget med søk på henne,:( det var ikkje etter mit hovud, fann dummy etter litt store slag, men dette er markering dermed spikring og ikkje store slag.... avstandane var av brukbare lengde med terrengskifte.

Eit par UT-punkt hadde vi også, dette er eit moment eg vil ha i all markeringtrening, vi for avbrot for å ta dirigeringar i alle prøver, så dette jobbar eg konsekvent med, også lange lengder.  I dag tok vi også eit felt til slutt, kompakt og rikeleg med dummya, 4 hundar plukka strykandes, alle 25 dummyane kom inn fort utan problem.

Fellestrening gull verdt, takk til dei ivrige som dukke opp slik vi for ei fellestrening:)

 
16.11.09
Øvelsekjøring med ein kort stopp for å lufte/trene  Artemis, nokre gode og høgt kasta markeringa blei det på klompen, og i dag viste ho seg frå ei kanosterk side, perfekt:)

Seinare på dag var det tur i skogen på meg og begge hundane. Tiltekt felt trening, ja og i dag var det kun Artemis som jobba riktig, Arwen slo av motoren og feila, det tyder, heim og sitt å vent. Surt for henne, men enkelte ting liker eg ikkje, og straff er straff :(

 
15.11.09
Det har blidt ein del tur på hundane i det siste, mykje bra haustver då må det bli tur. Vi trenar litt inni mellom, ikkje så mykje men når det byder seg ein anledning trenar vi.

Torsdag var vi på Sunndalen å trena markering på dyrka beitemark, Artemis var det som var med, og ho er litt på og av, kjempegod hund når ho er på, men det er ho ikkje alltid.. av og til er ho av, og vil snuse i staden for å jobbe:(  dette heng på løpesyklusen hennar, og blir hormonstyrt trur eg, er ikkje sikker, men trur. Likevel Artemis jobbar, og har godt tempo markerar presist, når ho jobbar:)

I dag hadde vi rusletur med kamera, ikkje den heilt store fangsten, men litt minner frå i dag blei det.

Eg hadde også i lomma som eg alltid har.. mini dummy, og i dag gjekk vi tilbake på linjetag men mini, det funka bra det, Arwen var litt i villreie, plukke opp utan søk der lyd ?? ho stoppa opp og såg heim stemmer dette då, vanedyr!!

I denne øvinga skal dei i teorien springe seg på vitring å plukke opp, det gjor dei også. Eg veit ikkje om eg vil trene dette så mykje med mine, kanskje eg bør forsette med tampen brenn treninga mi. Mine hundar har eigentlig stor jaktlyst og går langt, og det er vell ikkje så lurt å etablere dette med søk på veg ut, eller søk eg finn eit kvart, utan at eg har sett dei i søk, berre tankar (om mine hundar) I linjetag bør dummyane være store og synlige. Søkder kan det være små og bortgjemt dummyar, eg satser på dette momentet og beveger oss bort frå punktet for å bygge avstand, trenar som tidlegare. Dirigering er dirigering, eller hjernevasking gjer som mor seier..

 
10.11.09
Arwen, ja no er ho inne i ei god periode yter bra. Markeringstrening, passivitettrening og aktivpassivitet (det vil sei, ta den som den andre hunden mister) Eg er litt stolt av Arwen ho gjor det bra i dag, og avstandane har brukbare i lengde. Første del av trening gjekk dummyan ned bak ein haug, hundane såg ikkje nedslagsplassen, men dummyen var så lenge i lufta at ein litt trenet hund ville ta det, og det gjor hundane i dag.

Eit ut-punkt til venstre for der markeringane gjekk hadde vi også, utfordring må til. Her er det lett å bli dratt til høgre der markeringa går, men detter er rein terp på lydiheit.. i tilegg erfarar vi korleis vi kjøre hund i disse settingane med litt trøkk.

Etter litt kaffi og kake( Britt hadde med kake i dag) vi har gode treninga både på vått og tørt:))

Kastaren vår flytta opp i høgda dette for å unngå sola i auga på hund, motbakke gjekk som smurt. Arwen går på tross vekta, det er no ikkje berre vekt med henne heller, ho har muskelmasse, og er fast i fisken, men fettprosenten er nok litt høg ennå.

Arwen måtte markere nr 2 på veg heim, dette fiksa ho problemfritt.

 
09.11.09
Artemis fekk markeringstrening i dag, vi fann ein god plass tilpassa det momentet som vi skulle trene. Dei to momenta som var henna i dag var kast med skjult kaster:) I tilegg gjekk kastet i skjul, men det var i lufta slik det skulle vere fult mulig og markere berre ein er våken og god:)  Moro å sjå kor godt ho konsentrera seg, og markerar presist.

I tilegg skulle ho markere på veg heim, det var ei ny oppgåve som var heilt uprøvd på Artemis:) Eg brukte fløya som støtte på henne etter ho markerte, på ein apport snudde ho og bytte apport, slikt skjer under nyinnlæring, men ho lærte fort. Reknar med at på neste trening av dette momentet kan eg fade bort fløyta, og rekne med at ho kjem heim og avleverar før ho får ut å hente neste som ho allereie har markert. Moro med hund som tåler ei og anna utfordring og tar den på strak arm :) gode klompen min Artemis..

Lang tur med begge hundane, då var det jakt etter å finne  det tapte koppel, og vi fann!! Herleg ver med god temperatur og sol, oppe på heiane der vi var er så flott no når det er snøfritt, håper det vare lenge.

 
08.11.09
Tur.. i dag, fritid til hundane må til av og til ikkje berre jobb, sjølv om mine hundar synast at jobb er det beste :) I går greidde eg også å rote bort eit av mine to koret spesialkoppel for mine hundar :( skjønner ikkje kor eg har mista det, men eg har mista det på tur. Må nokk ta ei runde og gå opp løpa for å sjå om det dukkar opp, dette koppel sto det aot på, og eg liker ikkje misse ting sjølv om det er handlaga av meg, og eg lager fort eit nytt..
 
07.11.09
Nydelig ver, eg Artemis og Arwen hadde tideleg -tur i dag. Tørt og fint terreng å bevege seg i, og det må vi så klart nytte til noko nyttig trening også. Fokus i år er å bli rasandes god på dirigering, og eg prioriterar Arwen no i ei periode. Det heng på nyinnlæring av passering av hildringar utan å stoppe opp og søke der eller langs med. Over hindring  er målet, dette at hund stopper opp i hindrigar, og hindringar blir som ein vegg for vidare ut. Det skal vi så klart klare å fikse, merkelige greier, men og eg jobbar med saken...

Arwen er rå på avstand der har vi ikkje noko problem, men er der ei grøft eller ei enkel hindring så har ho hatt det med å innbille seg at lenge ut går ikkje og ho innbiller seg at endepunktet er der, og låser seg i søk:) Det er starta å losne for oss, og i dag gjekk ho 150 meter til ei  grøft, og  over for å gå ca 30 meter igjennom ein skog til søksplassen :) kjempebra!! Vi er på rett veg.

Artemis fekk V trening for å befeste retningslydigheita, og det går greitt også på avstandar opp mot 100 meter så eg eg fornøgd med henna framgang. Ho er i tilegg enkel å stoppe for å kalle heim går ho feil, dette er eit +, og eg driv ikkje med justering ute, men tenker langt å rett i treninga. Ho tar ta signal ute, men eg brukar det ikkje, det er kun til prøvebruk:)

Nye bra meldinga  på yr.no, så håper på nokre fine treningar i neste veke også..

