07.03.2008
November/ desember 6 til 7-8 månadar.
Flatcoat-Arwen's Artemis er ein tispekvalp frå AR- kullet, og ho er min. Her kan du lese om Artemis frå ho var fødd, til ho stiller på sin første jaktprøve...  etter det blir det felles treningsbok i lag med Arwen.
 
31.12.08
Her ein pust i bakken før det brakar laust med rakketar. ( Arwen ligg til høgre)
Nyttårsaftan med smell og støy gjor ikkje det slag for Artemis ho sov og sov.. lufte litt på hovudet av og til, men lét seg ikkje skremme, ho fekk derfor være i stova. Rakketar og kraftige smell heile kvelden gjor ikkje det slag for Artemis.
 
30.12.07
Tur i skogen i dag, Artemis spring fort, høgt og lavt over grøfter, stein og røter, tempoet er stort. Dei blei ikkje trening av lineføring i dag, men litt dekk på stovegolvet blei det.

Det smell litt for ofte ute no, og det liker eg ikkje, Arwen blei skremd ei nyttårsaftan for to år sida, og det sitter ennå i henne, ho liker ikkje desse rakettane. Artemis har ikkje reagert ennå, og eg håper at ho ikkje blir påvirka av Arwen sin adferd, det er om å gjere og være heilt nøytral og for all del ikkje trøste eller lage noko nr ut av det. Likevel skal ein være der hundane er slik at det trygge som er eg i dette høvet er til stede. Mulig eg tar meg ein biltur med hundane når det pågår som verst, legg eit pledd over buret og slår  på musikken og kjøre i veg for å sjå på rakketane. Her som vi bur er reine krigssona, og det kan være lurt å skåne hundane for det kraftigaste bråket som brukar å være rundt kl 12.

Artemis.
29.12.07
Vi har trent litt kvar dag, og det går i sitt og vent, lineføring, dekk. Lineføring er sjølve grunnsteine i all hundetrening, den har vi trenet både ute i hagen og i stova, her er eg ops på plasseringa ved venstre fot, eg vil prøve så langt det let seg gjere å unngå at ho går skeivt som Arwen gjer. Arwen går med rumpa ut, men har heilt rette holtar. Målet med Artemis at ho skal både gå beint og ha beine holtar. I går når vi var i skogen fekk ho passivitet trene i koppel medan Arwen henta inn eit felt. Ho rykte i bandet eit par gonger, men det kom ikkje lyd!!! Og det var akkurat slik eg ville ha ho, "ikkje lyd".

Klør klippet vi ein av dagane, og Artemis ligg som ho skulle sovna dypt, heilt avslappa, kven skulle tru det så vil å gal som ho var når eg skulle starte å klippe igjen etter at ho skada seg, då måtte eg sette hardt mot hardt, og vinne over hennas staheit. Eg er svert glad det løyste seg slik eg slapp at ho blei redd klosaksa, og ikkje ville samarbeide om klippen.

Det var lite samarbeid i dag når eg skulle klippe kragen hennar, ho hadde så åsei mista halsen sin, så her måtte eit gjerast, pelsen veks som oftast mest rund halsen der den bør være kort :-) Ørene klarte eg ikkje å klipp slik eg ønske det, det må eg berre ta igjen litt no og då, så blir ho fin til slutt. Ho er blitt fastar i fisken, og eg vog ho i dag 24 kg, vog Arwen også ho var 27 kg Artemis er litt høgare enn Arwen, men Arwen er breiare ;-)

 
27.12.07
Ein times tur i skogen med lett springing i motbakke, dette er gode greier for Artemis ho blir fastare og fastare i kroppen. Arwen går roleg i lag med meg, mest nyttig for henne det, då for ho trene på å være i ro over lenger tid, det komme godt med.

Artemis fekk også litt søk etter nasepinne i dag, i dag gjømde eg pinnen i vedaladet, stikk den berre inn i mellom litt ved, det bles ganske kraftig her i dag så enkelt var det ikkje, men Artemis gir ikkje opp ho finn pinnen, og kjem stormane til meg med den. Vi repeterte sitt også det skal vi gjer kvar dag til ho lærer det på nytt.

 
26.12.07
Artemis har vore med meg og Arwen i skogen i dag, ho er ingen sinke spring både høgt og lavt, men vi manglar litt grunnleggandes lydigheit hi hi.. her må det nokk trenast både det ein og det andre eg har trena henne alt for lite, og dette for eg no merke. Eg liker å ha hund som lyder, og går på fot eller bak når situasjonen tilseier det, og det kan ho ikkje så her er det berre å trene i veg. Det gledelege er at ho blir sterkare og ho spring fort, og det har vore det vi har prioritert rett å slett få ho på beina igjen.

Arwen for å tusla ilag med meg, og Artemis rusa opp og ned i stor fart, det er svert gledeleg og sjå Artemis slik, sjølvstendig er ho også, kjem rimeleg raskt på innkalling.

Vi har trena ein del på plass eller fot gåing i hagen, men det tar tid til å bli sikker i denne øvinga, og i skogen har vi ikkje trena det( ho trur at dette er noko vi gjer i hagen ;-) Derimot er ho steinetullet etter ting som kan apporterast, her er eg nøydt til å gå tilbake å trene sitt før vi kan få lov trene meir på apport. Eg vil ikkje slite med knalling, ho er nemleg så hekta på å få plukke opp at ho stikk i veg med det same eg legg noko på bakken, derimot kjem ho til meg med apporten kjapt.

