28.04.2009
Flatcoat-Arwen's Artemis er ein tispekvalp frå AR- kullet, og ho er min. Her kan du lese om Artemis frå ho var fødd, til ho stiller på sin første jaktprøve...  etter det blir det felles treningsbok i lag med Arwen.
Denne boka er eigentlig opphørt, men alle reglar kan endrast synsast eg :-)Vi skulle stoppe dagbok til Artemis når ho hadde starta på jaktprøve, men... ny regel er at vi stopper når ho har gjennomført ei prøve med premie.
28.04.09
Jakttrening i kveld:) enkelt å greitt vi merker godt når det er pause i treninga, i dag var det mykje manglar på min føring, og det kom av heithund, som regelrett var for rask for meg :) Artemis for rask for meg. ja ja.. det er bra, alt tempo er bra, føring og lydighet kjem det og. Ho tok land momenta bra, gjor som ho skulle, men vi mangla litt på stilen som nemnt.

Opplegget var slik at vi la ut ein utsending, og så fekk vi ein markering. Vi skulle hente ut -dummyen først så snu for å ta markeringen, dette tok Artemis bra, det som drog ned var uro rundt foten, og det er FY ting eg ikkje liker, men det er jo eg sjølv som fører, og må jobbe med det, her er det eg og ikkje hund.

Vi hadde også ei økt på vatnet, her var det mykje rot med oss, også min eigen feil, men men. Atemis er ulydig og høyre ikkje etter på vanten i det heile, men symjar dit ho vil, utan verken å snu eller komme heim, er meir eller mindre ute av hand, ho skal finne, og blir det vanskelig så kan ho leite lenge ho på vannet og i strandsona. ja ja kva gjer vi med det, terp på lydiheit på land overført til vann, er svaret, men det er ikkje så enkelt å symje etter ein hund:)

Kun ein ting å gjere trene meir ved vatn, her må det trening til, men har ein ikkje hund for at ein liker å trene:) jauda berre moro å trene, og vi legg oss på vatnet no er symje sesongen starta, og det er bra!!

 
22.04.09
Dette var bra, synast Artemis som endelig fekk mor for seg sjølv ei lita stund på jakttrening i går kveld:) Artemis har som eg har nemnt vore særdeles aktiv og funnet på masse sprell for å få litt ekstra "TID" ho trur sikkert at ho er gått i gløymeboka og strevar alt ho kan for at vi skal huske på ho, normal hund.

Artemis fekk testa ut tolmodet i går:) vi var plassert på ein haug, og vi var fem stykkar som trena markering i ein ring, Artemis var fri kopla under heile treninga, ho fekk kast til sist, og det var for vanskelig for henne alt for langt med to terreng skifte, og blei derfor kalla heim med litt om eller men... heim utan noko til ho mor er ikkje så gøy, men heim kom ho tilslutt. Ny runde utan at ting skjer, Artemis sit framleis i passivitet medan dei andre jobbar og hentar nye apporteringar, og ho er still!! På ny gjentar det seg, som sist avstand og terrengskifte blir for vanskelig for henne, og ho må på ny heim utan at ho får funn:( er våken og følgjar med utan ein lyd:) flott.

Endeleg får ho ein dummy som ho tar, den bringar ho raskt heim, og farta henna er stor (som på Arwen, ingen sinking) Ho hadde ingen knallforsøk.

Litt pause, og litt anna opplegg, her blei avstanden også stor på markeringane, men det var ikkje terrengskifte på same viset.  Artemis tok alle dummyane ho fekk og med stor fart, det einaste er at ho kan være for spontan, eller ho plukkar i fart, og det kan føre til litt slurvete grep, dette veit eg ikkje om det er noko problem eller ei. Arwen hadde ei periode rundt to års alderen også, fleire meinte ho var for spontan, eller ho går på med dødsforakt på grunn av stort tempo. No har Arwen veldig god kontroll på opptak (som oftast)

Artrmis har vore utan trening ei stund, og var høgt oppe, og likevel var ho rolig i passivitet, ingen knallforsøk, sjølv om ho måtte sitte lenge..... og vente:) eg er kjempe nøgd med alt det positive. Så legg vi stein på stein, og Artemis blir berre betre med alderen, som alle andre hundar som treng litt tid på å komme i gang.

 
21.04.09
Vi hadde ein liten snarvisitt av Birk også på søndag, flott staseleg kar, eg hadde ikkje tid eller anledning til å ta nye bilde av han, men eg ser han i minnet som ein skikkeleg flott hannhund. Vekta hans er 29 kg, og han er kjempe godt bygget den guten. Anna og Marianne kjempe nøgd med han som hund, og han er i tilegg ein god brukshund som jobbar og trenar for å bli redningshund, han har veldig gode talentar for jobben.

Vi fekk også litt melding frå Finland, Bruno, han trenar agility og er også kjempeflink, lett og smidig som ein brukshund bør være:) så dette er moro hundane fungerar flott på lag med eigarane sine.

 
20.04.09
Ville Artemis he vakna for fult, Arwen er eit lam i forhold, kva er det som går av Artemis ho he blidt heilt tulla!! Bjeffar, masar, hoppar og sprett :) ho gjer alt på ein gong som ho aldri før har gjort, rart korleis ho strevar for å oppnå meir Oppmerksomhet :) Dette er litt på grensa av kva eg hadde forventa av henne, som i utgangspunktet er så rolig, men dette at eg snakker så mykje med kvalpane, og lagar så mange lydar som ho kjenner, og eg ikkje ser henne i det heile, ho blir frustrert og det kjem ut i form av ei mengde unotar å bråk. To blås i fløyta og så mat til kvalpane, og ho ingen ting :) eg tar det ikkje så tungt, men andre må no tru at ho er gal:) og det er ho no ikkje, ho er berre frustrert :)

Eg har gått tur både med henne og Arwen nesten kvar dag, i tilegg har Artemis fått tur med Hans, så det står ingen ting på henne, det ho ikkje har fått er trening, vi tar ei lita pause i treninga av og til. Eg har ikkje hat motivasjon, eller treningsplanar, og då går det ikkje å trene, all trening må være målretta vist ikkje blir det berre tull.

Vi har planlagd å ta oss ein tur på fellestrening i morgon, eg har skaffa kvalpevakt, og reknar med å komme meg i veg.

Kjersti har skaffa nytt treningsblod til meg. Tusen takk Kjersti !! og det kom ho med i kveld så no blir det meir intensivt blodsportrening på Artemis vi skal trene slik vi kan få oss litt sporpremie også, det er kjekt å ha.