 
05.11.09
Artemis fekk trening og Arwen tur i dag, begge fornøgde med det. Ei lita økt med trening på Artemis, det vi trena var rett ut, eg brukte V og står på spissen, dette for å befeste retning, og lydighet. Den retning mor peiker er alttid vegen å gå:) Artemis har fortida meget stor arbeidsfart kjekt å sjå, og farta er også større enn Arwen sin, og det kjem av lenger bein.. Myr var det i treningsområdet, litt kupert men med gode treningsforhold. Variasjon terreng er både nyttig og nødvendig, her gjelder det å tenke at alt skal prøvast både enkle og vanskelige terreng må inn med teskje..

Pappaen til Artemis er borte no, og skal Artemis klare å gå i sin fars fotspor så må det både trening og prøve til, les litt minner om Arthur>>>

 
03.11.09
I går var Artemis og Arwen med på ein tre timers fjelltur med innlagd trening:)

Artemis trener mest passivitet for å unngå at ho utviklar unotar. Arwen kjøre eg på med mykje trening og då avstands lydigheit og signal. Prøve å plukke av ho at ho startar søke der ho finn ein eigna plass i staden for å høyre på meg:) dette er det eg som har etablert og tar alle feila "hennar" på mi kappe:) og vi klare det meste også og avlære unotar..

I dag fekk ho litt meir hardkjør som eg kaller det, det vil sei at ho blir presentert for fleire muligheiter, men gjer som eg anviser. Det tyder på at diverse moment er på veg inn i hennar hovud:) Fart og arbeidsmoral har ho, enn om farta bær preg av vekta, så sinker ho ikkje i jobben, og tar ikkje pausar på jobb.

Takk til treningskompisane som stilte opp å sørgde for at det blei litt trøkk!!

 
01.11.09
Artemis fekk seg fjelltur i dag, Arwen var heime og var rusle hund til Atle:)

Artemis trenar passivitet, vist ein kan kalle det det, i tilegg fekk ho knalle nokre gangar, eg er ikkje redd knalling eg har kontroll på den også, hi hi.

Nokre ting eg må justere på Artemis, og det er at ho går ut som ei kule på utsignalet, nei ikkje på signalet med på handsignalet mit:( her er det eg kallar knalling!! Stor fart, og veldig god arbeidslyst i disse settinga er ikkje noko minus, men eg vil at ho skal fokusere lenger og gå når eg seier ut, ikkje berre gå når eg peikar ut.. enkel å stoppe, men ikkje fint å sjå på desse knallforsøka, dei må bort.

Artemis skal førast pent, basta bom, eg må derfor gå inn å løyse dette fort, eller vertifall løyse det.

 
29.10.09
Artemis fekk trening i dag, og Arwen fekk tur med Hans Emil. Begge deler er topp for hundane og dei er godt nøgde med dagen.

Artemis har litt fri tid eller eg prioriterar Arwen vist det er høve for fellestreningar med trøkk, og det har det vore eit par av. Så pass trøkk at Arwen må konsertere seg inn imellom apportane :) ein god hund skal kunne vente lenge på tur, og Arwen er ein god hund.

Artemis er i ei fase der eg testar ut kva ho klarer, og tenker over korleis eg skal trene framover for å få mest mulig ut av Artemis utan å stagnere. I dag laga eg til tre oppgåver, ho sat bindet i koppelet, dette for at eg skulle få planlegge å tilrette legge utan innblanding:) Eg la ut linjetag på tre dummy, over ein bekk og eit hopp som eg har laga, deretter la eg ut ein felt med fem dummy alle bortgjømt i tre eller under røter, i tilegg eit nærsøk område på 4 micro dummya skjult i kratt/eine. Artemis såg alt eg gjor, og er reknar såleis med at ho var godt forberedt på å utføre jobben fort og effektivt:) YES.

Vi starta med rett ut, henta inn ein dummy, så plukka ho tre frå feltet, ein ny rett ut, og tilbake å jobbe på feltet, ein til blei innplukka frå feltet. den siste på feltet fann ho ikkje, så den hjelpte eg henne med ved å gå ut i feltet å sende mot den siste dummyen.

Påfyll på linjetaget, så går vi over på nærsøket, ho veit kva, og korleis dette er så det er ingen problem med å finne 4 micro dummy kjapt, i tilegg avlevara ho dei så klart på Artemis vis:)

Så er det dagens test, Artemis sit med ryggen til linjetaget, eg kastar ein markering  90 grader ut, så sender eg Artemis rett ut bak, og ho gjor det YES.. utan å tenke på å ta markeringa!! Inn for å avlevere, og ut  å hente inn markringa.

Same prosedyre på nytt, men no kallar eg inn på plass, og sender rett ut frå fot, YES går som ei kule over grøfta forsera hinder, og plukker opp og rett heim og avlevarar på hennar vis, som er er så bra!! Eg har aldri  tanke om at ho feilar med grunnapporten, den sit spikra. tja kva skal eg sei Artemis lover bra, og her er det berre å forsette på å trene jaktlydigheit, det er no det som gjelder.

Markering skal kun trenast med kaster, og då legg vi opp til suksess modellen, og vi kjøre på lange og vanskelige til ingen oppgåve er uløyseleg. Markeringar som eg kaster no er kun til hjelp for forming av anna moment. I dag var det såleis trening på nærsøk signal, det var felt, og det var rett ut, i tilegg jakt lydiheita som krevjast for at Artemis må gjer den oppgåva ho blir tilvist, og ikkje den ho synast sjølv er mest morosam eller mest freistandes. Moro å trene hund:)) og det skal det også være, om Artemis er lydig, så er ho også kjempeglad !!!!

 
27.10.09
Arwen var på trening i lag med meg og ein del av den kjekke jaktgjengen på sunnmøre. Planen er å bygge Arwen opp til å bli god eller betre enn det ho er:) og eg har trua på henne, og vi skal klare det. Oppskifta er trøkk, og ikkje stress verken på meg eller henne.

Ganske effektiv trening og ganske nyttig for Arwen, og vi la inn passivitet, ut til punkt, vanskelige enkle, og doble markeringar. Eg kjørte henne til punkt medan annen hund tok inn markeringar, og ho hadde god forståelse for kva ho skulle, var ikkje stressa, men samarbeidsvilling utførde sine moment med stil, og utan lyd.

 
26.10.09
Flott trening i dag, eg hadde med begge hundane, og Arwen skulle være back -upp hund i tilfelle ikkje vi fekk inn vatnmarkeringar, den jobben skjøtta ho heilt topp, ingen lyd og alt blei utført til punkt å prikk. Litt moment fekk Arwen også tilrettelagd for henne. Dobbel på vatn. Lange markeringar på land, og ho tok alt ganske bra i dag, allmenn oppførsel topp.

Artemis fekk også eit par tre på vatn, markerte supert. Artemis slit ennå med dette at ho ikkje snur, men symjar til høgre etter at ho har plukka opp dummyen. Dette problemet er eg ops på, men veit ikkje korleis eg skal klare å løyse det:) Artemis markerar presist på land, og det er berre for meg å bygge avstand i henne, og være kreativ i val av terreng. Enkle kjedelige markeringskast er bortkasta arbeid, trener eg åleine er ut, og dirigeringstrening på agendaen eller felt.

 
21.10.09
I dag var det Artemis sin tur til å trene, still rolig hund i dag:) venter tolmodig på sin tur, og sitt laus medan eg kastar minst 16 dummy til andre. Så er det hennar tur og ho får vanskelige oppgåver, eg sender henne på rett ut, langt og på open grøn mark, Artemis går snorrett.

Etter på er det moro, fleire markeringar over bekk og inn i skogen:) Artemis har eit tempo som imponere meg meir og meir, i tilegg til tempoet klaskar ho rompa i bakken når ho når inn til meg:) nydelig arbeidshund. Artemis fekk fleire rett ut til tre punkt i frå fleire vinklar, og ho er stødig på retning.

Ein god del passivitet laus medan eg kasta til andre, då er ho våken og fjellfast heilt utan å stresse, men oppserverar, fekk ved eit par høve hente eit par dummy dei andre ikkje fann:) Artemis ornar opp.. Godt nøgd med økta i dag eg.