Ho kunne dette med sitt og vent før ho blei skada og eg må nokk berre re innlære det, eg har ikkje stressa med noko form for trening, og "sitt" ville eg ikkje prioriter, men tida er no komma til at eg synast at sitt og vent skal eg lære henne, og heller trene mange fleire adferder oftare slik eg held ho treningsvarm.

Har brukt jula til å redigert litt kvalpebilde av Artemis, her er ho  6 veker og  bilda er tatt under eit godbit søk. Bilda er lagt ut på fotosida mi.

 
24.12.07
 
21.12.07
I går var vi i skogen, Artemis, Arwen og eg, begge hundane var fri, men Arwen måtte gå bak eller på fot( det er fin trening for henne og det) ein retriever skal kunne dette med å holde seg på fot uansett kva som skjer. Artemis var meir eller mindre gal :-) det var sikkert eit hav av ferske hjortetråkk som måtte skjekkast opp. Ho fær som ein resar, og eg står å ropar roleg, roleg når ho kjem mot oss i 100 Ho hadde eit mageplask i det ho tar sats og hopper over ei grøft, beina hennar flatar berre rett ut, eg med hjerte i halsen, men det er nokk slik trening i ulent treng som skal få fram musklar og styrke i gulljenta mi.

I dag var det berre eg og Artemis som var i skogen,  for å trene på innkalling, ho er nemleg ganske sjølvstendig og døv av og til. Eg har ikkje treent verken lydigheit eller innkalling med Artemis i skogen, dette av kjent årsak, vi har derfor mykje som skal takast igjen. I dag brukte eg fløyta og den satt merkeleg nokk svert godt i hovudet hennar, eg kallar ho inn kunn når ho spring i motbakke dette på grunn av farta.

Artemis har blitt litt fastare i fisken, og ho ramlar ikkje fult så lett eg skal prioritere henne slik ho får springe litt i ulent terreng kvar dag når føre tillet det. Ho fekk ruse i veg etter eit par dymmi også i dag, rask er ho, men ikkje så rask som Arwen ennå, det er ikkje på grunn av viljen, men på grunn av fysikken. Sitt kan ho ikkje lenger :-) men ho kann avlevere dymmi, og det er nokk for meg, lære ho å sitte kan eg sikkert klare før eller seinare. Ho er særdeles glad i alt som kan apporterast, ser ho ein dymmi eller ein apportbukk er ho i lause lufta, det ser eg på som positivt og Artemis har ein rolig mjuk munn.

 
18.12.07
Hadde oss ein fin tur i dag, det var glatt å gå, men pent ver, Artemis måtte gå mest i band, men eg bytta på slik ho også fekk være litt laus, verst for Arwen som må gå bak meg heile tida, spring ho framom blir Artemis spinn vil, og skal springe ho også. Artemis får springe sjølvsagt åleine og ikkje i lag med Arwen, dette på grunn av at tempoet blir enormt stort, og no når det er så glatt er eg sikker på at det ikkje er så lurt.
 
17.12.07
Eg og Artemis har vore på sandsøya på helgaferie.. der ute kunn vi godt ha budd heile året, der var 7 varmegrader og bært over alt!! supre treningsforhold. Arwen var ikkje med så trening ble det ikkje, Artemis trenar mest musklar ho, det er nokk det viktigaste for henne :-) ho skal bli stor og sterk. Vi gjekk tur både i band og utan, og eg synast at Artemis likte seg godt der ute, ikkje glatt men fine tørre markar, ønske terreng for å trene seg opp.

I dag er ho faktisk 8 månadar, og vi har kuttet eit måltid mat, no er det kunn to måltider for dag, og ho er ein tanke større enn Arwen :-) trur ikkje ho veks så mykje meir no. Fin størrelse.

I trening så prioriterar vi innkalling og ikkje sit. Ho sitter vist  ikkje når eg går å legg ut ein dymmi lenger, men eg vil ikkje hemme ho, eg vil ha ho spinn vil etter dymmi så ho får berre ruse i veg til eg bestemmer at nokk er nokk, og startar å  reinnlære ein fast sit ;-)ikkje alt etter boka med meg, men eg vil ha fleire adferder derfor vel eg denne metoden. Ho fekk nemleg prøve å hente ein dymmi på plenen i dag, og det var då eg oppdaga at ho hadde gløymt å sitte lenge, hi hi. Ho hadde ikkje gløymt kven som skulle ha dymmien ;-) det kunne ho, kom til meg å sette seg ned foran, godbit godbit :-)

Artemis på oppdagelsereise heime på sandsøya.
 
10.12.07
I dag var vi på gåtur i skogen i band, det er hardt og glatt, og eg vel å gå i band Artemis. Vi trena også litt heime på plenen, det går i innkalling, i tilegge er eg i ferd med å klikke for alt, økta er kort det er ikkje mengdetrening med oss. Søksmoment "din" trenar vi, kjekt å kunne.

