20.10.2011
Lp- Logg                 Eiga side med poeng og kommentar til LP- starten vår kl 3>>>
<<<.
 
 20.10.11
Lp har vi trena lit kvar veke og vi har vore på fellestreningar og dermed fått med fellesøvingane. På grunn av dette ekstremet sure veret som har vore i år har det ikkje vore så motiverandes å trene verken ditt eller datt, men ruta har blidt framdratt på dei fleste treningar, og eg har terpa på frived fot. Arwen har topp arbeidglede og eg burde nå få fram resultat snart. ;)
 
06.10.11
I går var eg også på brusdalbana og trena litt Arwen, vi slit med ruta, men eg skal nok få det til og den som gir opp har tapt. Det blei fellessit og fellesdekk, og eg er så heldig at eg for legg hund sist og sette opp sist, viktige moment for meg og trene på.
Det blei litt fri ved fot trening, og det blei litt prat og plutseleg var det mørkt og liten vist i å trene. Blir sikker meir dagtrening/helgatrening på Arwen, men eg skal trene LP regelmessig framover og vi skal starte på prøver til våren.
 
25.09.11
Arwen har fått ei god økt med med LP -trening og vi kjørte rute trening til den store gullmedalje, men er har vi ein brist.  Skjønner ikkje at vi kan ha så store problem med ein så enkel ting. Vi gir ikkje opp.
Eg trena fri ved fot, innkalling og avstandsdirigering, mykje bra arbeid av Arwen i dag.
 
24.09.11
Fokus på felles øvingar og ruta, det har vi prioritert. Ruta er ennå ei nøtt for meg og Arwen kvifor har eg ikkje heilt for meg og heller ikkje korleis eg skal få ein sikker 10 øving.
Det som er sikkert er at vi jobbar med saka og har mål om å få ei god øving tilslutt;) Vi trenar Lp på måndagar i sykkylven og vi har treent på onsdagar i brusdalen.
 
12.09.11
På igjen :) i dag har eg prioritert ruta, det viste seg på konkurranse at Arwen hadde lite eller ingen forståelse av momentet i det heile;) merkelig men sant! Min nye taktikk er faktisk å trene langt i frå ruta og lære henne at ruta er langt ute i periferien. Eg har treent med korte avstandar og Arwen har rusa ut i stor fart og eg trudde såleis at ho kunne ruta, men eg tok feil.

Eg trena mest ruta og var litt bort i sitt under marsj, siden eg også hadde problem med den under konkurranse, her må det vere stemma mi som endra seg litt under stress, eg må derfor vere ops på dette.

Eg gir ikkje opp og skal nok få det til og har mål om å starte på fleire LP prøver til neste år, Arwen skal få LP og bryne seg på som pensjonist og vi skal få det til!  Håper på vi kan få til litt miljø i denne sporten slik det er mulig vi kan hjelpe kvarandre til å bli betre.
 
04.09.11
Lp prøve ved SHK....
 
03.09.11
Vi var i Ørsta på LP prøve og hadde det moro, Arwen jobbar bra og eg er nøgd med henna innsats, men tvile litt på meg sjølv... når det gjeld føring.. poenga våre ligg ute på eigen side, sjå link øvst oppe på sida dei som like tall og nullar;).
 
01.09.11
Ei lita økt med trening der eg prøvde å kjøre heile øvingar, det nærmar seg konkurranse.... Arwen er ennå rusten etter pause, men ho funkar bra på mykje og eg håper det vil klaffe for oss ein av dagane. Det skal vertifall bli moro og starte på konkurranse igjen, Arwen likar svert godt å vise seg fram og eg vil jobbe med teknikkar for å klare få henne til å vise seg frå ei bra side.
Det er konkurranse trening også for meg og dette med å holde hovudet på rett plass under stress og ikkje kjøre på med masse fører feil;) alle blir betre av å delta !! Den kunnskapen som Arwen gir meg drar eg med på neste hund, som er Rally, ho skal også trene LP og er litt slik mini Arwen som allereie snur i lufta og er ei glad fante jente!
 
25.08.11
Det blei ei lita økt med LP-trening på oss i går kveld. Arwen fekk treent felles sitt og dekk, dette momentet med ned dekk i rekke fylgje er det eg fokusera ein del på. Fekk  hjelp til ruteøvinga slik eg fekk kjøre øvinga på kommandering, det er eit punkt eg verkleg har nytte av, fekk også litt hjelp til avstandskomademring, jau Arwen er i bra modus.
 
23.08.11
Då blei det litt plukk trening i går kveld og lite grann fellesøvinga på Arwen, her er det eg som ennå roter med mine rutinar :( . Arwen utføre momenta med bli ganske bra og har ein god ro når ho ligg og sitt. Rotet er i starten eller under avslutning av øvinga, derfor må eg skjerpe meg under denne treninga.

Eg fekk hjelp til litt kommandering  av rute øvinga og her klarte eg å riste av noko rust, jau Arwen er bra ho berre eg klare å holde oppe treningsmodusen så lover det bra. Eit halvt år med rust blei berre avrista så gjekk Arwen til 10 på dette momentet.
Arwen har alt tenker eg på arbeidslyst og tempo under trening, Ho er ein utruleg herleg hund som eg skal bruke ein del tid på når det gjelde LP, det lover eg Arwen ho gir så mykje og eg bør gi igjen:)
 
20.08.11
Trent åleine i dag og vi har vore innom dei fleste øvingane. Spissing på fri ved fot er eit problem vi slit med, men eg har ikkje jobba med det i dag. Eg kjørte heller litt heile øvingar for å forberder oss på prøve og også for å sjå kvar eg må legge inn meir terp. Grunnøvinga er fot(eller på plass) og den bør eg jobbe med skal eg skåre poeng her. Arwen går med topp kontakt, men ho har etablert spissvinkel og det er ikkje bra. Mulig eg må tenke litt i andre banar, SOM PLASERING AV BELØNNING? ETTER KLIKK, eller plassering når eg klikker ;) jau slik er det. uansett går jo i spiss..
Apportøvingane går bra og ho kan disse brukbart og bør ikkje feile, eg går faktisk for litt terp denne gangen og ikkje berre stole på gamal kunnskap. Så ser eg, Arwen er så glad i å trene så for vi det ikkje til så kan eg ikkje skulde på hund, men på trenar!! Moro med LP også vist ein for det til;)
 
18.08.11
Det blei fellesdekk og fellessit på oss i går og det fungerte bra, litt små plukk har vi, men eg skal kjøre disse momenta åleine ein del. Det blir singel sitt og dekk, men momenta eg kan forbetre er både neddekk og opp sitt, derfor treg dette momentet eigen singel trening.

Kjørte lit ut til ruta og brukte stå klikk, stå- dekk klikk og dette fungerar veldig bra på Arwen.
Hopp over hinder etter apporten her tullet eg ein del og brukte litt høgt hinder til Arwen og tenkte ikkje over at ho faktisk ikkje har full spenst ennå, burde nok brukte hovudet mit betre her. Likevel Arwen kan dette momentet, men eg bør variere både hoppe hinder og plassering av hinder og ikkje minst dette med tilbakehopp i tilfelle apporten hamnar langt til sides bak hindret.
Ho har bra fart på innkalling og ho har ein rask dekk, denne øvinga bør vi ikkje nulle på;) Arwen var vertifall i trenings modus og det er kjekt.
 
15.08.11
Arwen er påmeldt to -Lp -prøver og eg vil trene lydighet framover med henne. I dag tok vi turen til fellestrening og ho lyste opp og danset rundt som ho bruker, Arwen har så stor arbeidsglede at det er ein fryd å jobbe med henne.
Pissregn var det og eg hadde ikkje kledt med tilstrekkeleg, men eg fekk låne meg ei bukse;) takk for den Aud!
Vi var innom litt av kvart og eg er såleis ganske nøgd med Arwen og vi treng ingen nylæring berre presisjons terping og strekkdraging av uthaldenheit.
Arwen var vertifall glad ho fekk være mammas pie heilt åleine og eg trur ikkje ho ofra eit blikk på nokon annen eller meg, verken folk eller andre hundar;)
 
07.08.11
Då er det på tida å tenke LP, Arwen har hat lange pause og er klar til trening. Vi har ikkje treent på 4 månadar, men vi har meldt på LP i Ørsta og skal melde på SHK i Olsvika også. Det er såleis berre å starte lesinga av programmet og gripe fatt i ting og tang.
I dag har vi tatt ei neseprøve og det sitt bra, riktig pinne og eg er nøgd. Vi terpa også litt på sitt, stå, dekk og her er det å ikkje få framdrift så er det viktigaste for oss, Arwen er rask og eg kan ikkje slurve md treninga, ved all framdrift frys eg ho, og startar på nytt blir ikkje bellønning av framdrif. Avstands kommando er ein øving vi sankar poeng og taper poeng på, tillegge er øvinga heilt til slutt og då skal momentet gå i full fart;) ikkje av det enklast dette, det må derfor terpast og Arwen tåler terp!
 
02.04.11
Gladast hunden i heile verda bere ho for trene litt! I dag har Arwen og eg trena litt LP og det blei avlevering av metall vi fokuserte litt på + litt til. Arwen har av ein eller annen grunn ein liten uvane med å sprette opp når ho avlevarar metall og det heng sikkert på ubehag av eit eller anna slag.
Eg retrenar dette momentet med avlevring og det for oss  så klart til.
Kanonøvinga hopp over hinder etter apport som vi nulla på sist fekk ho prøve, den øvinga er perfekt og i stor tempo og Arwen er gal etter den øvinga (stor bellønning å få utføre dette momentet!) Eg skal trene vanskelige vinklar på apporten og i tillegg må eg være flinkare til å generalisere med fleire type hopp.
Terp på fri ved fot, det er den ploginga henna eg må jobbe med og det skal eg også gjer.
 
 
14.03.11
Fin trening på Arwen i kveld, glad hund med masse fart i. Eg fekk treent litt spontan spring til ruta og det fungerar i tillegg sende eg til ruta med kommando, fult fart.
Avstand kommando blei det også litt terp på og her er det meg sjølv og signal som låg i treninga, raske, korte og klare signal:) skal bli flinkare eg..
Naseprøve vart også trena litt, tja ho tok feil til å begynne med, men så losna det og Arwen tok rett pinne etter det. Det blei ingen felles bli øving i kveld, men eg har i helga trena litt på neddekk og oppsit som nr 2 i rekka:) det hjelpe på, men her må eg skaffe meg hjelparar !! moro å trene LP :) synast Arwen og eg må ha motivasjon til å følgje henne opp.
 
07.03.11
I dag på trening var det fôrdjupning i naseprøve og vi lukkast før vi gav opp!! Einaste måten å få framgang på er å gripe fatt i problemet fort og få løyst det, det er eg allereie godt i gang med.
I tillegg var det meir ruteterp eg vil ha den perfekt og vil jobbe grundig med dette momentet, ingen ting skal isleggast, ein eller to øvingar når eg jobbar ikkje meir.
 
01.03.11
Trening, ja vi fekk vertifall trena fellesdekk, vi var hjelpehund til ein NRH appell og vi fekk derfor 5 min,Topp. Hjelp elles så slit eg med motivasjonen og Arwen har ikkje alt så på plass som eg hadde trudd, vi slit med LP øvingane for tida, men det er av motgang ein for framgang og det er såleis berre å ha motet oppe.
Eg har eit føringsproblem når det gjeld ruta og blir ikkje heilt tilfres med meg sjølv om korleis eg skal styre Arwen, Arwen kan gå til ruta som kommando, men då kan ho også stanse framom ruta, eller til høgre eller venstre:) ho blander den kommandoen med ut til kloss.. har eg ein lite mistanke av. Brukar eg ut så skyt ho ut i stor fart og trur eg skal rett å slett gå tilbake og bruke "ut" og stå når ho er i ruta, gamble på å klare stanse henne på rett plass. Eg tar dette så alvorlig at eg ikkje tør og starte på prøve:( pingle har eg blidt på mine gamle dagar.
Vi har også hatt ein god og rask sit under marsj, men plutseleg har ho forandra på øvinga til stå under mars, eg skjønner ikkje kvifor har vrengt hovudet mist tre gangar, men er like uvis på kvifor.
Ja ja ja... skal eg berre legg inn årane og slutte med LP.
Hadde no vore kjekt å få prøve nye LP-reglane på Arwen, ho kan no mykje når ting stemmer, men det står på meg... tør tør ikkje eg føle at eg har litt lite trening ennå, men Førde i slutten av April det skal eg prøve  på:)
 
27.02.11
Hjelp, Arwen har gløymt alt eg sluttar med LP i dag, og startar med blanke ark i morgon.
 
22.02.11
Kaldt.. og vi som vil trene litt LP kva tid blir det vår? Eg har planar om å få til ein start på Arwen før ho skal parast, men eg for no ikkje trenet henne isholke og -10 er ikkje LP ver.
Har trenet litt avstandskommando inne på kjøkkenet og eg har bra kontroll på naseprøva momentet og då for det gå som det vil, målet er ikkje flest nullar men ein fin premie i kl 3 debyen:) Arwen kan flyte på rutine, men eg vil ha høge skår og då er det perfeksjonisme og ikkje rutine som gjeld:)
 
27.01.11
Eg og Arwen var innom hundetreninga, men lite oppmøte dermed ingen fellesøving:( Vi trena derimot litt ruta i dag igjen, eg var lite målretta og utretta lite.
 
19.01.11
Arwen fekk ei runde med LP i kveld. På grunn av underlaget ikkje var av det beste så konkurranse fot til LP blei ikkje trent. Eg og Arwen trena ut til ruta og dette er ei øving eg vil ha inndrilla skikkeleg, fart har ho inn i ruta, det eg må sette i system er å la ho ligge i ruta medan eg går fot og kallar Arwen inn på fot under marsj, her heng vi etter.

Det andre vi jobba med var raske neddekka i innkalling og også raske inn kallingar frå dekk. Vi er ikkje klar for klasse tre ennå og vi ventar dermed med å melde på til stemne. Alle øvingane til kl 3 må sitte bra på trening før vi debuterar i klassen. :)

 
05.01.11
Ikkje i rute, men i rute:) Lite oppmøte på trening og eg hadde dermed godplass... Eg var ikkje så treningsglad som Arwen og motivasjonen min var lav. Arwen fekk kjøre til rute nokre gangar og her er vi på rett veg kjempegod fart sjølv ved mange repetisjonar. Eg varierte med berre ut i ruta så belønning, ut sentrum og stå så belønning og ut i sentrum for å først stå og så dekke:) eit smil til Arwen ho va flink i dag. Eg trente litt fot med henne også, men følte meg ikkje nok motivert til å yte topp derfor blei det ikkje noko terp her.
 
08.12.10
Singeltrening i dag også på oss:) Det blei ei god økt, Arwen er ekstrem fokusert og jobbar som ein helt. Vi trena fri ved fot og heilomvending, i tillegg jobba eg med innkallingsbiten og neddekk i fart, Arwen var rask nok og eg er godt nøgd med treningsøkta.
 