 
20.10.09
Arwen er plukka fram igjen.. og vi trenar ikkje for moro skuld eller kun for sysselsetting, men vi trenar for at ein vakker dag kunne hevde oss i EK. Tida skal vi bruke og Arwen skal stillast på prøve den dagen ho er både topptreent å blidt lydhør og dirigerbar på store avstandar, ønske drøm!! For å komme i mål må ho trenast under press, trene åleine har lite eller ingen gevinst å gi. Det er under press hundar er i prøver, og det presset er aldri når ein trenar åleine. Lære inn moment er supert åleine, men å få momentet til å funke under press er ei heilt anna side av same sak:)

I dag samlast vi ein gjeng oppe på drabløsskiftet, og det var kjempebra at treningsvennane mine tok vegen overfjorden, og eg slapp å reise med ferge:) takk og atter takk for at dere finst:) utan gode treningsvenner blir det ingen gode resultat.

I dag hadde vi også med kaster utan hund:) det betyr effektiv trening, og vi som har hund fokuserar på å kjøre hund og ikkje kaste. Der vi var i dag, var det godt terreng for markeringstrening, eg erfare at Arwen slit med lange markeringar i terrengskifte, det kun ein måte å endre det på tren meir:) og eg skal prioritere ikkje berre avstandslydigheit (dirigering) men svert vanskelige markeringar. Eg skal forsette å jobbe med meg sjølv, prøve å holde seg bort frå mas på hunden, ikkje dirigere på markringar før hunden er så fast på dirigering at vi ikkje øydelegg dirigeringstreninga vår.

Dirigering på markering veit eg frå mi prøve erfaring at behovet dukkar opp, og kunne sende ein hund til ønsket område også på ei markering vil høyre med på kva Arwen skal kunne løyse. Bommar ho på ei markering, og einast måten å få den inn på er dirigering så trår vi til med det, men då må også Arwen stoppe momentant å søke, og gå til anvist plass for så å plukke opp markering/søke der :) dette skal fungere, men ikkje misbrukast, her er det eg må føre riktig ta riktig avgjersle innan rimeleg tid. Enkelt å kjøre hund, tja.. ja og nei, men kjempe moro er det, og ein lære noko nytt alltid.

 
18.10.09
Litt små trening innimellom, Pernille var heim ein tur i helga, og ho var med å trena Artemis ein dag. (ho er flink kaster)

Vi trena markering, og vi har auka avstand, og gjer markeringane vanskeligare for Artemis. Dette må til for å unngå stagnasjon i læringa, har ein føling for at vi har treent oss opp i eit hjørne, og manglar utfordringar. Det er det same med Arwen eg har ikkje vore flink nokk til å gjere ting vanskeligare og eg har heller ikkje tenkt grundig igjennom alle trenings situasjonar eg brukar, her må det andre bollar til:))) Artemis er bra, men ho skal bli betre og betre det er målsetninga, eg må være kritisk med meg sjølv som trenar, og legge løpet riktig.

 
13.10.09
Moro med hund:) re trening av Arwen har starta, og eg skal få det til, om eg så må bruke 2 -3 år!!

I dag gjor ho som før lystra ikkje fløyta/signal når, eller når ho synast eller trur at dummy bør vere der. Det er regelrett i terrengskifte grøfter, steingarder, problemet startar. Det kan henge på at eg ikkje tidlegare ikkje har brukt stor nokk avstandar forbi hindringar. Ho stopper på fløyte, men vil ikkje gå lenger ut i slike settingar, men startar å søke langs med gard, grøft. Her er det eg vil baklengskjede, og starte med grøft/gard og bevege meg 100- 200 meter i frå hindring, for å så la henne gå igjennom hindring og 50-100 meter vidare i rett line, så nærsøksignal:) Det er på store avstandar dette ikkje fungerar.

Arwen er ein sterk og raskhund som eg aldri villa bytta bort. ( dei som lure på om ho er håplaus så kan eg berre  informere om  at dette er ekstremsport, og Arwen har det som skal til for å klare å henge med i toppen), og dette er ingen pinglesport. Denne sporten treng grundig trening i alle ledd, og det eg jobbar med no er å detaljstyre hunden langt borte frå meg. :):)

Artemis er som sin mor full av fart, og ho fekk i dag mykje meir passivitet enn vanlig, og det treng ho. I jobb fekk Artemis kun markering, og då over steingard/ grøft, god avstand. Artemis er kjempegod til å spikre og den beste markør eg har hat i mit eie. No er vi i ferd med å innføre kraftig auking på kor vanskelig markeringane bør vere. Her er det berre å planlegge grundig kor god vi vil bli og basere treninga på suksess modellen.

 
11.10.09
Arwen, det nokk kvile på henne ho he blidt tjukk, og treng masse trening:) Og Artemis treng passivitet trening, Arwen har såleis fått starta med litt apport trening igjen, vell å merke kun dirigering, sida ho skal hjernevaskast:) så må eg bestemme alt. Arwen er merkelig nokk still, flink og lydig på trening ... ho er ekstremt lydig på alt.

Eg må derfor tenke nøye igjennom om eg verklig vil parkere henne frå jakttrening, om det er nødvendig, og ikkje berre forsette der eg slapp. Målet er å få Arwen til å lystra, og respondert på prøve slik ho gjer på trening og det er kanskje meir trening og betre generalisering av alle moment som må til. OG så klart må eg bli flinkare til å kjøre henne, her er det ennå mykje å hente, føring og atter føring...

Dette med å få testa og trenet henne ut i høgtrykk er det som manglar, då vi ikkje har miljø for å trene trøkk.

I dag har Arwen vore med på tur, og ho har fått trenet litt nærsøk kommando/signal ...har forresten fått nytt namn "nærsøkksignalet" etter som fotografen min HE, kalla det tampenbrenne signal, (og eg synast det var eit utmerket og passende uttrykk)

Nærsøkdummya er enkelt å dra på då dei veg lite, og eit utmerket hjelpemiddel, det er nasa som skal drillast, og då skal synet ikkje brukast så mykje nei, men nasa.. Eg sender Arwen 100 meter til nærsøk, og eg sender henne 1 meter til nærsøk begge deler er like viktige. Momentet med å slå på nasa på kommando er det vi trenar.

 
06.10.09
Sjuk av dårlig ver er eg blidt, derimot så går eg tur uansett ver, hundane og eg må ha opp kondisen, vertifall eg.. Trening, tja ha litt moment kan ein trene kvar dag, og det gjer vi, men ikkje dei store eksplosive momenta, det trenar vi ikkje kvar dag, men sit på fløyte eller arm signal trenar vi kvar dag:)

Eg har også hatt litt arbeidslyst i det siste, og har laga meg nye nærsøk dummy, det må ein ha, for her er det nasa som må brynast ikkje synet. I tilegg så har det blidt produsert litt nye koppel, både i lær og polyester.

Kjøpt nye 450 grams dummya har eg gjort, det er litt viktig å byte ut gamle slappe dummya, trene med utslitne slappe dummy er ikkje lurt. Vertifall ikkje på slarvete hundar, det aukar lysta til å drive med tull:) og det vil vi ikkje ha noko av. Eg nummerera også når dummyane er nye dette for å legge felt etter nr, mykje enklare å finne igjen dummy stopper vi hunden og skal plukke inn sjølv. Dette har eg gjort før også, men har ikkje vore så flink til å merke oppatt/ erstatte bortkomne nr, det har derfor ikkje vore så effektivt i det siste....

Er ein kløpper på å kaste bort dummy, både i trær og andre teneleg og uteneleg plassar, av og til finn eg dei igjen, andre gange ikkje.