Vi var også ein tur innom hundetrening i går, her fekk ho berre lov  til å sitte og sjå litt, der var nemleg broddeføre, og ho er ikkje stødig på isen. Ho valte sjølv ganske kjapt sitte og sjå, ho var trygg mentalt på situasjonen, og laga ikkje noko styr sjølv om ho har vore mykje heime i det siste.

 
09.12.07
No er det glatt overalt og då blir det ekstra vanskelig å holde seg på føttente for Artemis, tempoet er større enn forstanden, men ho er no ein gong flatt :-) Innkalling, kome når ho får signal, dette blir terpa på inne også, det går faktisk ann å trene dette overalt. Den største gleda hennar er å få mat, og være fliskuttar i vedakassa. Her er ho håplaus med denne veden :-) eg kostar opp tar i frå ho veden, og er ikkje før ferdig før kosten må fram igjen.

I dag var det tid for kloklipp igjen, og eg har ikkje starta å ha ho på bord igjen, men vi brukar kjøkken golvet, eg sitt på golvet og ho ligg. I dag låg ho så musestille og avslappa at eg var mindre rysta, dette har ho no lært skikkeleg er det klo klipp skal eg berre ligge urørleg så får eg ein slump godbitar når ting og tang er ferdig. Klørne hennar veks fort og dei må klippast ofte, ho slit ikkje noko særleg klø på mark og snø.

 
08.12.07
I dag har oss trena på raske reaksjonar på signal, Artemis eller plystring er signala vi trear med. Kvar gong vi er ute for lufting blir det 6-7-8 signal klikk, og ho er kjempeflink, full galopp inn om å bli servert godbit, det funkar som berre det denne metoden å trene på.

I dag tok vi fram metall apporten, hi hi, ho var likevill når ho såg den som ho er når ho ser ein treapport, Artemis nøla litt når eg slapp den på bakken og gjekk, men det var ikkje mange sekunda før ho plukka den opp og kom susandes i 101 rett til meg og ville ha godsaker, og det for ho så klart når Artemis leverar apporten, alltid godbit her når eg tar i frå apport, aldri godbit når apporten hamnar på bakken. Regel nr 1. skal godbit brukast til apporttrening skal ein alltid ha apporten i hand. Eg trenar derfor innkalling separat og masse, sjølv om eg har ein hund som alltid kjem, repeterar eg innkalling ofte og kvar dag, no er  det rask reaksjon eg vil ha, all innkallings-trening som vi gjer er frå fri hund ikkje frå sitt.

Eg har trappa ned sitt treninga, og vil prøve å få fram masse andre ting i standen, trenar ein for mykje på ein ting, er det vanskeligare å få hunden til å tilby nye adferd. Ho vel da ut den adferden som har gidt mest utteljing og som er sitt, derfor har eg slutta å trene sitt. Ho må gjere litt anna ennå sitt og få godbitar også denne Artemis mi.

 
07.12.07
Artemis er full av fant stel nesten alt ho kjem over, der er som når Arwen var i same alder slik var ho også, kanskje Arwen var verre for ho for oppå benker og bor det gjer ikkje Artemis. (No er eg trygg på Arwen at ho ikkje etopp noko.. og eg veit at Artemis også blir slik etterkvart) Arwen har blitt kjempeflink og er veldig oppgitt over Artemis sine påfunn, nesten komisk å sjå.

Klikkeren blit fast inventar i lomma mi, og den nytta eg i å belønne raske reaksjonar, vil ha Artemis snar i vendinga. eg vil at ho skal reagere lynkjapt på signal. Eg har derfor starta å klikke med det same ho reagerar på signal, deretter er det full rull innom å få seg ein godbit, altso eg belønnar rask reaksjon, i slik trening er klikkaren super effektiv.

Artemis blir kvikkare og kvikkare, ho setter av og til på superfarta då blir eg litt redd, og tar ho fort ned for roing (søse springing ser noko skumelt ut) ho får ikkje være laus i lag med Arwen ute. Elles så veks ho ennå, og no har ho blitt høgare bak enn framme, og litt høgare bak enn Arwen ;-) reknar med at ho veks litt til framme også.

Tøyer ut begge bakbeina gjer Artemis også, ho er litt forsiktig med denne tøyinga, men det ser ut som ho blir flinkare kvar dag til å tøye Litt stiv er ho etter ho har kvila seg, og går litt andeledes på høgre foten, men det ser ikkje ut til å plage henne nemneverdig.

I dag hadde vi vitjing av broder Birk, Arwen fekk ein lett springetur med sonen sin, det gjekk bra, flott gut har Birk blitt. Prøvde å få tatt nokre bilde av han, men det er mørkt no i desember og ikkje optimale forhold, men bilde blei det, portrett av han er å finne på fotosida. oppstillingsbilde er under AR- kullet og på Birk sin side.