 
12.04.09
Årets første bad i is vatn:) uff kva finne vi på, ja vi skal ha gode og uredde utgangar på vatn/hav over alt, derfor må vi trene... dei galne he det godt, men kva gjer vi ikkje for å lukkast på jaktprøve?? ALT. Artemis er solid litt kraftig, og sterk:) talent til tusen, har fart og det vi treng. Ein slik hund skal vise seg fram frå sin beste side ikkje nest beste, og det handlar om å perfeksjonere detaljer, og i dag var det utgang i isvatn.

Ho har også fått ein lett klipp i dag som blei litt på grensa til skamklipt :(her og der, men men... det vokse vell utigjen håper eg på.

 
Her hjelper Artemis til med å ete opp restar etter kvalpane!! Foto, Anne Lene Thunem
 
06.04.09
Så blei det eit spor på Artemis i dag også.. Vi gjor som i går vi la det på innmark, og Artemis planta nasa i bakken, og spora i veg, i dag var det strøtt godbitar rundt skanken, og ho fekk klapp og ros medan ho åt opp godbitane, føler det var riktig belønning i dag. Ro er viktig i sporinnlæring (synast eg), drivkrafta i sporgåinga skal likevel være intens, og intensiteten i sporet kjem og er ofte viktigare enn slutten for ein del hundar, det å få utrede spor er moro synsast Artemis. Eg ser at ho er eit svert godt sporemne, så vi skal trene oss opp til å gå nokre prøve i årets -sesong:) poeng og atter enkle poeng.... er drivkrafta + at Artemis likar det :)
 
05.04.09
Tja.. litt aktivitet har det vore på Artemis i dag, tur på formiddagen, og då sprang ho seg på elva, og fekk seg eit overraskandes bad:)

Etter middag fekk vi treent oss eit par enkel blodspor, dette var vårens første spor, eg la som kjent sportrening på hylla i fjor med Artemis, kvifor det veit eg eigentlig ikkje.. Dette kan derfor sjåast på som nyinnlæring. Mine metodar for innlæring av spor går på spontanmetoden det sver eg for, og eg påstår at vi får meir spornøgne hundar med den innlæringsmetoden... Dette er det så klart delte meiningar om:)

To enkle spor, men eg hadde ein bøyvinkel på eit, og ein rett vinkel på eit, tempoet var rolig:), men Artemis tok poenget og gjekk spor med nasa planta i pakken, det er ei spor adferd som eg ønske, og heng ofte samen med innlæringsmetoden. den tørre skanken i enden var no ikkje så kjekk, men det har ingen ting å sei, eg kunne likegodt ha hatt ein ball i enden, eller ei matskål med noko godt. Alternativ to er å leike ho opp på skanken slik ho blir hekta. Uansett så er det sporgangen og at slutten blir funnen som betyr noko ikkje at ho må like skanken, men eg vil likevel skru litt her:) og ha to ting i enden skank, ball eller mat.

 
04.04.09
All lydighets trening er bra, uansett kva vi brukar det til.. I dag var det vår med oss, og eg la ikkje ut på tur i dag heller:( lit lat, og trøtt på grunn av lite søvn, men skit det toler eg godt. Artemis har derfor fått lydighetstrening på plenen, det er vår med oss og det betyr tørrplen, og kjekt å trene fri ved fot osv...

Både Artemis og Arwen fekk ein repetisjon på øvinga naseprøve, "vår favoritt" denne øving er lenge sida vi har prøvt oss på, men jentene kunne "din" dei. Imponerandes av begge to, grundig søk utan å lufte på ukjent pinne :) å eg er stolt av dei, dei kan klare alt ved god og riktig trening.

 
03.04.09
Lett trening på Artemis, og siden vi trena berre eg og ho, så blei det trening av viktige ting som signal, og ikkje minst lydighet, sitt og bli, gå på fot, jaktrening har så mange moment. På ei prøve må alle moment sitte spikra, unødig adferd vil eg ikkje ha, så eg må rett å slett lære Artemis korleis eg vil ha det, og eg ser aldri igjennom fingrane når det gjeld slurv.

Perfeksjonering av ting er vegen å gå, Artemis er meir utmeld enn det Arwen er, men til gjengjeld så er ho lettare å føre på grunn av mindre intensitet, no er det lettførlige hundar eg vil ha, med god motor. Det er ikkje så mykje å utsetje på tempoet til Artemis det er bra, men ikkje så intens som Arwen, derfor lettare å føre.

Eg er spent på korleis det vil gå når vi kjem oss på prøve igjen, eg gler meg, og reknar med at no kjem våren så få vi starte med litt vanttrening også. Vatn er noko som faktisk treng generalisering, dette på grunn av at det kan ta litt tid før hund kan alle utgangar på vatn, dette varierar frå prøveplass, og treningsplass, altso.. her kan ein overraskandes 0 komme sjølv med ein stor symjar:) prøve er prøve:)

Hadde skaffa meg kvalpevakt til søndagens fellestrening også, og så var den avlyst... fy så dumt.. ja ja, eg er no ein resar på eigentrening så den biten er grei..  eg skal ta med meg ein fjell tur i staden.

 
02.04.09
Artemis er rolig og ingen "slitsam flat", ho er den perfekte flat:) synast eg... sjølv om det blir lite på henne no, ho får litt tur, men ho har ikkje fått noko trening på ein stund, men alle har godt av treningsfri:) det er ei trøst, ho finn seg til rette med lite og ingenting:) ho skal nokk ta det igjen, vi har våre mål for sesongen vi då. ( hemelige mål) ..

Det er herlig med kvalpar synast ho vertifall, ho kunna gjerne ha tenkt seg å flytta inn der, men det får ho ikkje, ho har nemlig fått mjølk i pattane, så eg vil ikkje at ho skal finne det for godt å starte med kvalpestellet ho også... skal no på utstilling så noko hengepuppar kan ho ikkje ha:)

Artemis fekk kloklipp her ein dag, dette er noko ho av ein ellar anna grunn ikkje er så glad i "plutseleg",  det heng litt samen med at eg slurvar litt og ventar for lenge med klippe. Her er det eg som har slurva, men dette eg viktig og ein kan ikkje sjå igjennom fingrane her..

 
Artemis har det som plommen i egget, og lever eit herlig hundeliv, eg liker så godt dette bilde at eg plasser det her:)
21.03.09
Stakkars Artemis :) ho e nr to no i ei periode.. Vi hadde oss ein lang tur i dag, og Artemis var full av fart og kjempeglad for å få fare på tur med meg:) innbilsk eg, men slik merkar ein fort når ein kjennar sine hundar. Ho har kunn fått små turar med andre i familien siste dagen dette for at eg har vore så oppslukt i ja- kvalpane våre.