Arwen har ikkje fått starte opp at med treninga ennå, men ho skal kanskje få lov å sjå på eller?? PASSIVITET.. det er ein stor fordel med stor arbeidslyst, men det held ikkje åleine. Arwen skal på ein human måte lærast oppatt på nytt, og livet består av mykje moro for henne. Om Arwen får starte på fleire jaktprøver står igjen å sjå, vi startar når vi er sikker på å få ting til å klaffe. Fokuserar på LP og legg jakttrening på is ei periode.

 
30.09.09
I går skofta vi fellestrening i jakt:(, det veit eg ikkje om eg har gjort før i år. Vinteren kom i tidlegaste laget derfor... Likevel har det seg slik at jakttrening består av 90% eigentrening derfor ingen katastrofe.. Artemis fekk ein gjennomgang av signallære i går.. terp ..terp.. det må til, og slike ting held vi ikkje på med på fellestreningar, og skal vi få inn signal så må det inn i små doser over lang tid.

I dag derimot har vi trena i fintver, tenk det, ingen snøstorm eller regn, men opplett heilt utan regn. Det vi fokuserte på i treninga i dag var å bygge kunnskap til hund, slik dei blir betre førebudd til å kunne lukkast på vanskelige markeringar.

Baklengskjeding av apport over bekk og inn i kratskog. Bygg vi rett frå dag ein så er vi betre førebudd i liknandes situasjonar, dette med å forsere hindringar er viktig i apporttrening, likeins dette med å bygge opp erfaring på hund til å bruke referanse rett. Artemis har ei sterk side her, og er veldig god på markering ho blir også betre og betre av riktig trening, og vi baserar alltid trening på suksessmodellen, og bygg baklengs.

Arwen har løpetid, og ho får kun tur, dette for å bygge ned arbeidslysta henna, og omskolere henne kun til kos:) .. ho skal bli LP hund i ein periode, og dette vil berre gjer henne godt.

Jakttreninga på Arwen skal innehalde.... bli meir lydhør, og mindre sjølvstendig.. . terp utsignalet på henne i ope terreng, stopp med kraftig forstørring, hardkjør med masse skott og kast i hytt å pine. osv.. det er mykje å ta tak i, men Arwen er ein god hund, så det er håp for henne også.

 
25.09.09
Arwen har forbod mot å trene med dummy har eg bestemt:) på pinebenken.. ho kjem sterkt tilbake lydig og god!! I dag og dagar tidlegare har vi treent signallære i grunnskolemodus, vi brukar rett å slett skikkelege stålskåler med godbitar i. Eller ein liten bit i kvar skål, dette fungerer supert, og ho skal gå snorrett, og langt etterkvart, i tilegg så skal ho stoppe på eit brøkdel av eit sekund. Gode mål må ein ha.

Artemis klompen er vakna opp i frå dvalen sin:) tempoet og tøffheita er på veg tilbake. Det var no det vi skulle ha vore på prøve, modusen med å kaste seg i vatnet er tilbake:) Sidan ho skal bli flink når ho blir stor så trenar vi lange rett ut, og skriv eg langt så meine eg det. I tilegg så trener eg Artemis på open arena, eg brukar ikkje stiar og traktor veger som eg gjor med Arwen, Arwen har lett for å dra seg skjev, dette vil eg prøve å unngå med Artemis, og henne tar eg alltid heim går ho skjeft, ikkje små justeringar der ute, men langt å rett er målet vårt.

Dette med langt å rett, er eit delmål, eller eit ege moment, dette med å stoppe opp å ta kjapt kontakt er også eit delemål, også etter dette med kontakt og kunne gå i ei anvist retning. Alt dette trenar vi på det er  berre ikkje miksa samen ennå.

I dag var det faktisk opplett ei stund eg trena derfor utan regn:) og det var kjekt i tilegg har tempen gått i været håper det held nokre dagar.

 
22.09.09
Fellestrening i eit kraftfullt regn:) uansett så datt eg bort og ført ikkje bra nokk:( god hund, men kva hjelper det når ikkje fører gjer jobben sin.  Opplegget var knall og kanskje ei av dei treningane som har vore i år der det har vore litt trøkk , bra opplegg Jurjen:) Blir det trening med trøkk så kan no Arwen også være med..

Treninga bestod av markeringa, og god trening med masse passivitet, dette taklar Artemis bra, i tilegg er Artemis ein sterk markør og i dag viste ho meg eit godt markeringsarbeid.

 
16.09.09
Ro i leiren lite trening, men vi har vore på fellestreningar og vi har vore på dobbeljaktprøve i Trondheim!! I tilegg har eg starta planmessigtrening av Arwen både i ditt og datt, ho kjem sterkt tilbake!!

Trøndelagsturen var kjekk, alle frå sunnmøre sette spor etter seg:) og for vår del blei det bra utteling, vi avslutta Artemis sin BK karriere med å bli klassevinner. Det var ekstra stas for meg sidan Artemis hadde publikum, (Bente ho som eig søstera til Artemis, Arja) + mange fleire.

Artemis gjekk to bra prøver, laurdag var det litt brådjupt, og Artemis nøla og trengte ein del støtte før ho gjekk i vatten på første vannmarkeringa, etter det gjekk det meget bra, og eg veit ho gjekk betre då enn på søndag, men premien hang på nøling på første vannmarkering og slik er det, ingen veit kva som dukkar opp:) kritikken kjem etterkvart. Artemis blir meir og meir stabil, så dette lover bra.

Kva vi prioritera framover er litt usikkert, men tur og kondistrening blir det på alle både to og firbeina, og vi må ned i vekt:) he he he...

I går på fellestreninga var det uttrening, det er ei trening som skal prioriterast på begge to. På treninga gjekk Artemis bra, ingen nøling og full gass, slik eg ønskjer mine hundar skal gjer det.

Eg vil få Artemis til å gå langt, langt 100-200 meter i stor fart, med forskjellige opplegg utan å sjå verken til høgre enn venstre, ho skal gå til søksignalet kjem, stopp og retningssending er kun til nød bruk, og skal ikkje blandast inn med meg, går ho feil eller vinklar av, så startar vi frå A igjen.

Derimot skal ho( begge to) terpast på både på stopp, lenger ut, høgre og venstre, men dette skal ikkje blandast inn i utsendinga, ingen lapskaus her:)

 
03.09.09
Artemis er over i oppkjøring til jaktprøva i Trondheim:)

Fellestrening på tysdag, vi er tilstede overalt:) må få med det som er av passivitet. Eg har "Artemis hund som er mykje avslått" likevel trenar vi passivitet, eg skal ha hund som er rolig, og skal forsette med det resten av livet. Dette momentet oppnår ein kun i treningssettingar der andre jobbar, og det er skott, kast og liv å røre.. ein treng ikkje gjer så mykje på fellestrening det er situasjonen Artemis skal takle, ro når det ikkje er henna tur, og full rulle når det er henna tur. I tilegg må ho ta den jobben eg gir ho, ikkje den ho finn for godt:) Ja.. ja vi har å jobbe med, men dette er moro!!

I går var det grunnapport på vilt og eg hadde ei økt med Artemis, ho skal kunne gå fot med vilt i munnen, ho skal kunne sette seg ned og ha fine avlevringar, det er grunnapport. Dette fekk eg henne til å utføre både med liten måse og kanin:))) Artemis skal ikkje startast i AK før dette er på plass, og eg legg vekt på fine avlevringar. Har vi gode avslutningar har vi det meste, og eg har som kjent alt av avlevringar i front.

I dag har eg henta ny forsyning med hundemat" NP" 100 kg er oppdelt og blidt putta i frysaren. Beste maten som er å få synast mine hundar:) det blir alltid litt fliser etter oppdelingsjobben, der eg delt maten opp ute er no støvsuga av to effektive og gode naser.