06.12.10
Hundetrening i kveld, blei liksom ikkje noko skikkeleg målretta jobbing med meg, men eg fekk heldigvis til ein kommandering til fellesdekk, dekk på min kommando og inntil og oppsitt etter tur. 2 hundar betre enn ein hund!! Fri ved fot trena eg og Arwen er dyktig.
 
29.11.10
Det blei ei kald og kort økt med fot trening på Arwen, ho går veldig bra fri ved fot :) dette lover bra.
 
22.11.10
Ei kort økt med trening, det blei "fri ved fot trening" og kontakta er der. På grunn av kulda trena eg ikkje "bli" øvingar, dette må berre vente. Eg trena litt avstands kommando, ja.. med hjelpemiddel som godbit i skål bak hunden, då har eg ingen bevegelse. Er inne på tanken om å ha det alltid på trening?? hjernevask. Eg varier mykje om når ho for versogod, det kan komme etter ein eller etter seks forflytningar, eller heilt til slutt når heile øvinga er ferdig.
 
21.11.10
Litt pause må ein ha:) eg har ikkje vore så flink til å skrive notere her, men målet om å konkurrere i LP i 2011 står vedlag.

Arwen er full av energi og trener gjerne LP, vedens beste hund med medfødt motivasjon til arbeid og eg slepp å skru henne på berre av:) he he. I dag blei det ei økt med fri ved fot, slett ikkje verst kontakt og eg er nøgd med henne innsats. Vi trenet også litt avstands kommando og her må eg jobbe eller finne ei god løysning for å unngå framdrift, skal ein ha 10 så må ein være perfeksjonist i alle delemoment.

 
18.10.10
Arwen har trent litt LP i kveld, eg kjøre på med frived fot sjølve grunnøvinga i appel lydigheit, den blir aldri bra før ein føler at vi går til 10:) Det var svert lite oppmøte på trening i kveld så det blei enkel sitt på oss, men kva gjer vell det så lenge ho sitt fast spikra utn å løfte på ein pote.
 
04.10.10
Trena litt lydigheit i kveld, Arwen hadde problem med naseprøva ho var litt tilbake til plukk stadiet merkelig, eg trur det heng på stress ho var nemlig ganske stressa før vi kjørte til trening ho ville ha mat og var rett å slett svolten!

Vi trena fri ved for som vanlig, felles dekk, enkel sitt, dekk og sitt er det start og avslutning eg legg mest vekt på.. vi er på rett veg. Ruta gjekk bra også i kveld:) perfeksjonist er målet i lydigheit, eg toler ikkje slurv av meg sjølv og her er det eg og ikkje hund som styre, derfor skal det bli bra så handlar det om kor flink eg er!! God hund har eg.

 
27.09.10
Det er berre fordelar med å trene LP, ein kan få masse bra lydigheit som også vil gjenspeile seg på jakttrening/prøver (trur eg) dette gjeld kanskje ikkje alle hundar, men det gjelde for Arwen, og det er henne eg kjenner ut og inn.

I dag fekk eg trenet mykje på fri ved fot, og den skal bli bra Arwen har nydelige venstresvingar og med kjempegod bakpartskontroll!!

Vi kjørte ut til ruta eit par gangar med ein stå og ein stå etter fullt av dekk, her varierar eg for å raske reaksjonar på kommandoar uansett, om det er stå å belønning eller stå og deretter dekk.

Eg hadde med pinnar til treninga og fekk hjelp til å legge ut berørte pinnar, ja eg er godt i gang med neseprøve momentet, Arwen søker!!!!

Sitt å bli og dekk å bli, dette trena eg også litt på og sjølve momentet med kommandoar er det eg konsentrer meg om, ikkje dekk på andre sin kommando eller sitt opp på andre sin kommando, det skal ikkje skje noko i flokk.. alt skal skje etter kommando frå meg:) ja litt høy på pæra blir ein av å kjøre hund!

 
26.09.10
Arwen trenar litt LP kvar dag, målet er å bli gjennomtreent på dei alle øvingane:) vi skal klare det og blir klar til kl 3 deby til våren. Korte økter er tingen, i dag tok vi moro delen og ikkje terpa på fot, men vi kjørte igjennom alle momenta, unntatt sit uner marsj. Vi har jobba litt med avlevringa av metallet, og vi er på riktig veg, om eg ikkje er heilt i boks så har vi framgang. Framgang har vi på naseprøva også, Arwen snuser og det er momentet, plukk med nasa eller bruk nasa til å velje pinne. :) flinke Arwen.
 
20.09.10
Hundetrening, Arwen fekk kjørt seg på fri/ved fot. Trener masse på dette momentet, og vi kan også trene mykje fordi Arwen er super glad i å trene, glad logrande hund som er på. Rette fine holtar er på veg tilbake og gode venstresvinga:) godt nøgd med fri/v fot i kveld. Felles øving med dekk og bli blei det, og no er det neddekk momentet som er i fokus, ein og ein hund, og kun på min kommando:) Vi trena også litt ruta, og det er ei øving som er på stadiet "ny øving som må skikkeleg befestast" ruta skal derfor trenast litt her og der.
 
19.09.10
Arwen trenar eg i Lp kvar dag no, og målet for henne er klart, start kl 3 til våren. Det er faktisk moro å trene lp med Arwen ho er både vill å gal, og det er dei eigenskapane ein treng som er masse fart. Likevel sitt å bli, dekk å bli, ja det klare ho uansett kor gal ho e:) slike hundar like eg.

Naseprøva gjekk bra i dag også, og eg trena reine innkallingar frå dekk utan moment.

 
17.09.10
Ja ja .. vi trenar. Energi bunten Arwen er alltid klar for trening og vi skal trene masse lp til neste sesong, og eg har bestemt meg for at Arwen skal være igjennomtreent på detaljer. Vi sleit litt med neseprøva, men eg gir ikkje opp.

I dag var det stor framgang nettopp på neseprøva, og momentet med å bruke nasa var tilbake på Arwen !! hipp hurra, gardina til løysning har gått opp i natt, og eg kjempeglad for det. (ho har tidlegare vore veldig flink til dette, men no er det no sånn at eg ikkje har trena så mykje lp dei siste åra, men prioritert jakt) eg har i grunnen oppnådd det eg ville med Arwen på jaktprøver, og koplar heilt av på den biten, no er det LP som gjelder..

Få ein fin fri/ved fot er eit moment eg skal jobbe masse med, dette er grunn pilaren og den vakraste biten på ein LP- prøve, det andre er berre sirkuskunst, og ofte artigaste å trene både for meg og Arwen.

Unngå å etablere doble signal og kommandoar, lage trygg hund som startar fort, men aldri på knall:) Arwen er mykje på jakttrening og prøver så er ho fast til tusen, og vant til å få god bekreftelse på når ho skal jobbe, dette blir ofte utførte både med signal og ord. Eg opplever det heng litt igjen i enkelte øvingar, og det eg merka det mest på er hopp over hinder, Arwen nøler og vil ha god bekreftelse på at ho verkleg skal starte :) dette løyser eg med is..

Elles så er det nye reglane og neddekk og avslutning med på plass, med ein og ein hund, og det er eit moment eg må oppsøke miljø for å få trena på. ja ja vi er i gang..

 
26.07.10
Vi tok ein lang treningsfri pause etter oppturen på LP bana:) Neste år er det kl 3 deby og vi skal møte godt førebudde.. Reglane er prenta ut og finlesne, og vi har så vidt begynt å sette saman det vi kan. I løpet av vinteren skal alle brikka være på plass.

Arwen er ein ganske gal flatt ( sportsflatt) av beste sort, Arwen har ikkje kapasitetsproblem i det heile, og alt ligg fult og helt på min føring. Ein drømmehund det ikkje finst så mange av, men har ein slik hund må det både mål og jobbing til for å få full pott, og vi går aldri for anna enn ful utteljing.

Eg har prøvd ut diverse avstandsbeløningar tilpassa Arwen, og kanskje har funne ein god nøkkel som ho jobbar intens for!!! og den kan brukast på prøver, etter ein prøve rett ut å få fatt i toppers belønning. Godt arbeid skal betalast.

 
12.06.10
Jepp, vi ny debuterte i LP- ringen med stil:) Arwen var på nett, og det blei opprykk og klasseseiar som belønning.

Vi var innom ringen og fekk ta fellesdekk, og så rett i utstillingsringen for plikt stilling.. Raudt blei det!

Vi gjekk såleis til slutt i klasse 2.

Fellesdekken 10, fri ved fot 9, dekk under marsj 9,5,innkalling med stå 9,5, stå under marsj 9, apportering 9, hopp over hinder 8, fremandsending med stå og på plass 10, kontroll over hunden på avstand 10, heilheit 10.

8 på hopp over hinder, her måtte eg til med dobbelkommando, ho rykket til på den første, men blei sittandes på fot. Her trur eg at "eg på trening" kanskje har eit lite ubevist teikn med kroppen som ho kanskje går på, men skit no er klasse to historie, og vi skal hoppe over hinder etter apport i klasse tre, det er meir moro, og ikkje problem for Arwen:)

 
19.05.10
Hundetrening i dag eller mest "sosialisering"

Uansett så fekk vi vertifall litt trening på frvfot, og det merkast at eg ikkje har vore heilt på nett å treent målretta som eg hadde i plana mine. ..fy!! her må eg skjerpe meg mykje!! Fellesdekk, supert, Arwen ligg fjellstøtt, og svert rolig. Ut til kloss, og igjennom ruta, var noko vi var innom, også litt avstands kommandering. Litt kraftig type Arwen no, og det sett litt preg på farta:) men elles våken til tusen.

 
14.05.10
Vi er på gli med naseprøva, Arwen meisteren den igjen, og eg legg opp til regelmessig trening av det momentet. Onsdag trenar vi litt LP, fri ved fot, innkalling med belønning bak hunden, det er heilt nytt for Arwen i innkallingstreninga. Det kjem seg, kvifor  gjer dette då? jau eg vil ha stå med kommando, og ikkje teikn. Når eg har godt tempo kan eg sei stå å så fri... ein gong av 100 eller.. Arwen tar alt, alt for fort eit så kalla vanedyr som tigger. Igjennom ruta måtte ho springe nokre gangar, og då også til matskål bak ruta. Det er ikkje det heilt store iver etter LP, men vi er i gang igjen.. så kanskje.
 
06.05.10
I går gjekk turen utover for å trene litt stopp på den mjuke gode bana i brusdalen:) Og eg hadde bana for meg sjølv. hi hi, ingen trengsel der nei..

Eg brukte metoden med matboks bak Arwen dette for å lære inn stå (stopp fort som f under innkalling) kommando utan handsignal og berre med orde stå. Kjekt å kunne, men vi har ikkje den farta som eg ønskje ennå.

Eg starta då med å kalle heilt heim for å sende til matboks etter holt.. Dette for å få opp farta. kan ikkje belønne sinking der går grensa. Vi trena også ein del fri ved fot, og då raske marsj, og springmarsj, følgje bra, men ikkje heilt perfekt.

I dag tok vi eit hopp over hinder i hagen, Arwen var høgt opp i påvente av foring, fart å presisjon, og rett inn at for å få mat, ingen nøling full spiker.

I dag har vi også tenkt og prøvd på denne neseprøva som var i gått i gløymeboka.

Ja, fersk pinne kvar gong Arwen hadde plukka opp brukte vi ny pinne.. I dag kunne ho neseprøve til å "begynne med" fem plukk på riktig pinne, og snuse seg fram til rette. Så gjekk eg for langt, for ho starta berre å plukke inn, utan å slå på nasa, og dette gjor ho i svert rolige former, demo eg gidd ikkje eller.. Uansett grunn så var det min feil, og lite igjennom tenkt adferd frå meg eg prøver på nytt i morgon.

Måtte prøv på Artemis også, og ho hadde så klart ikkje gløymt neseprøva, men ho skulle/skal no ikkje være lp hund:)men ein veit no aldri kva vi finn på. Artemis trena også hopp over hinder under marsj, og det så jo ut om øvinga var nokså bra, eller karakter bra.

 
02.05.10
Kurs helg med Line Torp.. dag to:) Kaldt men vi slapp regn, litt regn kom i det vi sette oss i bilen og var ferdig med dagen:).

Vi var 8 ekvipasjar  på kurset, og vi  hadde ønske om instruksjon i litt forskjellige øvingar. Dette medfører kunnskap og tips til diverse moment.. sjå å lær av andre er aldri dumt og det å følgje med timen er bra:) Eg ville ha tips til avstands kommando, ruta, og neseprøve.

Arwen har ikkje trenet på neseprøve på ca 2 år,  momentet var såleis gått i gløymeboka og ho var i plukk pinne stadiet :) Det var eigentlig bra, for då kjem det litt blod på tann, og eg legg aldri bort løyselege problem må re -innlære fort som f.. dette for at eg skal være nøgd med meg sjølv. :))

Rute, ut til kloss, jobbe jobbe, dette er moment som Arwen skal klare berre eg klare å tren rett og oppretthalde momentet perfekt, og perfeksjonere og ikkje slurve med å belønne neste bra øving her ligg ein nøkkel, kun perfekt adferd skal belønnast.

Avstand, ja tren og perfeksjoner så blir det bra, Arwen har aldri fått etablere framdrift og det har vi ikkje, og det er derfor eit håp om at eg kan klare å få til ein god øving her, berre eg skjerpar meg å trenar som ein bør!!

 
01.05.10
Kurs helg med Line Torp..

Arwen og eg deltar på lp-kurs, ja vi treng påfyll... Målet mit med kurset er å få meir motivasjon til å yte meir i tillegg bli betre på å perfeksjonere. I dag ville eg ha nye tips til å kunne variere både måten vi får fram ønska adferd på, og beheld kvaliteten på momentet over tid!! ja ha.. Eg fekk tips om å jobbe med heilomvending eller korleis eg stopper opp etter heilomvending, regelrett fotarbeid. I tillegg fekk eg gode tips om korleis eg skal klare å oppretthalde ønska avstand etter hopp over hinder. (sitt etter hopp over hinder eg vil ikkje ha hund for tett på hinderet)

Eg har kjøpt meg nytt samanlagt hoppehinder og dette hindret kan sterkt anbefalast løp og kjøp>>>>

Skal ein trene litt her og der, eller såkalla konkurransetrene eller kall det gjerne generalisere er det eit must å ha noko enkelt å flyttbart. Hoppe er både lett, og ikkje minst enkelt å montere fort gjort å både sette opp å ta med seg, i tillegg lagre det inne når det ikkje er i bruk.

Stå under innkalling er ein øving eg stort sett har skåra høgt på og Arwen har hatt både god fart å brå stopp:))) Likevel ville eg ha nye innfallsvinklar for trening av denne øvinga, då eg har tankar om å omarbeide signalet mit til "stå" i staden for teikn. Matskål med godbit i bak hunden skal eg jobbe med, og eg trur det også kan være ein metode Arwen tar raskt etter som ho er matgal. Litt av grunne for at eg vil prøve å endre dette er at handsignalet kan blandast med sitt signalet som eg har i jakttreninga. Her må det tenkast på alt skal vi bli riktig gode:) ikkje rom for å feile på bagatellar heller.