Når det er nemnt så er Artemis eit lite unikum, ho finn seg til rette med lite og ingen ting ho, sjølv så bortskjemt som ho kan virke (min dullemåte med henne).. ikkje ein lyd ho ligg på gangen og ventar tolmodig på at eg skal dukke opp igjen frå kvalperommet, kan ligge slik i timevis utan ein lyd. Ho har ikkje fått helse på Arwen sine kvalpar ennå, men ho skal snart få det, vil ikkje stresse noko av dei opp med meir enn nødvendig oppvisning for tideleg. Ho er no ikkje døv så ho har nokk skjønt at det er noko spenanes der inne som til å med lagar litt lyd av og til:)

Artemis har også fått litt treningsfri, dette er berre bra for henne, litt kvile i trening er berre bra, og det kan også være motivasjons hevandes.. Vi har planar for å få med oss mange jaktprøver i år så vi kan ikkje ligge på latsida heller. Sportreninga vår skal også snart starte, dette er ein aktivitet som vi bruke litt tid på innimellom, og ein fin aktivitet i bandtvang sesongen.

 
15.03.09
I dag har eg og Artemis kosa oss med ballkastaren:) eg kastar og ho hentar moro for begge to... Prøver å få ho ballgal:) det har vi nesten lykkast med, og det skal vi bruke til å trene stopp på fløyte, stopp på fløyte er eit jaktmoment som skal sitte før eller sia, (sjå hit) er det eg legg vekt på. Neste moment vert at eg kan be ho sitte vist eg ønskje det, kjekt å kunne, men eg vil ikkje ha sit på fløyte berre sjå hit, og ein sit kommando vil eg evt. gi ved behov.

Etter dette kjem det fleire signaler, det kan være sit, kom heim, høgre, venstre, lenger ut, og søk der.. Alt dette skal før eller seinare også koplast på stopp, vi har altso mange ting vi skal lære, og kombinere i stoppsignalet, dette har ingen hast, og alle moment blir treent eit og eit, og ein vakker dag kan eg bruke fleire i lag, moro med jakttrening berre så dokke veit det:)

 
I går hadde vi tur i lag med Anne Lene, og ho hadde også med kamera, tok fine bilde av meg og Artemis når vi var oppe på heiane, dit opp er standar turen vår og litt restar av snøen er der, men den reiser fort:)
Eg og Artemis på tur, foto, Anne Lene
 
11.03.09
Ei økt med jakttrening i dag... i dag hadde vi også makkerhund i trening, vi hadde fotograf, og vi hadde stolsekkar, miniatyrhund i band, altso litt miljøelement i treningsområdet, og sist men ikkje minst ny plass:) Alt dette er bra og må til. ( eg er så heldig og eig verdens beste hund Artemis)... alt er berre moro!!

Henriette og Emma trena i lag med oss i dag, ein golden med litt fart i, og som makkerhund kjempegrei.

Vi trena punkt, markering og felt + litt moro til slutt springe etter tennisball:) punkt eller retningssending synast eg er eit veldig viktig moment, og eg blandar det ofte inn i markeringstreninga, dette for å skape sikker hund, den retning skal eg gå det seier mor, altso spring ikkje etter markering fordi det er enklast og kjekkast, men gjer som mor seier, her er Artemis flink veldig flink.... og eg er stolt av klompen min.

Men når vi likevel har kastar, så blir det også ein del markeringstrening, og sia eg bygger opp Artemis til å holde lenger, så ser eg på grensa no er det nokk. I dag fekk ho ganske mange markeringar, og ho hadde bra fart heile tida.

Feltet var spesielt 12 dummy og 2 hundar, det var ikkje så spesielt, men området det låg i var noko heilt anna enn det vi har vore borti før. Lang å smal haug, men tre, gras, steinar og ei elv bak. Begge hundane henta inn 6 stykkar. Artemis dekker veldig godt, og i felt er ho effektiv i jobben i dag hadde ho ikkje stopp for å sjå etter meg, men jobba til funn ved kvar utsending, og ho gjekk ut når den andre var på veg inn, i tilegg måtte/skulle dei passere sekkar, vesker, fotograf og ein mini hund, dette er miljøtrening i tilegg til jobben. Ho lodt seg aldeles ikkje påverke..

Artemis jobbar intens når ho skal, og når ho er i passivitet:) rolig......... til tusen, slike flatter vil eg ha, hi hi.. Her er eit bilde Catrine tok av Artemis i passivitet, sjå denne nydelige roen som ho har, Her er link til fleire bilde Catrine tok under treninga i dag, både i passivitet, og i aktivitet..

http://www.minipommen.com/artemisogemma.html

 
Foto; Catrine Frøland
Eg og Artemis under markeringstreninga, eg gir signal til kastar om å kaste, derfor handa til vers:)
 
10.03.09
Kun tur i dag, og den var på 2 timar i bratt og flott skogs terreng, herleg tur. På tur er Artemis verden flinkaste og roligaste hund eg nokon gong har eigt:) ho er der berre, styre med sit lufta på hovudet innimellom for å følgje med min posisjon.. Har alt dette komet av seg sjølv? eller heng det samen med målretta forming frå ho blei åleine her, og dei andre kvalpane reiste kvar til sit?

Artemis har treningsfri dagar, det vil sei, ikkje jobbe for jobben sin del, "tørke" dette skaper kanskje meir motivasjon når ho endelig får jobbe, for jobben er moro for henne og skal være det kjekkast ho veit..

Ikkje nokk med at ho er rolig å enkel å handtere, ho er også veldig lydhør på det ho har lært, ho må faktisk gå bak når vi kryssar uoversiktlige plassar, det har ho ingen problem med. Eg brukar aldri fløya på tur, det er kun små signal vist eg vil kalle inn, og eg kallar aldri nesten aldri inn, men gir enkle kommandoar som bak.

Og i dag fekk eg oppleve henne som bortimot heilt normal flat, ho fekk nemlig søsa på slutten av turen, og kva er søsa, det er å springe tulling rund og rundt, og sjå heilt gal ut, å det var godt å sjå eg kosa meg når denne adferden dukka opp.

 
07.03.09
Uthaldenheit er det noko moment.. Javist, lære hunden å holde på konsentrasjonen over fleire timar. På ei jaktprøve eller ei dobbeljaktprøve som er det same som to prøve, (ein ny prøve neste dag.... )Mange hundar går tomme ved slike høve, eller dei eig ikkje evne til å kople så mykje av at konsentrasjonen helt to prøve ( to dagar på rad).