 
30.08.09
I går gjekk Artemis til 1pr. på blodspor ikkje uventa, ho har nemlig ein svert god sporadferd, vi gjekk eit spor for ca 14 dagar sidan, då gjekk ho også veldig bra, og fekk masse skryt, men ho fullførde ikkje sporet, men stoppa før slutt:)

Dette måtte eg gripe fatt i, og det gav utteljing i form av 1pr.

Det eg gjor var å bygge opp motivasjonen for å komme til sporslutt. Framgansmåten er enkel som berre det, korte spor, ikkje nødvendigvis gamle spor, men korte, og slutten kjem fort, der er ei overrasking i form av matskål med godbitar oppunder hjortefoten:) Eg skal forsette med denne form for trening og bygge endå meir opp om suget for sporslutt. Moro med hund, og ein slepp å kjede seg for det er alltid noko å gripe fatt i:)))

Blodspor skal oss også satse på neste sesong då med begge "to" Arwen også!! ho må gjere noko anna medan ho blir nullstilt i jakttrening. Derfor skal eg trene litt moment i sporsamenheng, kanskje vi skal bli litt god der då.. mykje å gripe fatt i der også. Nokre spor til i haust skal eg ta med begge to, men ingen fleire prøver før til våren.

 
27.08.09
I går var Arwen med på hundetrening, masse energi i den hunden JA... Ho har potensiale til alt, ho er krevjandes rask:) Arwen har mange år igjen så eg har ikkje gløymt henne, men i jakt må ho nullstillast så kjem Arwen sterkt tilbake:))

Artemis har vore på apporttrening i dag ikkje så lange økta, Artemis er bra, og eg må være ekstra flink med henne ho er gullverdt:) Vi jobbar med å få fleire bitt av basillen jakttrening med retriever:)) treng fleire flinke folk, og no er vi på gang.

Ta ein titt på bloggen, og sida med kurs/samling. Kurset er for lokale kvalpekjøparar, og grunneigarar !!!! god grunn må ein ha:) he he nokon som tok den.

 
26.08.09
I går var det felles jakttrening og det var litt så som så:) Vått, det vil sei vi burde ha båt i staden for fjellsko, våt på beina blei eg vertifall.. Artemis og eg var sikkert litt utkjørt etterhelga, og vi klart liksom ikkje å yte maksimum, verken ei eller ho, he he vi burda vore heime å kvila oss..

Artemis synast at det var vått nokk på land, og tok vaglet om å ikkje gå i vatne:) ja ja.. ingen maskin med dyktige Artemis er litt forsiktig i det ho skal gå ut i vatnet når det er vanskelige vatn, det var ho også i Bergen på søndag. Her er det kun ein ting som hjelper og det er å trene dette moment ved fleire vatn:) I går hadde vi også sykkeltur tidlegare på dag, ikkje noko sprint tempo med fint trav tempo.

I dag har er stress trena Artemis på vatn, nødvendig eller ei, det for tida vise, vertifall trenar eg henne heilt singel, ho skal ikkje motivasjons påverkast av andre hundar (inklusiv Arwen).

Artemis har i dag gått to korte spor dette for å trene slutt, eller gjenstand interesse :))) ved begge spora stoppa ho ved slutt, markert supert, riktig trening gir alltid positivt resultat . Matskål med godbitar plassert under hjortefoten har gidt utteljing. Artemis bar faktisk i eit av spora hjortefoten til bilen, litt av eit framsteg!!

Arwen er fortidspensjonist, og får kun tur i fleksi i lag med Hans Emil, ho skal omskolerast til turhund, inntil eg plukkar henne fram for trening, og då blir det blir nullstilling, og knallhard disiplin. Eg gir aldri opp målet om å få premie i EK på henne, men vi ser tre år fram i tida. Det Arwen skal få er kun passivitet ingen dummy, elles så må eg sikker søke kyndig hjelp.

 
24.08.09
Dagen for ettertanke:) Vi har vore på prøve i Bergen, å ja masse regn og vassdrukken var vi på Laurdag,  litt opptørk innimellom fekk vi... Vi startar med det positiv, og det er at rolige, snille, fine, Artemis fekk vist seg fram frå den gode sida si, ho gjor eit fint feltarbeid, og der fekk vi masse skryt frå dommar, han likte godt Artemis sitt feltsøk:), det var etter læreboka:)) 1pr.BK er i boks på henne, og vi kan senke skuldra å tenke framover. Kritikken  ligg her>>>>

Det stopper ikkje her målet er vidare og opp i klassene med Artemis, men vi har ikkje hastverk, vi skal være klar for klassen før vi startar, vi tar den tida vi treng.

Arwen, ja, ho har fått utdelt fortidspensjon, skal ikkje startast meir før ho er gammal å støl, ho fekk to nullar, søndag trekt eg henne. Ho skal hjernevaskast og omskolerast frå flat til jaktlabb, det tar kanskje tre år:))) då prøver vi på nytt.

I mellomtida skal ho gjer andre ting som litt LP trening og spor.

EK er nemlig ikkje noko arena for hundar som ikkje lar seg stoppe "fort" og radio styrast til punkt for punkt, Arwen har så stor jakt og søkslyst at ho er vanskelig å styre når ho slår på nasa og ørene av , og skal orne alt sjølv. Dette handlar om skolering og trening, eg vil ikkje pakke det inn med unnskyldningar, tar det fult på mi kappe, eg hadde ikkje godt nok førebudd hund. Prøveopplegget på fredag var supert, og eit slikt opplegg trudde eg Arwen kunne gå bra igjennom. He he, Arwen har fart og stil, ganske rolig rundt foten, men det held nokk ikkje.

 
17.08.09
Litt apportering på Arwen og Artemis i dag:) Takk Kjersti for du kasta, og stilt ditt flott terreng til disposisjon:)))) Artemis klompen over alle klomper for ein herlig hund, still og atter still, rolig ikkje ein lyd, ikkje stress i det heile, sitt der å ser på på det det eine og det andre:)

Artemis fekk også hente markeringar, og plukker tre dummy frå felt. Ho jobba bra med sit tempo i dag, løyser oppgåvene brukbart. ( etter løpetid har ho ei periode med litt mindre fart enn normalt) slik er det berre.

Arwen var "heit" kopla på nasa og ser bort frå mine kommandoar, ikkje ønskeleg men slik er ho av og til, Arwen liker å utrede..... og eg misser hovudet som vanlig.

Stopp er stopp, Arwen må no snart skjønne dette, uff snart prøve, og eg hadde litt forhåpningar om at Arwen var nede på jorda ikkje berre i lufta. Fart og arbeidsvilje har ho i rikelege mengde, artig hund å kjøre når ho har på øyrene i tilegg til nasa, for ho finn alt, og det fort.

 
13.08.09
Berre regn i dag, og mykje også.. vi har vore på moa i heile dag, og skal også til moa i morgen også.. derfor har hundane fri dag, og ligg berre å søv:))) kvile seg ut til fantestrekar..  Vi hadde likevel tid til å ta ein liten symje tur med begge to. Eg har ein gut som held på å øvingkjøre, og medan vi kjøre så kan vi stoppe å kaste litt dummy på vatn:) masse vann, vind og regn og våt blei vi. he he. Artemis er eg så redd for at ho for kun korte turar eg er livandesredd ho skal symjar seg bort igjen, stort vann, biltrafikk, eg er ei pyse, og er ikkje heilt trygg på snuinga hennar ennå:) Neste veke må eg trene henne litt på vatn, og vil då oppsøke litt betre farvatn som er trygt. Det nærmar seg Bergens prøva med stormskritt, og vi må være bra førebudd til den...
 