 
05.12.07
Artemis er i siget vil og gal he ho blitt ;-) No får ho være laus i hagen, vell å merke ikkje i lag med Arwen det tør eg ikkje, ho må styrkne mykje til ennå før ho får leike seg med henne. Eg har derimot forsett å trene naseprøvesøket, vi har søkt etter pinnen i snø, og vi har brukt mørke om kvelden. Poenget er at ho ikkje skal finne pinnen med synet, men med nasa. Når søkent er godt befesta så kjem det ut ein haug med pinnar,  og då er det den med mi lukt som skal apporterast, og ikkje dei andre pinnane ;-)

I går trenet vi søk på mini dymmi med rypevingar på i kjellaren, den likte ho svert godt synast at vingane var spesielt gode, hi hi, her må det repeterast ein del både dit og datt. Og det gjor vi, og på neste søk fekk ho ein liten kommando, og då var det slik det skulle være, eg er veldi tilbakehaldande med kommando vil at alt skal skje utan kommando, men ho hadde gløymt det.

Vi startar derfor på siste ledd i kjeda avlevering og først trena det litt, og så prøvde vi igjen med å gjømme rypevingen, her er det alltid mest fornuftig å gå ein par steg tilbake i staden for å starte med mas eller andre negative ord som ikkje førar fram, eller i verste fall førar til stress og mindre samarbeidsvilje.

Eg har også starta å klikke for at ho reagerar flott på signal, slikt som plystring, namne sitt, fløyta har eg ikkje prøvt ho på ennå, den lar vi ligge ei stund til, men tenker den var bra befesta så det blir ikkje noko problem å relanser den. Håper på å få ho like rask på signal som Arwen (ønske drøm) trur nokk klikkaren har gjort jobben med Arwen på dette med raske reaksjonar på signal, derfor skal eg bruke meir klikkar på Artemis framover. Ho er gal etter godbitar så vanskelig å trene er ho ikkje, tør ikkje starte med noko form for leiking ennå, men ser at ho har god jaktlyst på ting som bevege seg, så leiken er der med henne, enkel å plukke fram etterkvart som eg kan utsetje henne for litt brå bevegelsar.

I dag har eg og Artemis vore på biltur til Moa, og ho får såleis trening i å ligge i bil og ikkje gjere det slag, men ho sitt mest å følgjar med på det som skjer, derfor blir ho mentalt trøtt av ein slik biltur.

 
02.12.07
Dagane går og jula nærmar seg, og vi har mykje vi skulle gjort. Artemis og eg går tur nesten kvar dag, og vi går små turar, vi brukar no sele og strikk då får ho dra litt, og det blir ikkje noko plutselege rykk då strekke tar av for rykk. Litt laus i hagen kvar dag, det er berre ikkje forhold til det :-(  glatt og ugjevnt underlag er ikkje optimalt for henne. Derimot får ho vere med på mange bilturar dette for å trøtte henne ut mentalt, oppleving kan godt skje gjennom bilkjøring, fergjer, og på parkeringsplassar når eg er i veg og handlar. Her er ho ikkje heilt lik Arwen, Arwen legg seg ned i buret og sovnar med det same bilen startar, Artemis sit og ser, og det ser ut som ho kosar seg med å sitte slik å sjå ut.

Vi trenar litt på frivedfot i stua, og det er ho flink til, det er eigentlig veldi lite vi trenar, vi tar av og til sitt, dekk( som vi har lært inn), men sitt er ho ikkje så flink til som ho var, og eg vil ikkje terpe på den nå, kanskje få fram litt andre adferdar før eg trenar på at ho skal sitte fast igjen, mulig eg plukkar fram klikkaren, og gjer ho klikkarklok som Arwen, kanskje Artemis også bør lære nokre triks ;-)

Artemis har voks siste 14 dagane, ho har tatt igjen Arwen på høgda, og no blitt  ca 23,5 kg ( Arwen er 26 kg, og ser flott ut)

 
25.11.07
Det har gått opp eit lys for Artemis, ho er i ferd med å lære seg DEKK ;-) med treningsmetoden der vi før handa med godbit mot golvet hi hi.. no går det så det susar rett i golvet, flink he Artemis vorte, vell å merke har ho ikkje lært kommando ennå, men kva gjer vell det no når det har losna så er kommando berre ein bagatell som vi tar når vi synast det er på sin plass.

Noko anna er husdressuren som er forbi gått i stillheit, ho har trossalt sittet to månadar meir eller mindre i glashus, og då lærer ein ikkje mykje. Har sett ned foten no, og setter meir krav til god oppførsel inne i huset, dette er mykje fordi eg er redd ho skal skade seg ho tar nemleg laust i Arwen tempo ;-) og glatte golv er ingen god kombinasjon i lag med fart. Her skal det gåast stille i dørene til ho er i toppform.

Det vil sei at eg må dempe ned Arwen også mange hakk, ho får ikkje springe men må gå, dette forstår ho så klart ikkje, ho er ei type med kunn på og av. ( det har sine fordelar då) kjempe godt tempo, rask på å reagere på signal, i ro når ho er i ro) Altso ho har aldri luffe tempo, men full gass, når det skjer noko, men bed eg ho roe ned så gjer ho det, men ho kjem ikkje på det av seg sjølv nemleg.

Artemis må lære å roe ned når ho får beskjed det har ho ikkje lært, men ho er likevel roleg når ingen ting skjer, men så skjer det plutseleg ting i hovudet henna eller eit eller anna, og då er høggiret på, ho må såleis lære å slå av motoren når ho får beskjed. Eg roar ho fort med å bruke godbit eller avleding, men no er eg ikkje alltid tilstede, og ho må lære å lyde dei andre også, ho har nokk blidt fole mammadalt, og det heng nokk heiltsikkert saman med at eg har passa ho så intens å mesta åleine i denne perioden.