Sidan det er 8 ekvipasjar på kvar sit nivå lære vi også mykje av å sjå og høyre kva andre for av tips og innfallsvinklar til forming av ønska adferd på sin hund.

I morgon kva då skal eg ønskje tips til, ja sei det.. ønskje betre vær... vinter eller vår :) ja takk begge deler er det vist "inn" dette året.

 
12.04.10
Lydihet trenar eg på Arwen, litt no og då, og skal eg klare måle mit og få bra poeng på alle øvingane, må eg omskolerast til perfeksjonist:)

Arwen har løpetid og i dag trena vi LP på hundetreninga, ho var som vanlig opptatt med å yte så pass at godbit blei servert, og eg er nøgd med det. Full kontakt sjølv med løpetid, det er bra!!

Har ein del moment eg vil gå tilbake på i innlæringa og det må eg ta i hagen heime:) Dette er blant anna plasseringa ved klossen, her har eg slurva, og latt ho stå framom klossen og ikkje bak! eg vil ha ho bak klossen, og vendt mot meg. Fint å jobbe med som vi heilt sikkert klare å reetablere. Også dette at ho sentrar seg ståandes mit i ruta sjølv utan kommando, og forblir ståandes der til dekk kommando blir gidt, eller fri kommando.

Eg må programmere meg " det er kjekt å trene LP"  :)))

 
07.03.10
Fiasko dag!! Kom meg ikkje i veg i dag, men forsov meg:(

Ingen panikk Arwen skal startast i LP fleire gongar i år, det har eg bestemt meg for. Eg har trenet henne ofte og målretta mot å klare oss ein 1pr i kl 2 og det skal vi så vist klare..

 
15.02.10
Vi jobbar med saken! og har meldt på prøve, eg  har planar om å relanser Arwen i lp ringen.

Eg trenar litt kvardag på små ting, og kjøre litt heile øvingar for å programmere henne i å holde ei øving. Om det er rett eller feil måte å gjer det på for tida vise. Grunne til at eg vel å trene slik er nok at det er lenge sida vi har konkurrert og eg kjøre heile øvingar etter kvarandre for å drille henne på å jobbe over tid, og utføre ein serie moment utan avbrot. Motor og motivasjon er til stede, og Arwen kjedar seg ikkje!!

 
21.01.10
Vi har trener litt no og då, om ikkje vi blir superflinke så blir vi vertifall betre av å trene. Arwen er stabil på fri ved fot, og eg øyner eit håp om at vi skal klare å holde på motivasjon "MIN" til meir systematisk trening. Så ser vi om resultata kjem, eller.
 
24.11.09
I går trena vi lp-øvingar igjen.. Fellesdekk, og fri v/fot. Arwen går bra og eg skal derfor presse meg til å tenke på LP-konkurranse på Arwen i 2010 sesongen.
 
16.11.09 
Vi har trent litt LP innimellom, og i kveld fekk vi med ein fellesdekk:) det gjekk bra, Arwen skal kunne dette med fellesdekk, :) håper ho husker det på konkurranse også, vist eg ein gong i framtida finn på å prøve meg på nytt der!! Planane er der om ny deby, men det er ein del å jobbe med før vi er i mål. Under kommandering blir det vanskeligare både for meg og Arwen, så nøkkelen er å trene meir med andre, og bli komadert litt no og då.

Ut til kloss momentet trudde eg at Arwen kunne betre enn det ho kan, ho kan ikkje dette momentet i konkurranse settingar. No må eg snu hjernesellene mine og trene betre, her har eg gjort ein for dårlig arbeid. det som er bra er at vi har ein brukbar fotgåing, ein bra dekk under mars, også stå under mars, avstandskommandering fungera bra. Litt bra er det, men med manglar.

 
18.10.09
Dagen der på, vi prøvde oss på klubbmeisterskapet  i LP til SHK. Arwen i slow mosjen, he he he. Eg fekk repetisjon på øvingane, og eg og Arwen fekk konkurranse trening, det gjekk ikkje så bra, men eg miste ikkje motet av den grunn. Det er som forventa utan trening blir det ikkje resultat heller. Det at vi nuller på to øvingar betyr at vi ikkje var godt nokk førebudd, det at eg også måtte bruke dobbel kommando opp til fleire gonger beror på at fokuset på Arwen var andre stader enn  i ringen:)

Likevel vi skal forsette å trene, for utan trening blir det ikkje resultat.

 
25.09.09

Vi teller 4 månadar sidan den siste oppdatering her:)))) ja ha, og eg som har tekt å relanser Arwen i lp. He he.. Jau vi har trena, men ikkje bokført her, prøver å trappe litt ned på mine notat og samle dei på ein stad, men av og til skriv vi litt her og litt der..

Arwen har løpetid og det blir ikkje dei heilt store treningsgane med oss, men sidan vi har forbod mot å trene med dummy, så trenar vi LP, og det liker ho like godt, og er høgt og lavt, Arwen er det fart i.

Vi skal starte på klubb meisterskapet til SHK har vi planar om, om vi rekk første gang av appelkuppen er litt usikkert dette på grunn av løpetida hennar, men vi får sjå.. kanskje vi får starte sist.

Trene på moment gjer vi både tit og ofte, i det siste har vi kjørt mykje rute og fram til kloss (vi skal starte i klasse 2) i klasse to er det fram til kloss, og ikkje rute, men vi vil trene på mange moment vi, Arwen har stor kapasitet, og kan trene til det bitter end, den kjem ikkje...

Vi har i dag tinga oss nye kjegler på Canis, her har det blåast meste kvar gong eg har sett ut kjegle mine, og standar kjegler reiser med vinden, no er det nokk nye kjegle er bestilt kjegler som har litt vekt>>>>

Det blir kjekt å konsentrere seg om lydigheit med Arwen, ho fortenar det, livlig og arbeidsvillig, det er meg det står om, og korleis eg klare å motivere meg sjølv for å yte maksimalt, eg har jobba mykje med meg sjølv i føring på jaktdelen, kanskje eg skal sjå om ikkje same framgangsmåte kan fungere her også, det mentale biten, med sjølvtillit, stole på hunden, opptren på prøve som på trening, her ligg løysinga. Klare ein å oppnå resultat ein er nøgd med blir det mykje lettare å motivere seg for å oppnå betre resultater..

 
25.05.09

Vi blåser støv av Arwen og satsar for fult på LP :) moro eller ein stor spøk:) jau ho var på trening i dag, og ho var hoppandes glad for å få være med på trening, klar til det meste.

Arwen er rask og treningsvillig, eg klare berre ikkje henge med på henna tempo både høgt og lavt.. På fot går ho for langt framme, her må eg finne på eit eller anna for å få ho bak i riktig posisjon.

Likevel vi prøver, det er alt for gale og ikkje nytte ut Arwen sit potensiale i LP.

Det blei ein liten fellesdekk med to hundar, ho fekk ikkje ligge så lenge, dette på grunn av at vi startar med moderate tider på første trening etter barselpermisjonen. Snill må ein også være:) likevel still og rolig ligg ho, det har ho alltid gjort på trening, det er på prøver ho brukar sette seg opp for å sitte merkelig nokk:) må nokk få eit betre mønster på trening til konkurranse. Ut til kloss, gjekk rimeleg bra.

Avstandskommandoen kokte vi til, men det er vanlig at eg rotar til eit kvart av og til. Når ho føler at eg startar terp på grunn av at eg ikkje var nøgd, startar ho å tilby i søkk og kav og i eigen rekke følgje for å sjå om det hjelp:) då bryt eg, eg gjekk for langt, og vi mislykkast. Det som skjer er at, har eg stor avstand så har vi litt bevegelse framover når ho går frå sitt til stå, og frå dekk til stå, på kort avstand har vi lite bevegelse  og ho flyttar bakbeina bak, dette fordi ho blir låst av min nære posisjon.

Ho er såleis ikkje moden for å trene opp i stå anna enn tett på ennå, altso, til meg sjølv, unngå frustrasjon på Arwen!!!!  Vi planlegg litt trening framover, først å fremst bygge oppatt spent og kondis, den er ikkje så stor ennå, men den kjem.  Vi planlegge starte på eit par LP prøver og håper på at ho kan stabilisere seg, og ikkje flippe ut i konkurranse, ein hund som er så glad i å jobbe bør få kjangsen ein gong til.

 
27.01.09

Her var ikkje mykje notat nei... Det betyr ikkje at det er 0 lp-trening på Arwen, men at det ikkje er noko planmessig trening med mål. No skulla vi prioritert litt treninga slik at ting ikkje går i gløymeboka.

Når Arwen er para vil eg ikkje kjøre ho hardt i ekstremsport som jakttrening er, men litt lp trening skal vi ha, vi har også trena ein del fri v fot, og fokus er rett plassering, og rett plassering av belønning for å prøve og etablere ein meir riktig posisjon.

Avstandskommando er også ei øving vi har jobba ein del med, det er ei øving vi kan skåre mange poeng på, og kjekt å få denne øvinga knirkefri. Neseprøve er ho god på, det er ho også på alle apportøvingane, likevel har vi aldri heilt klart å samle nokk motivasjon til å satse tungt på denne sporten, mulig det framleis er håp for Arwen. Det handlar om prioritering og forvalting av ein god hund.

Det er såleis meg det står på og ikkje hund.

 
19.10.08

Dekk, eller ? om det har vore lite og ingen oppdatering her så tyder det ikkje at Arwen har vore heilt utan lp trening :-) Innimellom har eg hatt ei og anna økt å trena litt lp moment, men vi har ikkje trena med mål.

Vi repeterar av og til berre for at ting ikkje skal gå heilt i gløymeboka. Dekk og bli har vi trena nokre gangar på fellestreningar, og ho er flink på trening med dette også, ligg som oftast meget still, det vil sei at ho ligg rolig og beveger svert lite på seg.

Rep.. på naseprøve tok vi i dag den kunne ho veldig bra. Eit anna moment eg er klar for å terpe litt på er avstands kommando, og også med stå, ho er ein resar på kl 2 momentet sitt/dekk, men eg har ikkje trena så mykje med stå, derimot så er det eit moment som ein vinn eller taper mange poeng på, og det er kjekt å ha ein god øving her. Eg har derfor gått inn for å perfeksjoner denne øvinga.

 
28.05.08

Dekk og bli, ja.... Arwen har vore stilt på to lp prøver ved utstillingane til NRK. avd Sunnmøre og SHK. Det gjekk nokk ikkje vår vei, Arwen var ikkje i form mistreivst fole, og ho var veldig passiv og unkonsentrert kanskje var eg og det, det er to på bana og det skal være samarbeid.

Kort oppsummert ikkje noko særleg motiverandes, men vi slår ein strek over det heile, og tar fram nye ark.

 
22.05.08

Enkeldekk, blei det i dag, vi trena også litt på alle øvingane, men... det er for mange skjer i sjøen, hjelp eg skulla ikkje meldt henne på, eg er nervøs. Eg starta å tulle med signalet, hadde tenkt å bruke ordet "stå" på innkalling med stå, men eg får bevegelse, ikkje brå stopp. Skal eg plukke fram ballen, og ta ein repetisjon på det vi har gjort før, tja, men det hastar.

19.05.08

Fellesdekk blei det i dag også med to hundar.. ho ligg i ro, og ho ligg musestill. Arwen var nokk litt sløv i dag, ikkje heilt heit, kanskje middagsluren ho kjende på :-) ho hadde fått maten før vi drog på trening, men det momentet vi trena fungerte bra, derimot var ho ikkje bra på fri ved fot i dag, men det for stå si prøve. Eg er faktisk blidt nervøs allereie så korleis skal denne prøva gå veit eg ikkje....

18.05.08

Vi tok fellesdekk i dag i lag med ein hund, skjult førar, lang hals, men på bakken i 5 min var Arwen. Denne veka kjem eg til å trene lp kvar dag, litt oppfrisking av alle momenta i kl 2 må til.

13.05.08

Og vi har meldt på lp stemne, ligg derfor i hardtrening på enkeldekk, lange enkeldekka, reknar med at enkel (håper på det), og fellesdekk blir det same for Arwen. I tilegg trena vi litt ut til kloss, apport, naseprøvemomentet, og når vi trenar så er desse momenta til 10 på Arwen ingen ting å trekke på i dag, arbeidsglad som alltid.

02.05.08

Trena enkeldekk i dag må få tid i kroppen hennar, 5-6 minuttar i enkel dekk er medisinen som skal til vil eg tru, ho har ikkje noko problem med andre hundar, så eg trur tida ho ligg på er det same om det er åleine eller det er fleire hundar rundt henne.

Vi tok oss tid til å terpe litt fri vedfot også, ut til kloss, apport, og innkalling med stå trena vi også på. Arwen har løpetid så vi trena heime.

01.05.08

Vi har meldt på lp i sunnmørshallen!! Det er ein god start på at eg må skjerpe treninga mi, og eg må legge ein målretta plan for å komme i mål med gode poengsummar på alle øvingane.

Første prioritet er fellesdekk, den skal trenast enkel kvar dag, og med fleire når eg trenar i lag med andre. Terpe på god lineføring, elles så er eg usikker om denne stå kommandoen min blir bra, eg får nemlig ikkje brå stop med ord signal, men har det på handsignal :-) her må det tenkast..

18.04.08

Har treent lydigheit med Arwen i dag, vi har trente naseprøve, her gjor ho jobben sin perfekt i dag, og vi har trent hopp over hinder med pølse i munnen.( litt moro må ein ha) enkeldekk, og terp på lineføring, eg held på å jobbe ho bakover korleis eg skal få det til veit eg ikkje, vi prøver likevel. Stå kommando på innkalling har vi starta terpe, ho får dårligare tempo med ordsignal enn handsignal, og her håper eg det kunn er noko forbigåandes... og grunnen er enkel å analysere det kjem ingen overrasking berre eit ord. Vi skal ha både fart og brå stopp, så her er det berre å tenke alternativt.

15.04.08

Vi var på helgakurs i eit forsøk på å få igjen motivasjon for lp- trening, tja... Det står på meg Arwen er ein god hund, så det skortar ikkje på motivasjonen hennar. På hundetrening i går, starta eg på  oppskolere henne frå handsignal til stå kommando i øvinga innkalling med stå. Dette på grunn av at eit handsignal kan av og til være vanskelig å sjå, og vi kan få litt mykje kropp i bevegelse. har aldri brukt anna enn handsignal på denne øvinga på nokon av mine tidlegare hundar, så vi får sjå om eg klarar å få dette momentet til berre med kommando. Eg skal prøve vertifall. Ein fellesdekk blei det på oss, dette momentet med fellesdekk må eg ha i boks, det er eit stort tap å nulle på denne øvinga..

09.04.08

Ikkje så mykje lp moment vi trena, litt søk etter nasepinne har Arwen  likevel fått, og i går hengte eg ein pinne på klessnora, og gjett om ho søkte... Arwen slo så klart nasa opp og vitra og vitra på to føter rund på plenen vår, ho klarte å løyse denne oppgåva med Arwen, når eg tenker på kor lite lukt det er på ein slik pinne, og ho klarar å ta den i lufta, må strekke seg så lang ho er + litt til. Så får ho litt ekstra godbitar.. heile øvinga gjekk også bra i går.