12.08.09
Artemis fekk ei økt med apportering i dag:))

Eg hadde med henne åleine, dette fordi, Arwen aukar motivasjonen hennar, og på prøve har Artemis arenaen for seg sjølv, derfor åleine trening på henne. Ho skal ikkje bli styrt av til auka motivasjon, ho skal bruke sin eigen motivasjon for å utføre eit godt arbeid. Ja og ha, ho er enkel rundt beina lydig og treg:)) Fart har ho både i uttrening og på markering, og på veg heim har ho bra fart. Feltet slit ho litt med, eller ho brukar meir tid enn ønskeleg, og ho sluttar når ho synast det er nokk, vi treng derfor meir motivasjon til feltarbeid, og det har ho i par jobbar, men som singel er det ikkje fult så moro...

Vi trenar derfor ikkje så mykje, men litt og heller kvalitet med henne, så skal det bli bra til slutt. Artemis har alt for å nå veldig langt innan jaktprøver ho har ein passivitet utan ein lyd, og er fullstendig rolig. Ingen er lik, utfordring i hundetrening, er å legge opp løpet etter hund.

 
12.08.09
I går var det Arwen sin tur til å bli trena, og og ho heng med på lasset klare seg bra.

Eg trur skal vi bli bra så er det førig og atter føring ein må hente seg inn på, Arwen er bra, men å føre henne riktig er også ein kunst, masse energi som må forvaltast riktig. Bli betre på føring er ting eg jobbar med, og første bud er å korrigere seg sjølv ikkje hunden.

Arwen gjor ingen feil i går var still ikkje lyd, tålte masse passivitet, og var konsentrert. Vi kjørte markering og vi kjørte rett ut bak, når annen hund tok markering, og omvent annen hund kjørte rett ut, tok vi markering. Terrenget vi jobbar i er oversiktleg men veldig tungt, og i terreng med god oversikt klare Arwen seg best, og vi baserar på Rogaland neste år. he he he.. spare til flybillett kanskje.

 
07.08.09
I dag gjekk Artemis 24 timers spor, og ho brukte tid men løyste oppgåva brukbart, Anne Lene var med bak i sporet for å ta bilde av Artemis, og være ein forstyrrelse, dette med å trene med nokon bak var nytt for Artemis, ho stoppa opp å såg etter Anne fleire gonger :) På ei prøve vil det være to etter oss både kjentmann og dommar:) derfor litt påheng er naudsynt..

Arwen har fått ei økt med uttrening, og Arwen er ei maskin, ho kan springe same retning om igjen og om igjen i store tempoet utan å bli verken lei eller gåen:) ja slik er det..

Nyinnlæringa vår med sit og innkalling ved fòring held vi på med ennå, om det vil bære frukter står igjen å sjå. Begge to må sitte på fløyte ute i gangen medan eg lagar i stand mat, så blæs eg til mat:) he he, reprise kvar dag. Innkallings signalet på fløyte skal være sterkt, og eg prøver med reprise innlæring for å sjå om eg kan få betre innkalling når eg bryt av hund i arbeid. Det er der eg slit, mine hundar har meget stor søkslyst og vil så gjerne ha med funn heim til ein vær tid, og... eg vil av og til ha heim hund, eller stoppe hund utan funn, derfor denne reprise på signalet kom heim:)

 
06.08.09
Billaus:) heilt hjelpelaus.. Nei det er godt å få stresse ned. Eg har også skrevet litt tull å tøys i bloggen, ikkje noko fornuftig med ytringar om flat, og eigenskapar:) tørt..

Trening ja, det må det bli, vi skal til Bergen på prøve, og Arwen og Artemis skal starte på 5 prøver til saman, det er derfor litt til å gle seg til:) Kondis må dei ha, men eg veit ikkje kva eg skal terpe på. Har ikkje fått trent nokk trøkk -trening på Arwen ennå.. Arwen er forresten utruleg lydig når ho trenar åleine, og eg skal satse for fult på henne neste sesong, vertifall starte på heimebane. (hadde planar om å legge henne på is, og prioritere litt lp, i eit par år, men motivasjonen min til det er lik 0, og det er trist, Arwen har nemlig eit godt tempo, og ho har eit potensiale til å klatre litt inne lp sporten hadde eg orka det..( det står kun på meg)

Artemis, gullet mit, ja ho skal få gjer som ho vil, Artemis er fole glad i å trene, og ho er pliktoppfyljandes, utførar det ho kan både med fart å stil, eg har likevel igjen mykje terp trening på henne, og terp må vi gå varsamt fram med, ho synast at ting som må utførast meir enn 1til 2 gangar blir kjedelig, derfor lite terp og masse moro på Artemis.

Artemis trenar spor i ei periode no, og der er ho talentfull, Artemis går nemlig spor, ikkje spring:) denne spor -adferden med å gå er bra, ho misser nesten aldri spore (går seg av i vinklane) dette heng samane med henna evne til å behalde fatning uansett kva ho held på med.

Kanskje eg startar henne også på sporprøve vi ser det ann:)

 
02.08.09
Artemis var med på ja- treff i går:)) og viste seg fra sin rolige side. he he he.. Artemis er rå på passivitet vertifall, men ho skulle liksom vise fram litt jaktmomet til Anders og Henriette, det gjor ho, og sidan passivitet er ein viktig del av ein flatten sine eigenskapar, "takle forventningspresset",  det er både tilvent og genetisk betinga, ja takk "begge delar".

Artemis fekk eit felt, ho gjekk både djupt og passeleg bredt brukte både vind og nasa bra, tempoet er brukbart ikkje av det aller raskast i går, og eg tar skulda for at Artemis kanskje ikkje har topp kondis:) Ei dobbelmarkering fekk ho også vist at ho kunne, Artemis fekk såleis vise fram dei riktige eigenskapane ho har, ro, god bruk av nase, dei skolerte, fine avlevringar. (ikkje alt er medfødt vist nokon trudde det, noko må også lærast.)

 
29.07.09
Artmis er ferdig med løpetida, og blir prioritert, ho er nokk litt tregare etter løpetida enn ho var før, mulig eg må trene litt meir kondisjon for å sjå om vi får igjen intensiteten hennar. Likevel det er mykje enklare å kjøre hund som har gira ned, altso både plussar og minusa:) Ho sitt nå og hallar på hovudet, følgjar med å går i jobb når ho skal, men litt mindre tempo enn ønska. Lydig, ikkje noko tull, eg må terpe litt meir på signal, viktig det at Artemis skjønar kva eg vil ho skal gjere.

I dag blei det felt, og det var smalt og langt, med orm:( uff.. litt nervøs blei eg då eg oppdaga orm etter at eg hadde smeisa ut 11 dummy:(. Eg tok likevel kjangsen på å at ormen stakk, og den blei losa ut av feltet med tramping bak seg:) det hjelpte. Artemis jobba brukbart, eg er nøgd.

 
25.07.09
Tett tåke og regn i dag, dette skulle handle om alt anna enn ditt og datt, nemlig trening og ikkje tørr skriving om vær og vind.

Derimot handlar sporgåing litt om vær og vind. Artemis gjekk sporet sitt i dag veldig bra sjølv om det hadde komet ned masse regn i natt. Artemis har nasa i bakken, og misser ikkje bakken med nasa, henna spor adferd er bra. Eg må derfor ta meg samen å trene litt meir spor med henne, gode hundar treng også trening for å bli betre. Eg vil derfor prøve henne på ein del forskjellige underlag slik ho blir meir drilla på ulike tereng før vi melder på sporprøve, for på sporprøve skal Artemis så klart.

 
24.07.09
Lite trening for tida, eg har tatt ferie frå trening, og overlat hundane til turkompisar til dei som ønskje å gå tur:) berre tur tenk det, går det då, tja..  veit ikkje. Artemis har løpetid, og vil ta alt med ro, og det må ho få lov til, søv og et:) + eit og anna blodspor he he.. det får ho, og i morgon skal ho få prøve det første nattgamle spor.