Nokre nye portrett bilde av Artemis er ute på fotosida mi, ho er så skjønn lita gulljente som no er blitt like høg som mamma sin, men ikkje så lang ennå, og ikkje så breid heller, og eit lite pent hovud har ho også det er også mindre enn Arwen sitt.

 
22.11.07
Tur i dag også100 m lenger enn i går, og det går flott, ho blir både større og er sterk, litt laus har ho vore i hagen også i dag, men her er eg svert forsiktig, ho blir nemleg glad av og være fri, og eg synast det virke litt skumelt når ho setter i gang.

Inne et ho hekta på veden vår, er rett å slett gal etter vedakassa, og eg ser litt gjennom fingrane med denne vedkassa, det er verken farleg og eller har så mykje å sei at det blir litt rot. Vi ryddar oppigjenn.

 
21.11.07
Liten tur i dag også, litt lenger enn i gå, Artemis går fint, vell å merke i strekk.( det er litt draging i bandet, men ikkje verre enn at eg seiar ho går fint) Ingen trening, men ho har fått sleppe lit ut av bandet i hagen i dag. Og ho får snuse, eg les ho så kjem der noko kik så er eg snar å kople. Ho reagerar merkeleg  nokk svert godt på signal, og innkalling sit faktisk veldi bra,  og har eg fulle lommer med godsaker så er det ikkje noko problem.
20.10.07
Endelig eit nytt bilde av Artemis, tatt i dag.
 
I går hadde vi oss ein liten tur etter ein skogsveg, det gjekk supert Artemis synast det er kjekt å få lov til å snuse i vegkanten (alle hundars drøm) I dag har vi også hatt oss ein snartur i skogen, men i dag gjekk vi i litt ulendt terreng,  det likte Artemis godt. Vi går i strkk, eg tør ikkje å sleppe henne laus ennå, er kjemperedd for at ho skal ta det slik ut at ho forverrar skaden, vi tar tida til hjelp. Artemis blir sterkare for kvardag, og eg håper på at om ikkje alt for lenge skal ho få gå litt fri ute.

Litt stiv, og litt halting har Artemis når ho har ligget i ro ein stund, men ho er blitt flink til å strekke begge bakbein, og det er bra.

 
18.11.07
Her skjer det ikkje så mykje, bortsett frå at Artemis er i det ville hjørne (av og til) og  ho får  "søsa" inne i stova,  det er med mit og andres hjerte i halsen,  ho blir då  regelrett fanga og kopla ;-) Ho har nemleg så dårleg kontroll på beina sine at ho fer meir eller mindre sidelengst, flatar ut både på fram og bakbein, og det ser nokså skummelt ut.. men tilbake til det normale må ho. Eg trur det kjem av at ho har vore så lenge i "fangeskap" at ho blir plutseleg steine vill og gal når ho oppdagar at livet er friare !!

Artemis drar no inn på Arwen med stormskritt når det gjelder størrelse, eg har tippa ho like stor/liten som Arwen ? men kven veit kanskje blir ho ein tanke større. Klørne blei klippet i går igjen, og dei er pene blitt, og Artemis har skjønt at det er ingen vits i å protestere eg klipper likevel, no er ho heilt rolig ved kloklipp, og det er eg glad for. (medisinen var altso klipp ofte og lite)

Tur har vi vore i dag, ein liten runde til Aursnesodden der er bert og fint å gå tur, og Artemis får ein tanke miljøtrening det treng ho etter to månadar i meir eller minder fangenskap. Når ho kom heim så var ho mentalt utslått, og la seg på golvet og sovna momentant.

Det har ikkje blidt noko særleg trening på oss i det siste, men eit ord har blitt flittig brukt og det er "rolig". Når vi går opp og ned trappa, når vi er ute.. det skal bety sett ned tempoet og gå fint. Arwen har også fått repeterte dette "ROLIG ordet" titt og ofte, og kanskje det sitter betre på henne no. Arwen er nemleg ei kanokule ute og inne, og alt skal gå i stort temp med henne, no har ho måtta sett ned tempoet her skal ingen nedspringast, no får ho ta det rolig, og gå pent både opp og ned trappa, repetere litt husreglar har ingen vondt av. Arwen er lydig så dette er ikkje noko problem for henne berre ho huskar på det, eller eg minner henne på det så redusera ho tempoet med ein gong.

 
15.11.07
Artemis har fått meir fridom no, men ho har ikkje musklar, det er som Babi på glattisen ;-) Vi går litt tur men ikkje langt, berre så ho får sjå seg litt rundt. Ho går meir laus i stova, men må gå i band opp og ned trappa, og den får ho kun gå når behovet er til stede, ikkje elles. Det blei litt dumt med den snøen som kom, det er glatt overalt, ingen ønske situasjon verken for meg eller Artemis. Vi har ingen hast verken med det ein eller det andre, så vi tar tida til hjelp, eg trur at denne opptreninga bør går moderat og vi bør ikkje stresse med den, trur faktisk bevegelsane som ho får når ho går fritt inne hjelper henne mykje. Artemis har vore flink til å strekke ut den foten som ho skada, ho har ikkje strekt den friske for den må ho stå på, men dei siste to dagane har ho så vidt starta å strekke venstrefoten når ho står på høgre, og det må no være eit godt teikn.

