<<<

Juni.

26.06.05
Fosen 18.06.05 debuterte Arwen 13 mnd. på jaktprøve, og fekk god utteljing med 1 pr, og 3 vinnar. Foto frå vår vår fyrste jakt prøve, på bilete sitter Arwen og venta på å få gå etter ei markering på vatn, dommar ville sjå om ho satt fast, og det gjor ho. Ho sat til ho fekk klarsignal for å hente måsen på vatnet. Denne prøva var eg godt nøgd med. Og Arwen svarar til forventningane, er god å jobbe med, og har eit fantastisk tempo. Kjempe kjekt å stille på prøve når eg veit at momenta sitter som dei skal.
 
01.06.05
Arwen i leik etter blodspor trening. No har vi ikkje komet så langt at vi er klar til å starte på blodsporprøve, men vi trener likevel litt inni i mellom når vi har tid. Her er bilete frå i går, vi leika ein del med hjortefoten ved sporslutt. I går var det første gongen vi brukte nattgamalt spor også.12 timar låg det før oss gjekk. I tilegg brukte eg ein ordinær sporpinne i sporet (slik som eg nytta til naseprøve) den tok ho spontant opp, gjekk rett på den, og apporterte den før eg hadde sansa at pinnen var innan rekkevidde. No vart eg glad, og ho fekk som eg hadde planlagt godbit for det. Planen min med på bruke pinnar i blodsporet, er at ho er svert glad i godbitar, og eg vil ha ho spor nøyen, det blir ho vist det er ting som kan få utløyst godbit i sporet. Og i tilegg blir ho trena som i bruksspor.. to fluer i ein ... Bilete frå leiken med hjorte foten er på foto sida mi.
 

Mai

29.05.05
Vi nærmar oss prøvestart i jakt. No har Arwen blitt rimeleg trygg på vilt, endå ein seier er i boks.
Bilete frå Jakt trening på Eid, Arwen og Cola, fleire  bilete på fotosida mi.
25.05.05
Arwen er no betre i magen, og har kvikna til litt vi har ikkje trenet noko på nokre dagar, kunn rusla på tur og tatt livet med ro.  Blodspor treninga har vi også lagt på hylla nokre dagar, vi rekk ikkje over alt, og skal vi trene skal vi ikkje stresse, det skal gjærast nøye, og Arwen må være frisk. Vi prioriterar Jakt føre spor, no har eg planar om ei prøve om ikkje så lenge.

Som eg har skreve før blir desse formings bøkene som eg har skrive litt i kvar månad avslutta, det vidare arbeide er i gang med å trene meir på alt. Vi har vore på vår fyrste lp prøve, og skal snart på vår fyrste jaktprøve det både gler vi oss til, og er super spent på kor det går. Momenta er no bra, til å med i vatn, men meir trening gjenstår, det må vi regne med skal vi bli god, må vi trene litt på alt i lang tid framover.

I det daglege er Arwen berre super, ho er heilt av slått heime, ikkje meir steling, ikkje tygging på sko, ikkje noko gale gjer ho, alt dette har ho lært kunn av at vi har rolig tatt i frå ho alt som ho har stelt, bytte med alt frå godbit til leike. Ho som tok alt, brød, brødkniv, ostehøvel, mobil, sko, alt ho fann, hamna i buret ;-) No kan ho være heime å leine i fleire timar utan å røre ein ting, dette er berre ein super snill hund, og ho er glad i kos, det at ho blir klappa og kosa med synast ho er berre herlig..

 
22.05.05
No er det unnagjort utstillinga i Sunnmørshallen. Vår første lp start er unnagjort kl 1 Og poengsummen blei 134 med 0 på fellesdekken. Det vil då sei hadde vi ikkje vore uheldige på den hadde vi hatt ein fyrste pris. ;-) eg er svert godt nøgd, det at ho røyste seg skuldast tilfeldig heit, og kan enkelt forklarast med at ho ikkje har tilstrekeleg lært moment.

Ho var også sjuk i magen om natta, slapp vil ikkje ha godbit ein gong, etter utstilling blei ho sjuk på nytt, og bæsja på seg i bilen to gongar i dag. No lyt ho berre få kvile seg bra at på tom mage.

Ho vart også stilt i eksteriør, Blå. fin farge, og fin hund ;-) eg stiller ho ikkje meir no før til neste år, trur ho treng tid på å utvikle seg, Kritikken var bra, ho blei handla av Catrine, og var meget velvist, i tilegg sa dommaren at ho var i supert hold fin muskelmasse.  God type, utmerket pels og gemytt. Minus runde augo, steil front.

 
20.05.05
No er det også i boks, måse apportering ... ;-) sjå etter bilete på fotosida mi. Dei seier alt, om arbeidsgleda.
 