Arwen trenar seg sjølv heile dagen, og trur ho har blidt hannhund, og må passe opp Artemis i eit sett, ho har det derfor travelt med å passe på henne.

Arwen har også fått ein del symjetrening, og det ser eg på muskelmassen hennar, ho er ingen pingle lenger, men utruleg fast i fisken, og heilt utan pels, og ser ikkje ut som ein flat akkurat:)

Mykje vi skulla trena, likevel er det godt og nødvendig å ikkje stresse med trening sidan vi har starta på barbakke med ein del moment. Sit på fløyte før mat, dei sit no som spikra, og eg skal utvide momentet med å sitt på fløyte lenger frå fòrings plassen deira.

Arwen er derimot i treningsmodus, og spring som ein virvelvind berre eg snur meg rundt, arbeidsmaskin kan eg kalle det:) Ho har det godt som får lov til å være virvelvind, og i tilegg får ho godbit for det:) heldige Arwen som vi alle er så glad i. Tre minuttar etter at ho er ete mat, går ho ned igjen og hentar matboksen sin, den flyttar ho rundt på etter som ho legg seg på ny plass, må berre ha den i nærheita:) ho er litt rar slik, og vi flirar av ho. (trur ho likar at vi flirar ho ser på det som beløning ho, Arwen har oppnådd det ho ville som var å bli lagt merke til) sakt på ein annen måte ho er klok å trenar oss:) hi hi.

Har vandra nokre turar opp på heiane og hatt hundane i strikk festa i mageveska, eg får då gå med stavar som er både effektivt og godt i motbakken. Det har funka flott, men no har eg tinga meg nytt belte med innebygd strikk, og det kan derfor også brukast på standar koppel utan strikk, gler meg til å få prøve det ut>>>>>>

 
14.07.09
Nye reglane er i bruk:) på trening i dag så var det kun eit signal, og gå å hent Arwen:) festlig he he.. Arwen VAR lydhør, og eg var still. Eit par gangar blei ho henta, og vi tok oppatt moment slik det skulle være. Mykje bra lydiheit på Arwen i dag synast eg sjølv, og det er det aller viktigaste at ein er nøgd med sin hund, og tenker at det er ei sjølv som må betrast mykje ikkje berre hund.

Fokuset var retning, og atter retning i tilegg blei det innlegg av stopp trening. Sikkert å vist får eg Arwen så lydig på prøve som ho viser i trening, sååå blir det bra! Det er lov å håpe:)

 
11.07.09
Nye reglar:) berre terp med oss no.

Vi startar på barbakke med alt av lydigheit, sitt på fløyte før mat. osv. hundane trur det har rabla for meg og det er det fleire som trur. Nyinnlæring av alt, og eg skal nokk kome meg opp på jorda igjen trur eg. Er langt nede, men eg håper at ting går seg til, og eg klare å fungere igjen med hund.

Arwen har enorm arbeidsmoral, og eit tempo som er komet tilbake i fulle muggar, men no skal eg ikkje køyre med støy, ho skal hentast ved alle feil og timeout, og sidan arbeid er livet for Arwen, så vil det bli hardt å ikkje lyde:) sitte å sjå på medan andre får løyse oppgåva hennar. ja ja, det er no ein humane måte å løyse ting på då, så får vi sjå om det hjelper.

Artemis er gått inn i sovedvale, og har nesten pakka seg inn i evig kvile, løpetid for henne er ro og atter ro, ho vil sove heile dagen, og vell så det:) rolige gode klompen min. No når ho har løpetid og vil være rolig så får ho det, men terp på på lydigheit blir det, også teikn terp, for ho si dose av. Programmere henne er viktig, vi har våre mål, om det vil ta tid, ja, men vi kjem før eller sidan med resultat :)

 
10.07.09
Artemis har endelig fått den etterlengta løpetida som vi har venta på, vi kan derfor planlegge 4 startar i BK :) utan tanke for løpetid, toppers setting. Tysdag var ho på fellestrening og var kanskje ikkje heilt på nett, men ein ting er Artemis bra på, og det er passivitet, tenker vi langsiktig så er det kanskje den viktigaste eigenskapen ein retriever innehar, vertifall når ein også har topp fart, og stor jaktlyst, vi har nemlig det også vi:)

Målet er å få henne så god at vi kan klatre i klassene på jaktprøve. Derimot er det mykje igjen å terpe på skal vi klatre. Første delemål er ein 1pr i BK ikkje uoppnåeleg med ein hund som Artemis då, likevel skal ting klaffe, og litt jobb må eg legge i det.

Arwen veit eg eigentlig ikkje korleis eg skal angripe, ho går altfor bra på trening til at eg skal pensjonere henne. Derimot går det ikkje å vise fram ein hund som, drit i fløyta, og går for kun fikse sjølv modus på prøver, merkeleg men, er det nokon som har tips??? Kanskje eg bør terpe meir, eller kanskje sette skapet litt betre på plass.

 
07.07.09
Arwen deltok på NLM med ein noko redusert eigar, men vi igjennom førte så godt vi kunne. Arwen klart seg bra i varmen, tempo og uthaldeheit var tilsted, det vi mangla snakkar eg ikkje om, det kjem i andre rekke for meg no.

Unghunden Abby som Brit hadde med gjor det kjempebra, ho har stor grunn av å være stolt både av hund og seg sjølv, vi blei nr 8 av 12, det er bra det med så lite trening som laget hadde på forhand. Motto er vi kjem sterkt tilbake.

 
30.06.09
Vi jobbar med føring:) Ingen lyd frå førar, no skal eg sjå alt i frå hunden sin side:) "lydfri førar". he he he... målet er å kunn bruke fløyte å teikn i dirigering aldri elles.

Arwen og Artemis skal førast stille og utan at eg bråkar, dei skal få segle sin eigen sjø her etter. Det eg vil oppnå er at dei rett å slett startar å høyre etter kommandoane mine, eg skal ha bort alt mas om dit og datt. Får eg det ikkje til, sluttar eg med hund, det vil sei at eg skal få det til:) Ei markering er ei markering, ei dirigering er ei dirigering, og eit felt er eit felt, ingen hjelp heretter, dei skal løyse alt på eigen hand, og eg skal ha henda i lomma eller på ryggen. Tja, tja, tja...

Treninga i dag var innretta mot NLM, og Arwen er i bra form, høg arbeidsmoral, sterk, og forma er på veg tilbake, og bra er det. Når vi trenar i ope terreng, og ho har oversikt over alt er ho med, ho får med seg det meste av alt, og er klar til å steppe inn i tilfelle ho får gå, konsentrert.

Vi har også vore heime på sandsøya nokre dagar, men på grunn av varmen blei det ikkje så mykje av trening, men litt. Artemis er lit på og av, ho klare fortida ikkje å fokusere så bra, og slit litt med både å markere, og komme heim "tomhendt" på fløyta. Etter nedturen på Fosen så veit eg at eg må jobbe mykje meir med meg sjølv og Artemis, og det vil nokk føre til tilbakesteg i treninga i starten, vil eg tru, i tilegg har eg mista sjølvtilliten, og vil nokk gru meg til neste prøve i staden for å gle meg.

Arwen derimot gjekk bra på trening heime og var meget lydhør, det er ho nesten alltid når vi trenar åleine. Det vil derfor sei at eg ikkje skal mase på henne i fellestreningane, blokkerar ho skal ho få løyser alt på eigenhand eg setter meg berre på vent:) Målet med min adferd her er å omprogrammere henne til å være like lydhør i fellestreningar og prøver som ho er når vi trenar åleine:) er det mulig å endre på dette??