Har ikkje trena  (inne heller) verken på dekk eller andre ting, Artemis har gått glipp av to månadar, og må lære masse ting på nytt som har enten gått i gløymeboka eller ho har ikkje kunna det. Ho har levd ein beskytta tilværing på kjøkkenet og der er ikkje all verdas ting som kan røyrast eller øydeleggast. Det store no er vedakassa, ved er vist det allerbeste her i verda, den kan bærast, etast. osv. det er greitt nokk det, men det kan ho ikkje få lov til. I tilegg er eg redd ho brenn seg skikkeleg på omnen, det er vertifall ikkje lurt. Når Arwen var lita, vart vi nøydd til å legge lekastein rundt omnen vår slik ho ikkje skulle ta fyr, Arwen kraup nemleg under omnen så snart ho hadde ein kjangs, og det lukta svidd hund ;-)

Artemis er snart 7 månadar, berre to dagar igjen, ho er fin og blank i pelsen sin, og har akkurat passe hold. Artemis får det same kvalpeforet som ho har gått på sida ho var lita, i tilegg omegaolje (til frukost får ho NP) Eg kjem til og la ho gå på dette kvalpeforet fram til ho nærmar seg årsdagen. Ho har vokse så jamt og fint, eg er godt nøgd med dette foret, og eg ser ingen grunn til å slutt med kvalpefor ennå. I størrelse er ho ca 2-3 cm lavar er Arwen, eg reknar med at ho blir ca like stor som Arwen.. perfekt størrelse.

Eg har saksa av lit pels ved ørene på henne( kragen), ikkje skikkeleg gjort,  fekk no bort litt eg prøvde å få henne til å sitte litt i ro på golvet når eg klipte, ho synast så klart at dette var unødvendig. Bilde er det verre med, og eg tar som kjent ikkje bilde inne, og så lenge eg må ha ho kopla er ikkje det like lett, men det kjem vell noko nytt med tida vil eg tru, derfor mimre bilde på framsida inntil noko nytt dukkar opp. Ps bilde som var på startsida inntil i dag, med fleire ligg no på fotosida mi så det er berre å ta ein tit.

 
10.11.07
I går kom snøen ;-) for eit styr.. Artemis var spinn vill, og eg torer ikkje å sleppe henne laus endå, alle som har flatt veit kor dei tar det ut, og eg har ein mistanke om at Artemis ikkje er noko sinkar der akkurat.. nokk om det, vi har halsband og 3 meter strikk og ho har ein fin bevegelse radius, og eg følgjer no berre på henne slik at ho fekk  ta seg litt ut, og kose seg med snøen.

Vi som held på med søksmoment på naseprøve pinne får no berre bruke snøen som gøymestad, og det gjor vi nokre gonger i mørket i gårkveld, og det gjekk kjempebra. I går trena vi litt lineføring på plenen, men det var på feiltidspunkt, masse lydar frå barn som kom heim frå skule, + noko anna bråk med eit eller anna maskiner, ho var ukonsentrert, og eg fekk ikkje kontakt. Her er alt som heiter balla, kongar bortgjømt med hensikt, og eg kan likso ikkje bruke det som forsterkar for å fange interessa eller å holde kontakt. Vi må berre kutte treninga, og la ho lytte, lure på kva som skjer., enkelt å greitt, mase om kontakt er ikkje lønsamt i lengda, den skal frivillig tilbydast. Merk no er vi i ei ny startfase på treninga vår, og må ta alt på nytt. Når ho blir voksen og har lærd lineføring, fri ved fot, så skal ho kunne gå med masse uro, og i alle miljø. 

Vi har også prøvd på dekken igjen, men her har vi eit innlæringsproblem, ho vil ikkje dekke ;-) Fekk eit klikk i går når ho berre seig ned med rumpa til meg, då gjor ho det på nytt med rumpa mot meg i slow mosjon hi hi.. Ikkje noko klikkarhund Artemis, men det er min feil, eg har for det meste brukt klikkar på Artemis som betinga forsterkar. Dette har vore eit bevist val frå mi side.

Problemet er at ho sitt i ro når eg skal prøve å lære inn dekken tradisjonelt med å føre ned godbiten, har ikkje prøvt alt for mykje men litt, eg sat på golvet i lag med ho i går i ca 10 min, men vi gav opp. Vi satsar no kunn på å fange dekken med klikkar og vi tar det etter som ho finn det for godt å legge seg ned. Artemis ligg mykje er ei rolig type, men det er når eg skal trene med ho eg vil fange dekken, vil at ho skal kunne slappe av utan at eg uoar med klikkar, når ho er i avslått modus.

I dag har vi trena fri ved for i stova, og vi har trena sitt og bli. Er det noko ho kann så er det fri ved fot, og sitt og bli, og apport så klart, no får ho lov å plukke opp dymmi frå golvet, og det livet til Artemis få lov til å hold, og byte i godbit. Det kan ho fint men å springe etter apport får ho ikkje lov til ennå..