I dag hadde vi ei lang traust trening, og Artemis var mentalt sliten og ho var langt ifrå så god markør som ho eigentlig er :) Dette med å bygge opp hund til å holde konsentrasjonen over lenger tid må til, og Artemis er slik skapt at ho vil klare det fint med tida, ho er nemlig avslappa både når ho ventar i aktiv og passiv, passivitet. Derimot er ho våken og eg trur ho konsentrer seg likevel og det tapper på det psykiske og ein blir sliten.

Sjølve jobbane utførar Artemis bra, ho bommar litt på markeringane i dag.. kvifor, eg trur ho var sliten i hovudet, men.. ingen kan være perfekt alltid.

"Felt" Derimot søker ho bra, om tempoet ikkje er av det raskaste så bringer ho dummy inn og det er no det det handlar om, i tilegg går ho djupt og dekker bra, og går sjeldan igjen der ho har vore før, dette er genetisk er min påstand ( ikkje bære innlærd -erfaring) Litt små feil på føringa hadde eg, og det er slikt som aldri skal oppstå på prøve td. Ikkje kjekt når  premiane ryk på grun av slurvete føring, korleis vi føre hund, er moment som må leggast til grunn i all hundetrening.

Vi har treent jaktmoment mange dagar på rad, om klompen min var lit sliten mentalt i dag er ikkje det rart, men eg er inne i ei fase om å bygge opp uthaldeheit, eller dette med å blir treningsvant, då tåler hovudet meir etter som brikkene dett på plass :)

Fellestreningar er gull verdt, vil ein opp og fram...

 
06.03.09
Lang tur, i brattlent terreng det gjer godt for styrke og kondis.. Vi trena også ein del markering i vanskelig terreng, og vi brukte kråka i strømpe( kvifor i strømpe lura det på) Det er fordi at kråka skal holde litt lenger, og det ikkje skal stimulere til ander ting som å bære etter vingar stoppe opp å slikke på kråka osv.. Momentet i dag var vanskelige markeringa og lange, 70-80 meter, eg gjekk sjølv for å kaste, om kråka var i strømpe så har vi viltlukt, og vi har vilt konsistent, også viktig moment. Når ein trenar uerfaren hund, så er dette lurt, vi skal alltid bruke god kvalitet på vilt i nyinnlæring, og strømpa beskyttar viltet.

Artemis apporterte også fint utan strømpe :)

 
05.03.09
LP, i går va vi å trena lydighet.... Det var nytt for henne å trene dette, ho hadde ikkje det heilt store innsatsen fordi dette var uvant setting. Eg er derfor i tenkeboksen korleis eg evt. skal angripe dette, gå lp med noko som berre ruslar er ikkje aktuelt for meg, så her må eg nokk fram med ein kraftigare leik for å auke stresset på henne, eller legge LP trening på hylla. ( tenker)

Artemis er den perfekte jakthund og familiehund, rolig og behaglig hund. Dette med riktige jakteigenskapar, trur eg ho må ha... avslått alltid, stressar seg ikkje opp :) I dag har vi treent med kråke igjen + vi har treent med "ballkastar" eller stopp og sjå på meg ved eit blås i fløyta.

Retningsending er ho knallgod på, og er så avkopla men har likevel god fart, gode avlevringar, perfekt..

Kråka var både med strømpe og utan strømpe, spontan på begge deler, strømpa brukar eg for å få gode grep, og det gjor nytta si i dag også.

Artemis med eit godt grep om kråka, der kråka har strømpe på :)
 
04.03.09
Vilt eller kråke, var momentet vi skulle jobbe med i dag. Eg fann kunn ei ny strømpebukse å klippe av, men kva gjer no det når det gjelder trening av Artemis... Eg putta kråka i strømpe dette for at eg vil ha spontane gode grep frå dag ein, vi har tidlegar treent med måse både på vann og land, og vi hadde bering etter vingen. Det er ikkje ønskelig og eg har bestemt meg for å bruke strømpe på alt vilt i ei periode.

I dag hadde vi stor spontanitet, raske oppplukk og stor fart heim, og ho hadde kråka i munnen til ho avleverte. Vi apporterte kråka 3 eller 4 gangar så meinte eg det var nokk, vi tar igjen momentet i morgon.

Etter på var det lang trimtur på meg og Artemis, 8 varmegrader og knallvær.....

 
03.03.09
Tur, og atter tur på oss i dag :) Artemis spring fritt opp og ned i brattlendterreng dette for styrke og kondis, og i dag var det derfor ikkje trening av noko moment som tilhøyre verken det eine eller det andre. Eg brukar heller ikkje fløyta når eg går kun tur, må eg kalle henne inn så plystra eg eller eg roper namn. Fløyta er eit jobbverkty her i huset, og mine hundar skal komme likefort på alle signal.

Eg kallar ikkje så mykje inn heller når vi er på tur, Artemis sin oppgåve er å holde styr på kvar eg er, og då er innkalling eit unødig tiltak. Derimot kallar eg inn henne der vi kryssar turråser som eg veit det kan dukke opp folk på tur, ho får då kommandoen "bak", og går bak til ho får signalet "fri", dette fungerar flott, kort å godt etablert gode manerar.

 
02.03.09
Klompen min har fått både i pose og sekk i dag. Vi starta dagen på føremiddag med felt trening( eg bestemmer på forhand kva og kor mykje eg skal trene) i dag altso berre felt, og eit felt. 6 dummya brukte eg og alle kom inn, Artemis sat på bli i dag når eg la ut, ho har ved dei fleste anledningar følgt meg rundt i feltet, men i dag måtte ho sitte, og ho sat.

Sjølve feltarbeidet løyser ho bra, og tempoet var også bra. Det mest positive med Artemis er at ho dekker godt, og går lite igjen der ho har vore før, dette er ein god eigenskap å ha som ballast. Innkomst å prosedyrane rundt fot er bra, vi jobbar aktivt med korleis vi vil ha ting, og det sitter bra no, alltid avlevering i front, for så gå rundt og innta utgangsposisjon.

Etter dette var det lang tur berre å trene kondisjon både på meg og Artemis :) god form er eit must...

No er eg kommet på  om at alle hundar eg tidlegare har hatt har minst gått klasse 2 i lp, ein glup ide er at Artemis kan  ikkje være noko ringare, sååå no er vi i gang også med lp øvingar, og dekk å bli er ei øving ho ikkje kan, men eg skal lære ho den no !! :) basta bom.  Kanskje vi kan klare oss nokre premiar der også, Artemis er både lærevillig og klok liten frøken..