08.04.08

Hundetrening i går kveld, Arwen trena på fellesdekk, og eg var som så oftast bortreist, og ho spratt opp, min feil, og eg tar det så klart på mi kappe... Er det nokon som skal skjerpast så er det eg, til helga skal vi på kurs så då får eg vell høyre litt korleis eg skal gjer det...

03.04.08

Lett Lp-moment trening i dag, vi repeterar momenta til kl 2, eg har halvvegs komet på tanken om å starte ein eller annan gang i år. Vi har nokre gode øvingar som vi kan skåre høgt på, men vi må få ein sikker fellesdekk med skjult førar før vi startar, det er som kjent der 0 en vår har vore flittigast å finne.

31.03.08

Arwen har dratt opp gardina, i dag var det ikkje problem med naseprøva, det var meir enn god nokk, øvinga var bortimot 10

Hundetrening i kveld, vi fekk med oss ein fellesdekk, og vi trena litt sporadisk dit og datt, ikkje noko planlagt eller gjennom tenkt.. innkalling med stå, var vi innom, eg var langt frå nøgd så her må vi sjå på øvinga og trene litt ekstra.

30.03.08

Vi  har mimre trena litt kloss, her er vi i re -innlæring fordi eg vil ha ho bak klossen og ikkje framom. Vi brukar no matte bak klossen, og det går så det susar, før hadde eg snusmarkering på kloss, og det heng litt igjen, men det er på veg bort.

Eit anna moment som vi ikkje har trena på lenge er neseprøve. Her bomma ho totalt (enno ho kunne det før) eg tar den første og beste utan å slå på nasa :-)

Her var det berre å legge hjernesellene i blaut og tenke. Tilbake på søket ? eller er det mulig å prøve på noko anna, søket hadde vi trena før på dag, då med gjømt pinne i snøen.

Ja, eg gjor som når eg lærde henne det, ein haug med pinnar, og den med luktpå i nærheita av haugen, det gjekk heldigvis bra, Arwen skal gjær alt så fort ho, og ikkje alltid er det til det beste. Ro er også ein eigenskap som er god i slike øvingar.

Ting går aldri i slowmosjon med Arwen, derfor er det ganske imponerandes å sjå når ho utførar moment korrekt, og det gjor ho ikkje i dag. Eg har bestemt at eg re- innlære.. kjekt å kunne. Reknar med at det er mulig å få til, vil prioriterar søket først, så går vi over på ein haug pinnar.

10.03.08

Hundetrening i dag, det blei 1 øving på Arwen i dag, og det var fellesdekk, elles var vi berre sosiale og gjor ikkje det slag.

08.03.08

Har trena med Arwen i dag, vi har vore innom mange moment, men kort innom, då Arwen er ein resar å jobbe, kan ho ikkje trøttast ut. Hopp over hinder med sitt, eg repeterar momentet ved å bruke musematta eit stykke frå hinderet, dette for å etablere litt avstand frå hoppet. Musematta brukar vi på ståklossen også vi legg den litt bak klossen. Fri ved fot terpar vi mykje på, her treng vi å jobbe ein god del med plasseringa, kontakta er god, men ikkje posisjonen.. Vi er i gang å repetere nase- prøva, dette momentet må vedlikeholdast i tilfelle vi får noko grillar og vil satse litt på lp.

25.02.08

Hundetrening i dag, vi trenar mest lineføring og sosialisert oss. Arwen er god på begge deler. Liker godt å få kos og klapp, og få helse på andre hundar, "litt" helsing får Arwen også lov til, det kan ikkje berre være alvor. Lineføringa, her brukte vi line i dag, målsetning er å gå lenger strekningar med full kontakt i riktig posisjon. Arwen har hatt ein lei tendens til å gå litt ut med rumpa, eller skjeft som eg kallar det. Ei slik plassering gir dårleg karakter vist vi i tilfelle melder på ei prøve :-) fellesdekk var vi innom, kort, og ikkje i skjul, men vellukka. Arwen ligg pent og  rolig.

20.02.08

Vi hadde oss ein tur innom hundetrening på Måndag, og i dag var ho kontrollerbar, vi trena litt dekk og bli, avstands -kommando, elles var vi mest der som statist. Arwen har fole lyst å trene på det meste, men med meg blir det lite lp trening.. litt trenar vi, men mest for moro skuld, eg legg ikkje så mykje prestisje i lp treninga lenger..

07.02.08

Måndag var vi på hundetrening, og Arwen trena lydigheit !! Arwen har meir fart enn eg klarar å klarar å kontrollere, så her må godbitane være gamle ;-) hi hi. vi trena felles sit, og felles dekk, det skal eg prioritere å trene, og som dei fleste veit er det hær vi har hatt eit  problem med sitt på felles dekken, ho har det med å sette seg opp når eg er i skjul, og det må vi få slutt på. Trena avstands -kommando den er rå bra, god øving for oss.

Heime i hagen har vi trena ein del klikk, brukt target bak kjegla, der har vi litt problem, vi  har ikkje har brukt musematte i forbindelse med kjegla før, vi har brukt snuteberøring  på kjegla og klikk tidlegare, så her blei ho rådvill  først snute på kjegla så hopp på matta, og Arwen er så rask at ho tar to ting i eit forrykandes tempo. Denne omlæringa vil eg bruke litt tid på dette på grunn av at eg ikkje vil ha snuteberøring i ruta på alle kjeglene, her skal ho gå til miten i Arwen tempo. Mulig vi planlegg å debutere i lp igjen i år. Ein så god hund som Arwen fortenar å bli vist fram lit.

15.01.08

Her var det lenge sida det har vore skreve noko, har ikkje trena lp på all den tid. I går umaka vi oss in tur til hundeklubben og Arwen fekk trena dekk og bli, ho røyste seg så klart opp igjen og i eit øyeblikk eg var bortreis, plutseleg berre sto ho på fellesdekken, tja veit ikkje heilt kvifor, men det spelar jo ingen rolle, her måtte eg berre gå å legge ho på nytt. Vi trena litt lineføring, men her er tempoet større enn forstanden ;-) dette går for trekt for Arwen ein halv lengde framom meg, og går det trekt tar ho eit par rundkast salto, og det som ho finn for godt, ho har augekontakt med plasseringa er fullstendig feil, her må det reinnlæring til skal vi tenke tanke lp. Veit faktisk ikkje om vi har nokk motivasjon for Lp konkurranse, tempo har ho og ho kan mange moment, men vi får ikkje sy saman skikkeleg.

10.09.07

Vi var på hundetrening, og vi trena litt på mangt, det var ikkje noko målretta trening, men vi fekk no med oss ein fellesdekk med to hundar, og ikkje forgløyme sosialtrening både til to og firbeinte.

20.08.07

Arwen trena to fellesdekkar i dag, og ho ligg veldibra, still med fokus rett fram( musestille). treningsvillig som alltid, men vi trena ikkje så mykje planlagd det blir likesom ikkje så målretta når motivasjonen for lp er så lav med meg. Likevel så veit eg kva eg skal prioritere, og det er å rette opp den skeive fri ved foten, her taper vi for mykje poeng. Ein øving som må kvalitetssikrast til di grader er fellesdekken. Ein av grunnane for at vi ikkje valte å stille no i haust er at ho har hatt ein lei uvane som er å sette seg opp i sitt når eg er i skjul, og nullar eg på fellesdekken så er løpet kjørt. Det blir liksom lite motiverandes å fullføre, og skal vi gjere det bra må både eg og Arwen yte, ikkje berre ho.

31.07.07

Vi var å trena litt lp i går på hundeklubben, Arwen er flink, men min motivasjon til lp trening er for lav, dette vil ikkje gi utteljing i form av gode karakterar på prøve, så eg kjem ikkje til å melde på hauststemna, det har eg bestemt no. Her må det meir trening til, og eg kjem til å jobbe md tankegangen mi, skal vi stille så må det trenast på detaljer, eg vil ikkje stille utan eg vertifall har prøvt å perfeksjonere alle øvingane, skal vi ha 0 så er vi uheldige, vi skal kunne alle øvingane så godt at karakterane skal ligge over 8 før vi tenker på å starte i det heile.

24.07.07

Har trena litt lp moment med Arwen, ho er motivert til tider. Det vi slit med er skeiv gange, er har og starta å tvile på om eg melder ho på  haust lp prøve. Har bestemt meg for at vi skal være trygge i alle øvingar før vi startar, og det er vi på lang nær ikkje :-(  ho  rotar med ut til kloss, og har denne skeive ganga i tilegg har ho ei lei tendens til å sitte på fellesdekken under prøve. Vi må ha litt konkurransetrening i lag med andre

02.07.07

Arwen stor kosar seg no når eg trenar lp med henne. Fellsdekk fekk ho trene, avstandekommando den sitter som berre det. Arwen har ikkje trene på lang tid, men momenta som ho kan sitter bra, og eg kjem til å trene til SHK stemnet i september, har det som mål å strekke meg etter.. Skal repetere litt musematte bak hinder, vil prøve å få tilbake avstand til hoppet bak (etablere eit på nytt punktet som ho skal sitte på) Klossen skal vi også ta ei ny innlæring på, her stopper ho framom klossen eg vil ha ho bak. Kjem til å bruke ein liten target her også. Forma til Arwen er på veg tilbake ho har lagt bra på seg, så NP foret er toppers. Har starta med symje trening  for å stramme og bygge musklar, vi skal også sykle ein del ettersom forma kjem tilbake. Arwen må også lære å sitje å sjå på når eg trenar med Artemis, det er litt tøft for henne som har vore nr 1 og berre det lenge no.. Det går eigentlig veldi bra, men i koppel skal dei sitte kvar sin gong, detter blir ei viktig øving, om ikkje det er så nøye når eg trener Lp så skal vi gjer det då også, det blir veldi viktig i jakttrening, der vi skal ha passivitets biten i boks. Dei skal lære å sitte å sjå på den andre når den andre jobbar utan å lage så mykje som eit pip.( ønskje tenking, tja vi får sjå)

25.06.07

I dag har Arwen trena litt lp, ho var med til hundetrening i dag, dette er første gangen sida ho fekk kvalpar. No er alle kvalpane reist utan om  Artemis då så klart ho skal være her hoss oss. Det var mest kvalpar og unghundar som var der for å helse på kvarandre, sosialt fellesskap. Arwen viser kvalitetane sine klart fram, ho er uhyre konsentrert, dette på tross av at det nærmare seg 5-6 månader sida sist vi trena i lag med andre. Arwen har kvalitetar som er gull verdt. Tilbake til trening, vi trenar fri ved fot, her må vi jobbe intens skal vi bli bra. Arwen fekk litt lett trening i dag, innkalling, ut til kloss, og apportering som ho er så glad i. Ho må berre sakte med sikkert komme tilbake i fysisk topp form, muliges vi stiller på SHK sin haustprøve i år. Kan være litt greitt å ha eit mål å jobbe for. Kjem til å terpe på moment heime på plenen, ho blir ikkje distrahert av andre hundar så den biten taklar ho bra.

23.01.07

Har trena avstandskommando i stua i dag ;-) ein spe start, men det er lenge sida vi har trena lp- moment.. ;-) Ho er er våken lynrask, og treningsvillig.

27.11.06

Fellestrening, litt fri ved fot trena vi. Her har vi ein jobb å gjere tenker vi lp, ho går skeivt, men det er ikkje så rart, vi har ikkje trena på lenge.  Når vi går fot i skogen så er eg ikkje vi så nøyen på plasseringa då er det terrenget som bestemmer. Skal nokk trene litt på dette til våren ;-)

Avstands kommando trena vi, det er lenge sida vi har trena, men ho var rask og presis så ho har nokk god hukommelse også.. hum.

Lite oppmøte, mests kvalpar Arwen fekk lov å være laus, leike seg litt i dag, og det var nokk kjekt for henne og. Snill er ho vertifall, om litt vil.

13.11.06

Fellestrening, vi stod berre å hang ;-)  I tilegg til det blei det ein fellesdekk på oss, ho ligg vertifall i ro.

04.11.06

Lp -treninga har vi lagt på hylla, vi møter på fellestreningane, og trenar litt der, men heimetrening blir det ikkje, motivasjonen for lp- trening med meg er ikkje så høg. Derfor er det lite oppdatering i denne loggen.

02.10.06

Fellestrening i kveld, ein fellesdekk med to hundar blei det på oss. Ikkje så mykje trening i kveld, men koseleg prat med andre hundefolk blei det..

27.09.06

Appellkupp til SHK .. i dag låg ho på fellesdekken, det var det positive, det andre positive var at vi får trening i å gå konkurranse, og eg oppdagar kva det er som går gale med oss.

I går kved viste ho fram motoren sin, men ho var ukonsentrert, og ikkje heilt styrbar, dobbelkommando på fleire øvingar, stakk ut av ringen ;-) det var jo nytt då. 0 på to øvingar, dekk under marsj, og innkalling med stå. ;-)

Vi gir ikkje opp, men eg kjem ikkje til å stresse med lydigheit, skal dempe henne litt meir. ligge/ sitte, mellom øvingane er eine måte eg kan prøve å få dempe ho på.

18.09.06

Fellestrening, trening på dekk og bli. Ho ligg roleg når eg er syneleg, når eg går bak ein bil å veks halsen fleire cm, ho strekkje seg for å sjå betre ;-) No skal eg gå i skjul, for så komme fram og belønne... før ho sitter. Prøver på det vertifall.

Når det gjeld alt det andre som gjekk dårleg, heng det nokk litt samen med det at strekken på belønninga, ikkje trykket langt nok ennå. Ho går knak bra på trening, men forventar lønn for stevet, det ligg eit vesentleg punkt.. Raske neddekka på dekk under marsj hadde ho. Raske forflyttingar på avstands kommandoen har ho.

Arwen er ein hund med eit enormt potensiale for lp, men om eg vil klare å utnytte det er ei anna sak, synet lp ikkje er fult så moro som jakttrening, og prioriteringa i trening blir der etter. Trene må ein skal ein bli god, vi skal vertifall ikkje skunde oss.. med ta det som eit langsikt mål.

16.09.06

Uff... lp prøve i dag, og det var ikkje vår dag i dag der nei.. det starta med 0 på fellesdekken, ho låg når eg gjekk og ligg  nåe eg kjem igjen, men ho hadde vist sitte medan eg var bak teltet ;-) I tilegg fekk oss to 0ar  til. Nokre øvinga gjor vi det bra på, blant anna innkalling med stå her fekk oss 9,5 bra!! Stå under marsj 8,5, kontroll ovr hunden på avstand fekk vi 8 på.

Før vi startar på noko ny offisiell prøve må vi få orden på fellesdekken. Det blir litt moalaust å starte når vi har 0 på den, kanskje hunden føler det også ;-) Vi tar ei lang pause utan prøver. Appellkuppen til SHK skal vi prøve å få med oss, det blir konkurransetrening.