16.05.05
I dag var eg og Arwen på vår fyrste jakttrening i lag med avd. Sunnmøre! Det var nytt, fleire hundar, skott frå hagl med adapter, vi har kunn treent med 6 mm startpistol før.

Tross dette klarte Arwen seg bra, litt oppskrudd vart ho i starten då ho fekk sleppe laus og spring etter ein lab. Ho gjekk då ut av jobb modus ei lita stund, men eg klarte å hente ho inn at på ein rimeleg god måte. Vatne er vårt store problem ? der er vi litt usikre, nøler før ho går i vatne. Når det gjeld markering på land så tar ho det meste utmerket. Felte rasa ho litt i dag, litt uvant var det får meg å sjå at ho sprang så mykje før ho slo på nasa, men når den var slått på, vart jobben utført bra. Kvifor er no enkelt å skjøna, det var ein helt ny situasjon før ho, som ho aldri tidlegare hadde gjort. Vi henta anna kvar dymmi på felte, brukte makker hund. Eg nøgd med treninga i dag.

 
15.05.05
Tidsnød det har ikkje vorte noko blodspor denne veka, men vi skal ikkje stresse har vi ikkje tid så har vi ikkje tid. Vi har vore på tur og vi trener lp. det er viktig det og. Det blir ikkje blod spor før 18 eller 19 mai. Og det skal ligge over natta,  no skal eg ha natt gamle spor. Eg har planar om å legge bruks pinnar i blodsporet også, skal slå to fluer i ein smekk ;-) Grunnen behalde god nase planta i bakken. Og det blir då gode muligheiter til å belønne fleir gonger i sporet. Har vore inne på tanken med fleir mat skåler med mat, men nattgamle spor går ikkje det, det blir oppspist i løpet av natta.
 
11.05.05
I dag for blodet i frysaren igjen, vi fekk ikkje tid å legge spor i går, og i dag har eg heller ikkje tid, jau eg hadde tid å legge det, men ikkje å gå det. eg skal ha nattgamle spor no, har eg tenkt. Det betyr att eg må ha tid å gå dei om morgonen og det har eg ikkje i morgn.. Det blei vanleg tur, etter at vi hadde trena på å bli flink til å symje i dag.
 
10.05.05
I dag blei det tur på meg og Arwen, det var skikkeleg godt vær, regn, og kaldt. Vi gjekk tur i fleksiline, og det fungerar supert no når det er bandtvang, er det viktig å overhalde reglane. Ho er fin å gå tur med ikkje noko draging, helt fin.

Litt trening la vi inn. Rett ut sending, eg hadde ikkje med noko treningsutstyr i dag, men ... det finst som oftast eit eller anna i lomma i dag var et naseprøve pinne som var der. Den brukte vi. Eg la det fyrst på 50 m, det gjekk super, der etter la eg den på ca 100 m, og det gjekk like bra ;-) super hund.

Har i dag tatt ut blod frå frysaren, og skal legge blodspor i kveld eller i morgn tidleg. Må legg opp til eldre spor no,  skal vi komme vidare.

 
05.05.05
Det blir lite trening, og lite skriving no... Førstkomande Søndag skal oss ha konfirmasjon, og det er nokk ein del ting eg må prioritere føre hundetrening, og data. Arwen har vore på tur med ein av gutane mine i dag, og det er ho nøgd med. Er svert roleg innom hus, ute med for den del går svert fint i band, til å med med andre enn meg, og det er flott. Arwen har vorte utruleg roleg, og svert kjekk.... det har ho no vore alltid, men ho har slutta å stele ;-) nesten ikkje til å tru. Det er nokk heilt sant. Det nærmar seg 1 års dagen henna no, og eg skal snart bestille time til  rønking framme og bak.. er så spent... Har ikkje nokon grunn som gjer at eg vil vente noko lenger enn nødvendig.
 
02.05.05
No er Arwen snart 1 år. Ho er også ferdig grunnforma, og det blir ikkje så mykje skriving i desse månadens bøken no lenger. Eg vil etter Mai, slutte helt, ta ei grundig oppsummering når tida strekk til. Skrive litt om resultatet av klikkar forminga, så langt kan eg røpe at eg er kjempe nøgd med resultatet.
 

April.

<<<
28.04.05
Blodsporet i går gjekk eg tilbake i tid med, grunnen var at ho oververa for mykje dagen før. Eg håpe å unngå overversporing, vi ha ho spornøya, tempo blir då mykje meir behageleg.

I går var vi med på å starte opp eit kurs (appelløvingar) for Nrk. avd Sunnmøre også, Arwen fekk såleis litt miljø forandring. Og ho fekk generalisere litt dekk å bli trening. Ho låg i bilen 2 timar med open luke, medan vi hadde kurs, og ho var knyst still, topp det tykkje eg er svert bra.