Vi var på hundetrening i går kveld, og vi trena litt.. Lineføring sitt og bli, dekk og bli, var øvingar vi var innom. Det som er bra med å gå på hundetrening er at hunden lære seg å ha fokus og kontakt også når det er andre hundar tilstede, hopper vi over dette med å trene nært på andre hundar, så er blir det vanskeligare å få kontakt med hundar når det er andre hundar tilstede.

(hundetrening er altso ikkje leik med andre hundar) det er ennå nokre som trur det, men det handlar mest om å ha kontakt med sin hund, og at hunden lære å slappe av med andre hundar rundt, utan å gå i spinn. Dette har eg skrevet og nemnt mange gangar, men eg oppdagar stadig at her kjem nye lesarar også av Artemis sin treningsbok, derfor nemner eg det. ( positivt med mange lesarar :)) eg har sosiale hundar som elska andre hundar, men eg har også hundar som rettar fokuset mot meg i treningssamanheng, og dette kjem ikkje av seg sjølv, uansett kva type hund og rase ein har, det handlar om korleis ein miljøtrenar, sosialiserar og formar sin hund.

Det var også temakvelp på klubben i går, og klubben hadde ei røynd dame med mange år som hundførar i NRH, til å halde eit foredrag om sosialisering.

 
 
01.03.09
Eg og Artemis har vore heime på sandsøya, og kosa oss.... Vi skulle både trene og vi skulle ta bilde lite av begge deler bilde på grunn av været, og trening på grunn av at eg legg lista litt høgt med Artemis ( her er det ikkje mengde men kvalitet) så får ho litt meir tur enn trening.

Derimot har vi trena litt, og Artemis har god konsentrasjon, og utføre alle oppgåver sikkert og trygt. Retningssending i blanda med doblemarkeringar, det er vanskelig, men Artemis er så konsentrert at ho gjer alt i den rekkefølgje ho skal :)

Rolig til tusen til daglig finst idet ikkje uro i henne, og ho er veldig behagelig å ha med på tur, slår seg tilrette og slappar godt av.

Eg er så begeistra for henna væremåte, om ho har eit lavar- gir enn Arwen i jobb, så er ho til gjengjeld meir konsentrert, så farta tar ho igjen på at ho er fokusert og slappar av, ho går derfor ikkje i spinn, og feilar på grunn av manglande konsentrasjon, husker derfor svert godt. ( og dette med still hund er no eit must)

 
Klompen Artemis på vinterferie !!!
24.02.09
Ei kort å planmessig økt med trening blei det på Artemis, retningssending, og momentet lenger ut frå sit. Artemis bommer aldri ho, eller eg kan trykt skryte litt av ho innimellom. Retningsending, eller rett ut, eg brukte ein Y som utgangspunkt. Ikkje terp, men to dummy på kvart punkt x 2, då snydd Y på hovudet, og rette aksen gjekk over ei grøft. To gangar rett ut frå front mot meg, lenger ut går som ein drøm( merk eg blander ikkje inn stopp) den skal eg ikkje bruke i det heile, her handlar det kunn om å gå rett ut, stopp trenar vi kun på tur, og blandar det ikkje inn i treninga ennå. det kjem nokk før eller seinare, men ikkje ennå.
 
23.02.09
Artemis og eg var i skogen både på tur, og vi trena i dag. Litt mindre fart på henne i dag (kanskje ho innbiller seg at ho skal ha kvalpar ho også). Det vi trena i dag var retningssending, eit lite felt + at vi trena stopp når vi gjekk tur.

Retningssendinga med henne gjekk bra, eg er flinkare å variere med henne og brukar fleire retningar og kortera avstandar enn eg brukar på Arwen (Arwen er ei maskin). Artemis går i den retninga som eg peikar, så Artemis har god forståelse for momentet.

Felte løyste ho bra, jobbar effektivt, om ho i dag ikkje hadde det største tempoet eg har sett, så er søket grundig å vell anlagt, søker etappevis til ho har dekt området, blir ikkje hengandes der ho sist hadde funn, eg er derfor rimelig nøgd med søksmønsteret hennar.

 
22.02.09
Klompen min Artemis, er rolig å snill, den roligaste hunden som har vore her i huset :-) Likevel er ho klar til å være med på det meste. Tur kvar dag + litt trening, i går trena vi fri ved/ fot på terrassen, der er det kantar, mur osv. det er gode hjelpemidel tenker vi plassering, og dette med bakpartskontroll ved rygging.

I dag har vi vore på fellestrening, og treent apportering, momenta vi trena var markering, det høyre også med fleire momentet som, passivitet, sjå anna hund jobbe, konsentrer seg litt lenger av gangen. Artemis er bra, ho har ingen feil her, er heilt still, ingen lyd, heilt ubrørt av anna hund. Sjølve jobben med markering er ho bra på, ingen miss, ingen unødig springing, spikrar bra.

 
18.02.09
I går var Artemis oppe på bordet og fekk seg ein omgang med saks og kam, klipp må til av og til, og dette med å holde frisyren er veldi viktig også på ein flat. Eg vil vertifall ha velstelt hund bast bom.. Kloklipp måtte ho igjennom også og her er gullet starta med ein uvane at ho vil ikkje klippe klør :-) slikt skjer, men det er ikkje noko anna enn å stå på sitt klørne skal klippast, og vi klippa alle.. Vi klipte ikkje så mykje men litt av alle klørne. Når slike ting oppstår at hundane viser uvilje mot kloklipp så må vi berre stå på vårt, og klippe lite, og oftare igjen, lær på nytt, og vær trygg dette er ikkje farlig, og det gir belønning, kanskje betre godbitar ved neste klipp?

I går gjekk vi tur i fleksiline etter vegen, dette på grunn av at det er ein del snø, og eg vil også ha litt trim, ved å gå fort.....

I dag har vi traska i snøen i skogen tungt og glatt i motbakke, men varm blei eg, og det kom av for mykje kle, det var jo mildt :-) Artemis derimot tok seg ut, og sprang det ho kunne opp og ned, rundt om kring( stor kosa seg) i dag også kom ho innom med eit stort bein i munnen, fattar ikkje kor ho finn dei, men det liknar litt på fårebein, og muliges saudekadaver. Eg veit ikkje, men saken er no grei ho kjem til meg med det, og ho får godbit i bytte, og beinet blir plassert oppe i eit tre, og så ruslar vi vidare.

Det er ikkje så mykje snø opp i skogen, så eg håper mildeveret held til snøen reiser sin veg.