Klørne er klippet i dag også, no er klørne begynt og normalisere seg på lengda, eg tok litt meir i dag enn eg gjor for to dagar sida. Ho protesterte i dag også, men eg sa klart i frå at dette skulle vi gjere og ho resignerte og slappa 100% av, vi sat på golvet og Artemis formeleg sovna og var heilt slapp medan eg klipte. Det er denne metoden ein kan nytte også vist klørne har blitt alt for lange, det som kan skje er at kloa er vanskelig å få pen igjen fordi nerven har vokset i takt med kloa. Då er det berre å klippe litt kvar tredje dag til nerven trekk seg tilbake, klo vil då omsider bli kort å fin igjen.

Arwen har i dag blidt snauklippet rundt ører, og front, og så klart har halen fått seg ein stuss. Blir det finevær så kjem kamera fram, og då må sveisen sitte perfekt, sjølv på ein brukshund ;-) har nemleg brent meg på dette før, har fått noko superklare portrett med ein hund som ikkje har hals berre hovud inn i masse( krage) pels, og slik vil eg ikkje vise fram fine Arwen. Artemis får vente på klippen, tør ikkje ha ho oppe på borde ennå, og ho er fin som ho er, har ikkje så mykje pels heller, og ho har sånne nydelege auge så om pelsen ikkje er klippet så ser vi det ikkje ;-) Artemis har eit nydeleg utrykk det har ho vertifall etter pappaen sin. ( kan no hende vi tar og klipper når vi sitt på golvet då, eg må berre passe ryggen min så eg ikkje får noko tilbakefall, derfor er det praktisk å bruke bord når ein stellar hundar.

 
08.11.07
Dagane går Artemis er litt ute kvar dag, i dag har ho også vore med på biltur, og eg kjørar då veldi rolig. Vi var på forsikringsselskapet med skademelding på Artemis sin skade, bra og ha forsikring når slike ting skjer, ulykke kan ein aldri heilt gardere seg mot. Eg får igjen ein god slump, og slepp unna med ein eigenandel på kr1000,-

Artemis lærer også å være heime åleine no når eg reiser på tur med Arwen, i starten var ho usamd med å være igjen når ho skjønte at eg og Arwen skulle på tur, men no går det topp, ho kan godt være heime ho, vanedyr.. Arwen har løpetid, og må luftast i band, vi må derfor gå oss ei god rund, berre eg og Arwen.

Artemis får kun gå tur rundt på tomta vår, og i band, har tenkt å begynne å gå ei lita runde i skogen over helga, då skal vi auke lengda med 50 til 100 m per dag, vi skal altso ta det steg for steg til ho er tilbake i toppform.

Arja og Bente i Trondheim har også sendt oss nokre ord, og Arja har det bra, Arja har nokk talent for det meste ho også, ho er flink til å vente, og er ein resar på "sitt og bli "(det er den viktigaste øvinga ein retriever skal beherske) Byte apport mot godbit, eller leike kan ho også, supert!! Dei er så heldige at dei bur i nærheita til Caniskurs, og dei skal starte på grunnferdighetskurset, heldig er dei.. det kunna oss også ha tenkt å hatt som ballast.

 
 
07.11.07
Artemis har trena litt på søksmomentet på pinnen i dag også, eit søk. Lineføring trena vi litt i hagen, men vi hadde ikkje klikkar med oss ut, og då blei trening lite effektiv, i tilegg regna det og eg synast det blei surt. Artemis vil gjerne vere ute ho, men eg ville inn :-) Vi trena fri ved fot på kjøkkenet i staden, då med klikkar, i tilegg sit og bli.

Har i dag klippet alle klørne henna, eg tok kunn litt, så eg må nokk klippe dei på nytt i nærmaste framtid, ho har ikkje ville klipt klørne sine i ei periode, eg har vore blaut hjerta, og ikkje sett hardt mot hardt som ein av og til må gjere når unghundane plutseleg ikkje vil, dette har sine grunnar i hennar tilstand fortida.

Når eg klippa berre litt i dag så var det på grunn av at tar det litt forsiktig til ho blir trygg igjen på kloklipp. Fornuftig og ikkje ta noko skippertak klipp, ein klipper før to gangar det er meir teneleg i lengda.

Måndag fekk eg eit lite glimt av Birk, staselig kar har det blitt, meget god anatomisk bygget, god beinstamme, den perfekte brukshund. Ja, no er eg nokk litt inhabil, men eg måtte berre skryte litt.Størrelsen hans ser veldig bra ut, han var omtrent så stor som Arwen, og vil nokk vekse litt til, og blir nokk akkurat passelig stor. Han lover vist bra på trening også, og det er godt og høyre, Birk er nemlig under utdanning, og skal bli redningshund.

Eg har også fått tilbakemelding frå Sini i Finland, og ho er stor nøgd med Bruno, han har fått dei eigenskapane som ikkje kan trenast inn, men er medfødde. Topp!! Han kan med andre ord nå langt når det er snakk om jaktprøver. Bruno er også ein snerten type, og blir ikkje så stor, men akkurat passeleg. Kombinasjonen har altso gitt som forventa det er kjempekjekt for meg det. 