Eg har framleis god tru på henne i år, no er ho 5 år, og eg merkar at ho har litt ballast i årane, (ikkje til å løyse alt på eigenhand, men også høyre på meg)

 
26.06.09
Arwen var å trena litt i går, ho er litt sånn som ho har vore før :) ulydig på fløyta, og vi tar litt skeia i eigen hand. Fart, og intensitet er på veg opp, så her er det håp om fart til NLM :) Pliktoppfyllands hund som vil så gjerne gjer mykje på kort tid.

Arwen held tempoet på topp, tross god varme litt overvekt, og ikkje topp kondis, Arwen er ein type hund som jobbe uansett og spare seg aldri. I går var ho helt lydfri, og meget våken i all passivitet. Eigentlig ein drømmehund å jobbe med:) Ikkje anna å vente at Artemis er bra, når ein veit kva som ligg bak ho:) he he.. og det står kun på kjørar og ikkje på hund, eg må jobbe mykje meg meg sjølv å føring, her er det masse å hente.. Aldri skulde på hund kun på føring:)

Vi jobba med markering på vatn, og utsendingar på land, og på grunn av tungt terreng så er det ikkje dei enklaste oppgåvene hundane fekk men dei løyser alle, om Arwen ikkje går snorrett, så lar ho seg sende til riktig retning etter påminning. Eg er derfor godt nøgd med alle hennar moment, og med meg sjølv jobbar eg, eg skal ned på miniums støy, og la hundane styre på sjølvstyr:))

Tok nokre få bilde av Libra og Abby (to svarte labbar) som også skal til NLM, vi blir såleis eit heilsvart lag med stor slagkraft.:))) Bilda kjem ut på fotosida mi når eg finn tid til det.

 
21.06.09
Etter Jaktprøva på Fosen er det berre å brette opp armane, og starte med blanke ark, her er det mykje å ta tak i, prøveerfaring er det vi manglar, men det er ikkje flust av prøver, og i tilegg er det dyrt å reise langt.

Laurdag gjekk Artemis bra, ho viste fram stor fart, perfekte markeringar. Eit felt med mykje springing og fart, ho er ikkje vanskelig å få ut igjen, og går med stor styrke og fart, men tilfeldig søk, ( eller som dommar sa, ho sprang seg berre på dummyane (5 plukka ho på feltet:), og bringa dei heim. Eg fekk derimot skikkeleg røyk for dårlig føring, hunden var meget god, men eg var ikkje det, masa, dirigerte osv, når Artemis var i ytterkant eller utom feltet:)

I dag braut eg når felte gjekk dårlig, og ville ikkje starte å sende henne hit å dit, berre for å få ei ny høvling av dommar for mas:) I dag ville Artemis være i vasskanten, og søke symjandes langs med land, og gjekk i vatten gang på gang, då trakk eg Artemis.

Eg trur ho rett å slett ikkje skjønte av oppgåva med feltet, setting med kunn henne, ikkje påverknad i nokon form.

Artemis går felt som ein helt på trening, og ho har eit meget flott søksmønster, eg er derfor ikkje så engstelig for denne opptreden hennar. Derimot trur eg ho må få eit og anna felt heilt åleine ikkje berre setting med fleire hundar som søker kvar sin gong, (som i Ak, og Ek, ein ser på og ein jobbar) slik er Artemis mykje trena, det å ha arena åleine var kanskje vanskeligare for henne, eg trur ho ikkje skjønte oppgåve helt.

Artemis fekk skryt av dommar likevel, han tok fram alle hennar positive sider, og eg fekk ikkje kommentar på dårlig føring i dag.:) og bra var det. Vi fekk høyre det motsatte i dag, at vi hadde ei godt samarbeid:) he he.. det veit eg at vi har, men i går tok stresset meg, og eg førte dårlig. Artemis derimot tok ikkje det så tungt som eg:(

Alt av vannarbeid som eg på førehand var litt redd for skulle gå gale, gjekk som smurt, ho kasta seg i alt av vann, med stor fart og symjar utmerket, ho snudde til å med:) tru det eller ei:) avleverte utan å rista seg. mykje bra moment hadde ho.

 
17.06.09
I dag har vi trena snuing til den store gullmedalje, konklusjon Artemis likar å symje, og vel litt omvegar :) he he, men 1500 meter er langt, så det finnast ein anne grunn ja. Inga vegring på å gå i vatnet, hip hurra ( betre med omveg eller vegring)

Vi prøvde kast til venstre, klapp i henda blås i fløyta :) tunghørt, dårlig syn, nei alt det har ho intakt, men ho blir dratt til høgre. Likevel framsteg i dag, ho snudde eit par tre gangar og sikta på meg :) så bra. Problemet er størst på lange apporter, men eg såg lyspunkt i dag ho snudde betre enn ho har gjort før i år.

Arwen var også med, men ho må for det meste sitte å sjå på, passivitet er viktigast for henne som skal prøve å karre seg til premie i Ek i år, og klare ho ikkje å være rolige så misser ho konsentrasjonen, dermed får ho  ikkje med kva som skjer, og det blir unyttige springing, altso RO er det aller viktigast:) for så å trykke gassen i botn når ho går i jobb.

Likevel Arwen fekk hente seg nokre dummya ho også, og det kan ho full fart og rett heim.

Arwen er i tjukkaste laget, og eg må få ho ned i vekt, men korleis ?? Arwen skal være med på NLM laget til sunnmøre og ho og eg skal gjere vårt beste for å sanke poeng til laget:) Derfor må ho på sveltekur? Arwen har det meste i kroppen, så ho vil yte bra uansett, men tempoet hennar bær preg av vekta.

 
16.06.09
Artemis var på fellestrening i dag, og Artemis er god på mykje, men det er føringa mi, og korleis føre til beste resultatet:) på prøver og i trening. Utfordring, tenking, planlegging om korleis vi agerar i settingar som oppstår, her er nøkkelen :) Klare tankar, være våken og ta riktige beslutningar under press.

Jobbe seg mentalt igjennom trening og prøver kan være lurt.

Fellestrening er kjekt, og det er nødvendig skal ei komme seg opp av myra, det er alltid ting med føring som andre ser betre enn ein gjer sjølv, og dette med å bli bevist på eigen adferd er nyttig.

 
15.06.09
I dag har vi ikkje gjort så mykje som vi burde, men eg har hat ei økt med å lære Artemis til å snu mot land etter ho plukkar opp dummy:) uff ja, dette er vanskelig, og eg brukte sporlina mi på ho. I Anstadvatnet som vi oftast trenar tør eg ikkje la ho gå i vatnet meir, skrekk opplevinga eg hadde sist vil eg ikkje ha reprise på. Trur faktisk det satt litt i Artemis også i dag, ho nølte før ho gjekk i vatnet. Legge ut på fleire km tokt i kaldt vatn, er ikkje for pingler, og eg fekk meg ein kjøl som sit godt i kroppen.

Det eg gjor i dag var å snu ho fysisk ved å dra i lina, men ho drar hardt mot høgre likevel, men det kom seg. I tilegg kasta eg dummy nr 2 til venstre slik ho skal gå på den, så få vi berre jobbe med saken og håpe eg klare å løyse disse merkelige vanane hennar.

Råd nr 2 er mindre vatn, men det er ikkje så mykje tilgjenglige av det her omkring, likevel skal vi finne sorten å trene på det. På havet slepp ho vertifall ikkje på lenge ennå, eg er so redd for denne klompen min at det går ikkje.

Er det andre som har vore borti dette problemet at hunden ikkje snur mot land, men symjar fort til havs:) då vil eg gjerne høyre korleis det blei løyst, for løyse det skal eg.

 
Her er ei enkel skisse av kartet over ruta Artemis tok når ho ville ta symjeknappen:) he he, eg kan tulle litt no, men eg blei nokså redd når denne situasjonen oppsto. Ho starta på punkt 1. symde til punkt 2, snudde opp i land, og sumde til punkt 3, og ho brukte ca 45 min på ca 1500 meter.