 
16.02.09
Gratulere klompen min med resultata !! du fortenar det verkelig A- hofter og A- alboger.. hipp hurra !!!!!

Vi tok bilde i fjor i juni, for å ha liggandes ved veterinæren, vi var usikre på kva diagnose, ei evt. avlesing ville få, og eg har kvit meg på å sende inn bilda. Derimot har Artemis vist så flotte eigenskapar og er så nøgd med henne fysisk, ho tåle ein trøkk og ei god arbeidsøkt, utan å få problem.

No tok vi å sende inn bilda med forklaring på skade osv.. og det førte fram, ho har A- hofter.

 
15.02.09 
Ikkje mykje trening med oss no når snøen kom igjen i alt for store mengder, ikkje for det vi kan no trene på mangt om det er snø også då. Men... vi går litt tur og gleder oss masse over resultatet som Artemis fekk på hoftene sine, no venter vi spent på albugane, av og til går det fole trekt på dogwebben.

Noko vi gjer i snøen det er å søke etter naseprøve pinner, her må nasa brukast skjikkeleg, det blir derfor eit realt søk etter mi lukt (det er den dei skal skjille ut på dette momentet.) Her har Artemis ein utoldenheit vi skal leite lenge for å finne på noko hund, og ho gir aldri opp, og ho får funn, denne eigenskapen ser eg også i jakttrening, ho gir ikkje opp. Ho har altso evne til å jobben med same oppgåva lenge utan å gi opp, det er ein god eigenskap, som er bra å ha uansett kva vi skal bruke hunden til.

Artemis må( eg skal) trene henne i blodspor også i vår for å starte henne på nokre prøver, vi får då sjå kor flink ho er til å holde på sporet. Vi gjekk nokre folke tråkk når ho var lite, men blodspor har ho ikkje prøvt trur eg. Det blei likssom satt litt på vent både det eine og det andre nå ho slo av hoftekula si, men aldri forseint å forsette der vi slapp.

 
08.02.09 
I går var det fellestrening i lag med retrieverklubben, eg og Artemis tok oss ein tur for å få sosialisert oss litt.. 7 stykkar hadde møtt opp for å trene og det er positivt at så passe mange tar og stiller opp i minus grader for å trene apportering :-) bra sunnmøre. Vi hadde ei god økt, Jurjen var den som ledet treninga og det gjor han på god og fornuftig måte, alle var med uansett nivå.

Fellestrening er tingen for oss, det er eit moment alle hundar må igjennom skal dei klare presset som er på ei prøve. Artemis har ingen problem med andrehundar ho fungerar opptimalt og lar seg ikkje hoppe av pinnen fordi andre jobbar.

Alle hundar er ulike å det er viktig å kjenne sin hund i ein ver situasjon, eg brukte mykje koppel på Artemis (det er ikkje på grunn av eg er redd ho knallar eller øydelegg for annen hund) Grunnen er at eg vil gi minst mulig signal tilbake til henne, og ikkje bygge ho ned med mas, eg vil ha ein perfekt hund i situasjonar når det krevjast, og vil ha ein avslappa hund i passivitet som nødvendigvis ikkje sitt på fot konsentrert i lange tid, det er ho ikkje treningsvand til ennå, vi skal ha ein god dialog utan mas, og rett å slett legge stei på stein :-)

Arbeidsmessig så gjor ho ikkje skam på verken mor eller far sin, ho er evnerik utrysta med riktige retrievereigenskapar ha ha.. i tilegg så er farta henna brukbarstor, ho markerar bra på langeavstandar, jobbar seg inn til markeringa, og held seg i området der markeringa falt til ho har funn, ho jobbar konsentrert, og missar ingen dummy. Innkomst og avlevringsbiten er bra nokk for meg, flink jente klompen min.

 
05.02.09 
I dag blei det ikkje trening på Artemis, og det er eigentlig bra, ho skal ha kunn kvalitets -trening og ikkje mengde trening ennå, men når det er sakt så skal ho trenast opp til å holde, tåle meir trening før ho gir opp og starta med tull, tull musa.. Vi hadde oss ein lang tur i moderat tempo kunn å kosa oss, kamera var med, men det blei ikkje dei heilt store skota i dag.
Artemis ruslar så fint og leitar etter godbitar :) god klompen min.
 
04.02.09 
Artemis og eg har vore i skogen å treent i dag!! Vi hadde ei god økt, men saknar kastar :) Det vi prioriterte i dag, og sida det var bært så blei det felt, og rett utbak feltet, eller sakt med andre ord retningssending.. Artemis var full av fart i dag, og tok oppgåvene på strak arm.

I tilegg til dette så starta vi med stopp trening, og her blandar eg aldri stopp med jobb på ein unghund under opplæring, det veldig viktig for meg.. Det handlar om å programmere inn sjå hit ved eit blås i fløyta, eg vil også under vidare opplæring kunne gi ho eit "sitt" signal med å holde handa opp, dette stressar eg ikkje med, men vil ha bråstopp og sjå på meg, då er eg godt nøgd.

Det er viktig også i jakttrening å tenke moment eller deler av ei øving, og bruke stopp når behovet er der. Stopp kan ikkje brukast før annvisningane på høgre/ venstre rettut bak er på plass då er det tid for å kunne anvende stopp, ikkje før. Eit anna er at vi kan blåse stopp og søk der, men då må søkder signalet også være påplass.

Det aller viktigaste er å gå rett ut i ein retning "langt" eller kort, etter det så er det innkalling, går hunden  feil så er det innkalling som gjelder og ikkje stopp, få heim hund å sendt på nytt. Tenker vi vidaregåande hund i AK-EK så blir det noko anna, då må ting sitte meir spikra, og det er ein stor fordel då at ting er programmert og sitter slik det skal. Skal vi stoppe hund, så må den gå vidare på vår anvisning vist ikkje ??

 
03.02.09 
Eg har vore litt ute av form, men håper det rettar seg no når Artemis går mot slutten av løpetida, planlegg trening dei nærmaste dagane ta kontakt eller møtopp å tren i lag med oss. Har du hannhund så VENT i 10 dagar  ;-)

Vi har innimellom trena på spontant plukk med riktig grep på dummy, dette med å sortere belønning er litt knep, men ikkje alltid likelett på Artemis, ho gir litt fort opp... Eg må derfor tenke mykje kvalitet i treninga av henne.

I dag har eg treent Artemis litt uten koppel, og vi konsentrerte oss om å gå på fot, sitt og bli, og bering av naseprøvepinne også søk etter pinne, men då berre gjømt den oppi eit ruskete blomsterbed. Nasa måtte vertifall på. Det skal ikkje alltid så mykje trening til for å oppnå veldig mykje, det er berre å hive seg ut i treninga å sette seg mål.