Litt fellesdekk trening blei det på oss i dag etter vi hadde gått vår prøve, vi blei brukte som hjelpehund, både i kl 3, og tilslutt for ein kl 1 som skulle gå sist. Ho ligg roleg når eg ikkje er i skjul, så vi må nokk finne ei løysing på dette sette seg opp problemet vårt.

12.09.06

Her er vi slappe, med treninga...

Var i veg å trena litt lp i går kveld. Ingen hundar å trene fellesdekk i lag med, men vi trena enkel dekk med masse uro, ho låg lenge og heilt roleg. Ho kan kl 2 øvingane brukbart, fri ved fot slit vi med, ho går skjelvt.. Dei andre øvingane er ho ganske bra på, og det er nokk 10, og 9 øvingar på trening, så med litt tid, og flaks kan det bli bra.

02.09.06

I dag har vi vore på lp prøve, og det gjekk ikkje bra. Berre tull, 0 på fellesdekk, og 0 på dekk under marsj ;-) då var løpet kjørt. det blei ein 3pr.Fri ved fot er ei øving vi slit med, men i dag var det ekstra ille, ho snusa i bakken hopp i lufta, var med andre ord bortreist, i tilegg tok ho fleire felt søk etter godbitar.

Det er vi så klart ikkje nøgde med, så korleis vi skal bli god på prøve, det må vi finne ut av. Det positive, er det vi fekk 9,5 i helhetsinntrykk. Vi skal gå ei ny prøve om 14 dagar, så vi får jobbe intensivt med lp no...så får vi sjå om det hjelper.

16.08.06

Vi trener no til KL2 start, og eg har prøvt og få trene litt fellesdekk, to Onsdagar har eg reist til SHK -bana i Olsvika, der er litt meir folk som trener enn her inne. Der er og  Agility trening "bråk",  det er nesten alltid agility også på stemner, dette momentet må Arwen tåle, og likevel gå bra. Arwen er treningsvilling, har høgt tempo på øvingane. Det vi slit mest med er fri ved fot, ho går skjeft, og for langt framme, ho går med god kontakt, men på feil plass. Dette har eg jobba med, men ser ikkje noko målbart resultat ennå.

19.07.08

Har trena ein del lp siste dagane, og i dag hadde vi karbonade som godbit, det blei for godt. Tempoet var sååååååå høgt at det var på grensa til kva vi kan jobbe med, avstands kommando var svert rask, ho prøvde seg utan kommando, men det gir ikkje utteljing. Hopp over hinder med metall apport, svert godt tempo. Vi trener litt delemoment kvar dag, og no er det slik at Arwen vil gjerne trene, og ho har fått tilbake tempo sitt. Vi har starta sykkeltrening i tilegg symjar ho ein god del, dette for å behalde god kondis. Lp momenta skal utførast i svert stort tempo, og med konsentrasjon, og perfeksjonisme, det krevjast god fysikk til.

12.07.06

Skal prioritere LP- har gitt opp Jakttreninga for i år, (med tanke på prøver) Vi skal trene mot 1pr i kl 2. i staden, opprykk til neste år ? eit lite mål

27.06.06

Fellestrening i går kveld. Fellesdekk, og ut til kloss var dei øvingane som eg 0 på på konkurranse, dette trena eg.

Arwen låg roleg på dekken når vi trena, her såg ho kor ei blei av når eg gjekk i skjul,  ho ligg heilt still, eg kom fram og belønna ein gong i løpet av 4 min. Ut til kloss var ikkje noko vanskelig når vi trena i dag. Dette er ei øving som er enkel vi må berre få generalisert det på prøvesituasjonar, og kanskje med klossar av forskjellig storleik og farge. Dette momentet med kloss trena vi ein god del på.

I tilegg trena vi på avstands- kommando og dekk under marsj. Ho kanne øvingane rimeleg bra, men ho skal kunne dei super raskt så her må det jobbast, og trenast utan dobbel- kommando. Ho lar seg ikkje distrahere av andre hundar, vi jobbar tett på utan at det har noko å sei for henne. Det var og eit heilt kvalpekull ( 11 stk. hoff- kvalpar på trening i går så litt miljø- trening blei det og) her fekk ho helse og snuse litt.

24.06.06

Vi debuterte i lp KL2, hi hi.. ikkje så enkelt som på trening. Arwen var ein treg..hund i dag.. Fellesdekken, der sette ho seg opp, og sitter fjellfast, dette kunne ho ikkje, og det skal vi klare og løyse. Den andre 0, denne øvinga kan ho spikra når påvirkning blir gitt i form av at eg sette ut kjegla, men i dag forstod ho ikkje kva ho skulle, dette vil eg tru vi klarar å finne ei løysing på. Dekk under marsj var og utruleg sløv, ho hadde dårleg tempo i dag virke trøtt.

Dobbel kommando på hopp over hinder, og dobbel kommando på avstandskommando, det gjenspeiler karakterane, sjølve momenta var bra når ho kom i gang, men ho var TREG virka trøtt.

Det positiv tilslutt, 10 på apporteringa, og 9 på innkalling med stå, det er bra.. vi hadde vore lyspunkt i dag og..

19.06.06

Ein snartur innom hundetreninga for å trene ein fellesdekk ;-) Arwen låg i ro, og det hadde eg rekna med også. Håper berre ho gjær det på prøve også... ikkje berre på trening. Noko anna blei det ikkje trena på. Ho er nokso utslått etter helgas reising til fosen på jaktprøve.

09.06.06

Har trena på dekk og bli, det blir enkel dekk.. Har ikkje hundar å trene i lag med, så vi trenar åleine. Litt trening på dekk under marsj driv vi med, det ser no ut til at det har ho lært.  Vi kan nesten alle øvingane, innkalling med stå er ikkje tilstrekleg innlært, men vi har ein plan om å få til det og..  Neste steg bli å starte i kl 2. Arbeidsvillig hund har eg.

03.06.06

Lp momentet dekk og bli, har eg no endeleg starta å tenke på, har i dag trena det i stova ;-) 4 min. Her er det at Arwen skal huske på at ho ligg i dekk, og ikkje spring til kjøkkenet om det dett ned ein mat bit eller to, det kan faktisk være lurt å trene slik inne også. Dekk med skjult førar skal ho no lære på rekord fart, så får vi sjå om vi skal melde på noko i lp i år. No sitter dei andre øvingane ganske bra, så vi har håp på ein premie i vertifall.

21.05.06

Har trena litt lp moment kvar dag, ho er topp motivert, dei fleste øvinga til kl 2 kan ho rimeleg bra, dekk under marsj har vi ikkje lært inn enno, i tillegg dekk med skjult førar, det må vi også jobbe med.

13.05.06

Trening med pølse i dag, det fekk fart på det meste til å med på konsentrasjonen. Arwen skulle ikkje  feile i dag ;-) Avstandskommando her brukte vi pølse bak, tempo opp og ned var veldig bra, avstanden eg brukte kunne gjerne vore lenger.. her var Arwen skjerpa. Konsentrert blikk rett i mine auge for å få med seg alt, ho ville ikkje gå glipp av pølse ;-) Ho veit at flyttar ho seg utan at eg har gitt kommando, så blir det ikkje pølse !! ( vi bryt og startar på nytt)

I tillegg trena eg litt "dekk og bli" den øvinga må vi trene før vi melder på prøve.

Metall apport fekk Arwen og i dag, her var tempo og opptak svært bra.

11.05.06

Slapt med trening, det er ein god del ting som må på plass før vi kan melde på kl 2. Har så smått starta på å lære inn dekk under marsj. I tilegg har eg ikkje trena dekk og bli med skjult førar, og eg har ikkje trena dekk og bli i lag med andre. Her må eg skjerpe meg. Dei andre øvingane kan ho, men ikkje til 10, og målet vårt er høge karakterar på alle øvingane.

01.05.06

Har trena litt i dag, avstandskommando, ut til kloss, i tilegg trener vi på plass eller fri ved fot. Stå trena vi, vi er litt lite motiverte til lp trening, men vi prøver likevel. Har eit lite håp om å bli start klar til juni.

20.04.06

I dag har vi starta på ..å lære inn dekk under marsj, det er siste momentet som må inn før kl 2 er klar til start. Skal nokk vere rimeleg sikker på 1 pr. før vi starta så vi har ikkje i tankane å melde på noko lp konkurranse ennå. Fri ved fot må vi jobbe litt meir med, ho går skeivt det vil ikkje gi oss topp karakter, her må det jobbast. Ho går forresten å bærer på godbit skåla si, det er kanskje ei indirekte melding til meg om at vi skal trene ;-)

Trener meir på avstandskommando, matskål bak, i dag kom ho ein par cm framover, og det kan ho ikkje så er må det tenkast.
12.04.06

No isolerar  vi avstandskommando, terpar litt her.. bruker forsterkar bak hunden "godbit" ( betre enn tennisball for henne) akkurat no. Vi brukar og ball som avstandensbelønning, men no fortrekker ho godbit. Eg jobbar med å få ho rask og sikker i fleire avstandar, opp til 10 meter skal vi ha i første omgang. Det skal vere raske forandringar, og utan bevegelse, der for er belønninga bak. Ut til kloss er så å sei i boks, no har ho slutta og apportere kjegla.. vertifall når vi trenar heime.

11.04.06

Trena litt lp i går etter kurset, det har ikkje blitt fellesøvingar på oss no når kursing på går. Arwen har dei fleste kl 2 og kl 3 moment inne, men vi har ikkje montert det enno. Når vi startar veit eg ikkje, men vi bør og skal være sikker på 1pr før vi starta. Der stressar vi ikkje.

02.04.06

Litt lp moment trenar vi kvar dag, i dag har vi fokusert på avstandskommando, ut til kloss. Litt fri ved fot har vi også trena. Har ikkje tatt stilling til når vi skal starte i kl 2, derfor er det litt så som så med målrettatrening. Dekk under marsj er nokk det øvinga vi ikkje har gjort noko med enno.

14.03.06

Fellestrening, Arwen var med på fellesdekk, eg synast ho ligg veldig rett, rører seg lik 0 . Eg klikkar så ho får utteljing får di ho ligg perfekt. Sitt er ho og veldig trygg på, eg går utav syne rundt andre, men ho sitt still utan å flytte på labbane, og det er bra, trippar ikkje. Det var glatt underlag så lineføring/ fri ved fot vart ikkje trena. Her har vi skeiv gange, ( ho går skrått) men full kontakt, og ved kne mitt. Det blir nokk ein del trekk på denne gangen, men kor mykje, skal prøve å forbetre det.

Vi skal ikkje starte i kl 2 før vi er bombe sikker på 1pr. og får vi ikkje 1pr. då er det eit uhell, og det er slikt som skjer.

11.03.06

Hopp over hinder med sitt, vi skal prøve og etablert avstand frå hoppet der sitten skal vere, utan musematta litt jobb er det.

08.03.06

I dag har oss trena hopp over hinder med sitt. Avstands kommando er ein anna ting vi held på med, her må eg bruke belløning bak som forsterkar, og det ser ut til å fungera kjempe bra. Skal no opparbeide god avstand utan bevegelse før vi prøver utan bellønning bak. Arwen er super glad i lp trening, og ho er ei glede å jobbe med.

07.03.06

Det blei litt lp trening i dag, fri ved fot trena vi på bana i Olsvika. Arwen gjekk bra i dag. I tillegg fekk ho hente apport bukken eit par gonger.

06.03.06

Fellestrening i dag, god kontakt på lineføring/fri ved fot. Fellesdekk litt i skjul, her låg ho roleg. Dette momentet må eg trene meir, vi må vere 100% trygg før vi startar på kl 2. Apport fekk ho som superforsterkar til slutt. Dette momentet er ho så glad i at det teller som ein super beløning.

02.03.06

Vi har trena litt med naseprøve pinne gjømt i snø. Avstands kommando er og eit moment vi jobbar med, men mest snø kos no.

25.02.06

Litt tening, ut til kjegle, der har vi eit lite apport problem ;-) det dukkar av og til opp, ho tar berre med kjegla.. alt er fole kjekt å bere på.

19.02.06

Trena litt i dag, laga film om hopp over hinder med sitt, den kan du sjå på ! Vi trena litt utsending til kloss, i tillegg jobbar vi med avstands kommanderinga.

06.02.06

Fellestrening i kveld. Vi trena lite mest sto og prata.. Dette er også trening, då eg vil at Arwen skal være roleg, det oppnådde eg i dag, ho står og ser meg i auge ;-) og eg klikker ;-) det er det som er målet vårt også.

Felles sitt, og felles dekk trena oss og det gjekk bra.

01.02.06

Trena litt lp i dag, framsending til kjegle på anna plass enn der vi har trena det inn ;-) her var det kunn apport av kjegle, håplaust. Vi fekk det tilslutt til, men på konkurranse går det ikkje, så her må det generaliserast. Avstand kommando var vanskelig her må vi og jobbe, være kreativ i val av treningsplassar. Til slutt må eg få med noko positivt, og det er at ho tok bråstopp i innkalling med stå.

30.01.06

Fellestrening, høgt oppe i dag Arwen. Men vi klarte å trene med litt avstand til dei andre. Sitt og bli i to min, enkel, det gjekk no rimeleg bra. To hundar i fellesdekk, denne øvinga var og bra, her klikkar eg og forsterka nokre gangar i dag. Litt fri ved fot trening, i tilegg blei det både apport og innkalling.

29.01.06

I dag hoppar ho hinder på alle avstandar, vi kan sei at framhopp er i boks.

27.01.06

To små treningar med lp- trening i dag, fram hopp over hinder er det vi har jobba med, og som kjent arbeid ber frukter. I dag hoppar ho framhopp på tre meter i tilegg kan ho sitt, og tilbake hopp frå før. Så då er den øvinga i boks, vi testa den også til 10 ;-)

Avstans kommando, er og ei øving som vi så vidt har starta på, no er kommandoane inne her så her er det berre å montere. Vi har og perfeksjonert litt fri ved fot eller på plass gåing. Masse moro jobb.

25.01.06

Trena lp i dag !! No har eg bestemt meg for å lære inn det vi manglar til kl 2 start. Vi starta med framhopp over hinder, der hoppar ho utan å stusse når vi er nær hinderet. På litt avstand nøler ho, så eg skal gå cm for cm bakover i innlæringa. Tenker eg skal ha øving; slik at ho kan ta hoppet alt frå helt nært til ca 10m. Utsending til kjegle, no tok eg med kjegla ut, dette momentet har vi kunn trena inn før. Her er vi godt i gang.

Mykje godt arbeid framføre meg ;-)

18.01.06

Tok ein tur til Shk sin bane i Olsvika for å trene litt, no er det genrialiseringa som skal til. Vi har ein uryddig fot gåing det må eg jobb mykje med framover vist eg skal tenke på lp start, og det skal eg. Det ho er kjempe bra på er innkalling, rå. Det var også agility bråk når vi trena fellesdekk og det var positivt, slik trening er gull verd.