 
06.11.07
Det gjekk veldi bra med oss i dag på søksmoment trening til naseprøve øvinga ;-) målet er å lære ho at dette har kommandoen "din" det betyr ikkje å apportere det første og beste, men den pinnen som har( min lukt). Eg har hatt god erfaring med metoden der eg gøymer pinnen i graset, eller legger gras over pinnen, slik at det ikkje blir synspåverknad, nasa skal finne pinnen. Denne øvinga kjørar eg ei god stund til søksmomentet sitter perfekt, også kommandoen "din" ( i denne fasen brukar eg kun ein pinne) i dag tok vi momentet 3 gongar, og alle med suksess.

Det er litt plundrete å bruke band når eg trenar, men av sikkerheitsgrunnar, og av omsyn til Artemis gjer eg det. Derimot kan ho sitt, og eg stolar på at ho sitt til eg har gjømt pinnen ein 2-3 meter framfor oss. Så får ho søke seg fram til pinnen, ikkje noko problem for Artemis det, ho plukkar den opp, og bytar den bort i godbit utan problem og ho laga ikkje så mykje som eit mikrobitt i pinnen eingong.

I tilegg trena vi litt lineføring i dag, ikkje mykje her var de to vinklar og ca 5 meter, det held lenge det.

 
05.11.07
Har i dag trena lineføring i hagen med Artemis, eg tør ikkje sleppe henne ennå, er redd ho tar det heilt ut.. Så det blir derfor lineføring, med det går no på eit ut. I tilegg har vi trena sitt og bli  (eller berre sitt som eg brukar) eg brukar ikkje så mykje bli, vil at ho skal sitte utan tilegskommandoar.

Dekken har vi ikkje prøvt på ennå, vi er i tenkemodus korleis eg skal lære henne den, men det skal vi nokk finne ut av.

Har sette meg det mål at eg skal lære henne naseprøve øvinga. Og pinnar er oppleita, og i morgon skal vi starte, vi skal starte med søks omentet, skal vertfall prøve den metoden som eg har brukt før, og så får eg sjå om ho tar det. Vi må bruke line eg vil ikkje/ tar ikkje noko risk på at ho skal starte eit res, og bli skada igjen. Vi skulle ikkje prioritere lp, men det kan no være kjekt å kunne nokre av øvingane der i tilfelle vi finn ut at vi vil trene lp også. Her er det berre å være kreativ slik at Artemis får litt mental stimulus, det er som kjent nyttig både for folk og fe.

 
04.11.07
Artemis i hagen vår, ho er ikkje fotogen ennå, likar ikkje kamera, men har ho eit kvart i munnen gløymer ho seg og det blir nokk tid til å  få knipse eit bilde.
02.11.07
Treninga er i gang :-) vi har gått vor første firkant fri ved fot på kjøkkenet i dag, det er lenge sida sist, men Artemis må ha god hukommelse for ho viste akkurat korleis ho skulle gå og sitte ved holt...

Elles så er ho rolig og tolmodig, søv seg igjennom dagane, ho står vell å merke opp lit tidleg  synast eg.. halv sju vil ho opp, eg kunne tenke meg at ho sov til kl var sju, men... kanskje det rettar seg no når vi blir litt meir aktive, og ho blir vand til at klokka er stilt, reknar med at det har litt å sei.

Hadde tenkt å klippe henne i dag, men har utsett planane vil vente ei tid til, kanskje ei 3-4 veker og så skal eg tenke på det.   Skal klippe Arwen i staden, ho treng ein klipp ho også, det er merkeleg dette med pelsen, den veks seg lang berre der den skal være kort, (krage rundt halsen) den kjem så vist fort fram, resten av pelsen let vente på seg ;-)

Dekken som vi la på is, er også noko som eg skal tenke på å lære inn, men eg har det ikkje heilt klart korleis eg skal lære ho den,( kva metode eg skal satse på) skal prøve meg fram litt etter litt så ser eg det ann. Bli skal eg også trene, men ikkje så mykje at eg for problem med å få henne til å tilby nye ting.

Treninga vil kunn bli små drypp no i startfase halvtminuttar trening held lenge, det sitter ofte mykje betre med små kvaltestøkter enn mengde trening.

 
01.11.07
Burdøra til Artemis er no mykje open og ho går meir fritt, det skal ho få lov til, vell å merke på kjøkkenet. Artemis blir meir å meir lik Arwen, eg tippar dei blir akkurat like store også :-) det er ein perfekt størrelse, vell å merke i skinn i sinn vil eg tru Artemis er litt meir ro i, det opplevast vertifall slik, ho er ei flott type.
Det vi skal gjere i nærmaste framtid er å klippe pels, den er lang .. Og så skal vi ta bilde, mange bilde av Artemis, ho er ei pen lita flatfrøken som no skal forevigast masse. Sjå fram til at finevert kjem tilbake då skal eg få ta bilde, eg tar som kjent ikkje bilde inn utan at eg er heilt nøydd, kan ikkje for det men eg mislikar sterkt å ta bilde inne.

Fotoveret lett vente på seg, eg følgjar med på timevarselet til yr.no, men nei det ser mørkt ut, berre regn så lang eg kan sjå på varselet.

Eit mimre bilde, her er Artemis 9 veker, og bærer stolt på bamsen, denne bamsen brukte alle kvalpane å apporter kvar sin gang, og husker eg ikkje galt så gjor alle det med stor iver.