 
27.01.09 
Ikkje så mykje matnyttig å skrive her, Artemis får ein langtur i fleksi kvar dag det er det heile. Litt klikktrening har vi hat på dummyen,  eg vil at ho til å tar betre tak på den. Det er det heile ho har fått sida ho starta å løpe. Artemis er så rolig å behaglig ho er vist godt nøgd med lite også ho, ingen stress bombe men avslått. Vi gler oss til å bli ferdig med løpetida slik vi kan starte for fult med trening av markering og vilt.

Det er vilt og markering vi skal prioritere framover, og eg har berre eit ønske no, og det er at snøen held seg borte.

 
18.01.09 
Løpetid, ja ja.. tisper er noko herk når ein vil trene :) no er det ny løpetid på gang på Artemis, eg har hatt mine mistankar nokre dagar, i dag er det ingen tvil lenger.. Det vil sei at ho har to løpetider på den tida Arwen har pause....

Ettersom eg hadde håpa ville ho legge seg på Arwen sin intervall, men nei der tok eg feil, ikkje berre fordelar med tispe nei, også bakdelar (når eg seier bakdelar så meinar eg at eg må trappe ned treninga, gå i koppel osv.. ) Kjøkken teneste på Artemis også no, ikkje i sofa, berre stå bak grinda på kjøkkenet :-(  Elles så blir det på med truse som også er ei løysning då, vi gjer også det av og til, men ikkje alltid.

Vi har likevel trena litt i hagen i dag, og det er lineføring, sitt og bli, og eg er gått over til å bruke klikkar på henne, det fungerar mykje betre enn "bra" kan ikkje skjøne meg på kvifor eg ikkje har gjort det før med henne.

Eg brukte klikkar 100% på Arwen, men eg tenke som så at Artemis skulle være litt tregare, eg trengte ikkje ein rask lydighetshund, Artemis skulle kun brukast til jaktprøver og kos. ja.. ja.. det er lov å innrømme at eg handla feil.

Har du ikkje erfaring med klikkartrening eller bruk av betinga forsterkar som "bra" eller "klikk", også kalla "markør"  og tyder, godbit - belønning er på veg. Eg anbefaler at det er lurt å lese ei bok om klikkartrening før ein startar.

 
Bok om klikkartrening får du her >>>>
 
17.01.09 
Artemis har fått sin dose med trening, og det er momenttrening av det meste, ho er nemlig kjella som treng forandring ikkje noko oppatt og oppatt..

Vi har derfor trena riktig grep på dummy, nødvendig ho tar i handtaket å tulla/ ristar på dummy, Artemis sin måte å vise at no er det kjedelig trening på gang. Vi har også trena på å gå på plass, dette likar ho faktisk og ho skal lære det brukbart til prøvesongen startar. Sitt og bli obligatorisk trening har det vore, bering av naseprøvpinne (pent på fot) har vi trena.

I tilegg har vi trena innkalling med apportkomando, Artemis sitt og blir eg går å legg treapporten mellom oss, og seier apport. Forventa resultat er då at ho skal fyke til bukk plukkeopp, og springe fort til utgangsposisjon. Tja, det gjer ho nesten, men prøver sette seg framom, eg må derfor gi ho litt hjelp til å komme i utgansposisjon.

Artemis treng variasjon og er klar og konsentrert så lenge vi ikkje repeterar for mykje.. Trening handlar også om å lære hund å kjenne, forutsei reaksjon på det og det, klare vi det er det også lettare å trene hund.

 
10.01.09 
Artemis likar seg på tur åleine i lag med meg, og ho er rolig enkel å ha med å gjere, ingen nøtt ho til daglig. No er det slik at eg har store mål, og målsetningar det er der eg av og til kjem til kort, men kven gjer ikkje det.

Sport er sport å då handlar det om å få ut mest mulig ut av det individ du har, og eg siktar høgt og vil ha gode detaljer. Når eg vel å skrive som det var i går så gjer eg det på eit erlig vis, det går nemlig ikkje berre planke, problem kan alle ha i si trening.

Eg siktar opp mot EK, og alle som siktar dit om det er i lp, bruks, retrieverjakt, så veit vi at grunnlaget for resultat legg vi tideleg, vi trenar ikkje berre klasse 1 i lp når vi vil til elite, vi trenar elite allerei før vi startar i kl 1 :-) dette er ikkje nytt, men noko alle som driv med konkurranse veit. Det er her eg er på Artemis også er, utan premie på noko, men vi siktar høgt og mange element skal inn.

Når eg oppdagar at vanskelige ting blir kjedelige for henne, må eg endre taktikk.

No er vi i modus for motivasjon, gal etter dummy, + innetrening av eit betre tak på dummy ++

I dag fekk ho (kun) ei markering med skot, det innebar at eg kasta og skaut, ho løyste oppgåva bra, men var ikkje hyper (posetivt)

I tilegg fekk ho ruseapport-trening, det vil sei bort med sitt og vent osv, det er jaktleik -kast og hent trening, dette er ei form for dummygal -trening, og tender dei aller fleset hundar som innehar litt jaktlyst.

 
09.01.09
I går hadde Artemis lite aktivitet, ikkje tur, berre hagelufting og litt klikkartrening inne.. I dag var eg litt stortenkt at Artermis skulle ha ei økt med jakttrening, eller dirigeringtrening, ja ja, det var ikkje henna dag i dag, dette var dødskjedelig  ho var så lite motivet for å jobbe at eg gav opp :-(

Vi stara med rette ut som sist, i to retningar, ho sprang ned og over alle dummyane  tok så ein dummy og starta å hive på den hit og dit, eg hold så klart maska, og fekk ho inn for avlevering, den neste med same oppførsel. Her var alle gode råd dyre tenke eg, og plukka inn alle dummyane, sett på koppel tok pause (passivitet, eller fysisk forhindra til å gjer så mykje anna).

Etter ei lita pause, tok eg å kasta to dummya i kvar ende på linja, så skulle ho få hente, men men ho sprang to meter fram og fann ein gras tust sette inn beite giret, denne økta var over, og vi rusla tilbake til bilen :-( med ei undrande tanke kva i alle dagar, er det løpetid på gang ?? eller ( eg er ikkje så vant til hundar som vil være rolige på jobb, men Artemis er klompen over alle klompar ein dag full rulle, og neste dag skal alt gå i sakte modus eller ikkje gjere det slag. Ikkje enkelt å trene hund nei !!