 
26.04.05
I dag har vi trena, litt av alt... eg kjørte å la eit blodspor tidleg i dag. Når eg kom heim trena eg Arwen i litt lp, når sporet var ca 3 timar gammalt, gjekk vi det. Etter på kjørte vi får å trene litt symjing... Ho symjar no, men plaskar svert mykje før ho får fatt i dymmien, vi må nokk trene ein del symjing framover. Ta ein titt innom foto sida, eg skal i dag eller i morgon legge ut nokre plaske bilete ;-)
 
19.04.05
Stor hende i dag, Arwen symjar!!! No er det gjort ho tør å legge seg av, plaskar noko fole med framlabbane når ho symjar, men når no har tatt tak i dymmien, så symjar ho fint.
 
18.04.05
I dag har Arwen vore i veg, og gått blodspor, ho gjekk som ein drøm, snorrett er eit uttrykk eg kan nytte for henna måte å gå spor på. Eg noterar fakta i blodspor loggen, den blir forhåpentleg nytta ofte no. Skal gå raskt over på eldre spor, så følg med ;-)

Vi har i kveld vore på hundetrening, der har ho måtte ligge i bilen meste parten av tida, og det har ho berre godt av. Eg er instruktør på kurset som vi har,  derfor i bilen. Etter kurset blei det felles dekk, og vi trena litt på tann visning, lineføring, spring marsj blei det trenet litt på.

 
17.04.05
Arwen og eg var vi på utstillingskurset, og no er vi blitt flinke, i dag blei vi plassert først ;-) ho er blitt flink til å stille seg opp, men vi slit enno litt med tannvisninga, og når dommar skal kjenne på henne, ho er så glad. vil ikkje stå i ro, men det gar framover ho lærer. I dag som sist var vi ute og trena, det blei ca to timar i utstillingsline å det tar på både med henne og meg. Utruleg kor trøtt ein kan bli ta utstillingstrening.

I morgn er det sportrening tenker eg, skal trene det ofte framover, og så skal eg fin lese termin lista for blod spor konkurranse, finn eg ei  som høver og Arwen går like bra blodspor, som det ho gjorde folke tråkk i haust melder eg ho på.

 
13.04.05
Lang tur i bandi i dag. Ho er blitt veldig flink til å gå i band, og det er eg glad for. Vi starta opp nytt grunnkurs på Måndag, og eg måtte vist trå til igjen som ein av instruktør, og Arwen fekk vise fram kunstane sine, om korleis vi skulle lære å gå fint i band. He.. he  ho får no litt miljø trening med den oppvisninga si då.
 
10.04.05
Det er snø med oss, men håper det blir så pass mildt at snøen reise fort. Eg skal trene blodspor. I morgn er det 21 dagar sida eg oppdaga at Arwen hadde fått løpetid, så eg vil tru at vi kan sei ho er ferdig med det. Håper på rikeleg med mildvêr, vi vil lære å gå i vatn etter dymmi.

Vi har gått ein del tur i band no når ho har hatt løpetid, og det har hatt dei gode biverknadane at ho har blitt svert flink til det "Gå i band."

Filmen er borte, er fjerna 14.04.05
 
08.04.05
I dag snøar det ;-(  . Og eg som hadde planar for i dag, om eit nytt blodspor.. Håplaust. 30 cm med nysnø.. då får blodspore berre vente.
 
07.04.05
Ja, no er vi i gang med blodspor treninga, dei to første spora er unnagjorde. No kjem eg til å gjære det vanskelegare ganske fort, auke tida på sporet er nokk det som kjem først, det skal eg gjære allereie i morgn. Ho var rimeleg skeptisk til den blodlukta, men på andre sporet var det ikkje så skummelt å ho gjekk fint. Hjorte- foten var ikkje det helt store, og det bryr eg meg ikkje om, ho fekk godbitar når spor slutt var der, og det vil fungere med oss.
 
06.04.05

I dag har eg tatt opp blod frå frysaren, og ein hjorte fot, vi skal i morgn prøve oss på vårt fyrste blodspor! Det blir spennandes, vi har ikkje gått spor på lenge, og eg er spent, gler meg til det at vi skal kome i gang.. Eg skal også lage til ei treningsbok får blodspor notere ned etter kvart korleis sporet var, og korleis det gjekk, kjem til å notere ned fram mot prøve.

I dag har eg klippet Arwen, og ho blei berre lekker, fått bort golden halen, så no ser ho ut som ein nyklippet flatt. ;-) Klo klipp gjor vi også, eg brukar klippe klør eit par gongar i månaden, synast det held på Arwen.

Løpetida går mot slutten, og vi skal starte med vannarbeid, det blir nokk ikkje noko flatt meisterskap på oss, melde på og så ikkje ha hund som går i vatten gjær eg ikkje, melder eg på er det for å vinne WT, for det er ho nemleg god nokk til, hadde ho gått i vatn..