16.01.05

Fellestrening, i dag fekk Arwen leike seg litt!! spring gal i lag med kvalpar ;-)

På fellesdekken ligg ho ganske roleg, i dag klikka eg og forsterka nokre gonger, ein del forstyrelsar var der også, men det gjekk veldig bra. I tilegg trena vi lineføring, fri ved fot, innkalling, apport.

14.01.06

Tur innom Shk, for miljø trening. Litt trening blei det ikkje mykje, men Arwen fekk sjå litt andre enn dei ho ser til daglig. Kontakt og konsentrasjon må bli betre når vi har forstyrelsar,  her er det kunn ein ting som gjelder... trene meir i gruppe med andre.

11.01.06

I dag var det 6 stykkar på fellesdekk, rekord det går sikkert  mot vår!! Arwen låg så klart heilt still. Elles så er det lite trening, vi er ikkje heilt i gang med lp treninga ennå. Men...

02.01.06

Årets fyrste fellestrening. Det var glatt, og ikkje så mykje trening på oss.  Det blei ein fellesdekk, og ho ligg still. Trena litt lineføring, og kontakt.

20.12.05

Utsending til kloss har vi trena inne i dag, det går bra. Ho har skjøna øvinga, og då er eg nøgd.

19.12.05

Trena fellesdekk, to hundar. Litt fri ved fot, innkalling. Dekk og innkalling sitter, men fri ved fot er det verre med. Ho går på fot, men... ho går langt framme og skeivt ;-) Seksar fri ved fot, her må eg skjerpe meg. Ser meg i auga heile tida, men plasseringa er dårleg.

01.12.05

Har i dag trena litt meir på framsending til kloss, Arwen blir tryggare på denne øvinga.

29.11.05

Har siste dagane trena litt, fri ved fot. I tilegg momentet framsending til kloss, ho lærer etter kvart dette og. Vi trenar i grunnen lite lp moment ;-) må nokk skjerpe meg, vi skal ha høge karakterar når vi debuterar i kl 2.

22.11.05

Fellestrening, dekk og bli trena vi i kveld, og ho har skjøna øvinga no håper eg, ligg i dekk til eg kjem tilbake. Terpa litt lineføring her ligg ho litt forann, det er betre enn bak, men ikkje bra nokk til oss. Innkalling her kjem ho som eit skudd, har lukkast bra med denne treninga det finst ikkje tendens til tjuvstart heller, men tempoet er rått. Vi trener litt for lite LP, eg har ikkje nokk motivasjon, jakt trening er sååå mykje betre å trene. Målet har vi enno, men vi stressar ikkje.

18.11.05

Framsending til kloss, he.. he. no forstår Arwen dette, og øvinga er i boks.

03.11.05

Hopp over hinder med sitt, er vårt prosjekt no, tilbake hopp, og på plass er heil geit, fram hopp har vi igjen å lære, og det er det vi har trena i dag.

01.10.05

Framsending til kloss har vi trena i dag, inne i stova.

31.10.05

Ein tur innom fellestreninga i dag, ikkje noko trening av avanserte moment på oss, vi kun kosa sitte roleg slappe av. Dette momentet er nyttig, kunne være til stades på trening utan at det skal skje anna enn sitte ned å kose. Jau, ho måtte ligge i dekk (enkelt dekk ei lita stund medan andre hundar var rundt.) Det gjekk no svert bra.

26.10.05

I dag har vi trena fram til kloss i stova. Er litt usikker på dette momentet korleis vi skal te oss på bana, i reglane står at du kan bruke teikn, og eller kommando. Det vil sei att eg kan vise retning og sei kloss, då er det no problem, men skal eg opp i ståandes og berre sei kloss forstår ikkje Arwen den sprøyt.

17.10.05

Vi har trena litt lineføring, i tilegg har vi repetert nase prøve, vi tar det rolig no når Arwen har løpetid.

05.10.05

94

Trena på hopp over hinder, frå førar det var ikkje lett, tilbakehopp er mykje enklare. I tilegg trena vi i hagen med utsending til kjegle.

03.10.05

93

I dag har eg henta ei kjegle inn i stova, og vi er no på god veg med utsending til kjegle. Felles trening i dag, i dag blei det dekk trening, og ro øving. Arwen ligg roleg i fellesdekkar no, og eg har tru på at ho skal bli god på dette momentet, når ho får det skikkeleg inn i kroppen.

01.10.05

92

Har så smått starta med enkel dekk, skjult førar.

28.09.05

91

I dag har eg prenta ut reglane for klasse to, no er planen og starte klasse to til våren. Vi skal no tenke på fremmad sending til kloss, det har vi ikkje trenet på, også hopp over hinder med sitt, det er dei to øvingane, som eg har tenkt å lære inn no, dekk under marsj, og innkalling med stå må vi også lære. Ruta skal eg også lære Arwen i løpet av vinteren. Og då skal vi ha det meste inn tenker eg.

26.09.05

90

Appellcup. I dag gjekk det betre med oss. Vi fekk totalsum på 172 og det er eg godt nøgd med. Arwen låg i ro på fellesdekken og fekk i tilegg 10 på dekken. Ho går stort sett bra dett ikkje av lasset, men har stor motor i gjennom heile konkurransen, og det er den aller vittigaste eigenskapen ein konkurransehund kan ha.. Lineføring og fri ved fot er våre dårligaste øvingar her må vi jobbe meir, ho hoppar og sprett for mykje går litt for lang framme, men er med. I går var det mykje hundar og ein god del forstyrelsar, dette er bra og vi må utsetje oss for slike trenings situasjonar skal vi bli betre.

17.09.05

89

I Ørsta, på stemne i dag kapra vi oss ein 1 pr., og det gjor godt, vi har plagast litt med fellesdekken Arwen vil gjerne sitte i staden. Det kan ho ikkje gjere på ein felle dekk, og i dag gjor ho akkurat som vi har trenet og vi fekk ein 10 ar, og det gjor så godt. Karakterane var nokk ikkje topp i dag, men vi kom nå over den magiske grensa for å få 1pr, og det er alt som teller i dag.

14.09.05

88

Appellcup. Helt bak mål i dag var det berre ball med oss :-(  Tannvisning her sitter ho ikkje som eg veit, og har trenet masse på det, no ho har starta å rygge. Trur ho rett å slett ikkje likar dette tannvisnings momentet. Fellesdekk blei ikkje fellesdekk med henne, meir sitt, ho sette seg opp etter 30 sek, og sat resten av tida, det blei nokk 0 igjen på den øvinga. Dei andre øvinga var like håplaust. Arwen er ikkje trena med aglity bråk, og når det kjem inn, er ho ikkje konsentrert i det heile. Det blei 0 på stå, og skammelege lave karakterar på dei andre øvingane. Dette var ikkje bra, men det er løysing på det, men det tar tid, generalisering eller trening i slike miljø vil nokk hjelpe. Om eg vil prioritere det er ei anna sak.

Jakttreninga er for meg mykje viktigare, og det har topp prioritet. På den anna sida skal eg stille på lp så er det for å skåre høgt ikkje berre for moro skuld så eg må nokk bestemme meg snart om kva eg skal gjere. Om eg startar Laurdag får vi sjå, magefølelsen seiar at vi ikkje skal starte med uferdig hund, men konkurranse lysta overvinn nokk no og.

12.09.05

87

Fellestrening i dag, og fellesdekk.  4 hundar i fellesdekk, Arwen med hundar på begge sider. Trena litt fri ved fot kvar dag, ho er no ganske stødig i dei fleste moment. Tannvisning er eit ømt punkt. Ho slit med å sitte i ro.

11.09.05

86

Har i dag trena innkomst til hoppet, vi skal kanskje stille på prøve Laurdag, og dette med tjuvstart på hopp drar ned karakter. I tilegg enkel dekk på minst 5 min har vi trena. Det er ikkje det same som fellesdekk, men når eg har berre ein hund så får vi trene åleine. Innkalling har eg opplevd at ho av og til legger seg når eg går i frå kvifor har eg ikkje helt skjønt. Her må eg trene litt på at ho ikkje legger seg.

Vi skal behalde arbeidsgleda så eg stiller ikkje krav, kunn trenar for at vi skal bli betre, og ho skal lære alle momenta 100% .. feilar  ho bryt eg berre av utan noko om eller men, det blir berre ikkje noko godbit eller ball då.

Håper likevel at fri ved fot er ved kne, og ikkje ved skuldra, som sist vi stilte på prøve. Tannvisninga trur eg blir vanskeleg, 0 blir det ikkje, det er det at ho er så supersosial som gjer det at ho ikkje klara å sitte i ro.

30.08.05

85

Enkel dekk 3-4 min. Fri ved fot her blir vi betre.

26.08.05

84

Enkel dekk i dag, det er det momentet eg er mest spent på før neste prøve. Må nokk trene det litt overalt, og lenger intervallar slik tida kjem i kroppen på Arwen. Litt naseprøve moment, fri ved fot trena vi og.

18.08/.05

83

Fri ved fot, hopp over hinder, nase prøve og til slutt apport av metall.

I dag satt naseprøva som eit skudd, topp arbeid av Arwen, ho har ikkje tygging på pinnen, og ikkje nafsing på pinnane i søket. Metall apporten er berre rå, farta er som i alt anna berre råbra. Hopp over hinder måtte eg avbryte og ta oppatt. Inngang til hoppet tjuvstarta ho på, då braut eg og vi tok den på nytt.. ikkje hoppe før kommando, for då blir det ikkje godbit, ho gjer alt for ein kvart frolik ;-) Dekk og bli måtte ho også i dag, og det ei god stund. Låg roleg så det er håp for oss i lp også.

15.08.05

82

Felles dekk trening i dag, tre dekkar, og tida var 3-5 min. Arwen er på veg til å lære dette momentet også .To hundar på første dekk og så tre hundar til slutt 4 hundar. Arwen låg på kanten på alle dekkene, neste trening skal ho ligge i miten.

Lineføring trena vi, her må eg vere flinkare, vi trena for mykje fri ved fot, og ikkje lineføring, med band får ho slik på tur følelse, og det er ikkje lineføring. Lineføring skal vere som fri ved fot, men med koppel. Har fått litt orden på fri ved fot ved skuldra no, ho er meir nede ved kna der ho skal vere.

Tannvisning er det vere med den er håplaus vanskeleg. Her må eg nokk trene meir intensivt, ho var bra, men eg har ikkje trena tannvisning på ei stund... ho har gløymt det klarer ikkje, sitte still vil gjerne helse. Får ikkje 0, men ikkje 10 heller det er det vi vil ha.

15.08.05 ( Tidleg på dag)

81

Fri ved fot dette har vi trenet litt i dag. Ho blir flinkare etter kvart.

08.09.05

80

Fri ved fot, naseprøve. Feila på naseprøva.. i dag ho tok og smaka på pinnane, og i tilegg tok ho feil pinne :-(  Ho går no betre fri ved fot, det er eit håp om at eg skal få ho ned på bakken ;-)

08.08.05

79

Lineføring, fri ved fot trening. Passivitet i lag med andre hundar.

03.08.05

78

Trena litt lp i dag. På plass og fri ved fot har vi ikkje trena på lenge, kunn fot (det vi brukar under jaktrening). Og der skal ho sjå fram.

I dag brukte vi på plass.. ho skikkeleg kosa seg under treninga, tydleg det gjer seg med pause. Hopp over hinder trena vi. I tilegg måtte eg prøve naseprøve, og i dag la eg pinnane på rekke, ho snusa seg fort og perfekt bort til riktig pinne. Enkel dekk trena vi. Må nokk trene ein del på dekk og bli, det må vi slutte og 0 e på.

Hadde tenkt å ikkje starte på fleire prøver i år, men passer det så melder vi på ei til.

18.07.05

77

Felles dekk med to hundar, det var vellukka trening. Arwen låg i ro. I dag gjekk eg ikkje tilbake før eg avslutta øvinga. Trena litt med laus hund rett framfor andre hundar. Det gjekk bra ikkje noko tull i dag. Kontakttrening, gå på plass med full kontakt tett på andre hundar. Her bryt eg vist ho ser bort. Skal ha full kontakt ved denne øvinga, spring marsj er ei historie for seg sjølv.. ho hoppar er i høgde med skuldrer, eg bryt då av og vi må starte på nytt..

17.07.05

76

Første lp trening etter LP- prøva, der eg vil notere...

Enkel dekk trena eg ein gong førige måndag også. Felles dekken er ei øving eg må lære Arwen.. Trena enkel dekk på plenen i dag, og ho gløymte seg, sette seg opp det skjedde lyn kjapt. Så her går det ikkje ann å sove i opplæringa nei. Eg trena fri ved fot, der gjekk ho i høgde med knea i dag ;-) ikkje i høgde med skulder, dette er eit så kalla luksus problem . Ho har god fart og det er det aller viktigaste. Naseprøva trena vi i dag, den satt. Hopp over hinder med apport både metall, og tre. Og under marsj. Skal ta og lære inn ruta no, ho treng utfordringa skal haude kapasiteten auke. Som sakt før lp er kunn for moro. Og då lære vi inn det som er moro, som å springe til ruta, det er mykje kjekkare enn å ligg i dekk :-)

04.07.05

Oppsummering: etter prøve.

--

Oppsummering: 9.5 i heilhet og 9,5 på siste øvinga er eg nøgd med. Fellesdekken blei 0. Ho reiste seg halvt opp og sat til det var igjen to sekund då la ho seg igjen. I tilegg røyste ho seg opp når eg kom inn til ho. Dette er kunn at det ikkje er tilstrekeleg lært. Lineføringa er eg ikkje nøgd med det er vårt svake punkt.. Ho hoppa mykje under lineføringa, og fri ved fot. Fri ved fot i høgde med skuldrene ;-) skal det ikkje vere. Vi skal ikkje starte meir i år. Eg har ein kjempehund, og vi skal langt, men lp er kunn syssel setting. Eg har ein hund som har eit kjempetempo, og det er heilt naturleg utan at ho skruast opp i stress modus. Går som ei kule tross varmen.

01.07.05

75

Lineføring... Det trena vi i dag, og kunn det.

29.06.05

74

Fellesdekk, og litt kommandering, lineføring er  botn i bøtta, trur eg er heime på Søndag. I tilegg la ho seg på sitt, ved innkalling ? stå var ikkje som den skulle heller... Tann visning er også litt på grensa, ho slit med å sitte. 

25.06.05

73

I dag har vi trena på øvingar som ikkje er i kl 1, men i kl 3, og elite. hopp over hinder med apport bukk, og metall apport. Desse øvingane er ho super flink på, i tilegg har vi inne naseprøva så vi er i rute. Det vi ikkje er sikre på er fellesdekk, der har vi trena litt for lite, men vi må ha fleir hundar skal vi trene det, og no har eg berre Arwen.

24.06.05

72

Fri ved fot, stå under marsj, innkalling har vi trena. I dag gjekk Arwen rå bra fri ved fot, i alle gangarter, og med kontakt. Dei to andre øvingane er 10 på trening.

23.06.05

71

Naseprøva funka i dag, trena fyrst to søk i graset med 1 pinne, for der etter legge dei på rekke, ho snusa seg fram til den riktige fort, og utan tvil ;-) Hopp over hinder trena vi, fri ved fot er berre terping, og kjedeleg, men det må til skal eg få opp karakteren på den øvinga. Lineføring har vi ikkje trena, der må eg skjerpe meg.. på med line og tren.....