Ny dummy er henta inn, vi er klar for innetrening med dummy, her skal alle detaljer sitte, eg vil ikkje ha slurv.

Sykkelen er også heimkomen, og eg har leita opp hjelmen min, og er klar for å skru opp kondis både på meg og klompen.

Plane er å kjøre mykje tøffare fram treninga, kast og gjerne skot, eg må få opp stresse i Artemis, ho er ikkje lettstressa type men tar ting med fatning, altso må eg kjøre hardt ut for å vekke henne til liv.

(NB. husk dette er forskjellig frå individ til individ) og stresstrening må ein vete kva ein gjær, det å ta ting rolig kjem ein langt med, men eg sitt på litt erfaring og kan både skru opp og ned hund.)

 
07.01.09
I dag blei det ikkje trening på Artemis, det blei tur i fleksiline, og i det kan ho ikkje gå, huff, veldig vanskelig for henne til å roe ned ho går som ein torpedo i fleksiline, linaut og den skal være stram uff. Ho matte få lov til å være med når eg leverte inn bilen til oljeskift i dag, og vi gjekk heim igjen i snøkave, eller eg hang bak i ei stram line.

Når vi då kom heim så tenkt eg at det ville passe med kloklipp, det er ei "tid" sida sist, merka eg på klørne hennar, og på viljen til å la seg klippe, men men.. det går ikkje ann å late ho sleppe denne viktige tingen som kloklipp er. Så ho måtte til pers likevel, her er det viktig i denne alderen som Artemis er no "Berre å klipp i veg" det skal ikkje være problem, det er det heller ikkje med oss, men om ho prøvde å sleppe unna det fekk ho ikkje, her må vi ikkje gi oss, men holde på vårt....

Det kan hende at det var endra rutinar som gjor det her i huset, i tilegg var ho kanskje litt opprørt av turen i band. Vi skulle klippe på kjøkkengolvet, vi har tidlegare gjort det på bordet i kjellaren, men eg har det fult med diverse skrot for tida sååå.. eg skulle liksom lure meg til å klippe på kjøkkengolvet ( rutinesvikt altso)

Bloggen vår har vore ute av drift i dag :-) kortvarigglede, nei håper den kjem tilbake snart, og det gjer den det er noko teiknsk gale på one.com har eg fåt melding om :-) Det blei derfor litt tid til å legg ut bildebloggen min, som eg eigentlig skulle ha, men så enda eg opp med to blogger( eg som skal bruke tid på trening av hund og meg sjølv).

Har levert sykkelen min også til ein kompis som er flink med det meste.. også syklar :-) reknar med at den kjem igjen i super stand, slik eg og Artemis får opp kondisen til årets sesong, eg må ned i vekt og kanskje ho også... litt runde om livet er vi begge to.

 
 
06.01.09
Trening dag, dirigeringstrening, fot + diverse.

Artemis og eg, ja, Artemis og eg, vi er på lag og kompisar vi. No er det berre ho som er på trening i lag med meg, og vi kosar oss til di grader. Snø kan være presis å trene i berre vi veit kva ein vil trene.

Vi laga oss ein lang linje, og vi hadde med 6 dummy (det er nokk å holde orden på i snø). Tre i kvar reting, og mellom desse aksane har vi mykje moro, det er gå på fot det er innkalling, det er sit, og lær å sitt til du får ein annen komande :-) ikkje minst gå rett ut, og frå sitt vent mot meg med gå lenger ut bakover, alt dette trena vi i dag. Artemis må ha variasjon i treninga elles så går ho leid, skal ikkje samanlikne henne verken med den eine eller den andre, ho er min og har sin eigen måte å være på også i jobb.

 
05.01.09
Ikkje panikk, her blir det oppdatering sjølv om vi har oppretta ein blogg, blogg er bare for tull og tøys her blir det kunn fakta :-)

Artemis har blidt trena ein del i lag med Arwen, det er positivt, men eg har vore romslig i mine kriteria når det gjeld plassering og korleis ho skal oppføre seg rundt foten, når eg seier det så tyder det at eg ikkje har gjort jobben min bra nokk. Skal Artemis oppnå høge premieringar på prøver så må ho kunne gå pent ved fot sitte pent ved fot, ikkje bryte av og tygge på kjeppar i staden.

(NO HAR ARWEN ENDELIG FÅTT LØPETID 10 MÅNAR SIDA SIST) har ein tispe til å konkurrere med er det toppers med lange intervall på løpetider. Og eg håper ho klare å påverke det i sine avkoms -genar :-)  Så til saken; no tenker eg kunn Artemis og Artemis får lære lydigheit, eller pirketrening, riktig posisjon, stor fart ved forflytting, dekk og sitt, slik ting som er fint å sjå at hundane beherskar også i situasjonar når ting skjer , som skott, kast, annen hund i jobb osv. Dette kjem ikkje av seg sjølv, det må lærast, og eg vil ha ein pen og riktig plassering ved fot.

Det må byggast steg for steg, og Artemis må synast det er moro å jobbe( eg og). Vi har derfor starta.. ved vegg, hund og eg. Vegg ? ja vi brukar veggen som ein vinkel eller rett linje for å få rett plassering, i tilegg bygge vi opp bakpartskontroll ved å rygge langs veggen.

Eg har gode veggar både i kjellargangen, og ute på terrassen. Artemis likar og er på når vi trenar slik, men går vi for fort fram og starta med for lange etappar så dett ho ut, og vi får ein dårlig fot. og eg løyser dette ikkje med autoritet, MEN  ved å gå tilbake belønne meir, og ta mindre etappar i vanskelige settingar.

Klompen som eg kallar gullet har ein persoligheit  eg aldri før har opplevd tidlegare med nokon hund, ho er berre, tja, kva vanskelig å sei. Ungane mine seier at det er fordi ho er fødd her i huset, og aldri har flytta inn med nye reglar .-) ho har ikkje reglar :-) gjer som ho sjølv vil, og det kan være å sitte på fanget når ho finn ut det, eller... ho må opplevast, herlegare hund finnast ikkje....

 
02.01.09
Nytt år nye muligheter for Artemis Gullklompen min. Året 2009 er i gang, og med mykje snø og mindre muligheiter til trening av jaktmoment, men det er mykje anna vi skal og kan trene på.

Vi har innom hus trena på bli øvingar, og vi har trena på frived fot, dette går godt ann å trene inne, posisjon ved fot og kontakt er øvingar som er godt egna til å trene inn, vi brukar klikk, og Artemis er i ferd med å auke raskheita si på alt, så det er nokk berre eg som ikkje har vore flink nokk til å dra fram klikkaren til henne.