14.06.05

70

Har i dag trena lp- øving, apport av metall, og tre, der er momenta svert bra. Naseprøve har vi trena i dag, enkelt søk på pinne, med "din" kommando som hovud oppgåve. Rett pinne var og plukka når eg hadde fleire framme. Fri ved fot er vi på ny innlærings stadiet, 0 bevegelse utan kontakt, og 0 belønning utan kontakt. Her må eg skjerpe meg, eg vil ha ein nydeleg fri ved fot, ikkje ein 5... ar det er ikkje kjekt. I går kveld trena vi fellesdekk..  4 hundar, eg klikkar og belønnar ein del variabelt. Enkel dekk trening i dag, med belønings intervall på over to min.

07.06.05

69

Lite tid til lp -trening, men vi er med enno. Naseprøve satt som spikra i dag, og det er ein seier. Eg måtte gå tilbake med denne øvinga, og har i lang tid kunn trenet på søks momentet. I dag brukte eg fleire pinnar, og det funka stor jakpott blei utdelt då. Ting tar tid, og eg har ikkje hastverk. Felles dekken er den eg er mest usikker på, eg har prioritert jakttrening, så tida strekk ikkje alltid til. Lineføringa, og fri ved fot har eg starta på nytt med, der må vi trene intens, god skal vi bli.

01.06.05

68

Felles dekk trening i kveld, eg brukar variabel forsterkning, trener ikkje to min utan lønn, det er for tidleg tykkjer eg, masse uro, trena to dekkar, bytta plass med ein hund.

Har gått tilbake mange steg i lineføringstreninga, der må det terping til, og er litt usikker på kor eg skal få ho til å holde på kontakta i konkurranse over lenger tid. Vi har i tilegg trena litt på naseprøve, det er ei øving eg ikkje vil bli hengandes etter med på grunn av mangelfull innlæring. Har trena  på det, fleire dagar etter kvarandre, og eg har følelsen av at det komer til å sitte snart.

28.05.05

67

Felles dekk trening i dag.. vi har trena lite i det siste, men eg skal trene masse lineføring ei tid framover, og i tilegg skal eg trene på raske dekkar. Stiller kanskje på ny lp prøve, og målet er 1 pr.

25.05.05

66

Trening av fellesdekk, og enkelt dekk var det Arwen fekk av lp moment  i dag.

22.05.05

65

I dag starta vi for fyrst gong på prøve, Og Arwen var sjuk så utgangs punktet var ikkje helt bra, var i tvil om eg skulle reise, men satsa på at magen var tom, ho har sikkert ete noko som ikkje var bra..  Dekken reste ho seg på, dei to side hundane for ein etter ein, Arwen er ikkje tilstrekleg trenet til å tole at dei andre spring frå dekken. Ho vart usikker og tok like godt å sprang ho og. Lineføring og fri ved fot var elendig, men eg trur at litt av grunnen var at ho var ikkje bra, ho gjekk seg opp, og avslutta med 9 i helhets inntrykk, og det er no også ein viktig karakter.

15.05.05

64

No er det kl 1 moment vi setter i hop, har trena litt heile øvingane no.. .  og vi har trena heile kl 1 programmet, ho kan alle øvingane ganske bra, men det er no i trenings samanheng på prøve blir det litt...  ja, ingen kommentar, vi veit ikkje enno om vi startar.

27.04.05

63

Dekk å bli, trena Arwen med ukjent hund, med masse uromoment rundt. Eg forsterkar masse, vil at ho skal lære utan å feile.

26.004.05

62

Trena ein gong alle øvingane til kl 1 i dag, og ho går temmeleg feilfritt, men det er helt utan forstyrelsar. I tillegg fekk ho av slutte med ein ordinær appoertering av tre, og metall.

25.04.05

61

Vi har treent litt variert no, lineføring går framover, vi blir betre. Tannvisninga, det er håp, felles dekk der er det også håp, vi er snart prøveklar. Når vi kan gå til  på 1 pr. på trening startar vi.

18.04.05

60

Fellestrening, etter kurs i går. Eg var ein dårleg trenar i eit sekund, Arwen spratt  opp av dekken sånn plutseleg utan at eg las at ho tenkte det.. pussigt, eg må vere våken når eg trenar. Vi trenar litt spring marsj, det gjekk  bra, kanskje vi er på rett veg, i tilegg trena vi tannvising, det er ei nøtt som må jobbast med.

16.04.05

59

Tannvisning trenar vi litt på, der har vi framsteg, men ho er litt for snar til å bruke labbane i dette momentet, må trenast meir. Har i dag trena dekk i lag med anna hund, det gjekk bra, brukar ein liten gotehaug "pølser i dag".. framfor ho.  Såkalla Doggi Zen. Var også små augeblink ut av syne for Arwen under dekk treninga. Vi har ikkje vore så flinke til å trene lineføring så eg er etter i tid. Det er ikkje klikkartreninga som gjer det at vi ikkje er start klar, men det eg ikkje prioriterar nokk lp -trening. Skal kome sterkt når vi kjem.

11.04.05

58

Litt lp trena vi kvar dag, vi held på å terpe på fri ved fot. Kva tid vi skal debutere har eg ikkje planlagt, vi skal vere bombesikker på 1.pr før vi startar. Og eg kjem til å trene dekk i lag med andre hundar, det er kanskje det viktigaste for oss no.

06.04.05

57

Trent i hagen i dag, vi trena fri ved fot, hopp over hinder, innkalling, stå under marsj, apportering av metall, og tre over hinder. I dag brukte eg fille leik uner fri ved fot treninga. Ho har ein tendens i å gå for langt fram, men er lynrask tilbake når eg stoppar, håper det ho skal skjerpe seg, og ikkje gå so fort, vi jobbar med saka.  Dekk har vi ikkje treent på fleire dagar, eg har ikkje villa det no når ho har hatt løpetid, men i morgn skal vi trene enkel dekk.

29.03.05

56

I går var vi på felles trening, Arwen deltok i fellesdekk, masse klikk å forsterking, men ho er no i ferd med å lære seg den. I tilegg trena eg sitt å bli, men hundar rundt, det med går bra. Lineføring det slit vi med, der må vi tren meir eller minder, vertifall er ikkje det  i rute.

26.03.05

55

Innkalling, dekk frå holt, stå under marsj, hopp over hinder, apportering  av metall, og apportering av tre, desse øvingane testa eg i dag.. Og ho utførar dele momenta bra, eg er nøgd. Tann visning kan ho ikkje, enkel dekk held vi på med, og det går framover. Vi må jobbe med lineføring/fri ved fot.

Hadde eit nytt forsøk på nase prøve i dag, men der må eg legge haude mitt i blåt ;-) har problem.., ligg det ein pinne eller pinne skjult i gras ikkje noko problem, ho snusar seg fram til den, er der fleire ser ho berre på dei. Og grunne ja, eg veit kvifor, eg har snudd meg bort eit par gongar når ho plukkar feil pinne, og det betyr feil. No er ho usikker veit ikkje kvifor eg har meint ho har gjort feil. Det er grunnen.

25.03.05

54

Tre heile øvinga testa vi i dag, dekk frå holt, stå under marsj, og innkalling. Alle øvinga gjekk vi til 10  ;-)

24.03.05

53

Trena litt på naseprøve i dag, det gjekk ikkje så bra. Vi får prøve på nytt igjen..

21.03.05

52

Dekk ved sida av anna hund, veldi bra, det gjekk fint, no er vi eit langt steg framover komet. Line føring, må vi trene masse, ho vil gå lang fram. Der må eg være våken, og trene kort, og rett.

20.03.05

51

Inne trening, dekk og bli med anna hund til stades, kjempe bra gjekk det.

16.03.05

50

Har trenet ein god del i dag, problemet vårt er no lineføring /fri ved fot. Hopp øvingane, hopp under marsj, hopp og apport av tre, og metall, begge dei øvinga sitter som tja.. ho kan det . Dekk og bli, blir betre, og betre, sitt og bli, har vi trenet i dag, går litt i skjul.2 sek ut av syne.. stå under marsj, det får vi til. I tilegg har vi trenet for flytting to til høgre, to til venstre, to rett bak. Spring marsj, er problematisk, det same er vanleg marsj når det blir lenger enn 4 steg,.. her skal det jobbast. Hadde ei lita økt med naseprøve med i dag. Vi skal trene meir på søk momentet, og bruke ein pinne skjult. I dag har eg brukt pølse, og fille. trenet tre økter på ca 15 min.

15.03.05

49

Enkel dekk ute i dag, med ein liten haug  godbitar to meter framfor, skal gå over til skål med godbitar, og grade vis lenger vekk, slik ho lærar at den kan til slutt stå i bilen.

14.03.05

48

I dag har vi trenet dekk og bli, men litt forstyrrelse, når vi var på hundetreninga, det går framover med oss. Trent lineføring, men der ligg vi langt etter planen, der må eg starte på ny, men masse belønning når ho er i posisjon.. Har treent bakparts kontroll, men ho går får langt fram, stoppar eg hoppar ho rett opp og bak, holtar kan ho ;-)

13.03.05

47

Enkel dekk å bli, terping eller kva.. vi skal lære det, no ligg det ein haug med godbitar framfor henne, den får ho etter øvinga er over, Kvalitet sikring av arbeidet vårt er det. Ho har konstant auge kontakt med meg, så er eg kjempe nøgd, får eg til dette i alle miljø ?? det er målet. Vi trena same øvinga, men då med sitt, og bli. Eg brukar kortare tid der.

10.03.05

47

Trent på enkel dekk i dag, 2 stykkar, med 2-3 min. det går framover, no strør eg godbitar på golvet, og ho ligg, og eg har ikkje brukt "nei" så alt er mulig. Fri ved fot, har vi treent, og sitt, dekk, dekk sit.( avstands kommando). Og kome fort inn på plass, trena vi.

09.03.05

46

Konkurranse trening i kveld, første øvinga i kl 1 fekk ho prøve, ho hoppar, sprett ;-) ingen kommentar. Tannvisning, sitte i ro når nokon skal sjå på tenna. Det gjær ho berre ikkje, og eg vil ikkje starte med noko tvang nei, då gløymer vi heller lp- prøve ei tid.

08.03.05

45

No har vi terpa på lineføring, har gått tilbake nokre steg, det treng ho. Vi har ikkje vore flinke nokk når vi har treent lineføring der heng vi etter, bokstaveleg talt. (Ho går fram om meg) Stoppar eg hoppar ho bakover ;-) snedig adferd, som vi ikkje kan stille på prøve med.

07.03.05

44

No har vi treent bakpartskontroll heime inne. Dekk har vi treent, enkel dekk å bli. Der har vi fin framgang, trena med ein del uro rundt seg i dag, og det gjekk kjempebra. Sitt å bli trena vi. Lineføringa har eg litt stagnasjon på, ho virke lite motivert til å trene det, eg skal bruke andre, og betre godbitar neste gong vi trenar med forstyrelse. Heime, og utan forstyrelse går ho bra.

03.03.05

43

Trena litt kontakt i dag, må jobbe litt intensivt med lineføring, fri ved fot. Startar på ny med bakpartskontroll. Ho dett for fort av, så ei he ikkje vore flink nokk, må tilbake nokre steg. Har konsentrert meg om å få til dekken ei periode, då har det vorte lite, trening av lineføring. Dekk må vi trene litt kvar dag, og det går framover, i går når vi var på tur i skogen, trefte vi ein skiløpar med hund, som vi slo av ein prat med.. Arwen starta då frivillige spontan dekkar. "he he" tigging kallar nokre det, men eg ser på det som ein stort framsteg. Ei klikkar, og belønar slike ting ei. Raske spontan dekkar med forstyrelsar kallar eg det, det er min måte å lese min hund på.

28.02.05

42

Trena litt lp- øving i går, og vi har treent litt inne i dag( masse snø her). Dekk å bli, har vi terpa på, det må ho kunne før vi i det heile kan tenke på å starte på prøve. Klikk belønar henne på avstand, når ho har kontakt, og det fungerar bra utan noko form for uromoment til stades..  Kome fort inn på plass, og sette seg riktig,  har vi trena litt på.( ho slurvar på dette ved innkalling) les; eg har vore ein dårleg trenar..   Eit anna moment, lineføring eller fri v. fot må jobbast masse med, der har vi ein del å lære enno, konsentrasjonssvikt, vil gjerne fort fram, og ho går for langt framme.

22.02.05

41

Vi trenar litt kvar dag, no har vi starta "dekk å bli" med litt uro, andre hundar, godbitar på golvet. Godbitar på golvet, gjekk  bra, når eg slepte ned godbitar på golvet, stussa ho litt, men sansa at ho skulle ligg, ikkje ta dei før ho var ferdig med dekken sin. På hundetreninga dekka ho, og låg i bli "litt" med hundar, og personar rundt seg. Vi skundar oss ikkje, men tar tida til hjelp.

18.02.05

40

Har i dag trenet lp, og ikkje alt var like bra, to økter. Første økta trena eg enkel dekk, både inne, og ute. Vellukka trening andre økta, kom Susann, og vi skulle trene i lag, del 1. ein enkel dekk, gjekk bra, den trena vi på kjellargolvet, del to skulle trenast ute.... då var det ei som var 0 i alt, det vart berre slik. Det er nokk berre, og bla opp nye kort, og trene betre neste gong. Og finne årsaka til at det gjekk heit på tryne.

14.02.05

39

Innetrening av enkel dekk har vi kvar dag. I dag var vi på hund trening, og då trena vi enkel dekk med liten grann forstyrelse, tja, no er det eg kjem til kort.. tolmodiges prøve, trenar fortfarane kunn klikkar, og då kjem det ann på om eg fær til denne dekken då. Skal ikkje sei "nei" vist ho røyser seg, må overvakas, og ha so enkle kriteria at ho lukkast.

10.02.05

38

Inne trening, klaskedekk er ønskje målet, og vi er nærmar oss målet no, i tilegg trena vi dekk å bli.

09.02.05

Har i dag trena to økter med lp..  først økta bestod av trening av enkel dekk å bli, i tilegg apport øvingane, metall, og vanleg. Hopp over hinder trena vi også. Den andre økta trena vi i lag med Susann, så då var vi ein som trena, og ein som observerte. Dekk trena vi, enkel dekk, og bli. Innkalling, apport av tre apportbukk. Det kom fram litt uønska adferd, i innkomst vitra ho lukt av andre  hundar, stoppe på tempoet får å skjekke ut den dufta, ja kva gjor eg gale ? og korleis skal eg løyse ein slik situasjon.  "Nei" brukar eg ikkje i trening.( skal ikkje bruke det). Må tenke det ut til neste gong ein slik situasjon dukkar opp.

08.02.05

37

Klikk på spontandekk, enkel dekk og bli har vi treent i dag.

07.02.05

36

På fellestreninga i dag, fekk Arwen det føre seg at no er tida inne før å starte å tilby dekk, og det med brukbart tempo også :-) I dag er eg verkeleg godt nøgd med dagen.

05.02.05

35

Tren litt enkel dekk i stua med forstyrelse, og vi trena det i garasja med forstyrelse, der missa vi, og ho røyste seg.  Dårleg trenar :-(  I tilegg trena vi litt på tannvisning.

03.02.05

34

Som sist, enkel dekk, og klikk på avstand får å gå tilbake å beløne, det funka fint i dag.

01.02.05

33

No er avstands klikket i boks på enkelt dekk, (heime)

31.01.05

32

Felles trening i lp i dag, vi trena litt lineføring, innkalling, tja tjuvstart på innkalling, hoppar på spring marsj, vill ikkje dekk. Det er nok masse jobb før vi er klar til konkurranse.. ;-)

30.01.05

31

Vi held på med enkelt dekk, kvar dag har vi treent litt, no går eg tilbake klikkar, seier ny bli, går i frå. Kanskje eg skal  lære ho at eg kan bruke klikk i avstands øving utan at ho går ut av øvinga ?. Trena litt på å "klikk inn"  leike også, vi har flatt, å den skal ha fart, eg veit kor grensa går, no er det min tur til å få fram farta, som vi har dempa, og det er ikkje noko problem.

27.01.05

30

 I dag har vi treent enkel dekk i igjen, kjedeleg, men det må til. Har i dag gått bort bøygt meg ned klikka, sakt bli på nytt, og gått i frå får å igjen gå tilbake å klikke. Vi fekk det faktisk til. I tilegg har vi treent på "stå" gå til sider litt bak. Flyttar ho på seg blir det ingen belønning, har og leika litt med fille, til bruk for "klaske dekk" det skal eg ha. "Skal prøve alt"

26.01.05

29

Treninga vår går litt opp å ned, i dag kjørte vi til ein stad får å trene litt enkel dekk... vi tok 3-4 sek. det held.. så det kan ta tid. Vi trena det også heime, der går det greitt med nokre sek. 6-7 :-) Ho ligg  medan eg går rundt, så det er framsteg. Ho har ikkje lært seg å bli i posisjonen når eg klikkar er ho fri, så eg må tenke meg ut ein plan, korleis eg skal ha det. Kanskje lære henne å ligge i ro sjølv om ho får klikk.

24.01.05

28

Vi har treent enkelt dekk innom hus i dag, det skal eg gjer kvar dag, til eg kjem opp i 3-4 minuttar. Vi trena litt på hundetreninga i dag, men det er ikkje så enkelt, eg vurderar skru ho opp litt på meg, slik at dei andre hundane kjem som nr to.

23.02.05

27

Trena litt på det at Arwen ligg i dekk medan eg går rundt ho inn att på plass, belønar alltid når ho ligg. Kjeda også dekk frå holdt. Skal no trene litt enkelt dekk kvar dag framover, då brukar eg "BLI"

22 .01.05

26

Har treent litt dekk kvar dag, det med å gå i frå utan å sei bli, og gå inn til, og rundt har vi treent, kvifor ikkje sei bli,... ja det er for at eg vil ikkje nytte "bli" i avstans øvingar, og dekk frå holt. Og vil ha minst mulig dobbel kommando å plukke av. Bli skal brukast kunn under felles sitt, og felles dekk. Og no i enkelt dekk under inn læring så klart. ( vi er ikkje komet til felles dekk enno) Vi slit litt med tempoet når vi trenar lp,  vurdere om eg skal skru ho litt opp med meir leik.

17.01.05

25

He he.. i dag skulle vi trene lp i lag med andre, det gjekk ikkje så bra...... Så vegen fram til konkurranse kan bli lang. Eg trena ganske nært eit par m, men ho forlét meg, får å helse i staden får å sitte på plass. Så vi har eit stykke igjen før vi er klar. Noko bingo start kan vi ikkje ha.

16.01.05

24

Har i dag sytt i hopp moment, må sjå på litt resultat av og til. Vi tok oppvisning før å sjølv eg og Arwen. Innkalling til på plass 10. Apport av metall 10. Apport av trebukk  10. Hopp over hinder 10. Lineføring, og fri v fot må trenast meir, dekk og bli har eg ikkje lært Arwen så det må eg starte på skal vi bli konkurranse klar. Tannvisning må også trenast meir.

15.01.05

23

I dag trena vi litt lp moment i gangen inne. Dekk, sitt, bakpartskontroll har eg starta repetere, bak vending venstre, dekk frå på plass, dekk i front. er ikkje komet so langt som eg burde, men eg har god tid. Sy i hop har eg utsett på ubestemt tid. Må trene litt meir moment.

10.01.05

22

Lp treninga vår, er litt i etterkant av det ho burde vore, men det skuldast ikkje hund, men førar som ikkje prioriterar. Vi har starta med dekk, og bli, tempo ned er ikkje bra, har ikkje fått ned dekken slik eg ynskjer. Stå, sitt, dekk trenar vi vekselvis med kommando, før å gjer henne trygg på ordet, ho skal ikkje vere i tvil når eg seie stå skal ho ikkje legge seg. eller omvent. Det trur eg er ein fordel med klikkar, dette det er ho sjølv som tenker, og blir ikkje usikker om vi trenar ein sitt ein ligg eller to sitter og fem dekker, ho må få med seg kva eg seier, eller blir det ikkje belønning.( dette er når vi har vi trenar med ord) Og ho har fatta pointe.

06.01.05

21

Har trent meir på stå, no går eg i halvmåne rundt ho,  rygge 4-6 meter frå henne, og ho står støtt, det er bra. Har kunn brukt klikk metoden enno, så eg er fornøgd.  Dekk og bli  må lærast, ho kan sitt å bli. Så vi klarer kanskje dekk å bli også, det er "ned dekken" som eg ikkje klarar å få raskt nokk. Tannvisning trena vi, det er eg sjølv som ser på tenna hennar, ho må lære momentet helt skikkeleg, når andre skal sjå blir ho uroleg" vil helse" klare ikkje sitte i ro.

04.01.05

20

Innkalling på plass trena vi i dag. Vi trena også meir på stå.

03.01.05

19

Vi trena lit fleire gongar får dag, og litt kvar dag, men alt blir ikkje notert. Det er snakk om 2 til 5 min  gongen.

Dekk er eit stort seint problem :-) Skal lære ho dekk å bli, men korleis ja, sei det ? Ho kan dekk, men eg er ikkje fornøgd med tempo ned, og vil ikkje bellønna sig ned dekk. Så slik er det berre. Trena stå, klarar eg å lære ho stå, er det meste inne, då er det kun monterings arbeidet som gjenstår så kan vi gå kl 1 Må fram med meget gode gobita til dekken, har ikkje gitt opp håpet enno. Ønskje klaske dekk.

27.12.04

18

I dag trena vi meir stå, vi gjer det litt vanskelegare, no flyttar eg meg litt fram, og til sider medan ho står stille. Vi har og trena stå, dekk, sitt, ved bruk av ord, og då blir det ikkje bellønning vist ho legg seg når ho skal stå, eg synast ho er rimeleg bra, på ord kontroll no. Stå er stå og sitt er sitt. Dekk er det verre med då eg ikkje vil trene/ bellønner desse sig ned dekkene hennar.

27.12.04

17

Vi terpa på stå, orde stå brukar vi no bevist. Vi trena litt tramp på matte, kontakt over lenger tid Dekk trena vi på kjøkkenet, godbitar, mør, kalkun, men ingen ting får fram ein spontan dekk  Ho er rask i alt, berre ikkje dekk. Så no brukar eg tennisball får å sjå om vi kan få fram spontan dekk med den som belløning. Tannvisning trena vi, og litt.

20.12.04

16

Litt lp trening kvar dag, men ikkje mykje. Har ikkje fått fram nokon spontan "dekk", og har såleis ikkje fått trenet på det. Har treent stopp, og det har vi fått til heime, men ikkje på trening eg brukar koppel på ho når vi trenar i lag med andre hundar. Eg har ikkje villa latt ho få lov til å springe ut, det vil provosere fram både nei, og høy lytt stemme, og det skal eg unngå. Derfor koppel.

09.12.04

15

Vi har trena litt stopp, hopp over hinder, det er alt, klaske dekk ligg på is, eg skal belønne når ho tilbyr ein  "Dekk" ikkje før..

03.12.04

14

Har i dag starta med nyforming av klaskedekk, men den tilbyd ho ikkje, ho har dekk, men det er ikkje klaskedekk, og kva gjer eg?? Veit ikkje, betre godbitar kanskje. Vi er i gang med forming av stans eller stå, den ser ut til at ho klare å få til kjapt, stansen har ho tatt, det er verkleg spennandes dette med, og ikkje hjelpe til.

Dekk, stå, hopp

02.12.04

13

To økter med trening i dag. Hopp trena vi får første gong, eg tok av hinderet slik det kunn var ca 40 cm. Pekefinger target brukte eg eit par gongar så var det gjort. Vi gjekk fri ved fot hoppet, og gjekk fri ved fot så vi aldri skulla gjort noko annaJ . Eg klikk på kvart hopp, brukte ikkje noko ord, ho forstår ... Til slutt stilte vi opp på plass utan kommando, gjekk fri ved fot utan kommando, hoppet over hinder utan kommando forsette rett fram to meter, og tok ein holt, heile øvinga utan eit ord, klikket på holten til slutt. Dette var ein kjeda øving, alle momenta var helt bra. Vi tok ein heil konkurranseøving på 5min trening.

I tilegg held vi på å fange stå eller stopp, det er litt anna enn stå som vi har holdet på med før. (Det er opp i stå, frå dekk eller sitt. )

Stå, hopp

29.11.04

12

Klikk treninga mi i dag... Var på fellestrening, og vi trena på litt tannvisning. Eg held på å lære henne momentet, får så prøve å overføre det til at andre kan sjå på tenna utan at ho røyser seg. Dekk må vi jobbe med, ho har tregdekk... så der skal eg starte på nytt, og forme inn igjen frå grunnen av.

Dekk...

25.11.04

11

I dag har Arwen trenet på søk etter naseprøvepinne i snø.. Bakpartskontroll har vi treent rygge med venstresving bakover. Dekken vår er treg, korleis skal vi endre?? det må tenkast på. "Stå" har vi tatt i bruk vegg som hjelp til å trene bort hopp, og to steg til sider J Treninga blir i korte økter, no må vi tenke kvalitet, og ikkje kvantitet.

Stå,

24.11.04

10

Lineføring/fri ved fot i garasjen.. Eg kjeda høgre vending, rett fram, helt om vending, og holt. Det var eg svert fornøgd med. Stå har eg fått eit problem på, det må eg løyse, men har ikkje noko hastverk vi tar tida til hjelp. Tann visning trena vi i dag, susann var  der, og skulle sjå på tenna..... Der er vi framleis langt frå i mål. Sitt trena vi det fingrar bra, dekk og bli prøva vi på, vi lukkast å ligge ei lita stund også ca 15sek.. Sjølvklart låg ho til eg var tilbake og bellønna.

Tren tannvisning, stå,

22.11.04

9.

Lineføring, og orde på plass er vi i gang med genrialisering på... ting tar tid, Ei innkalling frå sitt tok vi. Den var ikkje helt bra, men vi prøver å sette i hopp ein øving no, og då får å sjå. Tempo inn var det ikkje noko å sei på, men buen rundt meg før ho sette seg var langt frå slik eg ønskjer det skal være, så der må nokk momentet rundt å sette seg trenast. Vi trena, og på at ho tar kontakt når ho sitt på plass, og eg bellønnar. Heime kan ho orde dekk, men på hundtreninga i dag kunne ho ikkje det. J .. ikkje stå kunne ho, men det var ikkje venta, det kan ho ikkje god nokk heime enno.

Tannvisning!

18.11.04

8.

Kjeder fri v fot, framover, og bakover går svert bra, rett bak, men vending bakover har vi ikkje inne. Stå er eit heilt kapitel for seg sjølv, Vist ikkje klikk kjem fort nokk når ho står tar ho ein runddans, det med å lære slike kunstar... det er artig å vise fram, det ser så fole vanskeleg ut, men sannheita er det at kunstar er eignetili lettare å lære inn ein stå.. Ser henne i tankane på kl 3; dekk, sitt, stå, og rundt J he he.. slikt blir 0 av..

Tren på stå,  litt lenger..

16.11.04

7.

Trent; dekk, sitt, stå, dekk,... Brukar hinder får å unngå framdrift, skal lære å flytte bakbeina bakover. Trent tannvisning sjølv når ho sitter( lære momente).

15.11.04

6.

Trent; dekk, sitt, stå, dekk,... Innkalling  frå sitt til "på plass". Tramp på matta,

Tannvisning!

13.11.04

5.

Har trent inn; sitt, dekk, sitt, stå, dekk, stå, sitt, osv. Opp til "stå" frå både sitt, og dekk låg langt inn, men no er den i boks, berre å trene vidare. Alt dette er ikkje trent i dag, men litt over fleire korte økter, og i fleire dagar.

Tannvisning!!

09.11.04

4.

Kjeding av fri ved fot eller på plass som eg kalla. Det går litt seinare no med meg å trene inn, klikk betyr fri, og i tradisjonell trening med positiv forsterkar hjelper du til, og held hunden i posisjon med teikn, lyd, ball, godbit el liknande, no er det target som er hjelpemiddele vis eg skal bruke noko. Så det er litt omstilling i trening, men eg skal nokk få det til ja J ..  Spontane stå klikkar eg for, er starta sette ord på ståen, skal tren litt på det over små økter fleir gongar pr. dag. Trene på dekk, sitt opp, og dekk og bli. Grunnsteine er nokk fri ved fot, og den må bli bra, vi trenar bakpartskontroll (rygge fri ved fot) det går fint.

Tannvisninga er vi nøtt til å trene inn ..

(sitt medan nokon ser på tenna).

Prøve lavt hinder..
06.11.04

3.

Har trenet på plass, baklengskjedet på plass, sitt, dekk, sitt opp, Apport, neseprøve skjult pinne i graset. Lærer inn orde "din" Dekk og bli har eg trent. Har klikket får "stå" må lære det med.

Prøve lavt hinder.. tannvisning.

05.11.04

2.

Klikk trening i garasjen blei det i dag. Susann kom og vi trena litt, Arwen fekk i dag trene på tannvisning (flatt høgt og lavt) klikk trene inn dette ja, vi klare det J  På plass trena vi, sitt, tramp på musematte. Og klikk for at ho står still, innlæring av stå.

Tren tannvisning

04.11.04

1.

På plass trening, bakpartskontroll, dekk, sitt opp, sitt. Starta  legge ord på dekk, dekk på plass, og gå i frå. Ein god lineføring eller fri v /fot er sjølve grunnsteinen i treninga vår, og det kjem vi til å trene trutt på no. Ho har rette holtar som oftast, og eg har høg  belløning sekvens, og hoppar over dei holtar som ikkje er bra nokk. Eg stoppar aldri på ein holt og lar hunden rette seg oppatt sjølv eg går vidare, og ventar på den perfekte så eg kan belløna.

Tren tannvisning.